I dag kan finlandssvenske forfattarar skildre verkelegheita i Finland ved å ha innslag på finsk i bøkene sine. For nokre tiår sia unngjekk ein det. Kvinnelege forfattarar har markert seg sterkt i den finlandssvenske litteraturen, som i Noreg. Men i Noreg manglar vi ein type litteratur som dei svenskspråklege i Finland har ein del av - borgarskapslitteratur. Samstundes er litteraturen prega av ei regional strømning, om ein flyttar blikket frå Helsingfors. Men det vi kjenner best til, er finlandssvensk lyrikk. Korfor?
Av Jon Peder Vestad
Dette er prøveførelesinga eg heldt ved Universitetet i Oslo 29. november 1994, dagen etter at Noreg sa nei til EU. Her og der kan ein spore EU-kampen i førelesinga. Velkomne til eit lite blikk inn i finlandssvensk etterkrigslitteratur!
Innleiing
Det var en gång ett litet knytt som bodde
alldeles ensam i ett ensamt hus.
Han var nog långt mer ensam än han trodde
på kvällen när han tende alla ljus
och kröp inunder täcket i sin bädd
och gnällde för sig själv, för han var
rädd.
Därute gick hemulerna med stora tunga steg
långt borta hördes mårrans tjut på
nattens mörka väg...
Dette er frå opninga av mummi-boka «Vem ska trösta
Knyttet» av Tove Jansson. W. Glyn Jones, ein britisk kjennar av finlandssvensk
litteratur, meiner at mummi-verda kan bli sett på som eit bilde av
det svenskspråklege Finland, - den vesle gruppa i skuggen av dei
store, mange.
Det er finlandssvensk prosa
som er emne for utgreiinga mi, nærmare bestemt «Språk
og identitet. Nokre særdrag i finlandssvensk prosadikting etter 1945».
Ei så vid ramme gjev meg høve til å gå både
inn i språket og i litteraturen, og eg har to føremål
med utgreiinga. Det eine er å syne korleis finlandssvensk identitet
kan bli markert i litteraturen - gjennom bestemte motivval og språklege
val, og det andre er å vise kva rolle språkleg tilhørigheit
har i tre særdrag ved finlandssvensk etterkrigsprosa. Eg vil til
sist syne at det er ein tendens - eller eit særdrag om ein vil -
til å unngå dagens språklege verkelegheit i delar av
etterkrigsprosaen.
Metode
Eg har valt å sjå forstå «språk og identitet»
som språk som ein identitetsskapande faktor - ein av fleire
mulege. I gjennomgangen nyttar eg meg av kultursosiologisk og litteraturhistorisk
materiale, og av prosaen sjølv. Det er gjennom finlandssvensk litteraturhistorie
eg har valt ut særdraga i prosaen - eller ein kan seia at dei vel
seg ut sjølve, i allfall sett med mine norske auge.
Gjennomgangen er todelt.
Eg vil fyrst gjera greie for den verkelegheita svenskspråkleg kultur
eksisterer i i Finland, og vise ulike strategiar forfattarane kan bruke
i skildringa av den språklege verkelegheita, både skriveteknisk
og i val av motiv. Her kjem eg au inn på språkleg-kulturell
tilhørigheit.
I den andre bolken tek eg
for meg tre særdrag ved etterkrigsprosaen, - det sterke kvinnelege
innslaget blant forfattarane, borgarskapsprosaen med vekt på sjølvkritiske
verk, og regional litteratur, nærmare bestemt den österbotniske
litteraturen. Eg har med andre ord fokus både på kjønn,
på emneval og på sentrum-periferi i det finlandssvenske litterære
landskapet. Til kvar del vil eg vise at det varierer i kva grad akkurat
språket spelar ei rolle som identitetsskapande faktor, og eg vil
forklare korfor.
Romanlitteraturen i sentrum
Emnet mitt må avklarast noko meir. Med prosa tenkjer eg fyrst
og fremst på romansjangeren; noveller kjem eg også innom, medan
dramatikk, essayistikk og erindringslitteratur lyt vera unemnd i denne
samanhengen. I den grad det passar, nemner eg forfattarnamn og kjem inn
på enkeltverk. Somme kjende forfattarar blir knapt nok eller slett
ikkje omtala, på grunn av rammene emnet og vala mine gjev.
DEL 1
Språk og identitet i Finland
I 1919 fekk Finland ei grunnlov som slo fast at staten hadde to jamstelte
språk, finsk og svensk. På denne tida utgjorde dei svenskspråklege
ein femdel av det samla folketalet i landet, - ein prosentdel som har gått
stadig nedover. Dei svenskpråklege ser i dag på seg sjølve
som ein minoritet, med språket som viktigaste kjennemerke.
Bak det språklege
omgrepet 'svensk' ligg det i vårt tilfelle tre hovudkomponentar.
Det er for det fyrste talespråket, dialekt, og for det andre det
finlandssvenske høgspråket. Her finn vi særdrag ved
finlandssvensk språkbruk i offentlege rom - ord som ikkje blir nytta
i Sverige-svensk, finske lånord osv, og som i større eller
mindre grad er aksepterte i skrift. Å gå nøyare inn
på dette fell utafor rammene for utgreiinga. Den tredje komponenten
er den rikssvenske - eller Sverige-svenske - rettskrivingsnormalen. På
utsida av det 'svenske' finn vi så det finske, både språkleg
og samfunnsmessig. Dei som bruker svensk i Finland må forholde seg
til sider ved det finske samfunnet som krev særeigne uttrykk, - uttrykk
som det ikkje er behov eller tradisjon for i Sverige.
'Identitet' kan bli
forklart som «sum av element som gjev eit individ, eit samfunn eller
andre grupper ein eigenart». Det er særleg to krav som blir
sett til det å ha ein bestemt identitet. Det eine er at ein må
kjenne samhørigheit til eller identifisere seg med ei gruppe. Det
andre kravet er vilja til å gjera noko for det ein identifiserer
seg med, for eksempel det å sende barna i svenskspråkleg skule,
vera med i svenskspråklege organisasjonar osv. Identitet kan både
følast og utøvast, og vi har alle fleire identitetar - som
mann, student, EU-motstandar, nynorsk-tilhengjar o.l. Identitet er altså
knytt til meir enn språk, og det er viktig når ein ser på
særdrag ved den finlandssvenske prosaen. Det at han er på svensk,
gjev ein spesiell identitet i utgangspunktet. Like fullt, graden
av identifikasjon med det svenske varierer hos finlandssvenskane. Delvis
finn vi identiteten som gruppementalitet, delvis som individmentalitet,
og han er situasjonsavhengig.
Finlandssvensk og Svenskfinland
Omgrepa 'finlandssvensk' og 'Svenskfinland' er ikkje like kjende for
alle. Ulike nemningar har vorte nytta om dei svenskspråklege, og
ordet 'finlandssvensk' vann for alvor innpass på 1920-talet.
I Finland blir adjektivet 'svensk' ofte brukt for 'finlandssvensk', og
det same kjem eg til å gjera.
'Svenskfinland' vil
seia dei områda av Finland med svenskspråkleg busetjing. Omgrepet
har også ei meir abstrakt tyding, og kan brukast om svenskspråklege
institusjonar, organisasjonar, tidsskrift osv. Dersom vi tenkjer oss eit
tilsvarande omgrep 'Nynorsk-Noreg', vil det femne kommunar der nynorsk
er mye brukt, men - også Det Norske Teateret, avisa Dag og Tid og
nynorsk-klassa på Sagene i Oslo er del av dette Nynorsk-Noreg. Det
er eg au.
Finlandssvenskane bur spreidd
over fire område. Det er i Österbotten på nordvestkysten
av Finland, på Åland og i Åboland på sørvestkysten,
og i Nyland, kyststrekninga aust og vest for Helsingfors. Det finst i dag
knapt 300000 finlandssvenskar, eller i underkant av seks prosent av det
samla folketalet. Berre femten prosent av finlandssvenskane lever i reint
svenskspråklege kommunar, og her finn vi Åland og ein del kommunar
i Österbotten. Om lag halvparten av finlandssvenskane lever i kommunar
der dei er i fleirtal, resten i kommunar der dei utgjer mindre enn ein
tredel av folketalet (Fsv. rapport 20). Sjølv om det har skjedd
ei sosial utjamning mellom språkgruppene i Finland, har dei svenskspråklege
i snitt hatt ein høgare sosial posisjon enn dei finskspråklege.
Sia 1950-talet har det vorte
inngått fleire ekteskap over språkgrensene enn heilt svenskspråklege
ekteskap. Omtrent to tredelar av barna i tospråklege ekteskap blir
innskrivne i svenske skular eller klasser. Tospråklegheita kan vera
eit mellomsteg til einspråklegheit, og sosiologane Erik Allardt og
Christian Starck har påvist at den finlandssvenske arbeidarklassa
i sør-Finland i stor grad har vorte forfinska. Dette har skjedd
samstundes med at prosentvis fleire svenskspråklege enn finskspråklege
har utvandra til Sverige.
Tospråklegheita fungerer
slik at det i visse samanhengar er naturleg for dei svensktalande å
bruke svensk, i andre finsk, og dette varierer etter for eksempel arbeid,
bustad og språkkunnskapar. I størstedelen av Finland lyt ein
ha gode kunnskapar i finsk for å klare seg, og eit sitat frå
«Män kan inte våldtas» av Märta Tikkanen er
karakteristisk: «-- som de flesta svenska helsingforsbarn blev Tova
tvåspråkig från början och tänkte sällan
på vilket språk hon talade» (s. 56).
Det litterære rommet
Under dei vilkåra eg nyss har lagt ut om, lever dei finlandssvenske
forfattarane. I 1986 hadde den finlandssvenske forfattarforeininga kring
190 medlemmer, og førti prosent av desse budde i hovudstadsområdet.
Fordelinga mellom menn og kvinner kjenner eg ikkje. Over ti prosent av
forfattarane budde utalands (Horisont 2/87:4).
Det finst to større
svenskspråklege forlag i Helsingfors, Schildts og Söderströms,
og ei rekkje mindre, helst regionale forlag - i 1978 cirka femti i alt.
Kvart år blir det samla gitt ut om lag 700 bøker på
svensk i Finland, med omsetjingar, lærebøker osv, og av litterære
verk dominerer poesien i tal. Her kan eg leggje til at finlandssvenske
forfattarar ikkje har spesielt lett for å bli publiserte i Sverige.
Ein del blir omsette til finsk.
Dei viktigaste kulturelle
skiljelinene i Finland går frå nordvest mot søraust,
og er uavhengige av språk. Visse særdrag finst, men dei er
små. Ja, i ein artikkel med den noko provoserande tittelen «Alla
finnar är svenskar» fortel historikaren Matti Klinge at folk
i det ortodokse Aust-Karelen lenge brukte nemninga 'ruotseja' - svenskar
- om dei lutherske grannane i vest. Og sia finlandssvenskane blir identifiserte
gjennom språket, og nesten berre der, er litteraturen så viktig
når ein skal sjå på denne gruppa. Her har prosaen større
mulegheiter til å gje uttrykk for levekår og samfunnsforhold
enn poesien.
Litterære strategiar
Eg vil nå ta for meg språk og identitet både tematisk
og språkleg.
Det er ulike måtar
å behandle språk som identitetsskapande faktor på - eller
som problem - i den finlandssvenske litteraturen. I heimstaddikting kan
det vera snakk om eit reint svenskspråkleg miljø der identiteten
er sjølvsagd og dermed underforstått. Emnet ein skriv
om treng heller ikkje krevja noka tilvising til ei gruppetilhørigheit
eller til den språklege verkelegheita, - handlinga kan til dømes
vera lagd utalands eller i ei fiktiv verd. Det skal eg komma attende til.
Dei som vil ta for seg det
tospråklege samfunnet som det er, kan plassere minoritetstilhørigheita
meir eller mindre sentralt i handlinga, og eventuelle konflikter kan bli
skildra med ulik styrke. Forfattarane kan au hente emne frå reint
finske miljø, og altså velja bort sin eigen språklege
identitet. Det finn vi døme på hos forfattarar som Siw Alander,
Anita Wikman og Kjell Westö.
Ein kan au unngå
emnet, som litteraturvitaren og forfattaren Merete Mazzarella er inne på
i ein artikkel om bildet av finnane i finlandssvensk litteratur. Ho nemner
at i romanar av etterkrigsforfattarar som Claes Andersson og Johan Bargum
finst det ein heil del finske namn, men «det kan vara svårt
att komma underfund med personernas språktillhörighet»
(Horisont 6/79:60). Det er i grunnen ikkje så ofte at ein møter
folk som blir nemnde spesielt som finnar i finlandssvensk litteratur frå
dei siste tiåra, påpeiker Mazzarella, og er overraska over
dette i romanar med handling henta frå for eksempel Helsingfors.
Språkkonflikter i litteraturen
Dette skreiv ho i 1979, og det er muleg at ho ville ha skrivi annleis
i dag. Språk som tema går att i nyare finlandssvensk
litteratur, viser ei undersøking sosiologen Kjell Herberts har gjort.
Han tok for seg eitt hundre skjønnlitterære verk frå
tida 1974 til 1986, utan at eg veit korleis bøkene vart valde ut.
I omtrent halvparten vart møte mellom svensk og finsk språk
skildra som harmoniske og uproblematiske. Tjue prosent kunne innehalde
eit og anna finsk namn, men hadde «gjømt» den språklege
dimensjonen, skriv Herberts. Og kvar fjerde bok inneheldt språk-konflikter
eller ueinigheit av ymse slag. Det at over 75 prosent av verka i det heile
er inne på språkforholda i Finland, viser at språk og
identitet i høgste grad opptek mange forfattarar.
Kjell Herberts såg
tre typar konflikter - i møte mellom det einspråklege Svenskfinland
og det finske, møte med fordommar og mangel på kunnskap hos
finnane, og språkkonflikter som kjem av klassemotsetningar. Det som
overraskar meg, er at halvparten av bøkene i undersøkinga
var innom språkforholda utan å behandle det som noko
problem. Det stemmer ikkje overeins med med mitt inntrykk frå Svenskfinland.
Skrivetekniske strategiar
Dei som i forskjellige samanhengar kjem inn på språkforholda,
må ta stilling til korleis dei reint praktisk skal bruke språket.
Det finst ulike strategiar å velja mellom. Som nemnt finst det einspråklege
miljø og au emne som slett ikkje gjer dette aktuelt. Men alt i alt
lever finlandssvenske forfattarar i eit miljø som krev ei bevisst
haldning til språket, både sitt eige - og til finsk. Litteraturhistorikaren
Bengt Holmqvist har skrivi at det er förståeligt, att
en rent språklig osäkerhetskänsla länge har verkat
hämmande på den finlandssvenska prosan (Horisont 6/80:29).
Og det meste av det som
skjer i Finland går føre seg på finsk. Kva kan ein forfattar
gjera med det? Ein kan gje att til dømes replikkar på svensk,
men fortelja at dei har falle på finsk. Det er også muleg å
markere språket ved å la delar av ein replikk vera på
finsk, med eller utan omsetjing - eller ein kan rett og slett ta med heile
finske setningar eller flette inn dei finske uttrykka ein meiner ein har
bruk for. Ikkje noko av dette er problemfritt.
I tillegg må finlandssvenske
forfattarar velja i kva grad dei vil bruke gjengse finlandssvenske uttrykk
og finske lånord som er meir eller mindre godtekne på trykk.
Til fleire slike innslag, til mindre blir litteraturen tilgjengeleg utafor
Svenskfinland, som her:
Eksemplet Cleve
-Sussa asuu jumalauta pieni Eino Leino!
Raimo tog pilarna.
- Etten perkele sanois oikea Runeberg!
Han ställde sig med benen brett isär, siktade och
kastade .
- Tai, piro vieköon, Hämeen Hemingwayhän siinä
heittää tikkaa! (s 139).
Ja, det var i allfall tre forfattarnamn her, og resten lyt vi gjette
oss til. Dette er frå romanen Skuld, som Stefan Randström gav
ut i 1992, og viser korleis ein passasje i ein moderne finlandssvensk roman
kan vera.
I 1959 kom novellesamlinga
«Gatstenar» av Anders Cleve, og med utgangspunkt i Cleve kan
eg vise ulike strategiar i møte med ein tospråkleg kvardag.
I novella «Licenciaten» kunne ein tru at Helsingfors var ein
reint svenskpråkleg by, medan novella «Kråkan - en individualist»
inneheld ein del finsk. På eit museum blir det opplyst at
- Jaha, nu stänger vi. Klockan e fyra.
Desse orda har nok falle på finsk, men det blir ikkje markert.
Ute på gata møter vi ei kvinne som har vorte rana, og ho skrik:
- Jätkät löi. Di slo mej, slo. Di stal mina
skor. Sataanat.
Resten av replikken er på svensk, men språket har vorte
markert, utan at dei finske orda blir omsette. Meininga skulle likevel
kunna gå fram av samanhengen. Det hender Cleve også forklarar
dei finske orda, slik som i dette sitatet - frå ein kafé:
- Puhukaa suomea, sa vaktmästarn kort. - Tala finska
så att mänskor också förstår. Int e vi
i Kina (s. 137).
Anders Cleve gjev au att
svensk med finsk brytning, men om det er for å vise at replikkane
kjem på svensk eller finsk, blir ikkje klart. Å blande inn
eller nytte finsk som Cleve har gjort her, var ikkje vanleg i 1959. Cleve
problematiserer elles ikkje ope det å tilhøre ein språkleg
minoritet, i motsetning til Randström. Men Randström viser til
samanlikning ein mye dristigare måte å forholde seg til det
finske på - han skriv rett og slett mye finsk, utan omsetjing, og
har au ein del finske uttrykk i sitt eige svensk. Forfattaren føreset
med andre ord at lesarane kan finsk, og målgruppa hans gjer truleg
det. Ei anna årsak til at han vågar skrive som han gjer, må
skuldast eit nytt syn på korleis svensk i Finland skal eller kan
vera.
Haldningsendringar
Mye har skjedd med den finlandssvenske litteraturen frå 1945
til vår tid. Fleire peiker på at han har vorte av betre kvalitet,
særleg frå 1980-talet og utover. Det har også skjedd
noko med haldningane til språket. I prosaen ser vi det klart når
vi er merksame på at skule, fagfolk og presse har lagt vekt på
at ein skulle «undvika finlandismerna», for at ikkje finlandssvensk
språk skulle skilje seg vesentleg frå Sverige-svensk.
Bengt Holmqvist slo i 1951
fornøgd fast at «många av provinsialismerna ter sig
främmande också för yngre finlandssvenskar», medan
Selim Silvander ein tretti års tid seinare konstaterer at
Nu blir inte en roman
förklarad undermålig för att den innehåller några
«finlandismer».
Dialekter och provinsialismer
har i dag stor del i romanens trovärdighet, konstnärlighet
och
slagkraft (Horisont
6/80:29).
I kva mon slike drag blir nytta, heng saman med kva stil ein skriv
i, emnet ein skriv om og målgruppa ein skriv for. Det at innslaget
av dialekt og særeigne uttrykksmåtar alt i alt har vorte
tydelegare, er ein ting. Marianne Bargum skreiv i 1988 at «toleransen
mot blandformer tycks öka i den yngsta författargenerationen»
(Bargum 1988). Redsla for finske uttrykk er mindre, og det kan dels komma
av at forfattarane i større grad enn før ser den tospråklege
verkelegheita i auga, dels at dei veit at fleirtalet av lesarane kjenner
finsk så godt at det språkleg sett ikkje er til hinder for
forståinga. I Sverige sel jo få av dei lell.
Ulik språkleg tilhørigheit
Korleis ein viser finlandssvensk identitet varierer etter geografisk
og sosial tilhørigheit, etter generasjon og situasjon. Frå
Österbotten har det vorte ropt varsku mot forfinsking og tospråklegheit
i Svenskfinland. Forfattarar i sør har vore opnare enn kollegaene
i nordvest mot tospråklegheita. Somme forfattarar skriv bøker
også skiftevis på svensk og finsk, - det gjorde for så
vidt alt Elmer Diktonius før andre verdskrig, men det har vorte
vanlegare i etterkrigstida. Dette kan tyde på at fleire av dei som
skriv, har ein bevisst tospråkleg identitet, - at dei ikkje fyrst
og fremst identifiserer seg som svensktalande i Finland, men som borgarar
av Suomi - Finland. Eller som Marianne Bargum seier:
En ökad rörlighet
över språkgränserna är --- ett faktum, och det förefaller
som om hemkänslan
med landet skulle
vara like viktig som språktillhörigheten.
Eg øygnar tre ulike typar språklege identitetar hos finlandssvenske
forfattarar, som kan vise seg att i litteraturen deira. Den eldste identiteten
er ein som vi kan kalle 'svensk i Finland', - her er Sverige-svensk rettskriving
rettesnor. I lyrikk og barnebøker meiner eg vi kan sjå dette.
Den neste kan vi kalle 'normal finlands-svensk', og som forfattarane syner
på trykk gjennom ein del særuttrykk, finske lånord osv.,
som hos Anders Cleve - og kanskje dei fleste finlandssvenske samtidsskildrarar
dei siste tiåra. Skal ein skrive om krise, er det lama i Finland,
dugnad er talko, for å nemne to vanlege ikkje-svenske ord.
Den siste språklege
identiteten kan karakteriserast som 'tospråkleg finlands-svensk',
viser seg berre unnataksvis og er av nyare dato - og ikkje å finne
i litteraturhistoriene ennå. Hos forfattarar med denne identiteten
er det finske innslaget både tydeleg og bevisst, utan at det treng
bli gjort særleg nummer av det, jamfør Stefan Randström.
Staffan Bruun og Kjell Westö er andre namn. Dei er alle tre yngre
forfattarar frå Helsingfors-området, og to av dei er journalistar
og bruker dermed mye finsk i det daglege.
Dei tre identitetane eg
rissar opp finn vi ikkje berre langs ein tidsakse frå førkrigstida
til i dag - dei eksisterer også samstundes i dagens litterære
landskap. Det finst med andre ord ulike måtar å ha ein finlandssvensk
identitet på, og forfattarane kan spegle dette både i emneval,
grad av problematisering og i sjølve bruken av språket.
DEL 2
Forfattarskap utan språkproblematisering
Nå skal eg over til tre særdrag i finlandssvensk etterkrigsprosa
som blir sett i lys av språk som ein muleg identitetsskapande faktor.
Eg finn det naturleg å begynne med det sterke kvinnelege innslaget
i litteraturen.
Det spesifikt finlandssvenske
er lite framme i viktige delar av etterkrigsprosaen skriven av kvinner.
Sjølvsagt blir språk som identitetsmarkør nemnt, men
vi skal leggje merke til at hos dei mest betydelege forfattarane er det
heilt andre emne enn språkleg identitet, svenskheit, som står
i sentrum.
Solveig von Schoultz er
eitt døme. Ho debuterte alt på 1930-talet, og teiknaren og
«mummi-mamma» Tove Jansson kom etter i 1945. Det er store sprang
i stil mellom desse to innbyrdes, og mellom dei og dei kvinnene som har
debutert etter 1970. Eg vil likevel sjå kvinneinnslaget under eitt,
ikkje minst fordi kvinnene i heile dette hundreåret har vore så
synlege i finlandssvensk litteratur.
Solveig von Schoultz er
fødd i 1907, og har som forfattar arbeidd innafor ulike sjangrar.
Kjønns- og generasjonsskilnader, kjensler og sjelsliv er karakteristisk
i forfattarskapen hennes. I den grad ho har drege inn saker som er aktuelle
i samtida, er det helst for å ha ein bakgrunn for dei psykologiske
skildringane sine. Det særprega finlandssvenske blir ikkje framheva
eller drøfta.
Mummi-verda til Tove Jansson
er velkjend, - dette er bøker også vaksne kan lesa med glede,
men Jansson har også skrivi rein vaksen-prosa, nærgåande
og meir reflekterande enn handlingsmetta. Heilt i starten nemnde eg at
mummi-verda kan bli sett på som ei skildring av den verda finlandssvenskane
lever i, men eg vil presisere at dette er berre ei av fleire mulege tolkingar.
I 1970 debuterte så
Märta Tikkanen med romanen "Nu imorron" der ho skildrar ekteskapet.
Den andre romanen hennes, "Ingenmannsland", set individuell frigjering
inn i ein global samanheng. "Män kan inte våldtas" og "Århundradets
kärlekssaga" er andre kjende titlar, og som gav Tikkanen ein sikker
plass i nordisk litteraturhistorie. Ho har skrivi om kvinneliv i eit moderne
samfunn, om kvinneundertrykking, erotikk og om det å kjenne forventningar
både til sjølvrealisering og til å ta seg av heim og
mann. Seinare har ho tydd til mytar - ho vart lei av realismen, sa ho på
80-talet. Merete Mazzarella fortel forøvrig at "Män kan inte
våldtas" fekk betre mottaking i Sverige enn i Svenskfinland. Den
svenskspråklege hovudpersonen her - ei kvinne - valdtek ein finskspråkleg
mann.
Kvinnebølgja etter 1970
Kvinnerørsla fekk for alvor gjennomslag i Svenskfinland midt
på 70-talet. Merete Mazzarella nemner at mellom andre Solveig von
Schoultz har eit bevisst kvinneperspektiv i produksjonen sin, men at det
likevel skjer noko meir med finlandssvensk kvinnelitteratur etter 1970.
Märta Tikkanen debuterte som nemnt dette året, og seinare på
70-talet gav to kvinner ut ei «handbok i systerskap», i Österbotten
vart det starta skrivegruppe for kvinner, osv. Kvinnene vart meir synlege
enn før.
Litteraten Sven Willner
skriv i artikkelen "70-talet i finlandssvensk litteratur" at det var langt
mellom dei kvinnelege debutantane mellom 1945 og 1970, og han seier at
på 70-talet har dei kvinnelege debutantane «varit i ett klart
överläge, inte bara kvantitativt men också kvalitativt».
Den tidlegaste kvinne-litteraturen på 1970-talet handla om "dei nære
ting". Eit vidare samfunns-engasjement kom etterkvart, som for fredssaka,
miljøvern og internasjonal solidaritet. Det finst også dei
som har skrivi om om harde kvinnekår, som Siw Alander og Wava Stürmer,
eller Anni Blomqvist som har skrivi ein historisk serie om Stormskärs-Maja.
Engasjementet ut over "hus og heim" har elles ført skrivande finlandssvenske
kvinner ut av samtida og inn i historia, ut av verkelegheita, ekteskapa,
byane - eller ut av heimlandet.
Kvinneidentitet og flukt-motiv
Eg meiner å sjå to mønster i måten kvinnelege
forfattarar møter det som har med språk og identitet å
gjera på. For mange har det å tilhøre "det undertrykte
kjønn" - om eg får seia det slik - voge tyngre enn å
tilhøre ei språkleg mindretalsgruppe. Hovudsaka har vore den
tilhørigheita dei har som kvinner - lokalt og globalt. Kampen for
svenskheita var alt institusjonalisert - og mannsdominert, kvinne-kampen
laut dei stå for sjølve, og her har det funnest eit vell av
emne å skildre litterært. Og - eitt av kjenneteikna ved identifikasjon
er vilja til å gjera noko for det ein identifiserer seg med. Det
'finlandssvenske' har vore mindre viktig enn det å vera kvinne.
Det andre er fascinasjonen
for det som ikkje er til stades, det fremmende, for eksempel for utlandet.
Finlandssvenskane blir av ein del finnar sett på som eit fremmendelement,
som utlendingar i eige heimland, og psykologisk kan nok det auke trongen
til å skrive om noko anna enn kvardagen. Som barnebokforfattarar
har Tove Jansson og Irmelin Sandman-Lilius dikta opp kvar sine verder,
og Jansson er av dei som au har henta motiv frå utlandet. Ulla-Lena
Lundberg har skrivi frå USA, Afrika og Japan; Marianne Backlén
har skrivi frå USA, lyrikaren Bodil Lindfors frå Latin-Amerika.
Eg kunne ha nemnt fleire, også menn. I tilknyting til Lindfors skriv
journalisten og kritikaren Trygve Söderling om reisemotivet i det
han kallar «freak»-litteraturen på 70-talet:
Syftet är en tripp,
både i konkret, estetisk och existensiell mening. Världens breddning,
relativisering; man
behöver inte leva som man vuxit upp, bland borgarna där hemma
(Horisont 1/87:25).
Og når ein legg handlinga til Mummidalen, New York eller Tokyo,
slepp ein dei vanskane det å skildre eins eiga tospråklege
verkelegheit kan gje.
Borgarskapslitteratur
Vi ser altså at identitet i liten grad er knytt til språk
i viktige delar av litteratur forfatta av finlandssvenske kvinner. I borgarskapslitteraturen
- som også rommar kvinneverk - meiner eg at språket er meir
til stades, - det svenske språket og den finlandssvenske identiteten
er ein premiss i den kulturen borgarskapet levde og til dels ennå
lever i. Eit sitat av Jörn Donner er kjenneteiknande. I romanen «Jacob
och friheten» skriv han:
Eftersom han tidigt förstod
att finskhetsvågen måste bekämpas med alla medel överlät
han vid
utflyttningen sitt hem
till Svenska klubben, med tillträde endast för medlemmar
och deras
gäster. Med tilltagande
demokratisering och moralisk upplösning användes dock klubblokalerna
då och då
även av finsktalande församlingar (s 74).
Same kor «normale» finlandssvenskane enn vil vera, så
utgjer overklassa og borgarskapet ein større prosentdel av dei svensktalande
enn dei med finsk som morsmål. Og dei har vore svært synlege
i Svenskfinland - og i litteraturen, både som forfattarar og motiv,
overrepresenterte, kan vi seia. For å ha sagt det - fleirtalet av
dei svenskspråklege tilhører ikkje overklassa.
Omgrepet 'borgarskapslitteratur'
blir av Thomas Warburton, den store litteraturhistorikaren på svensk
side i Finland gjerne kalla 'medelklass-litteratur'. Det er tett mellom
romanar som sjølvbiografisk eller ikkje, klassekritisk eller ikkje,
skildrar borgarskapet. Warburton peiker på at det i dei øvste
samfunnslaga - «medelklass» hos han - har det funnest ei klankjensle,
ei kastebevisstheit som fører til samhald - og ein sosialelitisme
som blir spegla både direkte og indirekte i litteraturen. Dette styrkar
det provinsielle draget til finlandssvensk litteratur, men Warburton meiner
at faren for å bli for einsidig litterært sett vart avverga
da demokratiseringa av Finland skaut fart på 1960-talet.
Tilfeldigvis er 60-talet
også det tiåret da den sjølvkritiske borgarskapsprosaen
vart tilgjengeleg.Den delen som er mest interessant sett med norske auge,
er det som har vorte kalla "bekännarlitteratur"; - "själv-hatarlitteratur"
har ein kalla det. Ein heimleg parallell kan vera bøker der det
blir teke oppgjer med Vestlands-/bedehus-miljø. Sjølv om
«bekjennar»-litteraturen ikkje dominerer i prosentdelar i etterkrigsprosaen,
så er han ein tung del, både som klasse- og tidsskildring.
«Svenska klubben»
Christer Kihlman, Henrik Tikkanen og Jörn Donner er tre sentrale
finlandssvenske forfattarar, den sjølvkritiske borgarskapsprosaen
rommar ein viktig del av forfattarskapa deira. Eg vil gje tre stutte innblikk.
Eg har lese ein stad at
det vel ikkje kan finnast nokon på denne jorda som har meir sjølvforakt
enn finlandssvenskane. Christer Kihlman har ikkje gjort det lettare for
dei. Han debuterte tidleg på 50-talet, og slo gjennom med romanen
"Se upp Salige!" i 1960, der han fortel om det opprøret ein redaktør
i ei konservativ småbyavis prøver å gjera. Han fortel
om hykleri, dobbeltmoral, gammalmanns-beiling til ei ungjente - og om å
mislykkast som far. Av ulike årsaker vart boka lagd merke til, ikkje
minst sia kritikken av det finlandssvenske borgarskapet kom frå ein
Kihlman.
Betre vart det ikkje. Christer
Kihlman har gitt ut ei rad bøker der det blir teke oppgjer med borgarskapet
innafrå, og som peiker på kor vanskeleg det er å vera
fanga i ei klasse, og likevel høre til der. Også hans eige
liv har vorte utlevert - med homoseksualitet, familieproblem (ikkje så
rart, i grunnen!), og alkoholmisbruk som emne. Han har au skrivi om tomheit
og karriere i ein overklassefamilie. Den finskspråklege litteraturhistorikaren
Kai Laitinen utropar Kihlman til ein av dei viktigaste forfattarane i finsk
litteratur på 1960- og 70-talet i det heile, mest på grunn
av evnen til å analysere og blottleggje.
