Bokmål
i nynorsken
Dette
er eit emne vi nynorskbrukarar aldri blir ferdige med, men det er heller ikkje
så vanskeleg å gjere noko med det. Å slå opp i ei ordbok bruker ofte å
vere til svært god hjelp! Men også i måten ein utformar setningar på, kan
vi ofte merke påverknad frå bokmålet.
Bokmålsprega stil
*
…særleg med tanke på hennar låge alder à
…med tanke på den låge alderen hennar (eller: kor ung ho var)
*
Så hamnar ho på hyttetur med ei av sine to venninner à
…med ei av dei to venninnene sine
*
Brundtland sa dette på eit møte med helseministrar frå den vestlege
halvkule à
frå den vestlege halvkula
*
Dette var den siste moglegheit partiet hadde” à
den siste moglegheita/det siste høvet….
*
Massakren på Den himmelske freds plass var… à
på Den himmelske fredens plass
*
.. er blitt til det reine ørkenlandskap à
det reine ørkenlandskapet
*
…ein i periodar god kamp à
ein kamp som i periodar (eller tidvis) var god, ein kamp som
var god i periodar
* StorMoa satsar over 80 000 kroner i annonser og
bussleige for å få nordfjordingane til å handle til jul i sine butikkar à
… handle til jul i butikkane sine
*
Regjeringa har ikkje fleirtal for sitt statsbudsjett à
…for statsbudsjettet (sitt)
*
Med hans innsats hadde ikkje laget fått dette resultatet à
Med innsatsen hans…
I
det siste eksemplet kan vi setje pronomenet før substantivet dersom vi legg
tydeleg trykk på pronomenet: Med hans innsats… Det kan vi sjølvsagt
også gjere om vi held på den vanlege ordstillinga, og set pronomenet etter
substantivet. I nynorsk bruker vi bunden form av substantivet og såkalla
dobbel binding oftare enn i bokmål.
Også
desse formuleringane er eit stykke unna nynorske stilideal:
*
”fleirtalet av byens befolkning”
*
”i denne for han så tunge stunda”
*
”fornærma skal ha sagt negative ting om domfelte”
Kjønnsskifte
Litt
for ofte oppdagar eg at hokjønnsord plutseleg har fått hankjønn i
nynorsktekstar. I somme tilfelle kan det nok hende at orda har eit anna kjønn
i målføret til språkbrukaren enn i nynorsken, utan at det er noka
unnskyldning. Det er nok bokmål som meir direkte er årsak til kjønnsskifta.
Dette er nokre eksempel på hokjønnsord som har fått feil kjønn:
* ein
arbeidsmarknadsbedrift, ein kortslutning, ein nyhet (à
ei nyheit), ein prisutvikling, ein skulder, ein stjerne
*
brannårsaken, breidden, finansnyheiten, flukten, huden, momsreformen,
plattformen, roen, rollen, uroen
”…er
underlagt lovlegheitskontroll”
I
ei nyheitssending hørte eg at ein journalist sa at ”kommunane er underlagt
lovlegheitskontroll”. Ei sak er at samsvarsbøyinga (kommunane er
underlagde) var sløyfa, men her er det størst grunn til å stoppe ved ordet
*lovlegheitskontroll. Dette er eit godt døme på byråkratspråk som ein
tener på å unngå, uansett målform. På nynorsk skal vi seie lovlegkontroll,
men innhaldet blir ikkje spesielt klart av det. Her skulle ein nok helst ha
skrive om, og sagt noko slikt som at ”kommunane er pålagde å kontrollere
om dette (vedtaket) er lovleg”. Resultatet er klarare og meir naturleg språkbruk,
og dessutan er det korrekt.
Av
Jon Peder Vestad
Lagt
ut på nettet 18. januar 2002
|