| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

Med Ivar Aasen inn i cyberspace

Tittelen Med Ivar Aasen inn i cyberspace seier noko om språkstoda i Noreg. Dersom oppgåva mi var å sjå etter korleis det sto til med bokmålet i det elektroniske framtidssamfunnet, trur eg neppe at språkpolitikaren Knud Knudsen hadde vorte nemnd, trass i innsatsen hans for det som har vorte til bokmål. Den like døde og mindre glømde Ivar Aasen blir nemnd, kanskje fordi nynorsken ubevisst blir sett på som noko meir historisk enn bokmål? Og med det, også gammaldags - unfit for future? 

Eg går saman med Ivar Aasen inn i cyberspace, inn i ei framtid som er gjennomsyra av datateknologi. Eg gjer det med talt og skriven nynorsk, og ut frå at vi menneske både vil likne andre og vere noko for oss sjølv.

Ein artikkel i Næravisa, ei øvingsavis som journaliststudentar i Volda gjev ut, fortel noko om nynorskbruk på Internett. Ungdommar frå Ørsta bruker bokmål når dei skal prate med folk utabygdsfrå på nettet. Bruker dei nynorsk, blir dei mobba, fortel dei. Folk frå noko av det mest solide nynorsk-Noreg vel altså bort språket sitt for ikkje å stikke seg ut. Ungdommane greier seg på bokmål, og synst i grunnen det hadde vore rart med meir nynorsk i den elektroniske verda. Dei kjem likevel til å halde fast på nynorsken, trass i at det er bokmålet som regjerer, som det står. Dei sa nok ruler… Det syner seg at også språkbruken i dataverda er ei vanesak - ein av dei som er intervjua seier at det var rart å møte bokmål som dataspråk etter at engelsk hadde vore så vanleg i mange år.

Vel, dersom nynorsken forsvinn, er det ikkje tilfeldig. Nokon kan til dømes ønskje det, og systematisk ta frå nynorsk-Noreg tildelte rettar, og stengje nynorsken ute frå nye område i samfunnet. Men slik treng det slett ikkje gå, og etter mi meining er framtida til nynorsken avhengig av tre ord på v: val, vilje og vane.

Det fyrste ordet på v er val. Det kan liggje fleire ting i dette ordet, og vi begynner med den politiske tydinga. Dersom politiske val fører til at den norske språkpolitikken blir lagd om, kan det få følgjer for NRK, som i dag er ein viktig formidlar av nynorsk. Til dømes kan det skje at 25- prosentsregelen blir oppheva gjennom eit politisk vedtak. Om politikarane vel å la sidemålsundervisninga falle vekk, slik at nynorsk ikkje lenger er eit "riksmål", kan det også få følgjer for nynorsken i etermedia. Politiske val kan altså få språklege følgjer som gjer at nynorsken får vanskelegare kår. Det er ikkje akkurat "politisk korrekt" å vere varm nynorsk-tilhengjar i det politiske Noreg i dag, det er kulare å vere mot sidemålsundervisning og den slags, men likevel ligg norsk språkpolitikk slik passe i ro - for tida. 

Språkbruk er også resultat av personlege val. Skal nynorsken ha nokon plass i framtidssamfunnet, er han avhengig av at folk vel å bruke han. Med om lag 500 000 nynorskbrukarar, er det ikkje få som dagleg vel nynorsk som si målform. Mange skuleelevar vel riktignok vekk nynorsken, men ikkje alle. Det finst au folk som går andre vegen, frå bokmål til nynorsk, og andre att bruker båe målformer. Og samstundes er det slik at eit fleirtal har målføre som ligg nærare nynorsk enn bokmål, så det går an å seie at nynorsk av ulike årsaker er underbrukt i skrift. 

I dag vel folk mellom ulike identitetar, i staden for at dei automatisk tek over identitetar som er nedervde, knytte til slekt, yrke og heimstad. Somme vel bort målføret sitt, andre vel å halde på det. Somme vel bort nynorsken, andre knyter ein viktig del av identiteteten sin til det å vere nynorskbrukar. Folk syner også språkleg kven dei identifiserer seg med. Og skal nynorsken ha noka framtid til dømes i etermedia, må det finnast folk som ønskjer å bruke nynorsk på lufta. Og det kjem det nok til å gjere! Men - i og med at det er vanlegare med dialektbruk på lufta no, blir det kanskje færre enn før som vel å la yrkesspråket sitt vere ein nynorsk som er normert i nokon grad. Framtida til nynorsken er mellom anna avhengig av at nokon synest det gjev prestisje å snakke normert nynorsk, å vise at ein har valt ein nynorsk språkidentitet.   

Her passar det å hente fram v-ord nummer to, vilje. Og her er det også nødvendig med ei presisering. Nynorsk og bokmål er som vi veit jamstelte målformer, og vi må hugse at nynorsken har ingen særrettar som går ut over bokmålet og bokmålsbrukarane. Derimot er det nødvendig med ei viss særbehandling av nynorsken for at språkjamstellinga skal bli mest mogleg reell. Og det er mellom anna eit leiaransvar å sjå til at nynorsken blir brukt. 

Da Nettavisen dukka opp for nokre år sia, skreiv eg til ein av redaktørane og etterlyste nynorsk i den nye publikasjonen. I svaret eg fekk, vart eg fortald at det ikkje var aktuelt. No har eg lese nynorsk også i Nettavisen nokre få gonger, og i alle slike nye medietilbod er det viktig at det språklege mangfaldet, eller tvifaldet om ein vil, i landet vårt kjem til syne. 

Lenge var det skralt med nynorsk i internett-tilbodet til NRK. Det har betra seg, og eg kan forstå at målform ikkje nødvendigvis er det ein tenkjer mest på når ein arbeider fram eit nytt produkt. Men samstundes ligg det ein fare i å meine at det ikkje er så farleg om nynorsk blir brukt i dei nye medietilboda: Nynorsken blir i fyrste omgang ikkje brukt fordi ingen har tenkt på det, og i neste omgang kan det bli vanskelegare å arbeide for nynorsken i slike nye tilbod fordi det ikkje har vore brukt før. Det er ein vond sirkel, som det trengst vilje for å komma seg utav. 

Akkurat no arbeider mange målfolk for å utbreie nynorsken i dataverda, og vinteren 2000 klaga Volda kommune til IBM over at dei fekk materiale på bokmål. IBM var motviljuge til å yte sørvis på nynorsk til å begynne med, men snudde da dei forsto at det finst mange slike nynorskkommunar - kvar fjerde kommune i Noreg er ein nynorskkommune. Ein kan sjølvsagt spørje seg om dette er viktig, men - grensa mellom viktig og uviktig er ikkje lett å dra. Det kan vere lett å gjere narr av såkalla nynorskmas, men like viktig er det å spørje seg korfor det er nødvendig å mase - eller kva vi kallar det - for å få sørvis ein har krav på.   

For mange er jo nynorsk er liksom noko påtvunge, noko som ein like gjerne kunne klart seg utan. Ja, argumenta er kjende. Men kva nynorskmotstandarar meiner om nynorsk, kan ikkje styre den språklege praksisen til dei som skal følgje mållova og reglar som støttar bruk av nynorsken. Språkreglane fortel eksempelvis at NRK skal vere eit føredøme, at folk "skal kjenne att sitt eige mål, og ikkje føle at deira språk er nedvurdert". I NRK og det offentlege må det finnast ei positiv vilje til å følgje det regelverket som gjeld.   

Det siste v-ordet er vane. Dei aller fleste nordmenn møter nynorsk dagleg, gjennom nyheitssendingane til NRK, for eksempel, og mange av dei tenkjer knapt nok på at nynorsk er brukt. Det å møte nynorsk hyppig blir ei vanesak, som aukar den språklege toleransen. Norsk kringkasting har gjort ein kjempeinnsats for nynorsken her. Og i det offentlege, som i NRK, må viljen til å bruke nynorsk følgjest av vanen - at mange bruker nynorsk, fordi det er rett, godt og naturleg. Med tanke på framtida til nynorsken er tilbod retta mot ungdom og alt som smakar av urbanitet viktig. Det går an å vere ung, urban og kul på nynorsk. 

Ordparet vilje og vane kan vi setja opp mot uvilje og uvane. Sjølv om nynorsk er jamstilt med bokmål, og trass i at nynorsk skal brukast av det offentlege, så er historia til nynorsk også ei historie om uvilje, eventuelt uvane. I 1923 ba Noregs mållag om at vi måtte få setlar på nynorsk. Ønsket vart oppfylt i 1985! Det er slitsamt heile tida å måtte forklare korfor ein bruker nynorsk, ja, forsvare ei språkform som ein har all rett til å bruke. Korfor bruker du nynorsk? har ein parallell i spørsmålet Korfor syng du på engelsk? Svara fortel om val folk gjer. 
  
Eg meiner at vi like gjerne kan ein vende slike spørsmål til dei som stiller dei. Korfor vil de at nynorsk ikkje skal brukast? Svara er gjerne at a) folk forstår likevel og b) det kostar. Ja, folk forstår, men folk skal også bli forstått: Nynorsk skal ikkje ha noko b-stempel på seg, og ein må vere på vakt mot spreiing av språkleg intoleranse. Og prisspørsmålet - det kostar å bruke bokmål også. Eg trur at desse argumenta ofte skjuler ei motvilje mot den målforma ein halv million av oss trass alt bruker. Det hadde nok vore enklare for nynorsken om nynorskbrukarane hadde hatt tydlegare  kjenneteikn som gruppe, at vi hadde vore meir "etniske"…. 

Norsk språk må kunna brukast på alle felt i samfunnet vårt, både bokmål og nynorsk. Det er heilt greitt at Lene Marlin syng på engelsk, men det er uheldig om det skal vere slik at syng ein i Noreg, så kan ein berre gjere det på engelsk! Det er ingen andre som har ansvar for at norsk språk blir brukt til alt enn vi som bruker det sjølv. Vi har tapt mye om vi ein dag får ein musikkanal som heiter NRK Aldri norsk…

Nå har eg sagt alt dette utan å komme inn på den globale kulturen, og det presset engelsken set mot norsk språk. Ord som kulturimperialisme og kulturell darwinisme er heller ikkje nemnde. Eg har ikkje glømt at det finst ei verd utafor den nynorske. Eg trur at den beste måten å møte det engelske på, er å la engelsk vere eit sidemål, akseptere at vi tilhører ei tid og ein kultur der det engelske er ein naturleg del av livet. Men vi skal ikkje godta at engelsk språk kibbar ut det norske, eller sei det nynorske. 

Somme vil kanskje meine at når presset frå engelsk er så stort, så bør vi satse på betre opplæring i hovudmålet og avskaffe sidemålet: "Vi må samle oss om bokmålet, så står vi sterkare". Eg trur ikkje at nokon blir betre i norsk av å lære mindre norsk, og ser det slik: Historia om norsk språk er ei historie om både bokmål og nynorsk, og når vi skaper historia vidare, meiner eg det er rettast om vi let samhald og toleranse vere kjennemerke på forholdet mellom dei to målformene. For nynorsken sin del vil det seie at nynorsk ikkje blir sett på som eit avvik, for det er nynorsken ikkje! 

Det som skjer i prestisjefylte område er viktig for nynorsken i det elektroniske samfunnet:  
* Mediebedrifter kan rekruttere nynorskfolk meir aktivt, for eksempel til ungdomstilbod, til underhaldningsprogram og til nye tilbod
* Etermediestasjonar kan kurse medarbeidarane meir enn det som skjer i dag; Det er mogleg fleire har ei svakare kjensle for godt nynorsk språk i dag enn før
* Fleire må vere vakne og passe på at der norsk blir brukt, er nynorsken rekna med
* Store institusjonar og selskap kan etterpørje dataprogram på nynorsk - det har m.a. stor symbolverdi
* Vi må passe på at det blir synt språkleg toleranse i det offentlege rommet

Vi må også hugse på at Oslo-området er noko meir enn ein geografisk region, det er også her nasjonen samlast, og det er her svært mye av symbolmakta finst. Det som er gangbart i Oslo, er stort sett gangbart overalt i Noreg. Det er ikkje typisk nynorsk å vere anti-urban, sjølv om nokon meiner det. Nynorsken må bli meir synleg i Oslo og andre byar. 

Alt i alt er det bokmål som har høgast prestisje i dagens samfunn, og nynorsk får leverett og status mellom anna ved å bli brukt av menneske med prestisje, i samfunnsområde som har prestisje. Nynorsken har mye å takke etermedia for. I det elektroniske framtidssamfunnet er det heilt sikkert nokon som kjenner til Ivar Aasen og verket hans. Nynorsk blir også brukt, er eg sikker på, og eg håper det skjer med støtte i og frå media. Og så skal vi hugse at ei "fri språkutvikling" finst ikkje. Det er tale om val, vane og vilje - som Ivar Aasen viste.

Av Jon Peder Vestad
Dette er ei omarbeidd utgåve av eit føredrag halde i april 2000. Det er lagt ut på nettet 18. april 2000. 
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |