| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

Ymseposten er eit magasin med artiklar om alt frå Volda til verda. 
Bokinnsynet inneheld små og store bokomtalar og anna bokstoff.
Mål og middel er ei samling fagartiklar om språk og media.
Privaten er den minst  journalistiske og faglege delen av Vestads vevstad.
Stabburet inneheld stoff som absolutt er  forelda.

 
  Har du fått nok av den digitale samtida?

Her er ei liste over fenomen ein del nok har lagt merke til dei siste åra. Somme kallar det uvanar.

Du veit du har fått nok av den digitale samtida...

…når du prøver å taste koden din på mikrobølgjeomnen
…når du ikkje har lagt kabal med ordentlege kort på fleire år
…når du har ei liste med femten telefonnummer til ein familie på tre
…når du mister kontakta med venner som ikkje har e-postadresse
…når du lærer dei fleste nye vitsane dine via e-post
…når du slår 0 for å få linje ut når du er heime
…når det største tapet etter eit datakrasj er at alle vitsane dine forsvann
…når mat som blir til overs etter møte er ein vesentleg del av kosthaldet ditt
…når ferie er noko du ventar med til neste år
…når arbeidstid 8 til 4 er noko du kjenner til av omtale
…når du ikkje kan sjå fire tal utan å tenkje på ein kode
…når du går surr i passorda dine
…når du har vanskar med å skrive meir enn namnetrekket ditt for hand
…når du lurer på korleis det var å gå tur utan mobiltelefon
…når du ikkje hugsar korleis det var å vere offline - lenge
…når du har lese denne lista og nikka og smilt
…når du tenkjer medan du les dette at «denne lista skulle eg ha sendt på e-post til vitsevennene mine»
…når du raskt tenkjer at vitsevennene dine kan ha fått denne lista som e-post alt, men det orkar du ikkje å sjekke, så du sender ho lell

Korleis eg fekk tak i denne lista? Sjølvsagt per e-post... Avsendar var Cato Hoff Lambine, men lista er omarbeidd noko, og gitt nynorsk språkdrakt

av Jon Peder Vestad

Lagt ut på nettet 29.8. 2000.
 
 

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten |  Lesarbrev |