Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev


Om kritikken av fornorsking

Eg ser at ein del gjer narr av at Norsk språkråd og andre går inn for å finne norske avløysarord for omgrep vi låner inn i fremmend form. Den vesle ordlista frå Språkrådet med skrivemåtar som sørvis, pønk, streit og tøtsj var det mange som lo av, men i grunnen så fortel dei negative reaksjonane om språkleg historieløyse.

Vi bruker alle ord som har vorte fornorska - tenk på kor fort skrivemåten  `sjanger` har vorte vanleg! Anten vi liker det eller ei, så snik det seg inn omsetjingslån og avløysarord au. I "Retorikk for journalistar"  (1989/91) skriv forfattaren Thore Roksvold på side 69: "Og hvorfor kan vi  ikke erstatte `feedback` med `attmelding`? `Tilbakemelding har så mange stavelser at det er tungvint å bruke." I dag veit vi at `tilbakemelding`  er mye brukt, men det er vanskeleg å spå om levedyktigheita til ei slik språkleg nyskaping som Roksvold nemner. Kanskje klarer vi berre ei viss mengd nyord og nye skrivemåtar om gongen?

NRK Petre har tatt i bruk eit gammalt ord som avløysarord, gitt det nytt  innhald; - "reentry" (på platelister) har vorte til `gjenferd`. Slikt har eg sansen for. Og korfor kan ikkje `blest` bli brukt om PR, `blestmann`  og `blestkvinne` om PR-folk? På Færøyane såg eg at `bumerke` (muleg det skreivst `bumerki` el l) vart brukt om `logo`. Flotte greier! (Er det forresten fleire som har lagt merke til at folk oftare og oftare seier  "de(t - stum!) greiene der"?)

Eg vil gje Norsk språkråd ros for arbeidet med å fornorske skrivemåten til ord vi har fått frå engelsk. Å fylle gamle ord med nytt innhald er heller ingen dum idé. Og - dei nyfødde norske orda har ofte ikkje berre  pedagogiske fortrinn (dvs at ein gjerne kan anlaysere seg fram til  tydinga ut frå orddelane) - dei er artige å komma på! Ein student ved  Høgskulen i Volda kom til dømes med `tirrar` for `teaser`, `namnestripe` kan  brukast om `by-line`, og kanskje `fjesingen` i TV2 tek over for `stand-up` også i NRK? Eg veit det har vorte sagt på Marienlyst..

Jon Peder Vestad

Lett redigert innlegg frå diskusjonsgruppa no.norsk, 13. mars 1996. Lagt ut 27.1. 1999



Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev