| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 

 

Det finst eit folkehøgskulespråk 

Etter å ha gått gjennom ein del brosjyrer frå kristelege folkehøgskular, ser eg at dei same orda blir brukt om att og om att. Det finst ein folkehøgskulesjargong, eg sit att med eit inntrykk av at folkehøgskulane må ha vanskar med å skilja seg frå kvarandre. 

Ja, dei som er tilsett på skulane veit nok godt kva som særpregar akkurat deira skule, men for ein muleg søkjar er det lett å bli forvirra. Da eg gjekk gjennom folkehøgskule-materiellet, skreiv eg opp ganske mange ord som gjekk att i presentasjonane. Dette er standardinntrykket folkehøgskulane formidlar om seg sjølv:  

Folkehøgskulen byr på eit spennande og utfordrande år i eit pulserande, kreativt og dynamisk miljø. Der kan elevane utfalde skaparevner, bli betre kjende med seg sjølve, få ansvar og friheit, utvikle evner og få kunnskap for livet gjennom eit variert fagtilbod prega av allsidige aktivitetar, friske opplevingar og livsglede.  

Dei same orda går att
Det er muleg at dette er essensen i alle folkehøgskuleår, og at det er uråd å komma utaom alle desse honnørorda. Kanskje vi kan kalle dei slitte uttrykk, ord som er så ofte brukt at dei har mista noko av tiltrekningskrafta si? For meg tyder det på ein viss mangel på språkleg fantasi, og for lita tru på det som absolutt særteiknar kvar enkelt skule. Noko anna synst eg det er vanskeleg å seia når visse ord går såpass ofte att.

Dette er kritikk som kan verke urettferdig for folk som har prøvd å gjera sitt beste. Men den gode presentasjonen kan nesten bestandig gjerast betre, og dessverre - det er mye i det eg har sett av informasjon om og frå folkehøgskulane som kan bli betre. Det skal eg komma inn på etter kvart.

Språket er forsømt
Språket i materiellet eg har gått gjennom, kan verke godt på overflata, men ser ein nøyare på det, oppdagar ein altfor mye rusk:
- store bokstavar er det mye av der det ikkje skal vere (Forming/Håndverk-linjer)
- forkortingar der det ikkje er nødvendig 
- linjeskift utan at det er eit nytt avsnitt
- ufullstendige setningar i løpande tekst
- tungt språk og bruk av fagterminologi
- tastefeil pga. dårleg korrektur
- reine skrivefeil, som om lag i eitt ord og `g` i `velgje 
- tal i staden for talord i løpande tekst ("du kan velje mellom 5 linjer")

"Vi har tradisjon på skoletur til utlandet" las eg ein stad. "Svarer du JA på 3 eller flere av spørsmålene er dette linjen for deg" har eg au lese - og så kjem det ikkje spørsmål! Ulogisk. 

Internspråk 
Somme skular vender seg nok til sine eigne, til ein indre krets som er fortruleg med eit bestemt, kristeleg gruppespråk. Team mission og Prosjekt Aserbajdsjan blir nemnt i forbifarten ein stad, og "alle" veit vel kva det er? "Skolen med en sterk gospelprofil" slår ein skule fast, og det var nytt for meg. Ord i bunden form blir brukt om det som kan reknast som kjend informasjon, eller noko som ein kan skjønne ut frå samanhengen, og slik var det ikkje her. Ein annan skule reklamerer med grotting, og da har eg iallfall lært eit nytt ord. 

Vi kan ta nokre andre eksempel. Fleire folkehøgskular nemner `seminar` og `modul` - kva vil det seia? Det er kjende nok ord for skulefolk, men det som ligg i dei, kan variere. Ein skule omtalar `utstyrslaging`, utan å nemne kvar for utstyr elevane får laga. Lesaren sit att like klok. Så har vi `konstruktiv bruk av data` - jaha! Det betyr at ein ikkje skal drive med ukonstruktiv bruk av data, men ver så snill: i slike tilfelle er det nødvendig å konkretisere det ein vil ha fram. Eg skjønner ikkje kva som er meint med `programarbeid` under ein presentasjon av skulemiljøet, og vil ein muleg elev gjera det? Ein annan stad står `hospitering` opplista åleine som punkt under innhaldet i undervisninga på ei linje, og `hospitering` er ikkje noko gjengs omgrep blamt 17-18-åringar. `Ukens gjest` på ei kokk- og servitør-linje seier meg ikkje noko om det er ein gjesteførelesar eller ein som skal påspanderast mat… 

Desse eksempla på det eg vil kalle internspråk eller utslag av språkleg slurv, kunne ha vore fleire. I slike tilfelle trur eg dei som har utarbeidd teksten er "ordblinde" - dei ser ikkje at det dei skriv, er knapt, upresist eller for internt.

Nokre stader møtte eg ordet "studieforberedende", og eg skjønner at det er ei omskriving for undervisning som kan føre fram til examen philosophicum. Dessverre har ikkje folkehøgskulane lov til å omtale dette studietilbodet direkte, men ordet er såpass spesielt at det må forklarast. 

Svada og dårleg framstilling
Om ei datalinje heiter det at ein får "mange utfordrende praktiske prosjekter", og om eit tilbod i sportsjournalistikk las eg: "Friskt opplegg i sportsjournalistikk". Det seier meg ingen ting. Nå nærmar vi oss den reine svadaen. Ja, eg vil seia at det er svada når ein skule reklamerer med "Allsidig og aktuelt fagtilbud" eller skriv at "Linjer, fellesfag og valgfag danner det totale undervisningsopplegget." Det får vi da verkeleg håpe! Og eg trur den skulen som nemner at det blir gitt både undervisning og instuksjon - båe delar! - i "de fleste idretter" har neppe belegg for påstanden. 

I brosjyra til ein folkehøgskole fann eg utsegner som "Teoretisk og opplevelsesmessig utfordres elevene til å utvikle en bevissthet om og realistisk holdning til en del sosiale problemer og spørsmål". Huff! Det er også uheldig å trykkje forkortinga SUFH utan forklaring på side 3 i ei brosjyre, og så la forklaringa fyrst komma på side 5. Ein skule fortel om ei volleyballturnering med dei andre skulane - utan at vi får greie på kva for skular det er. Kan det vera andre folkehøgskular i området? Dette viser altfor dårleg tekstarbeid.
 
Ei brosjyre var forferdeleg både i utsjånad og innhald. Ho liknar eit meinigheitsblad, med skinnande ark, mye tekst og lite spenstig layout. Teksten får nok fram viktige sider ved skulen, men dette er ikkje godt nok. Språket er for så vidt greitt nok, men også utforming, bildebruk og totalinntrykket er med på å formidle ein bodskap. På side to dukkar det i denne brosjyra eksempelvis opp eit sitat av ein tidlegare rektor midt i brødteksten, heilt umotivert. Eg finn linjeskift utan at det er nytt avsnitt, forkortingar når det er plass til heile ordet, og liknande. Her møter eg au ordet `studentforutsetninger`, som eg ikkje får heilt godhug for. På tredje siste side møter eg eit anna merkeleg ord, `studentdokumentasjon`. Viss det er avgangsbevis som er meint, er det like greitt å skrive det. Om det er eit forsøk på å verke som ei solid kunnskapsbedrift, så trur eg ikkje det målet blir nådd.

Kampen skulane imellom i fellesbrosjyra
I hovudbrosjyra som presenterer alle norske folkehøgskular har kvar skule ei side. Denne plassen må utnyttast godt. Eg er overraska over at tekstane inneheld så mye generelt, så mye som kunne ha vorte sagt om mange andre skular. Særpreget kjem ikkje fram på den måten. 

Det som ber informasjon på ei slik side er tittel, ingress, underpunkt eller brødtekst, rammetekst om elevtal, reisemåtar til skulestaden osv. og bilde eller illustrasjonar. Tittelen skal seia noko vesentleg om skulen, og det forbausar meg at ikkje alle har tittel på desse sidene. Saman med ingressen er tittelen ein interessevekkjar. Dersom det er valt ein punktingress, er det greitt med ufullstendige setningar på linjer under kvarandre, men da skal alle underpunkta i ingressen vera forma på den måten. Og dersom det er valt løpande tekst, skal det ikkje vera vilkårlege linjeskift der ei setning tilfeldigvis sluttar. Det såg eg døme på.

På desse informasjonssidene er det altfor mange ord som har stor forbokstav. Det er berre eigennamn som skal ha det. Somme blandar fullstendige og ufullstendige setningar, her som i presentasjonsbrosjyrene sine, og det verkar inkonsekvent. Det gjer det også dersom presentasjonsforma til dei ulike linjene er ulike kvarandre. Slike informasjonssider inneheld mye stoff, og dei skal få folk til å gå eit steg vidare for å skaffe meir informasjon. Da er det om å gjera at tekstane inneheld konkret informasjon, eksempel på kor ein har praksis (kva er `nærmedier`?), kor turane går, om det er lett å få enkeltrom, og andre fordelar eller særdrag ein har. 

Nokre råd
Ein må fortelja kva det er som gjer skulen så attraktiv, ikkje at han er allsidig, at faga er spennande og utfordrande osv: Don`t tell it, show it! Ved den minste mistanke om internspråk eller skulesjargong, bør ein prøve å finne andre måtar å formulere seg på. Skryt vekkjer fort mistru: står det nemnt om ein stad at det er "perla på Vestlandet" lurer eg på om det er ei forskjønning av ei anna sanning - det at skulen ligg avsides til. Vidare skal ein vera konkret, og bruke eksempel for å få fram poenga sine. Kva er det som gjer eit folkehøgskuleår så utfordrande? Korleis merker ein eit utviklande, tett fellesskap? Som elles må ein hugse å skrive korrekt og enkelt, - det blir venta av skular. 

Vi må vera ekstra kritiske til vår eigen språkbruk og prøve å gjera han så feilfri som muleg. Dårlege språkvanar er minst like tidkrevjande som gode språkvaner - og det beste rådet eg kan gje, er å ta språket på alvor. Dårleg tid er inga unnskyldning for å skrive feil. Har ein dårleg tid, manglar ein kanskje også tid til å sjekke dei opplysningane som ein formidlar au. Slike synlege feil blir lett oppdaga av publikum, og eit inntrykk av at språket i ein artikkel eller ei brosjyre er dårleg, kan både smitte over på innhaldet og skulen. Det har vi ikkje råd til å la skje. Dårleg språk svekkjer formidlinga.

Innhaldssida til tekstar
Somme gonger er det au vanskeleg å veta kva ein kan rekne med at folk veit. Skal ein rekne med at folk kjenner til den bakgrunnsinformasjonen eller dei presiseringane som eventuelt kan bli tekne med? Det er muleg at ein ønskjer å nå dei som veit noko frå før, andre har truleg mindre interesse og kunnskap, men ein kan au ønskje å nå "alle". Det er i alle fall uheldig å snakke over hovuda til folk.
 
Dette fører oss til det viktige omgrepet inferens. Inferens er opplysningar som ikkje er nemnde i teksten, men som er føresetnader for å forstå tekstinnhaldet fullt ut. `Bondevik` har maktposisjonen `statsminister` som inferens, og kan ikkje reknast som noko forståingshinder. Men `morgonsamling` blir straks verre - mange av oss går ikkje rundt og skjønner straks at dette er namnet på ei samling om morgonane med andakt, namneopprop, beskjedar - omgrepet treng forklaring for å bli forstått. Til vanskelegare det er å tolke inferensane, til lenger tid bruker publikum på det. I trykte medium kan dei føre til at folk droppar å lesa stoffet. 

Å kommunisere er det same som å påverke, å endre innsikta til nokon. Gjennom ord lærer vi verda å kjenne, og dei verdiane som ligg i orda påverkar inntrykket vi får av det orda dekkjer. Dessutan har kvar og ein av oss eigne opplevingar knytt til ord, positive og negative. For nokon er adjektivet `blå` brukt om politikk positivt, for andre det motsette; `hovudstad` kan vera eit ord knytt til hyggjelege opplevingar, til makt eller kriminalitet…  Eller tenk på ord som kristendom og andakt… 

Språket er forsømt
Når ein utformar infomateriell kommuniserer ein i to retningar. Både publikum og kjeldene kan vera brukarar av ulike typar språk, og da tenkjer eg på kva slags ordforråd, abstraksjonsgrad og presisjonsnivå dei er van med. Ein skriv ikkje heilt likt til skulestyret som til elevane eller mulege elevar. Samstundes lyt vi hugse på at ungdom au er ei mangfelt gruppe. Om foreldra til mulege søkjarar ikkje er i hovudmålgruppa til folkehøgskulane, så vil nok dei au studere materiellet frå skulen nøye - og kritisk.

Eitt av måla til dei kristelege folkehøgskulane er å vinne ungdom for Kristus. Somme skular ser ut til å tone ned det kristne preget, andre poengterer dette tydeleg. Uansett er det viktig at elevane får eit inntrykk av korleis den kristne føremålsparagrafen pregar skulekvardagen, anten det er mye eller mindre. Ein del skular skriv noko om eigarorganisasjonane sine, og det er bra. Det er viktig for foreldra, og nyttig for elevane. Ikkje alle er like godt kjende med organisasjons-Noreg, og det er grunn god nok til å bruke nokre linjer på eigarane og føremålsparagrafen. 

Til sist: Språket er ikkje glømt som verkty i informasjonsarbeidet til folkehøgskulane. Men - språket er ikkje teke nok på alvor - det er forsømt, saman med synet for at detaljar skal stå til ei heilheit. 

Av Jon Peder Vestad. 
Omarbeidd etter eit føredrag halde i regi av Informasjonskontoret for kristen folkehøgskole, 23.9. 1999. Lagt ut på internettet 12.10. 1999. 



 
     
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |