 |
Forstavingar
frå latin
Forstavingane
eks-, inter-, re- og sub- er greie å ha, men treng vi alltid bruke dei?
eks-
kjem frå latin ex, som tyder ut av, bort frå. Forstavinga
kjenner vi frå ord som eksportere og ekskursjon, og ho blir
brukt mye for å fortelje at noko eller oftare nokon har vore: ekssjef,
ekskonge, ja, også som substantiv: eksen. Når eks- blir brukt om
nokon som er førverande, ein tidlegare, kan vi også seie det på den
måten.
inter-
tyder mellom og blant på latin. I norsk kan det også vise til
noko som går på tvers, noko felles. For ei tid sia vart eit internordisk
prosjekt omtalt i nyheitene, og mest sannsynleg var dette eit vanleg, nordisk
prosjekt. Skulle ein presisere at dette var noko som gjekk på tvers av
landegrensene i Norden, og ikkje berre fanst i Norden, kunne fellesnordisk
gjort same nytta.
re-
kan tyde imot, om att, på nytt, tilbake. Denne forstavinga lever godt
for tida! Det eine etter det andre blir relansert, restrukturert,
refinansiert, relokalisert eller kanskje reokkupert. Kanskje det
heller kunne ha vorte sendt ut/lansert på ny, fått endra oppbygging, ny
finansiering, ny plassering eller ha vorte gjeninntatt/okkupert igjen? Og eit
menneske som blir renominert, stiller til val att. Enkelt og greitt.
sub-
tyder under-. Ein subkultur er ein underkultur, men kanskje det fyrste
blir brukt så ofte fordi det ber med seg assosiasjonar til subb, noko
uskikkeleg?
I
somme tilfelle finst det nok kjeldespråk under, spesielt engelsk, når desse
forstavingane blir brukte. Vi taper som kjent sjeldan noko på å arbeide med
kjeldespråket.
Av
Jon Peder Vestad
Lagt
ut på nettet 9. august 2002
|
|