Arnt Birkedal: For alt eg veit.
Dette er dikt for store barn og truleg au ungdom fyrst i tenåra.
Dikta er fantasifulle, av og til vittige, og har ofte gode observasjonar
og poeng. Dei treffer meg likevel ikkje som lesar. Eg trur eg hadde klart
meg godt i oppveksten utan denne boka - det vil seia at eg meiner at diktsamlinga
manglar ein nerve eller ein eld.
Oskar Stein Bjørlykke: Tusen gonger Tusen
Denne boka inneheld små dikt og forteljingar, kvardagsskildringar.
Dei verkar lite engasjerande og originale på meg, - meir som små
leseøvingstekstar.
Arnljot Eggen (tekst) og Inger Lise Belsvik (teikningar): Når
fuglane frir og andre vers om dyr
Dette er ei illustrert barnebok med dikt om dyr, fuglar og insekter.
Dikta er velskrivne, artige og formidlar også kunnskap. Teikningane
er fargerike og originale, ikkje så naturalistiske som ein er van
med i barnebøker. Likevel er det lett å sjå kva
dei føresteller, men kanskje dei blir litt for stiliserte
og spesielle? Tekstane imponerer meg mest, men eg har vanskeleg for
å seia at dette er av dei beste bøkene som kom ut på
nynorsk i 1996. Likevel: eg håper boka blir lesen av mange barn.
Per Olav Kaldestad: Eg høyrer, det seiest
Forfattaren skriv stutte dikt, og likevel kan eg ikkje seia at dikta
er særleg poengterte. Dei verkar pratsame, ordrike, temmeleg
tilfeldige, og fangar meg ikkje inn til seg. Da eg kom til del to,
orka eg ikkje meir, for dei dikta eg alt hadde lese gav meg ikkje
nok å fundere eller gle meg over.
Rolf Sagen: Kjærasten min og andre dikt for store og små
Dette er ei illustrert diktsamling for barn. Mange av dikta er på
rim, og felles for dei er at dei verkar gjennomarbeidde. Eg likte
dikta, somme var artige, andre pussige, andre var berre gode av ein
eller annan grunn... Til dikta har Malgorzata Piotrowska teikna i
ein lett barnleg, original stil. Det som trekkjer ned, er at forlaget etter
mi meining har gitt forfattaren for frie tøyler når
det gjeld språkbruken. Her er det tydelege bokmålsinnslag i
nynorsken, meir enn det som er vanleg, dessverre.
Einar Økland: Svarte norske
Her skriv Økland barnedikt, og kvaliteten varierer. Somme verkar
rett gode, andre rare eller uengasjerande. Eg vart ikkje imponert.
JPV 6/98