 |
HAUSTBREV
FRÅ VOLDA MÅLLAG
Møt på kulturkveld
fredag 5. november!
Volda mållag held
fram hausttradisjonen med å stelle til bygdakveld i ei av grendene
i kommunen. I år står sentrum for tur, og fredag 5. november
klokka 19.00 er det duka for kulturkveld i Samfunnshuset. Lyrikaren, songaren
og målkvinna Marie Lovise Widnes skal syngje og tale for oss denne
kvelden. Jostein Fet presenterer den nye boka si om folkemusikken i Møre
og Romsdal, med musikk av Magnar Melle attåt. På ein slik kveld
høyrer det med allsong og utlodning, forutan ei matøkt. Det
er fri inngang, og me håper at medlemmer og andre kulturinteresserte
møter opp. Velkomne, kjære målfolk!
Fleire medlemmer, mindre
pengar
Medlemstalet til Volda mållag
har auka i haust, men framleis er det mange medvitne og ihuga målfolk
i Volda som ikkje er med. Noregs Mållag har telefonnummer 22 47 71
00 og epost-adresse noreg@newmedia.no, så det er enkelt å gjere
noko med den saka! Volda mållag etterlyser både dei som vil
stø målsaka ved å stå som medlemmer, og dei som
kan tenkje seg å ta eit tak iblant for nynorsken, målføra
og lokal kultur.
Dei magre kulturløyvingane
frå kommunen og bortfallet av ølpengane er merkbart for laget.
Fleire framstøytar for å få det nye ølfondet
til å dele ut midlar til breidda i det lokale organisasjonslivet,
har ikkje ført fram.
Jamn aktivitet i laget
I Dravlausbygda stelte Volda
mållag til kulturkvelden Nynorsk vår 1. juni. I juli møtte
Anne Steinsvik Nordal for laget på landsmøtet til Noregs Mållag
i Florø. På ein stand i Gatå laurdag 11. september oppmoda
me folk i Volda til å velje nynorsk, me delte ut Norsk Barneblad,
Dag og Tid og Norsk Tidend, og fekk sju nye medlemmer.
Styret i Volda mållag
Leiar er Anne Steinsvik
Nordal, nestleiar Ingebjørg Osdal, kasserar Ola Svein Sætre,
skrivar Jon Peder Vestad, lotteriansvarleg Hilde Brænne, og Klaus
Egge er styremedlem. Varamedlemmer: Astrid Gjersdal, Asbjørn Hustadnes,
Odd Harald Sundal, Oddrun Torvanger og Inger Årflot.
Vil du selje lodd?
Volda mållag sel lodd
i kulturlotteriet til Noregs Mållag fram til jul. Hos Hilde Brænne
(tlf 70 07 30 03) kan du få loddbøker. For kvart selde lodd,
får Volda mållag ni kroner - og det er kjærkomne pengar!
Festspela treng lokale
krefter
- Vi treng Dei Nynorske
Festspela som eit levande og mangfaldig uttrykk for nynorskkulturen. Det
seier Anne Steinsvik Nordal i eit intervju i Norsk Tidend. I intervjuet
peiker Nordal på at festspelstyret må få fleire medlemmer
frå lokalmiljøet, og ho ønskjer at lokale krefter vert
dregne meir med i arbeidet.
- Ein kan til dømes
engasjere songkor, ungdomslag, danselag, pensjonistlag, ungdomsklubbar,
skular, barnehagar og kulturkontoret, føreslår Nordal. Volda
mållag har ikkje folk i styringsorgana til festspella.
Møre folkehøgskule
fylte 100 år
i haust. Volda mållag
gratulerer jubilanten, som er ein av mange viktige byggjesteinar i nynorsk-Noreg.
Ivar Aasen-senteret
I Hovdebygda tek form, og
me er spent på kva Ottar Grepstad og gode støttespelarar får
til. Volda mållag har sendt brev til leiinga for senteret og fortalt
kva aktivitetar og tilbod me håper på i det nye, viktige nynorsksenteret.
Nynorskkurs i Volda
Kringkastingsringen - laget
som arbeider for meir nynorsk i radio og fjernsyn - held kurs i Volda 3.
til 5. november. Då skal kring tretti påmelde få lære
meir om kringkastingsnynorsk av mellom andre Ingolf Håkon Teigene
og Linda Eikrem frå NRK. Håvard Sporsheim og Jon Peder Vestad
er også kurslærarar.
Vestmenn i Volda
I Volda vart det i haust
starta lokallag av Vestmannalaget, Sunnmøre Vestmannalag. Laget
arbeider for høgnorsk, det som ofte vert kalla i-mål eller
konservativ nynorsk. Svein E. Kvamsdal er formann i laget.
Mange lokale forfattarar
i haust
Det er mange frå Søre
Sunnmøre på bokmarknaden i haust. Anne Bjørkedal gjev
ut romanen Dråpen og begeret, og Jan Inge Sørbø har
skrive `Over dype svelg`, om samfunnsdebattanten og forfattaren Ronald
Fangen. Jan Ove Ulstein gjev ut både diktsamlinga Ropet i halsen,
ord på tunga, og barneboka Nåde deg, sa Espen.
Fagbokforfattarar er det
mange av i Volda, og ikkje alle kan nemnast her. Atle Døssland er
medforfattar til Strilesoga. Band 4. Jostein Fet har gitt ut Folkemusikk
i Møre og Romsdal, og Jostein Nerbøvik kjem med band 5 (1860-1914.
Eit bondesamfunn i oppbrot) i serien Norsk historie.
Arne Mo frå Ørsta
gjev ut novellesamlinga Mannfolk, og Enok Kippersund frå Bjørke
har lagt ut den interaktive romanen Eigaren på http://home.sol.no/~enkipper.
Oddgeir Bruaset, med sterke band til Volda, har komme med boka Sunnmøre
og sunnmøringen.
Mykje nynorsk på
nettet
Det er ikkje lenger eit
sjeldsyn med nynorsk på Internettet. Noregs Mållag har flunkande
nye og flotte sider på www.nm.no,
og Norsk målungdom finn ein på http://skriv.nynorsk.no
(!). Om du er på utkik etter siste nytt frå nynorsk-Noreg,
kan du klikke deg til www.nynorsk.no,
og Kringkastingsringen finn du på www.kringkastingsringen.no.
Norsk Barneblad finst på www.norsk-barneblad.no,
medan "ungdomsstaden" Magasinett ligg på www.magasinett.no.
Av lokale nettstader kan me nemne informasjonsstadene www.volda.org
og www.volda.com, og på www.hivolda.no/jpv
kan du mellom anna lese dette haustbrevet. Det siste er nettstaden til
skrivaren i mållaget. Men det finst altså mykje meir!
JPV 29.10. 1999. Lagt ut
på nettet 2.11. 1999.
|
|