Til Vestads vevstad


Hovland: vittig og rå, god og .... ikkje fullt så god

Ragnar Hovland er ein viktig forfattar for nynorsk-Noreg, produktiv som få og med ein leikande fantasi som heller ikkje alle av oss er forunt med. Ofte er han råvittig og får sagt akkurat dei rette tinga, men så fell han tidvis også gjennom. Da blir han uengasjerande, kanskje plump (for Hovland er ikkje tabu-ord tabu!) eller rett og slett ein dårleg historieforteljar, meiner eg. Men - lesegleder deler han ut, og så får folk dømme sjølv!

Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (1996)
Dette er ei diktsamling som kan more både barn og vaksne. Dette er  både ei styrke og ei svakheit. Styrka er at dikta heilt sikkert når utover  hovudmålgruppa si, svakheita er at ein del av dei «skyt over mål», det  vil seia kanskje treffer vaksne lesarar, men ikkje yngre. Ikkje alle dikta er  like gode, men det er mye bra her. Forfattaren har teikna til, naivistiske,  småartige teikningar. Dette er ikkje noko storverk i seg sjølv, men  likevel ein fin tilvekst til den nynorske barnelyrikken.

Dr Munks testamente (1996)
Dette er ei fengande bok, full av skrive- og forteljarglede. For somme lesarar kan nok språkbruken (og ein del av historiene som blir fortalde) vera i hardaste laget. Romanen er slentrande og liksom tilfeldig i form,  gamle vener dreg på speleferd og gjenopplever gamle dagar og skaffar seg nye opplevingar, og det er meir som om dette er noko  hovudpersonen skulle ha ønskt hadde skjedd, enn noko som verkeleg  hender. Likevel er er dette ei tilsynelatande sann historie, med gode  observasjonar frå notids-Noreg og ein mannsgenerasjon som begynner  å merke at ungdomstida er omme. Boka tapar seg klart mot slutten, får  liksom ikkje noka pangavslutning, men det var kanskje heller ikkje meininga. Likevel, boka verkar etter kvart ujamn. Forfattaren har også gitt ut andre bøker i 1996 - Katten til Ivar Aasen møter hunden frå  Baskerville, pluss nyutgjeving av Bjørnen Alfred og hunden Samuel  forlèt Pappkartongen. Han er ein viktig forfattar for nynorsk-Noreg.

Halve sanninga. Tre versjonar (1997)
Dei tre historiene er fortalde av tre stemmer - ein mann, ei kvinne og ein  hund. Historiene heng saman, dei er ulike i stemning, og har ulike forløp. Hunden si historie er den som stikk seg mest ut, ho er mest original, men eg synest ikkje ho passar så godt til dei to andre historiene. Dei skulle eg gjerne ha følgt lenger, for eg likte den sørgjelege historia til mannen og røvarhistoria til kvinna. Men er dette stor litteratur? Nei. God litteratur? Eg vil ikkje seia anna.
                                                                                                                                            JPV 6/98



Til Vestads vevstad