| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

”Farlege” ord 

Ofte er det lett å ty til ord som verkar greie og tilforlatelege, men som er like lumske som ei søkkjemyr. Det gjeld nokre av dei eksempla eg har funne i media.

NN ble kampens store profil à NN ble kampens mest framtredende spiller, NN spilte best, NN ble vinneren på spillersida

- profil = 1) omriss, kontur; 2) særdrag, hovuddrag, særsvip; 3) portrett, karakteristikk av ein person (Nynorskordboka); profile (eng.): omriss, linedrag; bilete frå sida, profil; kort biografi (Engelsk-norsk/norsk-engelsk ordbok, Samlaget)

Tollvesenet er alarmertà 1) Tollvesenet er varsla   à 2) Tollvesenet er skremt

- Vel heller eit anna ord; alarmert er for tvitydig!

…på ein stor rasistkonferanse i Sør-Afrika à på ein stor konferanse om rasisme i Sør-Afrika

- Konferansen handla nok om rasistar, men ’rasistkonferanse’ blir forstått som ’konferanse for rasistar’, og det var det ikkje. Jf. sosialistparti, nudistleir, pasifistsamling. Etterstavinga –ist viser til menneske, ikkje til ideologi og haldningar. 

…gamle og originale DLF-ere à gamle og opphavlige DLF-ere (eller omskriving)

- I Bokmålsordboka finn vi rett nok ’original’ med tydinga ’opprinnelig, ekte’, men brukt om menneske er tydinga ’ekte’sjeldan, og verkar som ein anglisisme. Ein tenkjer heller på ’rar’ (men vi skal vel ikkje sjå bort frå at DLF-arane også var originale i tydinga rare).

Dermed er alle flighter til andre destinasjoner kansellert… à Dermed er alle (fly)avganger til andre flyplasser (reisemål, stoppesteder, ankomststeder) avlyst (innstilt)

- I denne setninga finn vi tre uttrykk få av oss bruker til kvardags. Kvar for seg blir nok uttrykka forståtte av dei fleste (?), men her blir det for tett mellom dei. Som vi ser, går det også an å unngå faguttrykka heilt. 

… det genuine spørsmålet var… à det naturlege (?) spørsmålet var…

- ’Genuin’ tyder etter ordboka ekte, uforfalska, medfødd, opphavleg, naturleg. Men når ordet blir brukt i ulike samanhengar i dag, verkar det ofte som om det ligg noko anna i ordet. Kva er i så fall det? Og kjenner folk flest skikkeleg til den tydinga ordet har i ordboka?

Frykter global resesjon à Frykter økonomisk nedgang/Frykter global krise (?)

- Dette er ei artikkeloverskrift. Den som las artikkelen, fekk ordet forklart i tredje avsnitt. Men ordet er uvanleg, og passar det i ein tittel? Sjølv om artikkelen nok var retta mest mot folk som har greie på økonomi frå før, må vi hugse at alt som har med økonomi å gjere, er interessant for breiare lag i folket enn før. Ordet tyder tilbakegang, økonomisk nedgang

…som gjelder marin forskning

- ’marin’ tyder ’som gjeld havet’, medan ’maritim’ femnar vidare og tyder ’som gjeld, er knytt til hav, strand eller sjøfart’. Det siste er det vanlegaste, og desse to orda er lett å blande saman. I dei tilfella det er rett å nytte ordet ’marin’, bør ein presisere innhaldet.

 Det nordiske maritime clusteret, som er eit sterkt cluster…    

- På engelsk tyder cluster knippe, klase, krull, slump, og det seier ikkje mye når det er tale om ei slags samanslutning av interesser i same næringa. Det var eit intervjuobjekt som snakka om dette, og intervjuaren forklarte ikkje kva som låg i ordet heller. Kanskje ordet ’næring’ hadde klart seg?

 Av Jon Peder Vestad. Lagt ut på nettet 19. oktober 2001

   
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |