|
Tiltale og omtale
av dei kongelege
"Her seier vi du til alle,
bortsett frå til deg og far din", blir det fortalt at ein kar sa
til kronprins Olav ein gong. Kva skal vi seie til medlemmene i kongefamilien?
For oss som har vakse opp utan såkalla høfleg tiltale i talemålet,
kan det verke stivt og unaturleg å seie De (- Dykk - Dykkar) til
nokon.
Om vi skulle snakke til og
om nokon av dei kongelege, er det venta av oss at vi markerer ein respektfylt
avstand mellom dei kongelege og oss "vanlege". Tradisjonelt har dei kongelege
vorte tiltala med titlar: "Kva har gjort sterkast inntrykk på Kongen?"
Det er korrekt og verkar formelt, og alle har vi bundne former av substantiva
(Dronninga, Kronprinsen) i målføra våre. Samstundes
unngår vi eit De som er for familiært for mange, for stivt
for andre. Merk at på nynorsk kan vi uttale 'De' både som di
og de. Å seie du til nokon i kongefamilien verkar vel
familiært, men vi har jo døme på at det skjer. Når
det hender, rykkjer det nok i munnvikene til dei mest rojalistiske, men
det er ikkje sikkert at dei kongelege reagerer negativt på eit 'du'
når situasjonen elles er fylt av respekt.
Vi har to majestetar
i Noreg, kongen og dronninga. Kronprinsen og systra hans er ikkje majestetar
og absolutt ikkje *kongelege høgheiter, men 'høgvørde
kongelege'.
Kronprinsen og Mette-Marit
Tjessem Høiby kan formelt ikkje omtalast som 'kronprinsparet' før
bryllaupet 25. august. Før den tid kan vi omtale dei som 'det framtidige
kronprinsparet', 'kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby'
eller 'kronprins Haakon og hans forlova/trulova'. (Det går sjølvsagt
an å nemne Mette-Marit Tjessem Høiby fyrst!) Frå Slottet
får eg opplyst at ein ønskjer at frøken Tjessem Høiby
skal omtalast slik (frøken + etternamn) eller med fullt namn, aldri
med berre fornamnet. Vi kan seie du til henne. I nynorsktradisjonen finst
elles ordet 'festarmøy', eit vakkert ord som eg vil tru får
tankane til å gå så mye i retning kongesoger og Hårek
at det neppe er tilrådeleg å bruke.
Tiltaleformene:
* til kongen seier vi Dykkar
Majestet, til kongeparet kan vi seie Dykkar Majestetar
* kongen kan tiltalast som
Herre Konge, dronninga høge Dronning
* til kronprins Haakon seier
vi høgvørde Kronprins, og til prinsesse Märtha Louise
(uttale: /lui:s/) høgvørde Prinsesse ('vyrde' er klammeform)
* systrene til kongen skal
ein seie Prinsesser åt
* i intervjusituasjonar
kan vi tiltale dei med kongelege titlar (Kongen, Dronninga, Kronprinsen,
Prinsessa): Kva meiner Kongen at han har lært?
Omtaleformene:
* Hans Majestet Kongen,
Hans Majestet Kong Harald
* kong Harald og dronning
Sonja, kongen og dronninga
* Hennar Majestet Dronninga;
Hennar Majestet Dronning Sonja
* dei høgvørde
kongelege (tilsvarer "De Kongelige Høyheter" på bokmål)
* prinsessene, prinsesse
Ragnhild, fru Lorentzen; prinsesse Astrid, fru Ferner (legg merke til kommaet
mellom fornamn og etternamn)
Kva tiltale- og omtaleformer
ein vel, er sjølvsagt avhengig av samanhengen.
Bruken av stor og liten forbokstav
kan forvirre. Somme vil ha store forbokstavar i fleire av desse orda, slik
som Sylfest Lomheim i "Nynorsk i NRK - frå A til Å", andre
i færre. I Journalistens språkspalte 20/2000 skriv Lars Aarønæs
at Slottet og Norsk språkråd er ueinige: "Slottet sier at det
protokollært, altså i alle offisielle sammenhenger, alltid
brukes store forbokstaver. Det inkluderer ethvert statsbesøk, alle
rundreiser kongeparet gjør og antakelig enhver annen omtale. I pressen
følger vi ikke denne normen." I tale merker vi heldigvis ikkje forskjell
på stor og liten bokstav…. Hugs at Kongen i statsråd og som
institusjon støtt skal skrivast med stor k, og at det majestetiske
'vi' ("Vi, kong Harald") au har stor forbokstav.
Kjelder: Slottet,
Journalistens språkspalte 20/2000, "Med andre ord" av Magne Rommetveit,
"Skrivereglar" av Finn-Erik Vinje og "Nynorsk i NRK - frå A til Å"
av Sylfest Lomheim.
Av Jon Peder Vestad
Lagt ut på nettet 15.12.
2000
|
|