| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

Grenser mellom kommunikasjonsyrke

I journalistmiljøa har ein skritta opp grensene mellom journalistikk og informasjon. I informasjonsbransjen ser det ut til å vere uklare grenser mellom informasjonsverksemd i det offentlege og i ideelle organisasjonar på den eine sida, og PR-byrå, informasjonsrådgjevarar og det vi kan kalle "desinformasjonsbransjen" på den andre sida.

På eit møte vart bruk av journalistikk-studentar i samarbeidet mellom Høgskulen i Volda (HVO) og Hydro Aluminium Sunndal (HAS) drøfta. Dette handlar om prinsipp og grenser, og dersom noko er uklart, må ein få det fram. Det kan ikkje vere noko problem at studentar frå journalistutdanninga ved Avdeling for mediefag (AMF) lærer HAS eller andre bedrifter å kjenne. Tvert om, næringslivskunnskap burde det sikkert vore meir om i utdanningsløpet. Samstundes må det vere heilt klart at journaliststudentar ikkje kan hyrast til å lage internavis for HAS, eller drive med oppdragsbasert "journalistikk". Det kunne derimot informasjonsstudentane ha gjort, om det å tene det private næringslivet var ein ønskt og prioritert del av informasjonsutdanninga. Det har eg ikkje inntrykk av at det er.

Det går ei grense mellom journalistikk og informasjon, og mellom informasjon og marknadsføring/PR-verksemd. Det finst gråsoner, der det kan vere vanskeleg å vurdere kva som er kva, og i journalistmiljøet har ein dei siste åra greidd å markere grensene mellom journalistikk/ikkje-journalistikk ganske godt. Iallfall prinsipielt. Det er framleis for mye bransjesmisking, tekstreklame og ikkje-journalistikk å møte i stoff som har med musikk, film og andre delar av livsstilsindustrien å gjere. På informasjonssida er grensesetjinga andsynes PR og marknadsføring ikkje like klar, og somme ønskjer heller ingen grenser her. Men om bransjeorganisasjonen og enkelte krefter synest det er greitt å blande informasjon og marknadsføring, treng ikkje utdanningsinstitusjonane gjere det, like lite som vi treng ta etter tekstreklamen til livsstilsjournalistane i Oslo-media. Det driv vi ikkje med, det får ikkje studentane drive med - på same måte som ein i informasjonsutdanninga sjølvsagt må markere klar avstand til Geelmuyden-bransjen, reklamebransjen og dei store pengemaskinene som ligg milevis frå offentleg informasjon og informasjonsverksemd i ideelle organisasjonar. Sjølv om denne grensa ikkje alltid har vorte vist, til dømes i tildelinga av praksisplassar, kan det nok vere lurt å vurdere om ikkje enkelte bisnissar er uønskte som praksistader for informasjonsutdanninga.

Å setje ned foten for å markere ei grense, er ikkje det same som å snu seg vekk frå ein del av verkelegheita. Det er berre om å gjere å ha prinsippa og grensene klare, både i journalistikken og informasjonsverksemda. I journalistutdanninga driv ein med det, ikkje med informasjonsverksemd; i informasjonsutdanninga driv ein med informasjon, ikkje marknadsføring og PR. Det må også få følgjer for kven ein samarbeider med.    

Betyr det at alle private informasjonsbyrå og konsulentfirma er fy?  Ja, i vår samanheng meiner eg det - vi utdannar fyrst og fremst informasjonarbeidarar til det offentlege og til ideelle organisasjonar, ikkje til marknadsføringsselskap, rådgjevingsselskap og det ein kan kalle desinformasjonsbransjen. Dei greier seg utan vår hjelp, og driv med noko som eg meiner ligg utafor virkeområdet til AMF. Men - det vil alltids finnast grensetilfelle, og det er slett ikkje gale å drive med informasjon i og ut frå bedrifter. Det eg meiner er at AMF har eit samfunnsoppdrag som skal prege utdanningstilboda våre, og det betyr for eksempel at vi legg vekt på det som gagnar den fjerde statsmakta og informasjonsverksemd i allmennheita, når vi utformar studietilboda våre. Ei følgje av dette er at det er enkelte ting ein utdanningsinstitusjon som vår driv med, andre ting han ikkje driv med. Vi driv med informasjon, ikkje marknadsføring og informasjonsrådgjeving der eitt firma arbeider for eit anna.  

For å ha nemnt det: Kva studentane vel å drive med etter utdanninga her, er ei anna sak. Men dei kan ikkje ta ei informasjonsutdanning ved HVO og rekne med at  utdanninga gjer dei skikka til å arbeide hos Geelmuyden.Kiese og liknande. Derimot burde dei vere godt skikka til å arbeide for Trygg Trafikk og Norske 4H, Statens informasjonsteneste og informasjonsavdelinga i NAF.

Det kan nok hende at mangel på praksisplassar tidlegare har gjort at ein har måtta velje praksisplassar som ikkje er av dei mest ønskte, og om det skulle vere lettare å få meir ideelle praksisplassar no, bør ein sjølvsagt vurdere på nytt kven ein samarbeider med. Dersom ein har moglegheit til å gje studentane prakisplassar som er i samsvar med den utdanningsprofilen informasjonsutdanninga har, må ein sjølvsagt prioritere dei. Dette går eg ut frå ikkje er kontroverielt, men i tråd med den praksisen som er følgt. Om det ikkje stemmer, må ein gjere noko med det. 

Eg ville nok ikkje ha tenkt meg mye om før eg avviste praksisplassar i eit reklamebyrå. Om det skulle komme opp, burde jo reaksjonen vere: Vi utdannar ikkje folk til reklamebransjen. Det burde vere lett å sjå skilnaden mellom å drive med interninformasjon for Brødrene Aa, skrive pressemeldingar for TV2 og arbeide for marknadsføringsseslkap av ulike slag. Det går ei grense her ein stad, både ute i "verda" og for dei som utdannar informasjonsfolk. 

I journalistikken har ein teke eit oppgjer med aktørar av typen Newswire, og det ville neppe komme på tale å sende journaliststudentar dit. Eg vil tru at det er naturleg å ha ei like klar linje i informasjonsbransjen, særleg på ein utdanningsinstitusjon. Det er sunt med debatt - mangel på debatt og ureflektert vanehandling er usunn. Eg ønskjer dei som fører debatten vidare til lykke med grensesetjing og ei eventuell justering av kursen. 

Av Jon Peder Vestad 

Lagt ut på nettet 2. mai 2001.
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |