| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

Framveksten av ei nynorsk talenorm i norsk kringkasting

Nynorsken i NRK har røter i ein eldre nynorsk føredragstradisjon og i pressespråket. Sia NRK-språket har skulla følgje norsk rettskriving, har endringar i rettskrivingsreglane fått konsekvensar for den faktiske bruken av språket. I tillegg kjem strømdrag som har påverka norsk språkpolitikk, som motarbeiding av nynorsken i media og elles i samfunnet, og at det å snakke dialekt offentleg sakte, men sikkert vart meir godtatt. 

Språkbruken i NRK har heilt sia NRK vart oppretta i 1933, vore lagd under den offisielle norske språkpolitikken. I 1930 kom Lov um målbruk i statstenesta, og etter denne lova måtte NRK nytte nynorsk i sendingane. I denne utgreiinga kjem eg inn på framveksten av ei nynorsk talenorm, og på arbeidet for nynorskbruk i kringkastinga dei fyrste tiåra. 

Forhistoria
Det var klart frå fyrste stund at landsmålet - seinare nynorsken - skulle brukast som offentleg skriftspråk. Kva med talespråket? Mange som skreiv landsmål, snakka "dannet dagligtale" etter mønster frå talemålet hos overklassa i Oslo og andre byar. Ivar Aasen snakka eksempelvis ikkje landsmål offentleg, men han er inne på korleis målet skulle vere i muntleg bruk. I Norsk Grammatik (1864) skriv han at "Foredraget --- ikke vil falde ret naturligt og flydende uden i en sprogform, som enten er tilvant eller meget lig den tilvante. Naar Folk forsøge at tale ziirligt i en Form, som er dem meget fremmed, maa deres Foredrag naturligviis blive meget slæbende og famlende" (Aasen 1864:52, 1964-utgåva). Aasen meinte at ei sameining av "en hjemlig Sprogform" (landsmålet) og "en naturliig Stiil" kunne gje eit grunnfeste for talemåten i offentlege samanhengar. Han peikte vidare på at talemålet i fjellbygdene i sør-Noreg kunne "afgive en ganske tækkelig Mønsterform for Sprogtonen" (s.s.).  

Aasen meinte at dialektgrunnlaget kunne komme fram i den normerte tala, men ein burde samstundes følgje den språkforma landsmålet gav - som i ordforråd og grammatikk. Ein kan også forstå Aasen slik at han helst såg at fjellbygdemåla låg til grunn for den normerte tala, og dermed talte for ei standardisering. Samstundes peikte han på at det er vanskeleg å kvitte seg med tonefallet, og at tonefall og språkform heng i hop (Aasen 1864:51-52).

Olav Midttun, som var riksprogramsjef i NRK frå 1934 til 1947 (med avbrott under andre verdskrigen) og professor i nynorsk, har skrive utførleg om utbreiinga av nynorsk normert tale. Midttun fortel at Aasmund Olavsson Vinje var den fyrste som brukte landsmålet i tale (Midttun:13), der han følgde retningslinjene for landsmålet meir enn den opphavlege dialekten sin. Det må ha vore på 1850-60-talet. Jan Ragnar Hagland skriv at Kristoffer Janson, Henrik Krohn, Jens Rolfsen og andre målmenn i Bergen prøvde å snakke eit "nynorsk normalmål" på 1850-60-talet. Midttun nemner at folkehøgskulane vart ein viktig arena for utbreiing av ei nynorsk talenorm, og det same vart norskdomsorganisasjonane etter kvart som dei kom: "Det gav talarstolar med tusenvis av åhøyrarar som kravde sin talekunst" (Midttun:14). Elles legg Midttun vekt på grupper av menneske som arbeidde ihuga for utbreiing av landsmål/nynorsk, og på miljøa på og rundt lærarskular og landsgymnas. Det Norske Teatret hadde naturlegvis også sitt å seie. Til sist må vi ikkje glømme bevisste målfolk lik nynorske kulturpersonlegheiter som Sven Moren og Lars Eskeland, og dei som bokstaveleg talt brukte målet frå preikestolen, prestar. 

I norskdomsrørsla voks det etter kvart fram eit krav om ei nynorsk talenorm, og dette vart ein "ikkje uvesentleg del av målarbeidet" (Hagland:501). Styret i Noregs mållag vedtok i 1925 at det skulle arbeide for at lokallaga heldt kurs i og føredrag om muntleg språkbruk. Noregs Mållag skulle på si side å årvisse  tevlingar i norsk tale og upplesing" (etter Norsk Ungdom s. 125, hos Hagland:502). Dette ser ut til å ha vorte følgt opp i liten grad. Forfattaren Sven Moren heldt eit føredrag same året, og der tek han opp eit emne som er velkjend i målrørsla også seinare: Kva grunnlag skal ein normere etter? Moren skil mellom dei som vil føre språkbruken "attende til ord og former i gamalnorsken. Andre - og truleg storparten av eldre målmenner serleg på Vestlandet - krev eit høgnorsk talemål lagt so nære som råd opp til Ivar Aasens skriftnormal" (sitert hos  Hagland:503). Sjølv stod Moren for eit tredje syn, nemleg at ein skulle byggje på dialektane, og at norma skulle liggje nær det som var levande talemål for folk flest. Moren avviser konservative nynorskformer som me hev fenge, me hev gjenge for dei som ikkje hadde det i dialekten sin.        

Attende til Midttun. Om den talte nynorsknorma som han har hørt i bruk, skriv han at ein kan "lett høyra at det er mykje av "Dølamålsklangen" som talarane naturleg har samla seg i (Midttun:18). Dette har vorte "grunntonen" i talemålet, skriv han, og det er i tråd med ønsket Ivar Aasen målbar i 1864. Som Aasen ser Midttun ut til å ha eit tvidelt eller uklart syn på kva plass dialektane skal ha innafor ei nynorsk talenorm: "Det er godt og rett at ein må byggja på målføret. Det er det einaste grunnlaget ein kan byggja på" (s.s.). Samstundes går han til åtak mot dei som er redde for å "dyrka og reinsa målet sitt" (Midttun:18). Han slår hardt ned på "blandingsmål fullt av all slag inkonsekvensar og mistak", og ønskjer ei meir iherdig dyrking av "eit målbruk som heilt følgjer reglane i målet" (Midttun:22), - dvs. nynorsken. Den normerte nynorsken brukt i tale må vere kultivert og gjennomarbeidd i ordbruk, klang, toneleie og uttale, meiner Midttun.

Korleis skulle den nynorske talenorma vere?
Midttun er ingen kven som helst. Han vart den fyrste og einaste riksprogramsjefen i NRK, og fekk denne stillinga trass i at mange meinte det var uheldig med ein målmann i denne stillinga. Kva skriv så Midttun om dei som brukte den nynorske talenorma før kringkastinga si tid? "Dei tala ikkje "dialekt", endå om ein kanskje kunne høyra på klangen kvar dei var ifrå" (Midttun:15). Uthevinga er gjord av Midttun, og sitatet syner at Midttun såg på eit normert talespråk med lite preg av dialekt som ønskjeleg. "Norsk talemål", som dette er henta frå, vart skrive som innleiing til eit manuskript om "Nynorske lese- og uttalereglar" i 1929. Det kan hende at Midttun har lagt til noko etter at manuset fyrst vart skrive. Eg nemner det sia Midttun skriv om språket brukt i norsk kringkasting fire år før NRK vart oppretta at "dei faste medarbeidarane har lagt mykje vekt på å tala god norsk både i ordbruk, og i setningsklang og i uttale" (Midttun:17). I denne samanhengen er 'norsk' det same som 'nynorsk', i motsetning til det Midttun kallar "dansk-norsk". Dette kan tyde på at dei private kringkastingsselskapa hadde nynorskfolk som fast tilsette, og det var ikkje tilfelle etter det eg kjenner til. Men "faste medarbeidarar" viser heller til folk som vart hyra for å halde føredrag og ta del i program. Sjølv heldt Middtun tre føredrag i Kringkastingsselskapet i 1928 om Aasmund Olavsson Vinje, "og seinare var det radt ofte talar av meg i kringkastinga" (Midttun 1971:140). Han snakka støtt normert nynorsk. 

I 1928 gav elles Peder Hovdan gav ut ei bok med undertittelen "Blad or Noregs nyaste målsoga", og han nemner ikkje noko om nynorskbruk i kringkastinga. Derimot har han med telegrafverket, bankvesenet og jernbana, for å nemne nokre bransjar som hørte den moderne tida til.

I "Norsk talemål" er ærendet til Olav Midttun fyrst og fremst å syne framveksten av den nynorske talenorma, mindre av korleis denne norma skal vere i praksis, som i kringkastinga. Det går likevel klart fram at han vil skilje tydeleg mellom dialekt, bokmål/riksmål og nynorsk, og det gjeld både i formverk og ordtilfang. I uttale ser det ut til at han godtek eit visst dialektpreg i talemelodien. Midttun kjem au så vidt inn på korleis den talte nynorsken kan vere på detaljplan. I utlyd kan 'd' vere nytta meir enn i dialektane, 'e' og 'æ' må uttalast 'eg og 'er', og ein må "tala --- tydeleg og klårt med fleire konsonantar som ein slurvar bort i dagleg tale" (Midttun:26). Dette er nødvendig når ein skal snakke til ei større forsamling, meiner Midttun. Den største forsamlinga på denne tida, var å finne framom krystallapparata.

Dialektprega nynorsk - for mye på ein gong?
I det nemnte føredraget Sven Moren heldt i 1925 var kringkastinga naturleg nok ikkje nemnd - dei fyrste prøvesendingane i radio kom i 1923, og i april 1925 begynte Kringkastingsselskapet A/S med faste sendingar frå Oslo (Halse: 24-26). Det kan sjå ut som om Moren og Olav Midttun legg vekt på to ulike og tilsynelatande motstridande sider ved den nynorske talenorma, Moren dialektgrunnlaget og Midttun det samlande. Medan synet til Moren nok er lett å finne att i til dømes språkreglane til NRK i dag, så fekk det noko strengare språkidealet til Midttun truleg meir å seie for den nynorske språkpraksisen i NRK, iallfall på 1930-talet. Det heng sjølvsagt saman med den posisjonen Midttun fekk i nettopp NRK, men kan også vere eit resultat av språkklimaet på 1920- og 30-talet: Det var vanskeleg nok som det var å stå fram med dialekt i offentlegheita på den tida. Og sia motstanden mot nynorsk au var stor, ville kanskje ein dialektprega nynorsk vere enda meir belastande, ikkje minst frå ein prestisjefyllt "talarstol" som kringkastinga. 

Striden kring målbruken til Arthur Klæbo syner dette. Han var av dei fyrste nynorske nyheitsstemmene i NRK. Klæbo var meir muntleg i forma enn kollegaene Hartvig Kiran og Karl Castrén Lyche, skriv Hans Fredrik Dahl, og det førte til diskusjon kring dialektbruk i radioen. Det var ikkje berre dei som kjempa mot nynorsken som reagerte, men også målfolk. Klæbo skriv sjølv at "Målet mitt smaka stygt av vestlandsk dialekt, og det var strengt forbode mellom alle 17.mai-målmenn i helgebunad. --- Ingen hadde visst tenkt på at talemålet har ine eigne reglar, nei det hadde ikkje dei høgvørde representantar for kaffistoveadelen tenkt på" (Klæbo:19). Han legg til at årsaka kunne vere at kritikarane på nynorsksida "så sjeldan snakka rettskrivinga si" (s.s.). Men Klæbo meinte at språket han sjølv nytta, var naturleg "og ikkje kunstig oppstylta med uskjønlige ord og endingar. Eg snakka slik dei fleste snakkar på Nordvestlandet" (s.s.). Sia Klæbo følgde NRK omtrent frå starten og fleire tiår framover, hadde synet hans ein god del å seie for oppfatninga både i og NRK av korleis nynorsken i kringkastinga kunne eller skulle vere.

Strid om språkbruk i nyheitene og vervarsla 
Nyheitsformidlinga i NRK var frå fyrst av ei formidling av NTB-nyheiter, som jo var skrivne med tanke på publisering i aviser. Da NRK avløyste Kringkastingsselskapet A/S i 1933, vart det sendt to nyheitssendingar kvar dag frå NTB-kontora i Grensen. Da hadde NTB levert nyheiter til Kringkastingsselskapet sia 1925 (Halse:85), heile tida sjølvsagt på riksmål. Nyheitene var "redigert av NTB etter retningslinjer som minnet mye om avisenes førstesider, med tilfeldige oppslag og et sterkt preg av ulykker" (Dahl: Hallo-hallo! 271). NRK-historikar Hans Fredrik Dahl skriv at avisene i større grad slapp konkurranse frå radiomediet, fordi nyheitene i radioen likna avisnyheitene, og var "tørre og mindre journalistiske". Da Toralv Øksnevad tok til i NRK i 1934, arbeidde han - med støtte frå andre i NRK - for ei sjølvstendig nyheitsteneste. På det fyrste møtet i riksprogramrådet la Vilhelm Tvedt fram ein skisse av korleis nyheitsformidlinga i radioen burde vere. Her la han mellom anna vekt på at nyheitsmeldingane måtte bli stuttare, maks fem-seks linjer. Unødvendige bakgrunnsopplysningar måtte fjernast (Dahl:272) Her ser vi altså sporen til eit eige nyheitsspråk i norsk kringkasting. 1. juli 1934 tok NRK over nyheitsutsendingane frå NTB, men heldt rett nok fram med å nytte nyheitsstoff frå NTB. I tillegg kom nyheiter som NRK arbeidde fram sjølv. 

Den delen av verksemda til NRK som på 1930-talet vart femna av Lov um målbruk i statstenesta, utgjorde ein tidel av sendingane. Det var i annonseringar, nyheiter og vervarsel at ein "måtte følge hovedregelen --- om likestilling mellom målene" (Dahl I:301). Det var i versvarsla den fyrste store striden om nynorsk som bruksmål i kringkastinga kom. Vervarsla vart frå 1930 lagt under virkeområdet til mållova. 1. januar 1933 gjekk vervarsla for Vestlandet over til nynorsk etter lokale målavstemmingar, og same år vart NRK statleg og laut også følgje mållova. Sia vervarsla for Vestlandet vart sende frå Oslo til heile landet, las opplesaren både bokmål (riksmål) og nynorsk. Dette skapte både reaksjonar og motstand. Dahl skriv at ein "kontroll foretatt i 1933 viste tydelig at bruken av nynorsk hadde nedsatt værvarslingens effektivitet" (Dahl:298). Dårleg kunnskap i nynorsk førte til at varsla vart "forvrengt", skriv Dahl. Men Kyrkjedepartementet fann ut at ordtilfanget i vervarsla ikkje var så ulikt i bokmål og nynorsk, og slo fast at vervarsla for Vestlandet skulle vere på nynorsk. Ei stund vart dei same meldingane lesne på nynorsk fyrst, så på bokmål. På denne tida vart det sett på som uheldig at ein veksla mellom nynorsk og bokmål i same sendinga, og riksprogramsjef Olav Midttun arbeidde for at eitt vervarsel dagleg skulle sendast på nynorsk, mot at dei andre sendingane var på bokmål. Det fekk han ikkje gjennom. Dobbelutsendinga av vervarsel på nynorsk og bokmål for Vestlandet var praksisen fram til 1936, da vervarsla frå Vestlandet vart sende direkte frå Bergen (Dahl I:299). Dermed vart meldingane lesne av ulike medarbeidarar, og ein unngjekk "målblandinga".  

Da NRK lyste ut stilling som nynorsk hallomann, var det ikkje mindre enn sytti søkjarar (Midttun 1971:149). Karl Castrén Lyche begynte som hallomann 1. februar 1934, og laut da nytt bokmål attåt nynorsk. Hausten same år vart det bestemt at NRK skulle sende ei nyheitssending på nynorsk kvar dag, og Lyche sto da for framføringa. Programannonsering og nyheitsavvikling på nynorsk var vanskeleg å svelgje for mange. Seinare fekk han følgje av Arthur Klæbo, og det førte til at motstanden mot nynorskbruk vart styrkt. Ein aksjon for å få folk til å seie opp lisensen vart organisert i 1935, men endatil i Oslo var det berre ti prosent som støtta aksjonen (Natvig:452). Hartvig Kiran vart tredjemann i det vesle nynorskmiljøet i NRK. Arthur Klæbo skriv at det ikkje vart tilsett "ein einaste medarbeidar i NRK som skulle bruke berre (mi utheving) nynorsk i programtenesta" (Klæbo 1983:17). Nynorskfolka måtte også snakke bokmål, og dei sette om dagsnytt- og andre meldingar til nynorsk når det skulle vere nynorsksending (Klæbo 1983:19). Sjølv var Klæbo formelt tilsett i programbladet Hallo-hallo!, og arbeidde som nynorskmedarbeidar i Dagsnytt attåt.  

Få nynorskfolk og lite nynorskbruk
Det var altså få menneske som representerte nynorsken i kringkastinga, og nynorsken hadde eit avgrensa bruksområde: nyheiter og vervarsling, attåt skulekringkasting, enkelte kåseri og kommentarar. I alt vart det nytta 4,8 prosent nynorsk i sendingane i 1933 (1. og 4. kvartal), og i åra 1934 til 1937 låg nynorskbruken på mellom 7 og 9,4 prosent (1936) (Dahl I: 303). Dette var mindre enn talet på nynorskbrukarar i samfunnet. Den avgrensa bruken av nynorsk i NRK på 1930-talet førte til store reaksjonar som spegla den generelle målstriden i landet, med organisering av lyttargrupper, debattar på Stortinget og til og med eit forsøk på lyttarstreik. Trass i motstanden mot nynorsk, nytta det ikkje å hive denne delen av den norske språkverkelegheita ut av statsinstitusjonen NRK. Tilknytinga til staten var problematisk sett frå NRK si side på fleire måtar, men i språkspørsmålet hadde nynorsken gode talsmenn i NRK-leiinga, og bevisste støttespelarar i regjering og Storting. Dessutan var målfolket også frampå, og fann til dels gode allierte i arbeidarrørsla (Natvig:453).

Noko som slår meg når eg les skildringa Hans Fredrik Dahl gjev av språkbruken i NRK, er det at det tydelegvis ikkje var sjølvsagt at nynorsken vart nytta i det nye, riksdekkjande mediet. Sterke krefter såg på nynorsken som noko fremmendt og uønskt, og det måtte like bevisste krefter og aktiv alliansebygging til for å sikre nynorsken ein plass i radioen. Hans Fredrik Dahl skriv at rundt 1933 var "bruken av nynorsk meget lav, kanskje 3-4 % av verbalsendingene" i radioen (Dahl I:299). Det er eit tankekors at i åra 1930 og 1935 hadde 19,5 og 19,9 prosent av elevane i folkeskulen nynorsk som opplæringsmål (Almenningen/Lien: 144), og nynorsk var gudstenestespråk for om lag 11 prosent av folket (Nynorsk faktabok 1998:71). I pressa sto også nynorsken relativt sterkt. I tida mellom 1931 og 1935 var det ikkje mindre enn 32 aviser som var reine nynorskaviser, og i enkelte område var dei einerådande. Denne perioden fanst det ikkje mindre enn 46 aviser og tidsskrift med nynorsk som redaksjonell målform (Nynorsk faktabok:216), og i tillegg kjem aviser som nytta båe målformer. Fram til 1940 var tolv prosent av avisene nynorskaviser (Sande 2000:96). Kampen mot nynorsk var ein kamp mot at ei etablert målform som på denne tida vart stadig meir utbreidd, skulle få fotfeste i eit nytt medium. Noko NRK-historikar Dahl ikkje nemner, er at utan den kvasse målstriden og lova om målbruk som gjaldt for statsinstitusjonen NRK, så hadde journalistar med nynorsk som arbeidsspråk hatt yrkesforbod om dei ville bruke sitt eige språk i radioen.

Språklege følgjer av tomålssituasjonen
Det at båe målformene vart nytta i sendingar til heile landet, fekk følgjer. Ein unngjekk - eller skulle iallfall helst unngå - ord og former som kunne skape vanskar eller kvesse til målstriden hos lyttarane. Hans Fredrik Dahl skriv at sia målformene vart nytta i same medium, vart dei "slipt mot hverandre i en utvikling mot felles former, og for så vidt mot mindre egenart" (Dahl I:361-362). Han legg særleg vekt på dei praktiske sidene ved at båe målformene vart nytta. Ifølgje Dahl ville det vere støytande å la eit føredrag på rikmål bli annonsert på nynorsk, og omvendt. Dei mest særprega orda i båe mål vart bytt ut med fellesformer, og som døme nemner Dahl at 'aften' vart erstatta av 'kveld' og 'deildi' med 'avdelinga'. Denne haldninga samsvarte med den samnorsklinja som vart ført av mellom anna Venstre- og Arbeidarparti-politikarar på denne tida. 

I Stortinget fekk NRK støtte for den pragmatiske haldninga som vart vald, og i eit viktig vedtak frå så tidleg som 1934 uttalte stortingsfleirtalet at "det mest mulig (bør) bli brukt or og former som enten er like eller ligger hverandre nær i de to målfører" (etter Dahl I:363). Vedtaket var ifølgje Dahl eigentleg ei åtvaring mot bruk av arkaiske og særprega nynorskformer (Dahl/Bastiansen:258). Dette er truleg rett, og det har fått tydelege følgjer for grensene for bruken av delar av det nynorske ordtilfanget. Trass i kompromisset trur Dahl at den samnorsk-liknande linja NRK fann fram til, skjerpa målstriden i NRK, og han skriv: "Det er ikke utenkelig at de to leire i det lange løp kunne ha utviklet en gjensidig toleranse for hverandres egenart" (Dahl I:364). Dette synet argumenterer han ikkje for, og eg må avstå frå å bruke plass på å gå mot det. 

Nå var nynorskbruken i kringkastinga i seg sjølv au ei aktiv språkpolitisk handling. Ved at nynorsken vart brukt i eit moderne medium, fekk målet også eit svip av den statusen dette mediet hadde - i det minste hos dei som ikkje var bastante motstandarar av tomålssituasjonen. Nynorsken vart også spreidd til heile landet, i det einaste muntlege mediet som kunne nå alle, og det gjorde det lettare å syne til at nynorsk var eit mål som kunne brukast overfor (og kanskje av) alle nordmenn. Og kjennskapen til nynorsken auka sjølvsagt gjennom kringkastinga. Det fekk Wilhelm Keilhau til å skrive at kringkastinga "har bragt selv de mest uvillige riksmålsfolk til å innse at landsmålet ikke er uforståelig og at det er fullt ut anvendelig som uttrykksmiddel for moderne tanker (Det norske folks liv og historie, 1938, i Dahl I:360-362). Keilhau meinte også at kringkastinga hadde ført det han kalla landsmål og riksmål nærare kvarandre. Filologen Marius Sandvei skildrar språkutviklinga slik: "Bokmålet er blitt norskere, naturligere, enklere, det har fått en ledigere og ektere norsk stiltone. Nynorsken er på sin side også blitt enklere, modernere i formverk og bøyninger. Det er ikke lenger et slags gammelnorsk (Sandvei:92).

På 1950-talet hardna språkstriden til att, og da var det nettopp tilnærmingslinja som vart angripe. Riksmålsleiren mobiliserte, og etter meir eller mindre å ha sett ein stoppar for bruk av radikalt bokmål i lærebøker, var det språkbruken i NRK som skulle tvingast inn på eit anna spor. Sjølv om det var samnorsken som var målet, råka den meir eller mindre sakleg formidla kritikken frå riksmålshald særleg nynorskbrukarane i NRK (Dahl/Bastiansen:261). Likevel auka nynorskdelen i sendingane, slik at det midt på 1950-talet var 14-15 prosent nynorsk, og eit par prosent meir på slutten av tiåret (Nedrelid:458). Denne prosentdelen vart sett på som ei diskriminering av nynorsken frå nynorskhald, blant anna av Kringkastingsringen. Denne nynorske lyttarorganisasjonen vart stifta i 1955 (Nedrelid:457), eit år da 25 prosent av elevane i folkeskulen (grunnskulen) hadde nynorsk som opplæringsmål (Almenningen/Lien:142).

NRK var utan språkreglar til 1959
NRK fekk det fyrste settet med språkreglar i 1959. Likevel fanst det før dei kom, klare retningslinjer å gå etter, både av den typen som "sat i veggene" og som vart sette ned på papir. Vi kan slå fast at NRK ganske tidleg ønskte at medarbeidarane skulle leggje vekk dei mest avvikande formene i språket dei brukte på lufta. Ein dialekttone var godtatt, men dialektbruk var ikkje akseptert på lufta hos dei tilsette. Det vart venta at nynorskbrukarane heldt seg innafor norma for skriven nynorsk. Det som vart kalla nynorsk normaltalemål, skulle nærme seg "naturleg daglegtale", utan å kunne bli kalla for dialekt. 

I 1950 kom NRK med heftet "Råd og vink for kringkastingstalere", der det blir lagt vekt på at språkbruken i NRK skal vere rett, grei og vakker, at ein skal vere varsam med å bruke fremmendord og fagspråk, og alt på denne tida vart det sett opp ein varselstrekant ved engelske lånord (Riste:120). I 1953 og 1956 gav NRK ut to små bøker om "god norsk", med allmennheita som målgruppe. Her kjem det fram synspunkt som rører ved kringkastingsspråket. I boka frå 1953 skriv professor Johs. A. Dale, som var medlem i Kringkastingsrådet, at nynorsk "har eit --- rikstalemål, men ikkje eigenleg når det gjeld uttalen og setningsmelodien. Det er rimeleg at iallfall den som talar mykje offentleg, sliper av seg dei mest avstikkande sermerke ved talemelodien i bygde- eller bymålet sitt; men elles må det rimelege vera at uttalen i nynorsk iallfall lenge enno skifter ein god del etter kva by eller bygd den talande er oppvaksen i" (Dale:60).   

Dei råda som vart gitt om språkbruken i nynorsk, syner at variasjon i uttala ser ut til å ha vore godtatt i torsdag/tårsdag, gommi/gummi, skogen/skojen. "Det er i mange høve uråd å slå fast kva som er rett og kva som er gale", skreiv Dale (Dale:11). Dette er ei meir liberal haldning enn den bokmålsmannen Marius Sandvei er talsmann for i same boka. Han slår til dømes fast at "Tykk l hører --- ikke hjemme i dannet riksmål", og kallar uttalemåtane sjlå og sjleive mindre "pent og ukorrekt". Skarre-r godtek han, men ikkje samansmelting av 'r' og 'l', som i ord som 'perle' og 'kjærlighet' (Sandvei:112). Råd av dette slaget blir ikkje gitt nynorskbrukarane, men andre råd på detaljplanet, som særleg gjeld forholdet til den skrivne nynorsken. Og som "dannet riksmål" var det nynorske normaltalemålet  "meir bundi av skriftbiletet enn daglegtalen", skriv Alf Hellevik i språkboka NRK gav ut i 1956 (Hellevik 1956:112). "Særleg har nynorsk-folk vori på vakt mot ein rein skriftuttale, t.d. (ein) varde for "vare", (ein) skade for "skae" (s.s.).
 
Når det gjeld trykkplasseringa i fremmendord meiner Dale at det "er no ingen grunn til å hovere så svært" over at somme legg trykket på fyrstestavinga. Dei som gjer det, har ei "sterk norsk rytmekjensle", og han synest at det er større grunn til å slå ned på uttalemåten 'sangtimeter' (Dale:31). Dale legg vidare vekt på at språket skal svare "til sine mange og svært skiftande føremål. Derfor er det urett å vera stivbeint og doktrinær i sine krav til det språklege uttrykket" (Dale:63). Han nemner også at ein personleg stil ofte kjem fram i journalistikk.  Den nynorske stilen i t.d. nyheitsspråket "skal slett ikkje vera talemålsstil", og stilen skulle heller ikkje "vera kvardagsleg eller barnsleg, han skal vera fyndig grei og norsk" (Dale:25). Det bør nemnast at både Dale og Hellevik, som eg har vist til her, båe sto for og var med på å meisle ut den språklege tilnærmingslinja i Noreg, som også NRK vart ein ambassadør for. Hos andre målfolk vil ein derfor på denne tida kunne finne eit strengare syn på korleis normert nynorsk tale skulle vere. Men desse fekk ikkje synspunkta sine gitt ut av NRK.

Tradisjon og trykk
Dei tilsette og fast tilknytte medarbeidarane i NRK måtte halde seg til den offisielle rettskrivinga, som frå 1938 favoriserte dei formene og det ordforrådet som kunne sameine bokmål og nynorsk mest mogleg. Strengast var krava til programpresentatørane og nyheitsopplesarane. Presset frå riksmålsrørsla fann nok klangbotn både hos NRK-folk og sjølvsagt blant ein del stortingspolitikarar.  Etter mye drøfting på ulike nivå i NRK, vedtok NRK-styret i 1959 "Retningslinjer for målbruken i programtjenesten". Dette var eit språkleg kompromiss (Dahl/Bastiansen:264).

Medarbeidarane i NRK var nok i praksis dei fyrste tiåra mest å sjå på som representantar for ein nasjonal kulturinstitusjon med opplysnings- og samlingsoppgåver. I denne tida var språkbruken til medarbeidarane i stor grad prega av at den øvste leiinga la vekt på at NRK skulle vere ein arena for korrekt språkbruk, og det vart lagt vekt på språkleg kunnskap hos dei som vart tilsette. Journalistisk fagkunnskap var sjølvsagt også sett høgt, men samanlikna med utviklinga seinare, må ein seie at dei overordna språkpolitiske og kulturelle omsyna var tydelegare i arbeidskvardagen til dei tilsette. Dei hadde også tittelen programsekretær, og gjennom dette namnet ser vi tilknytinga denne yrkesgruppa har (hatt) til skriftspråka og dermed til ein språkbrukstradisjon som nettopp ikkje er muntleg.

Av Jon Peder Vestad

Lagt ut på nettet 30. mai 2001. 

Kjelder:
Almenningen, Olaf og Lien, Åsmund: Striden for nynorsk bruksmål. Det Norske Samlaget 1978
Dahl, Hans Fredrik: Hallo-hallo! Kringkasting i Norge 1920-1940. Cappelen, Oslo 1999 (1975)
Dahl, Hans Fredrik og Bastiansen, Henrik G.: Over til Oslo. NRK som monopol 1945-1981
Dale, Johs. A.: God norsk. Nynorsk. I God norsk. Nynorsk og bokmål. NRK, Oslo 1953
Hagland, Jan Ragnar: Om talemålet som eige stridsemne i målreisingsarbeidet. I  Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906-1981. Fonna Forlag, Oslo 1981 
Halse, Ketil: Radiojournalistikk mellom teknikk og politikk. Dei første radioåra. Arbeidsrapport nr. 61. Høgskulen i Volda/Møreforsking Volda, Volda 1998
Hellevik, Alf: Nynorsk. I God norsk i skrift og tale. Bokmål og nynorsk. NRK, Oslo 1956
Hovdan, Peder: Frå folkemål til riksmål. Blad or Noregs nyaste målsoga. Noregs Mållag, Oslo 1928
Klæbo, Arthur: Radioliv med NRK i 50 år. Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1983
Midttun, Olav: Mål og menn. Det Norske Samlaget, Oslo 1968 (1953)
Midttun, Olav: Livsminne. Det Norske Samlaget, Oslo 1971
Natvik, Oddvar: Nynorsken i kringkastinga før krigen. I Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906-1981. Fonna Forlag, Oslo 1981 (s. 442-454) 
Nedrelid, Ola Normann: Nynorsken i kringkastinga etter krigen. I Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906-1981. Fonna Forlag, Oslo 1981 (s. 455-465)
Riste, Per: Språkbruken i Norsk rikskringkasting. I Mæhle/Lundeby/Grønvik (red.): Fornying og tradisjon. Språkvern og språkrøkt 1972-1988. Norsk språkråd/Cappelen, Oslo 1987 (s. 118-127)
Sande, Øystein: Aviser på nynorsk. Arbeidsrapport. Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet Nr.9. Høgskulen i Volda, Volda 2000
Sandvei, Marius: God norsk. Bokmål. I God norsk. Nynorsk og bokmål. NRK, Oslo 1953 
Aasen, Ivar: Norsk Grammatik. Universitetsforlaget, Oslo 1964 (1864) 
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |