Smak på orda ketsjup, sjampanje, skvåsj og keitering. I 1996 vart desse skrivemåtane godkjende av Kulturdepartementet, saman med gaid, innputt, streit, sørvis og ein del andre. Det var Språkrådet som kom med framlegg til desse skrivemåtane, og lista førte til ein del negativ omtale.
Her ser vi eit problem som lett dukkar opp når eit prinsipp skal omsetjast i praksis. Korfor skal vi skrive taime når vi er så van med time? Når ein tek for seg slike enkeltord, er det lett å latterleggjera nye skrivemåtar, og gløyme at norsk har tusenvis av ord som ein gong i tida kom til oss i ei litt anna form.
I norsk er det ganske godt samsvar mellom uttale og skrivemåte, om vi ser bort frå dialektuttale og enkelte innarbeidde avvik mellom skrift og uttale, som den stumme t-en i `det`. Hovudleverandøren av ord til det norske språket, engelsk, har dårleg samsvar mellom skriftbilde og uttale, og det slit engelskmennene med. Når vi låner ord frå engelsk, passar dei ofte ikkje inn i det lyd- og bøyingsverket vi har, men vi tilpassar dei ofte språket vårt. Ordet capsar reagerer vi ikkje så mye på, men det gjer vi lett viss vi endrar skriftbildet og skriv kapsar. Når vi fornorskar tek vi på ein måte orda for alvor inn i norsken og gjer dei til våre. Somme liker ikkje dette, og ønskjer at vi anten skal halde på den opphavlege, engelske skrivemåten eller finne eit norsk avløysarord.
Eg meiner at det både det å fornorske og det å finne avløysarord har noko for seg. Fornorsking har vi som kjent drive med lenge, - det er skrivemåtar som dusj, sjarm, sjokolade og sykkel eksempel på. Vi bruker alle ord som har vorte fornorska. Tenk berre på kor fort skrivemåtane harddisk, Internett og sjanger har vorte vanleg! Eg trur det fyrst er når mengda av ord som skal fornorskast blir for stor at motstanden dukkar opp. Det blir rett og slett for mange endringar på ein gong!
Det same trur eg er tilfelle med bruken av avløysarord. I "Retorikk for journalister" skriv forfattaren Thore Roksvold (1989) at omgrepet feedback kan erstattast med attmelding. "Tilbakemelding har så mange stavelser at det er tungvint å bruke" (s 69). I dag veit vi at tilbakemelding er mye brukt, saman med feedback au. Dette dømet syner for det fyrste at ikkje alle nyskapingar har livets rett. Dernest ser vi at eit avløysarord kan vinne innpass etter kvart, utan at det nødvendigvis trengjer ut lånordet. Resultat: eit rikare ordforråd.
Bruk av nyfødde norske ord og lånord med norsk skrivemåte har klare fordelar. Dei følgjer norske språkreglar, og avstanden mellom skriftbilde og uttale er minka. Dessutan har avløysarorda ofte eit pedagogisk fortrinn, fordi ein ofte kan analysere seg fram til tydinga ut frå orddelane.
Det er ikkje mislykka av Språkrådet å finne avløysarord eller innføre norske skrivmåtar sjølv om ikkje alle dei nye orda og skrivemåtane slår gjennom. Vi heller ta med på kjøpet at enkelte rynkar på nasen dei fyrste tretti gongene dei ser skrivemåtar som sørvis, kløtsj eller gaid. Kanskje reagerer vi sjølv også. For min del liker eg både ketsjup og sjampanje, men skvåsj og keitering er eg meir skeptisk til, utan at eg kan gje noka fornuftig forklaring på at eg - og andre - lett godtek somme skrivemåtar og ord og misliker andre. Etter nokre år ser vi kva for endringar som bit seg fast. Vi har som kjent fått offshore-industri, ikkje utaskjærsindustri, som av og til opplever utblåsingar, ikkje blow-outs. Heilt gjennomført blir fornorskinga aldri, men det vil ikkje seie at det er fånyttes å prøve.
Av Jon Peder Vestad. Trykt i Inforum 2/99 (utan avsnitt)