Varselet heiter debutromanen til Magnhild Bruheim. På omslaget
står det at dette er ein spenningsroman, og det stemmer på
somme måtar. Ein merkeleg skapnad, Langfyrkja, dukkar opp i ei fjellbygd
og skremmer folk. Også tidlegare har Langfyrkja gått langs
vegane i denne bygda og skapt uro. Denne gongen varslar ho ulykke - og
det slår til. Ein ung gardbrukar blir funnen død på
fjellet, og det er fleire som kan ha hatt motiv for å ta han av dage.
Dødsfallet skapar også uro i familielivet til Gunnar og Ingrid
Viken og døtrene deira, og det er dei vi følgjer mest i romanen.
Ingrid er systera til offeret og den eine dottera er kjærast med
ein mistenkjeleg, ung mann. Den drepne venta visst barn med ei anna ei
enn ho han var saman med, og båe desse to kvinnene verkar også
mistenkjelege - som ein del andre. Og så er det Langfyrkja da...
Det ligg ein mørk
skugge over bygda, men også over romanen. Folkesnakk, sjalusi, usagde
motsetningar - dette blir skildra på ein svært truverdig måte.
Jakta på mordaren og oppklaringa av mysteriet med Langfyrkja gjer
etter mi meining ikkje romanen til nokon spenningsroman, for så spennande
er det ikkje. Derimot vil eg kalle det ein «dølakrim»,
handlinga er lagd til ei fjellbygd i Gudbrandsdalen, og forfattaren har
lagd mykje arbeid i det å skildre bygdelivet der for ein mannsalder
sia. Det greier Magnhild Bruheim godt, men likevel trur eg at romanen hennar
hadde hatt godt av å bli korta ned.
Magnhild Bruheim:
Varselet
Det Norske Samlaget 1997
296 sider
JPV 5/98