|
Essayet
Ordet
’essay’ kjem av fransk ’essayer’, som tyder prøve. Det blir brukt om
ein analytisk, tolkande eller kritisk litterær tekst, men kan også finnast i
journalistiske samanhengar som ”storebroren” til den meir vanlege
kronikken.
Kunnskap
om essayet kan vere god å ha med seg for dei som vil arbeide med større
format, som temaprogram i radio og fjernsyn, dokumentarar og liknande.
Litteraturvitaren
Leif Longum ser på essayet som ei litterær blandingsform mellom skjønnlitteratur
og sakprosa. Journalistikken hører til sakprosaen. Essayet er gjerne stuttare
og mindre systematisk og formelt enn ei vitskapleg avhandling, og til vanleg
tek det for seg eit emne frå ein avgrensa, subjektiv synsvinkel. Sjangeren er
ikkje likeins overalt. I Norge er essayet ofte ein tekst som på eit
kunstnarleg vis tek opp eit avgrensa emne, der ei reflektert og subjektiv
haldning hos forfattaren dominerer. Essayet kan handle om alt. Ein kollega av Longum, Asbjørn Aarnes
presiserer at essayet vender seg til eit større, men ikkje absolutt faglært
publikum, og han legg vekt på at ein stiller krav til at essayisten skal
kunne formulere seg godt og vise ordkunstnariske evner (Litterært leksikon
1977).
Når
vi ser på dei tekstlege eigenskapane til essayet, finn vi at eit mangfald av
verkemiddel er nytta. Det kan vere bruk av sitat, allusjonar - likningar,
tilvisingar til andre tekstar - antitesar, paradoks og ironi. Essayet er
springande og assosierande. Dersom det går inn i ein debatt, eller målet med
essayet er å ”setje problem under debatt”, vil vi sjå at essayet er
fritt og uavhengig enn andre debattinnlegg. I essayet kjenner ein seg ikkje
bunden av ytre premissar for korleis ein skal debattere. Ofte har essayet også
eit dialogisk preg, der forfattarenvendar seg direkte til lesaren. Gode
essayistar bruker mange eksempel eller konkretiseringar i tekstane sine, og er
heller ikkje fremmende for å nytte seg av satire og latterleggjering - ofte på
ein tilsynelatande uskuldig måte. Dette gjeld særleg dei ironiske essaya,
ei anna hovudgrein er dei kritiske essaya.
Carl
Fredrik Engelstad skriv om essayet at det kan ”være omtrent hva som helst,
fra et prosadikt til en litterær analyse, med mellomstadier som reisebrevet
eller det flanerende kåseri” (Norges nasjonallitteratur 1967). Om vi så
held fast på det frie og opne ved essayet, kan vi sjå nærare på særdrag
som likevel finst i denne breie sjangeren. Samtalekarakteren er alt nemnt,
forfattaren tek med seg lesarane på sine eigne vandringar i eit landskap som
essayisten har hug til å gjere fleire kjende med. I essayet kan ein leggje
vekk den raude tråden ei stund, ein kan stoppe ved enkeltfenomen eller
utsegner som ein meiner kan kaste lys over emnet, utan at dette nødvendigvis
er like lett å oppdage med ein gong. Men for forfattaren fører slike spor
til sides ikkje inn på blindvegar, dei er berre moment som hører til på den
vegen han har valt. Om dette verkar rotete, kan det vere ei trøyst å vete at
eit essay ikkje treng ha ein klar konklusjon som noko mål. Vel så ofte er
det å løfte på steinar og sjå kva som finst under, det å erfare og
erkjenne, det som er det sentrale. Forfattaren kan skifte perspektiv om han
finn det for godt. Filosofen Theodor Adorno nemner at i essayet er det plass
til ”glitrande enkeltbitar som det tydeleg er uråd å setje saman til ein
mosaikk” (Kåre Lunden: Dialog med fortida, 1985). I denne sjangeren er det
lov å vere inkonsekvent og syne tvisyn, og det er lov å leike seg med
teksten.
Vi
kan seie at essayet er å finne ein stad mellom kronikken og ei fagleg
avhandling. Essayisten unngår fagsjargong, for ein ønskjer ikkje at fagspråket
skal syne avstand mellom forfattaren og lesaren. Samstundes blir det nytta
litterære verkemiddel som kan vere uvanlege i ein folkeleg stil. Leif Longum
skriv at essayisten ikkje er nokon spesialist, men ein interessert amatør som
vender seg til likesinna. I tekstutforminga, retorikken, skal det i eit godt
essay vere eit samspell mellom uttrykksmidla som er nytta og bodskapen som
skal fram. I essayet skal forfattaren skape kontakt mellom seg og lesarane,
gjennom det personlege og opplevde.
Det
er ikkje lett å setje opp faste reglar for korleis eit essay skal vere. Eit
essay kan vere utforma på mange måtar, og ber i seg gode moglegheiter til å
leike med både tanke og ord. Ein essayistisk stil kan vere noko å ta med inn
i andre sjangrar, som kåseriet, kronikken, kommentaren og den subjektive
reportasjen.
Av
Jon Peder Vestad
Kjelder:
Noregs
nasjonallitteratur, 1967
Litterært
leksikon
Lunden,
Kåre: Dialog med fortida
Vinje,
Eiliv: Tekst og tolking. Ad
Notam Gyldendal, Oslo 1993
Lagt
ut på nettet 10. september 2001
|
|