Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev


"Independent label"
 
I NRK Petre hørte eg i dag tidleg (8.6. 1999) programleiaren og ein gjest snakke om behovet for `independent label` i Noreg. Ei av dei par siste vekene møtte eg au omgrepet på trykk i ei dagsavis, utan noko som helst forsøk på å forklare det. Eg tippar at ikkje alle som les dette veit kva `independent label` er for noko, og det gjorde truleg heller ikkje alle Petre-lyttarane. Det er snakk om små plateselskap som tradisjonelt har vore mindre kommersielle/meir idealistiske enn dei store plateselskapa. Ei grei omsetjing er dermed `uavhengig plateselskap`, sjølv om dette nok ikkje stemmer i alle tilfelle. Det kan tenkjast at eit uavhengig plateselskap er ått av eit større, jf store forlag som eig mindre (nisje-) forlag. Det kan vera eit argument for å omsetje independent label med `uavhengig platemerke`.
 
Uansett kva for norsk uttrykk ein erstattar `independent label` med, synst eg det er a) språkleg sløvt å ikkje prøve å omsetja eit slikt bransjeomgrep når ein vender seg til allmennheita og b) arrogant overfor lyttarane å bruke omgrepet. Eg veit dette er berre eitt av mange tilfelle, og eg har ikkje noko ønske om at norsk skal vera utan "fremmendlandske" lån. Men dette uttrykket er det etter mi meining unødvendig å ta inn uomsett i norsk - så utbreidd er det ennå ikkje.
 
Eit ord som kanskje har slått rot, er `campus`. Da eg begynte på Blindern hausten 1983, kan eg ikkje hugse at nokon kalla     universitetsområdet `campus`. Etter nokre år i Volda og verkelegheita, kom eg attende til Blindern hausten 1992. Da var `campus` brukt noko, såg eg, særleg av dei som var universitets-patriotar. Nå merker eg at enkelte ved den skulen eg er tilsett ved (Høgskulen i Volda), snakkar om `campus` her au. Finn-Erik Vinje skriv ein stad om å pynte seg med ord... Som `independent label` er dette eit omgrep som lett skil mellom dei som veit og dei som ikkje veit. Det går greitt an å finne andre uttrykksmåtar for innhaldet - om ein ønskjer.

Av Jon Peder Vestad
Lagt ut på diskusjonsgruppa no.fag.spraak.diverse 8. juni 1999, og på vevstaden 28.6. 1999


Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev