Fanny Holmin har skrive ei samling prosadikt med tittelen Song for to stemmer og ein lukka munn. Forfattaren observerer og set ord på tankar, små ting og fine detaljar - slikt som det til vanleg ikkje blir sett ord på. Dette skriv ho vakkert om, og gjev iallfall denne lesaren mange aha-opplevingar med prosadikta sine. Eit døme frå Lydlause lydar:
Lyden som gøymer seg mellom to hårstrå. Og dei lydane som er så små at vi ikkje kan høyre dei, men som billa kan høyre. Lyden av blomsten som opnar seg.
Handlinga er det ikkje like lett å få auge på, men det er tale om eit samspel mellom ulike stemmer, ulike eg. Draumejenta og Livet blir dregne mellom draum og kvardag, mellom krav og flukt, og ei tredje røyst som observerer spelet og spennet mellom dei to andre. Men for meg er ikkje denne handlinga det viktigaste, men dei gullkorna som Fanny Holmin frå Volda debuterer med.
Fanny Holmin:
Song for to stemmer og ein lukka munn
Prosadikt
Aschehoug 1997
85 sider
JPV 5/98