Vestads vevstad 


Der skoen trykkjer for nynorskbrukarar i etermedia

Kor er det skoen trykkjer for folk som bruker nynorsk i etermedia? Eg vil ta for meg nokre av dei ømme punkta for dei av oss som bruker eller har brukt nynorsk i radio og fjernsyn. Og eg vil begynne der eg kanskje kunne ha slutta, hos publikum.

Nå meiner ikkje eg at lyttarar og sjåarar skal vera noko problem for ein journalist, sia det er for publikum journalistane arbeider. Likevel kan det vera det. Eg har møtt ein mann som hadde solid dokumentasjon på dårleg nynorsk i NRK, fortalde han. Eitt eksempel som han drog fram var bøyingsformene møter - møtene i fleirtal, brukt av ein radiomedarbeidar frå Vestlandet. Da eg møtte denne lyttaren, skulle han skrive til radiojournalisten og fortelja han kor dårleg nynorsken hans var, med eksempel, såklart. Eg gjorde han merksam på at det berre er nyheitsmedarbeidarar og nokre få andre som må bruke normert språk i NRK, og i dette tilfellet var det snakk om ein som bruker dialekt. Uheldigvis for radiomedarbeidaren, kanskje, var talemålet hans ganske likt nynorsk, og det var nok lett å sjå på forskjellen mellom nynorsk og dialekt som feilaktig bruk av nynorsk. Eg lurte på om ikkje den ihuga målrefsaren kunne bruke tida si på noko meir fornuftig enn å komma med surmaga kritikk. Det likte han ikkje å høre.

Vel, hadde eg fått brev frå ein lyttar om at talemålet mitt ikkje følgte nynorsk grammatikk godt nok, hadde eg verkeleg vorte opprørt.  Og som fersk journalist i radio og fjernsyn ville eg sjølvsagt ha sett meir pris på ros for forsøk på å bruke nynorsk, enn ris for det som måtte vera av feil. Ja, kanskje det ikkje er snakk om feil ein gong, men ein nynorsk tilpassa ein nordnorsk, austnorsk eller trøndsk dialekt. Ein parallell: For nokre år sia tilsette Sameradioen ein medarbeidar som brukte lulesamisk. Da kom det klager frå samar i indre Finnmark, som ikkje ville høre slik dårleg samisk i radioen…

Nynorsk er hjertespråket for kanskje så mange som ein halv million nordmenn, med ulike talemål og i alt ganske stort spenn i språksyn og språkkjensle. Dette hjertespråket som vi likevel deler, er fyrst og fremst eit skriftspråk, - vi lærer å skrive nynorsk, ikkje å prate det. Her støyter vi på ein vanske ved nynorsken. Det fell seg rett og slett ikkje naturleg for mange som ønskjer å bruke nynorsk i etermedia å gjera det, av den grunn at det vi ikkje har nokon tradisjon i norsk skule for å lære elevane å snakke eit normert språk. Riktignok les ein både nynorsk og bokmål, men i etermedia blir det kravt at ein skal kunna fortelja på ein munnleg, normrett måte ut frå ein skriven tekst. Standard austnorsk, talt bokmål, er nært talemålet i den mest folkerike delen av landet, medan talt nynorsk ikkje har noko slikt normsentrum som kunne ha gjort det lettare for dei som ønskjer det å lære seg å snakke nynorsk. Og her vil eg seia at det er svært prisverdig av Kringkastingsringen å laga til kursmateriell slik at folk får hjelp til å bruke nynorsk i etermedia.

Nynorsknorma er vid, og det er muleg for brukarane å rette norma etter målføret. Dette er flott for folk som er stø i både dialekt og nynorsk. Dei kan byggje opp ei nynorsknorm som tek omsyn til talemålet, utan at dei bryt med normene for nynorsk. For dei som ikkje er så stø i dialekt eller nynorsk, fører den vide norma lett til inkonsekvens og til for mange valmulegheiter. I slike tilfelle er det nødvendig med iallfall to tiltak: at ein lærer seg nynorsk grammatikk, slik at ein får bort irriterande, svært hørbare småfeil. Dernest må ein vera ekstra merksam på kva for ord som er gangbare i nynorsk, og kva ord som ikkje er det. Eg vil leggje til eit tredje punkt, som eigentleg skulle vera sjølvsagt: at ein øver seg, slik at den normerte nynorsken verkar mest muleg naturleg både å bruke og å høre på.

Så kan vi flytte oss til ordforrådet, som ved sida av grammatikken er det viktigaste kjenneteiknet til nynorsken. Nå er det slik med eit ordforråd at det er mye vanskelegare å "gjerde inn" enn grammatikken. Eg tenkjer både på kva for ord det er rett å bruke i ulike samanhengar om bestemte fenomen, og kva slags ord ein kan tillate seg å bruke i nynorsk. Ordbøkene er det beste hjelpemiddelet her, sjølvsagt, men ikkje alle ord finst der. Og det hender at ein journalist kan bli i tvil om ei omsetjing av eit ord frå bokmål til nynorsk gjev nøyaktig det same innhaldet. Kan ein da bruke det same ordet som i bokmål, eller er det "forbode"? Det kan vel ikkje vera slik at ein skal kunna låne ord frå alle språk, med unnatak av bokmål? Eg meiner ikkje å seia at det skal vera fritt fram for alle mulege bokmålsord inn i nynorsken, eg ønskjer berre å peike på eit problem som kan dukke opp når ein sit og arbeider med ein radio- eller fjernsynstekst. Nynorsken kan sjølvsagt bli brukt til alt, og når ein skriv heilt om, risikerer ein at noko av tydingsinnhaldet blir borte, eller at det blir uklart. Dette er eit problem, og eg trur ikkje det er muleg å løyse det på nokon heilt god måte.

Størsteparten av ordforrådet i bokmål og nynorsk er det same, men det finst ein del spesielle uttrykk som hører nynorsken til. Det same har vi for bokmål sin del. Men skilnaden her er at bokmålsorda ofte er i bruk også av nynorskbrukarane, i talemålet deira. Ikkje alle veit godt nok kva for ord dei "har lov til" å bruke i nynorsken, og tek i bruk bokmålsorda med temmeleg godt samvit. I andre tilfelle kjenner dei ikkje til nynorskorda, eller dei meiner at publikum ikkje kjenner det, og vel da til dømes beslagleggje framfor kverrsetje. Her må journalisten finne ut i kva grad det er muleg å bruke eit etter måten lite kjent nynorskuttrykk, og så forklare det gjennom samanhengen. Alternativet er å bryte med det som blir rekna for god nynorsk, og velja bokmålsordet.

Eg meiner at båe måtane å løyse dette problemet på er brukande. Omskriving til nynorsk gjev oftast eit betre språk, meiner eg. Likevel: Eit nynorskord som få skjønner hemmar formidling, som jo er journalisten si oppgåve, og det er dessverre slik at nynorsk-Noreg ikkje har kraft nok til å gjera alle sine særuttrykk til norskspråkleg felleseige. På trykk er det noko lettare å bruke særmerkte nynorskttrykk enn i tale, sia skrift ikkje forsvinn på same måte som lyd. Dessutan kan ein på trykk bruke parentesar, tekstboksar o l for å forklare ord som er nødvendige å forstå for å få med seg innhaldet i teksten.

I dette sveipet innom ordforrådet har eg vore mye inne på forholdet til bokmål. Og dette er eitt av dei viktigaste ømme punkta for nynorskbrukarane i media. I ein radio- eller fjernsynsredaksjon er det vanlegvis slik at dei fleste bruker bokmål. Også i kjeldetilfanget er det mest bokmål. Det ville ha vore merkeleg om ikkje det skulle visest att i nynorsken. Formuleringar frå ei kjelde finn ein gjerne att lett omskrivi eller omformulert i ein nynorsktekst. Somme gonger er dette det vi kan kalle "nynorsk på bokmålssubstrat", det vil seia at det er ein slags bokmålsk grunntone i teksten som skin gjennom nokre nynorskmarkørar. Men denne typen bokmålsprega nynorsk, og nå snakkar eg ikkje om ein tillaten, bokmålsnær nynorsk, er eit resultat av språkstoda i landet vårt. Denne typen nynorsk irriterer mange gode målfolk, men eg trur at vi må svelgja irritasjonen og seia oss glade for at det trass alt er nynorsk som blir brukt. Dårleg nynorsk er også nynorsk.

Tidspresset er ein faktor som ikkje må glømmast. Som nemnt er etermediespråket fortalt, at det er munnleg seier seg sjølv. Og om ein snakkar ut frå einskriven tekst, så skal det verke munneleg. Når ein så ofte berre har nokre minutt på seg til å forme gode setningar, sikre seg at grammatikken er riktig osv, kan dette gjera det lettare for feil å snike seg inn. Fleire av mine studentar som vil prøve seg med nynorsk som arbeidsspråk, har dessutan sagt at det er vanskeleg å formulere seg på nynorsk utan manus, - det å snakke god nynorsk på direkten, improvisere spørsmål o l på direkten, krev øving. Tidspresset i mange redaksjonar fører dessutan til at mange så å seia må omsetja tekstar frå bokmål til nynorsk medan dei er på lufta. Dette er eigentleg noko som publikum ikkje skal kunna merke, og eg trur at glipp og småfeil, eit og anna særprega bokmålsordet er noko vi lyt ta med på kjøpet om vi ønskjer at terskelen for å ta i bruk nynorsk skal vera lågast muleg.

Eg har så vidt nemnt kjeldene. Det meste av det som blir skrivi på norsk, er på bokmål. Det gjer at nynorskbrukarane må arbeide meir med språket sitt enn bokmålsbrukarane, og det har den fordelen at dei fleste nynorskbrukarar - håper eg - blir meir bevisste språkbrukarar enn kollegaene som bruker bokmål. Det kan vera tale om ganske store tekstmengder, ofte med kronglete fagspråk, som nynorskbrukarane skal omforme til eit meir folkeleg og lettforståeleg språk. Dette er også ei kjelde til språkleg rusk, anten det nå er tale om bokmålsinnslag, nynorsk på bokmålsk substrat som eg snakka om, eller ein inkonsekvent språkbruk.

Det miljøet som nynorskbrukarane arbeider i, har også sitt å seia. Somme stader blir nynorskbrukarane oppmoda om å heller bruke bokmål, fordi arbeidet går kjappare da. Det gjer kanskje det. Samstundes mistar vi da nynorskstemmer som tilfører redaksjonane større breidde i uttrykksmåtar, og det språklege mangfaldet i landet vårt blir dårlegare spegla av. Enkelte mediemiljø er likevel positive til nynorsken, og det blir arbeidd med språkrøkt, folk hjelper kvarandre med nynorsken - men dette trur eg er snarare unnataket enn regelen.

Godsleg fleip med nynorsken kan vera ganske slitsam i lengda, for det er jo ein grunn til at det går an å fleipe med nynorsken. Og grunnen er at nynorsken blir sett på som eit avvik frå ein standard, altså bokmål, ikkje eit likestilt alternativ. Det å vera åleine nynorskbrukar i eit bokmålsmiljø kan gjera ein meir tjukkhuda, meir innbiten tilhengjar av språkforma si, men det kan også føre til at ein og annan skjemmest over alt som ikkje er "lov", det som skal eller bør vera annleis på "god" nynorsk. I mange tilfelle har eg inntrykk av at nynorskbrukarar i etermedia etter kvart får eit ganske pragmatisk forhold til nynorsken, og vel vekk det dei meiner er for sært eller ikkje synst passar i etermedienynorsken. På denne måten tilpassar dei seg kanskje språkmiljøet rundt seg og får ei mindre særprega spåkføring. Men det går også an å sjå på pragmatismen som resultat av noko heilt anna. Nynorsk som tale er noko anna enn nynorsk i skrift. Denne nynorskvarianten liknar den skrivne, han følgjer same grammatikk og har i prinsippet same ordforråd som skriven nynorsk, men brukssituasjonen er ein annan. Det trur eg mange målfolk ikkje tenkjer nok over.

Det hender seg at folk som har nynorskbakgrunn, vel bokmål som arbeidsspråk. Det kan vera ulike årsaker til dette, mobbing kan vera ein grunn. I eitt tilfelle eg kjenner til, var det det å vera åleine nynorskbrukar i redaksjonen som var årsaka. Å omsetja alle nyheitsmeldingar og studiostikk til nynorsk tok for lang tid, og dette er ein grunn vi dessverre lyt godta. Det er jo snakk om menneske som skal fungere i eit arbeid, og det kan bli for tungt å å vera åleine om å bruke nynorsk. Heldigvis ser vi også det motsette, nemleg at folk som stort sett har skrivi bokmål, finn ut at nynorsken passar dei betre når dei skal arbeide i radio og fjernsyn. Det er lettare for dei å bruke nynorsk enn å knote bokmål, fordi radio og fjernsyn blir framført som tale, og ikkje all talt bokmål er like god å høre på… - særleg ikkje når ein har ei dialektuttale som ligg nær ein nynorsk språktone.

I ein kvardag der bokmålet dominerer, og der også nynorskbrukarane har eit meir aktivt forhold til bokmål enn nynorsk, må vi vera glade for kvar ei sjel som seier at dei vil halde seg til nynorsken. Det at nynorsken deira kunne ha vore meir grammatikalsk riktig, kunne ha vore meir prega av nynorskord osv, er ei anna sak. Det kostar å bruke nynorsk, og her trur eg Kringkastingsringen, Mediemållaget og det som blir kalla "nærskylde tiltak" har ei viktig oppgåve. Kost på nynorskbrukarane! Tilby dei rimelege kurs, kanskje gratiskurs, med kjende nynorske stemmer og fjes, med mulegheit til å diskutere journalistikk og språk, og til å dele gleder og sorger.

Av Jon Peder Vestad. Framført på føredrag i Kringkastingsringen 10. mars 1999.



Vestads vevstad  * Ymseposten *  Mål og middel * Bokoversynet.
* Privaten * Radioordlista *  Medielenkjer * Språklenkjer