| |
|
Feil
bruk av verb på -ast
Av
og til møter vi formuleringar som ”dei *sendast til…”, ”dei *festast
på…”, ”vi *sjåast” og liknande i nynorsken. I bokmål er det heilt
greitt med de sendes, de festes, vi snakkes. Men ikkje i nynorsk.
I
slike tilfelle treng nynorsken eit modalt hjelpeverb for at former med passiv
på –ast skal kunne brukast: Dei kan sendast til, dei må festast til, vi
må sjåast. Desse hjelpeverba krev altså infinitiv etter seg, og presens
ville vere heilt ulogisk. Har vi så fyrst eit modalt hjelpeverb, kan alle
verb i nynorsken stå med –ast-ending, altså infinitiv: Det må handlast
raskt, leiaren kunne ikkje sparkast, dei ville tastast seinare på dag.
I
eksempla over ser vi at det er brukt presensformer på –ast,
presensformer som er henta frå bokmålet og gitt nynorsk drakt. Fyrste gongen
eg møtte dette fenomenet på nynorsk, lurte eg på om det obligatoriske
hjelpeverbet kunne vere underforstått i frasen vi *sjåast, altså: vi
(må) sjåast. Men det er det ikkje. Det verkar temmeleg klart at den
typen passiv etter bokmålsmønster som vi har med å gjere her, spreier seg i
nynorsken. Det er mogleg at vi finn meir enn før av dette språkdraget i
talemåla også, men eg er ikkje like sikker på det. Det blir henta rett frå
bokmålet, og det er der det hører heime.
Av
Jon Peder Vestad
Lagt
ut på nettet 13. mai 2003 |