Det tok over seksti år frå dei fyrste orda i "De sa me - ord og uttrykk frå Rødven etter Aase Hunnes" vart skrivne ned og til dei siste orda kom med. Hovudkjelda til orda i "De sa me" er Aase Hunnes, fødd i romsdalsbygda Rødven i 1908. Boka Aase er opphavskvinne for er så langt eg veit den største samlinga dialektuttrykk frå Romsdal.
Aase Hunnes var saman med broren Jorulf (død 1940) ei stund informant frå gamle Veøy kommune for Norsk Ordbok. Det var Det Norske Samlaget som grunnla prosjektet Norsk Ordbok, som skulle gje eit oversyn over ordtilfanget og ordbruken i norske målføre. I alt skreiv Aase og Jorulf ned nesten 800 ord.
På setlar hos Målførearkivet og Romsdalsmuseet
Fleire tiår etter at orda kom ned på papiret og etter at
Aase hadde vorte bufast i Oslo og verka som sydame der, tok Aase kontakt
med redaksjonen til Norsk Ordbok. Ho meinte noko meir måtte gjerast
med desse dialektuttrykka. Ordboksredaksjonen såg at ordlista til
Aase var verdfull, og viste henne til Norsk Målførearkiv ved
Universitetet i Oslo. Norsk Målførearkiv granskar norske dialektar,
har store samlingar med materiale om målføra våre og
gjev ut skrifter og bøker med emne frå norske talemål.
Her avtente eg siviltenesta mi da Aase tok kontakt, hausten 1985.
Mellom anna fordi eg er oppvaksen i Romsdal, fekk eg ansvaret for arbeidet med samlinga til Aase Hunnes. I eitt års tid besøkte eg Aase kvar veke for å ga gjennom ordlista hennar. Aase skreiv orda med forklaring ned på setlar, og eg saumfor ordbøker etter dei same uttrykka. Saman gjekk me gjennom kvart enkelt ord for å få bøying, betydning og bruk så rett som råd. Dei fleste orda var ukjende for meg frå Molde, og undervegs noterte eg fleire hundre andre ord Aase brukte, som også vart innlemma i ordsamlinga. Materialet vart systematisert og skrive i lydskrift. Rødvenorda etter Aase Hunnes er no ein del av ordsamlingane til Norsk Målførearkiv i Oslo. Dei finst også på Romsdalsmuseet.
Forutan dei dialektuttrykka Aase hadde skrive ned og kom med under tallause besøk eg hadde hos henne, er kjeldene få. I hovudsak er desse andre kjeldene mindre ordlister frå Karen Sandnes og Jostein Hunnes, og ein del ord Jorulf Hunnes skreiv opp i 30-åra.
Gitt ut av Romsdal Sogelag
Under arbeidet med denne ordsamlinga, kom eg i kontakt med Helge Sandøy
ved Universitetet i Bergen og Bjørn Austigard ved Romsdalsmuseet,
som meinte at ordlista burde bli gitt ut. Romsdal Sogelag sa seg viljug
til å få ordlista trykt. Med god hjelp laga eg eit eigna oppsett,
skreiv orda inn på data og prøvde å få alt så
rett og klårt som råd. Det tok tid, ikkje så mykje fordi
det også i etterarbeidet kom til enda fleire ord som eg syntest burde
vere med, men mest fordi dette er arbeid som krev meir enn eit par kveldstimar
innimellom. Å få ordlista ferdig til trykking drygde på
grunn av meg. Frå 1987 og til 1991 arbeidde eg med ordlista i eit
par lengre vekesbolkar kvart år. Eg koste meg med orda, og håper
at andre vil gjere det same.
Folk vil heilt sikker sakne ord som var eller er i bruk i Rødven
eller i andre romsdalsbygder, ord som ikkje har funnest i kjeldene til
"De sa me". Ordsamlinga er kalla "De sa me" (`De` som i `det`) fordi ho
i hovudsak er ei samling ord overlevert av ei som er fødd i 1908,
og som på si side hadde høyrt mange av orda av bestefar sin,
fødd i 1833. Han var prega av menneske rundt seg som vart fødd
på 1760- og 70-talet. Det er eit historisk dokument med ord som ikkje
er spesielle for Rødven, men for bygdene ved fjordane i Romsdal
før i tida - opp til vår tid.
Vanlege og sjeldne ord
"De sa me" inneheld ord som er så vanlege at alle brukar dei
kvar dag og ord som er så sjeldne at dei ikkje har vore råd
å finne i andre ordsamlingar. Somme ord er små mysterium. Korleis
har eit ord som `pråbenrøyter` (luring, frå tysk Proebenreuter)
komme seg til Rødven? Kor finn ein opphavet til adjektivet `katasja`
(opprådd, rådvill)?
Det er få heilt spesielle ord i "De sa me", dei aller fleste
er kjende frå andre målføre, også utanfor Romsdal.
I normalisert form er dei fleste også å finne i dei store ordbøkene
til Ivar Aasen og Hans Ross og i Nynorskordboka. Om ein vil, kan orda brukast
i brev, avisartiklar, skulestilar og bøker. Og ein del av orda er
så daglegdagse at lesarane kan lure på korfor dei er å
finne i ei slik dialektordliste.
For folk som ikkje er kjende med målføra i Romsdal - og for ettertida - kan det vere interessant å få dokumentert uttalen og tydinga av daglegdagse uttrykk. Derfor er dei tekne med. I "De sa me" finn ein at det heiter (eller har heitt) `å ga`, `gressk` (grisk), `låkt i tånå` (tærne) osv osv i Rødven-målet. Ein del "vanlege" ord er med pga spesiell bøying eller eldre, interessante former eller tydingar.
Somme uttrykk som er tekne med i "De sa me", er ord for arbeidsoppgåver eller ting som høyrde kvardagslivet til for få tiår sidan. "De sa me" overleverer ord som enno er vanlege for mange, men ikkje for dei som veks opp på slutten av dette hundreåret. Desse orda er ikkje spesielle for Rødven, men no er `puttes` (leggskånar) umoderne og ingen kjøper `sokkertåpp` (klumpsukker) lenger. Dei faguttrykka som er å finne i ordsamlinga, er for det meste frå gardsarbeid, saum og husstell.
"De sa me" blandar det velkjente og kjedelege med det gløymte eller ukjente. Ingenting ville gle meg meir enn om delar av denne ordskatten vart brukt meir, at "De sa me" vart "de sæ (seier) me". Det kan jo hende folk for eksempel finn skjellsord her som dei ser kan brukast? - Og det er dei fine, friske og frekke skjellsorda, ja, alle dei orda som fargelegg menneske og kvardagsliv som etter mi meining er det mest spesielle ved denne ordsamlinga.
Dialektnær rettskriving
Skrivemåten i "De sa me" er ikkje lagt opp til det ein er van
med frå skrift. Her er det uttalen i målføret som er
rettesnora, utan at orda skal bli uråd skjønne for folk flest.
Under arbeidet med ordsamlinga har det vore viktig å få til
ei gjennomført og logisk rettskriving for dialektorda. Med justeringar
kan denne rettskrivinga brukast på andre målføre i Romsdal.
Sidan "De sa me" i hovudsak byggjer på ord som er overlevert av Aase
Hunnes, er det rett å nemne at utskrivinga av uttrykka og ordforklaringane
byggjer på opplysningar frå henne. I bygdene omkring er dialektane
litt annleis, og også i Rødven kan folk bruke same ord på
andre måtar - og uttalen til eitt og same ord kan variere. På
Øverhunnes der Aase voks opp, sa dei smør, dør og
gøLLv (golv, tjukk l). På grannegarden Nerhunnes heitte det
smær, dær og gæLLv, som truleg er ein eldre uttale. Elles
snakkar folk i Rødven på å-en, noko som er typisk for
måla i indre Romsdal.
Tidlegare har det ikkje vore heilt uvanleg i romsdalsbygdene å
leggje trykket på siste staving i ein del samansette ord. I dag er
etterleddstrykk best kjent frå Ottadalen og Nord-Gudbrandsdalen.
Denne ordsamlinga har au døme på etterleddstrykk, som i `bLørlæype`
(å få blærer eller blemmer; blæreløype v),
`jemerlamm` (ho-lam; gimmerlam n.) og revøLLv (vrangpave; revulv
m.). Dette er restar av eit gammalt trykkmønster, og etterleddstrykket
er markert i ein del (men ikkje alle) tilfelle der Aase Hunnes har uttalt
ord med trykk på siste staving.
Dialektorda på nynorsk
I nesten alle ordforklaringane kan ein finne oppslagsordet skrive på
normalisert nynorsk. I somme tilfelle er det laga til dialektnære
nynorske former, men som oftast er det vist til Nynorskordboka eller ordbøkene
til Ivar Aasen og Hans Ross. Dei to siste brukar ei rettskriving som skil
seg frå dagens nynorsk, men orda er det lett å kjenne att,
jf `Aafaattarbeid` og `stinta` hos Ross for `åfåttarrbei` og
`stennte` i "De sa me".
Nynorskordboka er det vist mest til, sjølv om dei same orda kan
vere å finne hos Aasen og Ross. Nynorskordboka er lettare tilgjengeleg
og følgjer dagens rettskriving, og her kan vi sjå at mesteparten
av dei "spesielle" dialektuttrykka er det fritt fram å bruke i moderne
norsk. Eit nynorskregister bakarst i "De sa me" skal vere til hjelp for
dei som ikkje kjenner den lokale uttalen eller er fortrulege med lydskrift.
Her står dei nynorske normalformene alfabetisk med tilvising til
oppslagsorda på dialekt. Registeret kan også (med unnatak,
sjølvsagt) brukast som ei lita rettskrivingsliste for den som vil
ta dialektuttrykka i
bruk i vanleg skrift.
Full av fæle feil?
Det finst feil i "De sa me". Fordi det har gått så lang
tid sia Aase Hunnes budde i heimbygda, kan det vere årsak til feil
i uttale og kjønn, og i bøying og bruk av ord. Mange år
i Oslo påverka talemålet til Aase, og det kan ha smitta
over på romsdalsdialekten hennar. Det har ikkje vore muleg å
gå grundig gjennom orda saman med folk som bur i bygda no. Og - sidan
eg er fødd over eit halvt hundreår etter Aase og har bakgrunn
frå Molde, har eg ikkje støtt visst kva som er rett og gale
i materialet eg har arbeidd med.
Ei av dei viktigaste kjeldene til Aase Hunnes, bestefaren Peder Pedersen Hunnes, var fødd i Eidsbygda i gamle Eid kommune, få kilometer unna Rødven i gamle Veøy kommune. Som nemnt er også ei mindre ordsamling frå Karen Sandnes frå Rødven er for ein stor del innlemma i "De sa me", sjølv om Karen Sandnes var fødd på øya Tautra lenger ut i Romsdal. Frå desse to kjeldene kan det ha komme med ord som ikkje er gamle rødvenord, og det kan undervegs også ha snike seg med uttrykk Aase og dei andre informantane har høyrt frå andre bygder. Dette kan bli sett på som ei svakheit ved ordsamlinga, og viser samstundes at ordforrådet "flyt" mellom bygdene. Det rettaste er kanskje å seie at "De sa me" inneheld ord som er høyrde i Rødven.
Ved sidan av feil i kjeldematerialet, og feil vurderingar frå mi side, kan det finnast opplysningar i ordlista som lett kan verke galne utan nødvendigvis å vere det. Ordtydingar kan variere både frå bygd til bygd og frå menneske til menneske. Talemåla endrar seg også frå tiår til tiår, og uttalen vekslar etter tid, stad og menneske. Som eit tidsdokument har ordsamlinga verdi, og det er også eit monument over ei flott kvinne, sydama Aase Hunnes.
Av Jon Peder Vestad. Artikkelen er utdrag frå innleiingskapitla
til boka.