| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

  Feil, overtramp og bevisst fordreiing i media

Ein gong intervjua eg ein forretningsmann om ei litt vanskeleg sak for ein bransjeorganisasjon han leidde. Karen rydda plass til ei bakgrunnssamtale og intervju, og var til god hjelp. Da saka vart sendt, brukte vi cirka tjue sekund av intervjuet med han. Dagen etter ringde han, og var skuffa: Han hadde brukt så mye tid på oss, og vi greidde ikkje ein gong å skrive namnet hans rett. Eg forsto han.

Det er uråd å vere journalist utan å gjere feil. Somme gonger er det ikkje ”verre” enn at eit namn er skrive feil, men det er ille noko for dei som ber namnet. Og slike namnefeil er det eigentleg lett å unngå om ein er skjerpa. Da er det verre når ein ikkje har klart for seg det ein skal dekkje, og gjer feil av den grunn. Det er forskjell på eit styre og eit råd, eit diskusjonsframlegg er ikkje eit offisielt standpunkt, og å vere sikta er ikkje det same som å vere dømd. Også dette går det ideelt sett an å unngå ved å vere nøye i arbeidet, ikkje verre.

Ho som song falskt

Eg trur at mange overtramp skjer med vilje. Ja, med vilje! Eg skal gje to eksempel frå mi eiga tid som journalist. For nokre år sia var det ei eldre dame som vart ganske kjend i Noreg for å syngje på ein spesiell måte. Eg trur nok at dei fleste ville seie at ho song falskt. Før denne songarinna vart kjendis, var eg på ein konsert med henne, og tok opp latterbrøl og høge tonar frå konserten. Etterpå intervjua eg henne, og ho fortalde at det ikkje gjorde henne noko at folk lo av songen. Ikkje øvde ho heller, og falskt, nei, det song ho ikkje.

Eg redigerte i hop ei radiosak der song, latter og intervju veksla om einannan, og følte nok at ho ikkje kom heilt godt utor det. Men det vart ei knallbra sak, syntest eg. Da eg snakka med songarinna etterpå, fortalde ho at ho hadde vorte såra av innslaget. Det hadde vorte så mye latter, ho hadde verka så dum, sa ho. Ho hadde rett.

Elgen som truga dyreart

Ein annan gong skulle eg lage ein reportasje frå ein elgsafari i Øyer. Eg arbeidde i eit ungdomsprogram, og måtte sjølvsagt skaffe ein ungdom, som vi sa. Og det gjorde eg. Ein kvikk tretten-fjorten-åring frå Groruddalen vart med meg for å kikke på elg. På turen fekk vi sjå gamle dyregraver, og eg spurde guten om korleis folk hadde brukt desse gravene. Eg likte svaret: Dei hadde lagt åte nedi, og så hadde elgen vore så huga på maten at han vart lokka nedi gravene! Dette tok eg med i reportasjen, som slutta omtrent slik: ”- Etter å ha komme så nær elgen som vi har vore på denne turen, synest du at det er rett at folk driv elgjakt? – Eh nei, eg trur ikkje det. Elgen er eit fint dyr, og så er det jo ikkje så mange igjen, heller”

Det var eit sluttpoeng som sat: Elgen som utryddingstruga dyr! Men denne misoppfatninga kom attåt teorien om åte nedi dyregravene, og nå meiner eg at det humoristiske eg såg i det guten sa, vart fiffige poeng som gjorde narr av han. Sjølv om guten sa akkurat dette, var det eg som valde ut det som skulle med i reportasjen. Namnet hans vart sjølvsagt nemnt i utannonseringa, og for hans del håper eg at det gamle radioordet ”sendt er glemt” (det finst berre på bokmål) slo til denne gongen.

Kjelder for feil og anna fælt

Desse to overtampa kom til av at eg ville lage lyttarvennlege og artige reportasjar. Ønsket mitt om å underhalde skygde for at eg viste intervjuobjekta den respekten dei fortente, sjølv om den eine utan tvil song rart og den andre hadde vill fantasi. Eg har nok gjort fleire overtramp som journalist enn dette, men poenget mitt er vel klart nok som det er: Det er dei som lagar og formidlar saker i media som har ansvaret for overtramp og feil. Feil kan skje i vanvare, og etiske vanskar kan rett og slett ikkje bli oppdaga. Men det kan også finnast ei sterk vilje til å velje ut moment og vinkle saker for å få fram ein bestemt bodskap, som anten ligg open eller finst mellom linjene. Tenk berre over korleis EU-dekninga i norske medium stort sett er.

Den samfunnsengasjerte Sabrina

Ein gong skulle eg lage eit intervju med ei italiensk popstjerne som hadde større byste enn songtalent. Sabrina var namnet, og musikken var glatt, italiensk disko. Eg prøvde å høre gjennom tekstane, og merka meg kva for haldningar er fann der. Dette var omtrent på den tida da Bob Geldof, Sting og andre artistar engasjerte seg for dei svoltramma i Afrika, regnskogen og andre gode saker. Heile intervjuet vinkla eg på verdiar og engasjement, og Sabrina syntest tydelegvis at det var uvanleg å bli spurt om slikt. Da saka mi vart sendt, framsto Sabrina som ei stjerne med stort samfunnsengasjement og klare verdiar. Dum og deilig-preget fanst ikkje, og korleis skjedde det? Jau, eg valde ut det mest samfunnsengasjerte ho sa av eit knippe spørsmål som stort sett berre handla om samfunnsspørsmål, politikk og veridar, og svara tolka eg mest muleg i den leia eg ønskte. Fordreiing av sanninga? Ja. Uvanleg? Neppe. Angrar eg? Nei, eg ser mest på det som ein leik med sjangeren musikkintervju.

Desse små historiene eg har fortalt her, er for bagatellar å rekne. Men vi finn parallellar til det eg har gjort også i saker der det er snakk om langt farlegare fenomen enn dyregraver på Øyerfjellet. Fenomen med bakgrunn i rå jakt på enkeltmenneske, og fenomen der vi finn andre slags bomber enn Sabrina.

Av Jon Peder Vestad.

Stykket vart lagt ut på www.magasinett.no våren 2003, og på Vestads vevstad 13. mai 2003

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |