| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

Frå fellesskap til galskap

Romanen Fyrtårnet kom ut i 1999, og er debutromanen til Morten Bjerga. Det er ein debut forfattaren kjem godt frå det med.

Ein prest dreg ut til eit fyrtårn på ei lita øy saman med tolv menn. Der skal dei leve saman, og lære gjennom fordjuping i Bibel-tekstar og samtaler. Fellesskapet mellom mennene blir naturleg nok tett, med presten som den naturlege leiaren. Han er kunnskapsrik, og open for teologiske og filosofiske betraktningar. Samstundes verkar han naiv og sosialt uintelligent. Samhaldet mellom mennene blir sett på prøve, og etter kvart utviklar det seg til rein galskap.

I romanen ser vi eit forsøk på å ta religiøs tru på alvor, såpass på alvor at det balanserer mot fanatisme, og endar på feil side. Forfattaren syner oss korleis religion kan brukast til å forsvare drap, og også korleis menneske under press kan tøye sine eigne grenser, ja, miste dei. Drømmen om eit byggjande og utviklande fellesskap ute på fyret blir til eit mareritt.

Romanen er delt opp i punkt. Stort sett er han fortald med utgangspunkt i presten, men også i ein lensmannsbetent frå fastlandet som får med fyrbuarane å gjere. Det blir vist flittig til teologisk og filosofisk litteratur, og dette er noko som Morten Bjerga tydelegvis er godt orientert i. Han skriv godt og ganske spennande, men dette er ikkje ein roman for den som er ute etter ein grei, tradisjonell spenningsroman. Til det er Fyrtårnet for mye vendt innover i menneskesinnet.

Morten Bjerga:

Fyrtårnet

Det Norske Samlaget, 1999

167 sider

Av Jon Peder Vestad. Lagt ut på nettet 18. oktober 2001

     
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |