Eg tok opp studielån for å gå på folkehøgskule, og det har eg aldri angra på. I 1982/83 gjekk eg på Sagavoll folkehøgskule, og det er eit år eg tenkjer attende på med glede og med ei erkjenning: eg lærte meg sjølv og samfunnet betre å kjenne det året.
Det eg opplevde på Sagavoll, kan ikkje målast i pengar.
Eg kjende ingen da eg kom, men gjekk ut derifrå med ein stor venneflokk.
I tre år i hovudstaden har eg budd i lag med sagavollingar. Slik
er det ved andre skular au, - ein møter folk som for alltid vil
vera med ein resten av livet.
Men eg møtte meir
- alt frå flotte naturopplevingar og kor-samklang eg aldri ville
ha oppsøkt sjølv, til klikk-danning, kristeleg sneversyn,
velsigna kameratskap, godt gruppesamhald, baksnakking og eit rigid regelverk.
Eg treivst. Eg braut dei reglane eg meinte var galne, og hadde inga dårleg
samvittigheit for det. Angeren har aldri dukka opp, men samstundes som
eg såg behovet for å gjera opprør mot reglar som verka
sjuke, fann eg god støtte i andre reglar. Seinare har eg skjønt
at folkehøgskuleåret lærte meg korleis eg skulle møte
andre menneske, forstå dei, samarbeide med dei, ikkje bli slukt av
dei... Det har hjelpt meg mye.
Ikkje alle erfaringane eg
listar opp ser gode ut, men dei har vore nyttige. Og det er nytta som privatperson
eg tenkjer på da. Fagleg sett fekk eg ei smaksprøve på
noko eg var interessert i, men ikkje trudde eg skulle bruke delar av livet
på - media. Sjølv om det var mye å utsetja på
undervisninga den gongen, fekk eg nyttig erfaring og mye moro ut av det,
og i dag arbeider eg nettopp i denne sektoren.
Men eit folkehøgskuleår
lønner seg ikkje... Vel, eg tener rundt 250 000 kroner i året,
og trur aldri eg eg ville ha tent noko betre utan folkehøgskuleåret.
Der levde eg tett innpå mange slags menneske, såg urimelegheiter
i det etablerte, fekk brynt meg, og fekk møte verkelegheita på
godt og vondt. Eg voks på det, vart meir sjølvbevisst, og
fekk nyttige åndelege og menneskelege erkjenningar.
Det «unyttige»
skuleslaget lærte meg mye, og eg fekk vera med på revy og på
turar, fekk nære venninner og kompisar, og eg kom nært innpå
menneske frå heile landet, prektige og mindre prektige, som eg kunne
lære noko om livet av. Kvar einaste veke som vaksen har eg hatt nytte
og glede av folkehøgskuleåret mitt, og eg håper at mange
gjer som eg gjorde for mange år sia, tek opp studielån og investerer
i eit år på folkehøgskule.
JPV