Henrik Tikkanen brukte i
like stor grad som Kihlman seg sjølv i "bekjennar"-litteraturen
sin. Tikkanen var teiknar - m.a. i Dagbladet, og skreiv i forskjellige
sjangrar - også om sitt eige liv. I 1975 til 1977 gav han ut
tre memoarbøker, kvar av dei med gateadresse som tittel. Og det
var ikkje oppdikta titlar! Nå er ikkje alt i memoarbøker sant,
men på ein elegant og skarp måte utleverer Tikkanen sin eigen
oppvekst, slekta og klassa. Kva skal ein seia om eit sitat som dette?:
Min mors första
mera betydande älskare var en aristokratisk politiker från
Svenska folkpartiet.
Han var så
omåttligt rik att han betraktade sig som liberal och bedyrade
att inga torpare hade
skjutits på hans
gods (Brändövägen:18).
Død, fyll, svart humor, tragikomikk og bitterheit finst i rikt
monn, og Tikkanen unnlet heller ikkje å fortelja kva enkelte i den
finlandssvenske overklassa eigentleg meinte om finnar - og om russarar
som ikkje var av fint folk. Johan Wrede meiner Tikkanen driv med sjølvterapi,
og Warburton skriv at Tikkanen har "förirrat sig i en jag-labyrint".
Vel, bøkene til Kihlman og Tikkanen var omstridde og førte
til den såkalla Kihlman-Tikkanen-debatten i finlandssvensk offentlegheit,
eit ordskifte om overklassedekadanse.
Tredjemann, Jörn Donner,
er journalist, filmskapar, forfattar, eks-kommunist og nå temmeleg
blå rikspolitikar for Svenska Folkpartiet. Han har skrivi om så
mangt, også om borgarskapet som han kjenner frå innsida, og
har behandla kritisk i bøker både på 1950-talet og seinare.
"Jacob och friheten", som eg siterte frå, kom i 1978, og er ledd
i ei større slektskrønike. Serien til Donner er ei delvis
sjølv-biografisk samfunns- og tids-skildring frå 1939 til
vår tid, med borgarskapet i fokus. Klassa får sitt, med humor
og snert, og som hos dei to andre er det her au muleg å kjenne att
folk han skriv om. Eg må minne om kor få finlandssvenskane
er, nesten slik at alle kjenner alle. Det forklarar noko av oppstyret.
Eit sidesprang: For ei av
bøkene i denne slektskrønika, "Far och son", fekk Donner
Finlandia-prisen i 1986. Her blir ei kvinne med eit "umuleg" italiensk-klingande
namn omtala - den før nemnde Mazzarella. Ho er for øvrig
diplomatdotter og har skrivi om bakgrunnen sin. Så lite er Svenskfinland!
Språket er ein markør
Både hos Kihlman, Tikkanen og Donner er det svenskspråklege
noko sjølvsagt, og vissheita om finsk, det finske folkefleirtalet
og og at overklassa skrumpar er samstundes til stades. Motiva varierer
hos Kihlman og dei andre, frå fokus på enkeltmennesket, til
ein tidsepoke eller ei samfunnsutvikling. Desse motiva kan setja språket
i skuggen, men det er alltid der av historiske og sosiale årsaker.
Vi kan seia at språkleg identitet er lik klassetilhørigheit.
Svensk har jo vore språket til dei rike og mektige i Finland,
og så seint som fyrst på 1980-talet skreiv sosiologane Allardt
og Starck at ein femdel av kapitalen i Finland var på finlandssvenske
hender.
Den regionale litteraturen
Vi kan setja borgarskapslitteraturen i relieff. I ein skarp artikkel
skreiv språkprofessoren Ralf Norrman i 1979 om bildet av finlandssvenskane
i litteraturen. Han er ikkje blid på blesten kring «bekjennar-litteraturen»:
Hur står det till
med sådana författares rätt att uttrycka sig som vill skriva
om det verkliga
Svenskfinland--- Inga
förläggare rycker deras manuskript ur författernas
händer. --- Inga
massmedia svärmar
runt dem eller deras verk. Inga politiska rörelser tar upp deras
verk som
sina egna - inte vänstern
heller, för man tycks föredra självhatsböcker
skrivna av salongs-
socialister framom böcker
skrivna av finlandssvenska arbetare (Horisont 4/9:1).
Dette sto på trykk i kulturtidsskriftet Horisont, som kjem ut
i Vasa i Österbotten.
Det tredje særdraget
i etterkrigsprosaen eg vil ta opp, er den sterke regionale strømmen,
nærmare bestemt det som kan kallast ein sjølvstendig litterær
institusjon i Österbotten. Det finst ei sentrum-periferi-konflikt
i finlandssvensk litteratur, og i periferien er det Österbotten som
har gjort mest av seg. I dette perspektivet står språk og identitet
sentralt, både kvar for seg og med språk som ein komponent
i identitetsdanninga. Og - i identiteten er det regionale draget mye framme.
Mange hundre kilometer vekk
frå hovudstaden har østerbotningane bygd opp sine eigne litterære
nettverk, og spesielt kulturarbeidaren, venstreradikalaren og lyrikaren
Gösta Ågren har betydd mye opp gjennom åra. Svenska Österbottens
Litteraturförening vart grunnlagd i 1950. Tre år seinare tok
tidsskriftet Horisont til å komma ut, og i 1957 danna Ågren
og andre skriveføre østerbotningar ei diskusjonsgruppe. Mellom
anna tok dei for seg den sørfinske dominansen i litteraturen og
mangelen på forståing for folkeleg litteratur. I 1973 vart
så Författernas Andelslag starta etter at bokmanus av østerbotniske
forfattarar hadde vorte refusert i Helsingfors. Dette forlaget har etterkvart
fått ein forfattarstall der kvinnene er i fleirtal.
Om sommarane har det vorte
stelt til skrivekurs, og skrivande folk langs den smale, svenskspråklege
kyststripa har vore flinke til å møtast og støtte kvarandre.
Mange av dei østerbotniske forfattarane har vore småkårsfolk
utan anna enn den pliktige skulegangen, og har au kunna tilføre
finlandssvensk litteratur noko han har hatt lite av, - arbeidarlitteratur.
Heimstaddikting
Forfattarane har ofte henta emne frå bygdemiljø, ikkje
frå byen, og dei har hatt arbeidar- eller småbrukarperspektiv
i staden for eit borgarleg perspektiv. Vi finn både historiske forteljingar,
kvardagsskildringar, heimstaddikting, kvinnesaks-romanar og romanar med
politiske over- eller undertoner, helst radikale og ofte knytt til sentrum-periferi-konflikter.
Dette er emne som ikkje automatisk interesserer det litterære establishment
i storbyen, meiner litteraturprofessoren Torsten Pettersson.
Frå hovudstaden -
representert ved Thomas Warburton - blir mye av litteraturen delvis kalla
tradisjonsbunden og delvis «nyprovinsiell», utan at det er
heidersord. Warburton peiker au på mangel på originalitet og
vilje til nytenkjing, men framhevar samstundes Lars Sund, som nå
er «stor» både på svensk og finsk side. Andre meir
kjende forfattarnamn frå Österbotten er Solveig Emtö, Lars
Huldén og Gurli Lindén, forutan Wava Stürmer. I ein
artikkel frå 1990 om «det österbottniska dilemmat i litteraturen»
noterer redaktøren for Horisont, Sven-Erik Klinkmann, at forfattarne
nå hentar stoff frå eit vidare felt, og at dei skriv meir personleg
enn før - dei har utvikla seg.
Kva er det med Österbotten?
Det er oppsiktsvekkjande at det svenskspråklege Österbotten
med vel 100000 menneske har hatt eit så rikt litterært liv,
og eg trur ikkje noko tilsvarande område i vårt eige land kan
vise til noko liknande.
I Svenskfinland er Österbotten
som ei øy for seg sjølv, der folk i det daglege identifiserer
seg meir som østerbotningar enn som finlandssvenskar. Dei har ein
sosialt og geografisk bestemt identitet, og i denne ligg språket
som ein viktig komponent. Somme gonger viser dette seg i konflikt
med finnar, andre gonger som klassekonflikter blant dei svenskspråklege.
Og så er det eit opprør mot Helsingfors i sjølve den
litterære institusjonen deira, bygd på denne regionale identiteten.
Vi kan seia at østerbotningane
på fleire måtar snakkar eit anna språk enn folk sørpå,
i Helsingfors. Verkelegheita er ei anna, folk driv med andre ting og lever
under andre språklege og sosiale forhold - borgarskapet er til dømes
mindre i nordvest. Sverige er nært både når det gjeld
geografisk avstand, mediebruk og mental innstilling, og bortsett frå
Åland er det i Österbotten vi finn dei mest svenskspråklege
kommunane. Finskkunnskapane kan framleis vera middelmådige hos østerbotningar,
dialektene skil seg ut og er mye brukt, og slang og tone er annleis enn
i hovudstaden.
Vi kan gå nærare
inn på dette.Thomas Warburton hevdar at finlandssvensk litteratur
alt i alt er provinsiell og klart klasseprega, med ein østerbotnisk
subkultur. Men - østerbotningane har ikkje nødvendigvis skrivi
dårlegare enn forfattarfrendar frå bymiljø i sør,
meiner Torsten Pettersson, og viser til at ein heil del middelmådige
verk av urbane forfattarar har fått meir blest. Nei, her kjem den
litterære tradisjonen i inn. Sven-Erik Klinkmann seier at i
møte med den er østerbotniske forfattarar hemma:
Traditionen påbjuder
att de ledande, etablerade författarnamnen skall tillhöra en
krets av
helsingforsförfattare.
Kretsens och författernas namn har varierat men inriktningen
har varit
klar: manliga, yngre
eller medelålders författare ur den helsingforsiska över-
eller medelklassen
är predestinerade
att bli finlandssvenska författare med stort F (Horisont 2/87:7).
Ein mann som Thomas Warburton har vore med og prega finlandssvensk litteratur
i etterkrigstida, og blir såleis ramma av kritikken - som nok har
mye for seg. Også den sterke kvinnebølgja på 70-talet
bør vi sjå mye som ein reaksjon på den same manns- og
klassetradisjonen.
Når neste store finlandssvenske
litteraturhistorie blir skriven, vil ho nok ikkje samle dei østerbotniske
namna i eit oppsamlingskapittel for seg sjølv. Dei skrivande østerbotningane
har profesjonalisert og profilert seg dei siste tjue åra, og blir
nå lagt meir merke til. I framtida vil truleg eit anna moment gjera
denne delen av Svenskfinland interessant: om det svenske språket
vil overleva i Åboland, Nyland og Helsingfors. Eg er ikkje er spesielt
optimistisk, og helsingfors-forfattaren Kjell Westö seier det slik:
«Min språkgrupp har en lysande framtid bakom sig» (85).
AVRUNDING
Oppsummering
«Språk og identitet. Nokre særdrag i finlandssvensk
prosadikting etter 1945» har vorte behandla frå to sider. Fyrst
har eg vist at dei fleste finlandssvenskar - med forfattarane - lever i
ei tospråkleg verkelegheit. Eg har au gitt eit stutt oversyn over
strategiar finlandssvenske forfattarar kan velja både tematisk og
reint språkleg i prosaen andsynes denne verkelegheita. I samband
med dette har eg skissert tre måtar språkleg identitet kan
bli vist på, som det eg kallar 'svensk i Finland', 'normal finlandssvensk'
og 'tospråkleg finlandssvensk'.
I den andre delen av utgreiinga
har eg teke for meg tre særdrag ved etterkrigsprosaen. Hos dei kvinnelege
forfattarane er det to tendensar. Den eine er at identiteten som kvinne
veg meir enn den tilhørigheita språk kan gje, og den andre
er at språk blir gjort til eit ikkje-tema. Det siste har dei til
felles med ein stor del av dei mannlege forfattarkollegaene sine. I den
sjølvkritiske borgarskaps-litteraturen heng språkleg identitet
og klassetilhørigheit nøye i hop. I det sterke østerbotniske
innslaget i finlandssvensk etterkrigsprosa finn vi ein geografisk og sosialt
bestemd identitet, med språket som ein delkomponent.
Litteraturen som spegel?
Dette får stå som ein konklusjon. Eg kunne ha drege fram
anna prosadikting, og vi ville da ha sett delvis andre måtar å
behandle språk og identitet på. Svenskfinland fekk ei radikal,
samfunnskritisk bølgje i litteraturen på 1960-talet, for eksempel.
Dei tre sidene ved finlandssvensk etterkrigsprosa som eg har gjort greie
for, legg som vi ser ulik vekt på den språklege sida ved identitet.
Felles for dei er at ei språkleg bevisstheit alt finst i språket
det blir skrivi på, sia det skjer i eit samfunn der finsk dominerer.
Og dét er ikkje like lett i alle sjangrar, mest av skrivetekniske
årsaker, og - det kan på si side påverke motivvala i
litteraturen.
Eg vil derfor gå vidare,
og syne korfor eg meiner at finlandssvensk litteratur som eit heile ber
preg av det rommet forfattarane og kulturen deira lever i. Dei kvinnelege
forfattarane har til ein stor grad vend det språklege ryggen, men
er ikkje åleine, som vi skal sjå.
«Den tänkande
prosan, den historiska och kulturhistoriska essän, dagböckerna
om både samtid och det förflutna --- karakteriserar den finlandssvenska
litteraturen» (stensil), meiner Marianne Bargum. Dette er sjangrar
som slik sett er konsentrert i språket og au sterkt knytt til individet
- ein parallell til poesien. Og Warburton skriv småspydig om den
finlandssvenske trongen til «självbespegling och ensamhetskänsla».
Djuptborande,
psykologiske skildringar finst det godt om aust for Bottenviken.
Dei to store barnebokforfattarane
Tove Jansson og Irmelin Sandman-Lilius har dikta opp eigne verkelegheiter.
Nå er ikkje fantasiforteljingar akkurat uvanlege i barnelitteraturen,
men det er verd å merke seg at dei tilsvarande namna på norsk
og svensk side, Anne-Cath Vestly og Astrid Lindgren, held seg likevel meir
i samtida og verkelegheita enn dei to finlandssvenske forfattarkollegaene
sine.
Trygve Söderling peiker
på reisa, trippen som mye brukt motiv i nyare finlandssvensk diktekunst
- «man behöver inte leva som man vuxit upp, bland borgarna där
hemma». I staden for å skildre samtida heime, vel mange å
leggje handlingane sine til heilt andre miljø, der den velkjende,
heimlege minoritets- og identitetsproblematikken blir eit ikkje-tema. Söderling
skriv au at den realistiske tradisjonen er svak i yngre finlandssvensk
litteratur, og peiker på at det motsette er tilfelle på finsk
side. Det same ser vi i arbeidardiktinga, - Svenskfinland har lite arbeidarlitteratur
å vise til, - ja, ikkje i det heile som sjanger, meiner Warburton.
Det eg vil med denne raske
gjennomgangen, er å vise ein tendens til å skrive om noko anna
enn ei tospråkleg samtid - og dette meiner eg særpregar finlandssvensk
prosa. Da slepp ein å skulle skildre på svensk noko slikt som
eit fyrste mai-tog med banner på finsk. Ralf Nordgren er ein som
har forsøkt. Merete Mazzarella fortel at han genom att
översätta de finska banderollernas slagord till svenska
gjorde om verkligheten och skapade sig ett alldeles eget första
maj-tåg (Horisont 6/79:61), og dét var ikkje uproblematisk.
Dette viser så tydeleg kva makt språket kan ha over det ein
er i stand til å skrive om - og skrive truverdig om.
Eg har ikkje glømt
at undersøkinga til Kjell Herberts fortel at språkmøte
blir skildra i finlandssvensk prosa. Eg kjenner au til det provinsielle
stempelet prosaen har fått, som burde motbevise det eg seier. Men
det eg peiker på, er eit anna mønster som ikkje treng utelukke
navlegransking, og det er kanskje lettare å sjå mønsteret
på avstand.
Lyrikken er ein heim
Eg meiner altså å ha oppdaga ein tendens i finlandssvensk
etterkrigsprosa til å velja motiv som unngår å setja
det finlandssvenske dilemmaet i ei samfunnsramme: Det å tilhøre
ein minoritet, og delvis vera rekna som fremmend i eige land, og heller
ikkje høre heime i det landet der eins eige språk er majoritetsspråk
- Sverige. Som forklaring på at den realistiske tradisjonen står
svakt, skriv Trygve Söderling at det kan komma av at dei finskspråklege
utgjer over nitti prosent, «och att stora sektorer av livet därför
är svåra att «översätta», i den mån
man alls känner till dem» (Horisont 1/87:29). Eg vil setja
dette i samanheng med den språklege usikkerheitskjensla Bengt Holmqvist
meinte har hemma finlandssvensk prosa. Desse momenta meiner eg kan ha prega
etterkrigsprosaen på den måten at ein del forfattarar har vegra
seg for å skildre sider ved det finske samfunnet - fordi det
er vanskeleg, tematisk, stilistisk og for somme truleg også: personleg.
Eg vil heilt til slutt stille
to spørsmål: Er det muleg at det finst tematiske tomrom i
finlandssvensk prosa - emne som ikkje har vorte tekne opp? Eg ser ikkje
bort frå det. Merete Mazzarella er inne på det same; ho skriv
at det tydelegvis
vållar många
finlandssvenska författare stora svårigheter att beskriva en
tvåspråkig miljö på
svenska. --- Det
är knappast förvånande att många --- hellre skildrar
enspråkigt svenska
miljöer. Eller at
de väljer att skriva lyrik (Horisont 6/79:61).
Slik sluttar artikkelen til Mazzarella, og spørsmål nummer to er ei oppfølgjing: Kan det at finlandssvenske forfattarar må vera så bevisste andsynes både sin eigen identitet og det språklege uttrykket vera ei årsak til at så mange skriv lyrikk - og stor lyrikk? Det er i poesien vi finn dei finlandssvenske bidraga til det kulturelle fellesgodset i Norden - og til verdslitteraturen, ikkje i prosaen. Eg begynte med lyrikk, og sluttar med det. Eit dikt av Lars Huldén frå 1974 kanskje gjev svar som kan brukast på spørsmåla eg stiller - og i allfall på andre: Nej!
Litteraturliste:
Bargum, Marianne: artikkel frå 1988 (i stensil)
Cleve, Anders: Gatstenar (novellesamling) 1979
Donner, Jörn: Jacob och friheten (1978), Far och son (1986) (romanar)
Finlandssvensk rapport nr. 20, Finlands Svenska Folkting, Helsingfors
Holmqvist, Bengt: referert i artikkel av S. Silvander i Horisont 6/80,
Vasa
Huldén, Lars: Nej! 1974
Jansson, Tove: Vem kan trösta Knyttet (barnebok)
Jones, W. Glyn: instituttseminar ved Svenska institutionen, Åbo
Akademi, hausten 1992
Klinge, Matti: Alla finnar är svenskar
Klinkmann, Sven-Erik: artiklar i Horisont 1/87, 2/87 og ?/90
Laitinen, Kai: (litteraturhistorie)
Mazzarella, Merete: artiklar i Horisont 6/79, 6/80
Norrman, Ralf: artikkel i Horisont 4/91
Randström, Stefan: Skuld (roman)1992
Silvander, Selim: artikkel i Horisont 6/80
Söderling, Trygve: artikkel i Horisont 1/87
Tikkanen, Henrik: Brändøvägen: 18
Tikkanen, Märta: Män kan inte våldtas
Warburton, Thomas: (finlandssvensk litteraturhistorie)
Willner, Sven: 70-talet i finlandssvensk litteratur
Desse forfattarane har eg også nytta: Erik Allardt og Christian
Starck, Kjell Herberts, Torsten Petterson, Kjell Westö og Johan Wrede.
I tillegg har eg mellom anna brukt litteraturhistoriene til Kai Laitinen
og Thomas Warburton, og ein del materiale frå Finlands Svenska Folkting.
Eg seier meg lei for at litteraturlista er ufullstendig. Artikkelen er
lagt til rette for internett i august 1998. Ein del anna materiale kring
same emne vil bli lagt til artikkelen seinare. Den utvida utgåva
finst her.