Tidlegare i år var eg på eit møte i NRK om framtida for kringkastinga. Ordet `konvergens` vart flittig brukt, og eg bad føredragshaldaren forklare ordet. Sjølv var han så inne i emnet at han ikkje tenkte på at dette er eit ord som seier dei fleste svært lite.
Konvergens tyder noko slikt som `samansmelting av fleire medium` i mediesamanheng. Bokmålsordboka har tydinga: "konverg|en's m1 (fra lat., se *konvergere ) 1 mat.: det at en variabel størrelse nærmer seg en endelig grenseverdi 2 biol: likhet i egenskaper hos organismer på grunn av like levevilkår", og det er noko anna. `Konvergens` er døme på eit faguttrykk som kan bli vanleg i mediebransjen, og tida vil vise om det kjem inn i det allmenne ordforrådet. Eg trur ikkje det. Det skal likevel ikkje hindre oss i å bruke slike faguttrykk, berre vi har nase for tid og stad.
Nyheitsspråket er eit fagspråk som har vorte gjort allment, og ein god del vanlege ord i nyheitene blir ikkje forstått av folk flest. På 70-talet stod Helge Østbye og Finn-Erik Vinje bak VON-prosjektet om vanskelege ord i nyheitsspråket, og eitt av resultata i VON-undersøkinga var at kvinner forstod færre vanskeleg ord enn menn. Informasjonsstudentane Elisabeth H. Todal og Trine Vesterhus ved Høgskulen i Volda har oppdatert undersøkinga. I deira undersøking er kvinnene på nivå med mennene i VON-undersøkinga frå 1978 i ordkunnskap. Men ein del ord ser ut til å vera svært vanskelege å forstå: Minst ein tredel av heimelskvinnene i undersøkinga forsto ikkje orda kommuniké, suspensjon, opinion, amnesti, kreditor, likviditetslån, prekær og diskonto. Dette fortel at ord som er daglegdagse i nyheitsspråket, kan vere informasjonssperrer for mange.
Det er ein flytande overgang mellom faguttrykk og allmennord, og det kan vere vanskeleg å finne ut kva ord folk kan ha vanskar med. Eit knep kan vere å stille dette spørsmålet: Ville eg ha kjent og brukt dette ordet om eg ikkje hadde hatt denne utdanninga eller denne stillinga? Er svaret nei, bør ein anten finne (eit) vanlegare ord eller forklare uttrykket. Somme gonger kan det vere lurt å forklare vanskelege, men nødvendige ord i ei eiga inforamme. Og det beste er nok å forklare særtilfelle i leksikonet, altså ordtilfanget, på den måten eg gjorde i denne setninga - med altså, eventuelt det vil seie. Slik får dei som kjenner faguttrykket `leksikon` bekrefta (ev. friska opp) kunnskapen sin, og dei som ikkje veit at `leksikon` kan tyde `ordtilfang`, får høve til å lære seg det. Det lønner seg å bruke ekstra plass og tid på å bli forstått.
Fagspråk høyrer intern informasjon til, overfor folk flest bruker vi ideelt sett dei faguttrykk som er heilt nødvendige, og forklarer dei. Brukt internt formidlar fagspråk viktig informasjon på ein knapp og samstundes presis måte - føresetnaden er at sendar og mottakar forstår uttrykka som er brukt på same måten. Ein annan viktig funksjon er at fagspråket skaper ein fellesskap innan faget. Men desse to viktige funksjonane har same ulempa: Dei verkar ekskluderande. Kjenner ein ikkje fagomgrepa, kan ein gå glipp av viktig informasjon, og bruken av spesielle uttrykk gjer lett at ein føler seg utanfor.
I verste fall fører fagspråk til at dei ein vil nå føler seg dumme, og mangel på kunnskap fører dessverre sjeldan til at folk blir nysgjerrige. Det kostar dessutan noko å avsløre vankunna si, slik eg gjorde på møtet i NRK. Heller enn å framstå som kunnskapslause, vel derfor mange bort informasjon dei ikkje forstår. Det går an for oss formidlarar å gjere noko med dette - heldigvis
Av Jon Peder Vestad
Trykt i Inforum 3/99, og lagt ut på nettet 28. juni 1999