| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Elleve vil bli nynorskmeistrar

Gleda var stor ved Ivar Aasen-instituttet da søkjartala til det nye masterstudiet i nynorsk skriftklutur vart kjent. Til no har elleve søkjarar meldt seg, og Høgskulen i Volda (HVO) blir den fyrste institusjonen i Noreg som får eit studium i skriftkultur.

Mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur er ei to-årig utdanning. Fagområdet er skriftkultur allment, med det nynorske som eksempel på korleis menneska har forma skrifta, og korleis skrifta har forma dei. Studiet er eit kulturstudium der ulike fag blir nytta, som språkvitskap, historie, litteraturvitskap, mediekunnskap, sosiologi, antropologi, filosofi og pedagogikk. Det tverrfaglege og det komparative skal gå hand i hand i studieløpet, som ein kan ta på heiltid eller som deltidsstudent

Ifølgje Ivar Aasen-instituttet er den nynorske skriftkulturen i særleg grad knytt til moderniteten, og moderniseringsperspektivet står sentralt i studiet. Av emne som blir tatt opp, er korleis skrifta har vore med og forma vilkåra for menneska i den tida der lese- og skrivekunsten har vore føresetnaden for å delta som fullverdig medlem i samfunnet. Kva skil denne tida frå tida før skrifta? Og kva skjer med språka i den nye tida, kva skjer med nynorsken? Korleis skal ein få formidla kunnskap om nynorsk til meir eller mindre velviljuge skuleelevar?

I det nye faget blir det gitt tilbod om undervisning i fem valemne, nemleg målreisingar og språkplanlegging i eit samanliknande perspektiv, den nynorske teksten, kollektive identitetar, danning og nynorsk skriftmål. Etter kvart blir det også gitt tilbod om undervisning i nynorsk filosofisk skriftkultur, der namn som Hans Skjervheim, Gunnar Skirbekk og Jon Hellesnes nok blir sentrale. Studentane må velje to valemne, og skrive ei masteroppgåve. Det vil også vere muleg å innpasse storfag i historie og nordisk ved HVO i mastergraden i nynorsk skriftkultur som valemne.

Av Jon Peder Vestad

Lagt ut på nettet 13. mai 2002

     
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |