Integritet er av dei honnørorda journalistar gjerne dreg fram når det høver seg slik. Ordet integritet er eit vanskeleg ord, både å uttale - iallfall seint om kvelden - og å forstå.
Bokmålsordboka forklarar omgrepet som `selvstendighet, ukrenkelighet`, og i Nynorskordboka står det at ordet kjem av eit ord på latin som tyder `heil, urørt`. Der blir integritet forklart som det å vere ukrenkjeleg, og som heilskap, sjølvstende. I journalistikken kan omgrepet også det at ein journalist skal ha rett til ikkje å formidle noko som strir mot hans/hennar samvit eller overbevisning. Det siste er ein form for omvendt integritet - for å verke truverdig er det enkelte ting ein ikkje er med på.
Da eg arbeidde i NRK-programmet Ungdommens radioavis opplevde eg at det vart stilt spørsmål ved integriteten min. Dette var i starten av EU-striden, og det var snakk om ei eller anna sak som hadde med EU å gjera. Eg hugsar ikkje kva saka gjaldt, men ein kollega og eg ville gjerne laga noko om saka. I redaksjonen var det kjent at vi var EU-motstandarar, og redaksjonssjefen sa at vi ikkje kunne laga denne saka. Årsaka var tydelegvis at vi som EU-motstandarar ikkje hadde integritet i denne saka. Ei sak er at lyttarane våre sjølvsagt ikkje kjende til EU-standpunktet vårt på førehand. Dei kunne heller ikkje veta at eg på det tidspunktet ikkje var medlem i nokon Nei til EU-organisasjon. Om kollegaen min var det, veit eg ikkje - eg tviler. Noko anna er det at sjefen vår meinte at vi som EU-motstandarar ikkje kom til å laga eit sakleg innslag om dette emnet. Det gjekk på yrkesstoltheita mi laus.
For nokre år sia las eg at ein jødisk dommar vart prøvd fjerna frå ei russisk rettssak mot ein jøde - og årsaka var at den jødiske dommaren på grunn av bakgrunnen sin kom til å vera partisk i dømminga. Overført til journalistikken betyr det at ein kristen journalist ikkje skal kunna dekkje saker som har med kristen-Noreg å gjera, ein same kan ikkje behandle samiske saker på ein korrekt og kritisk måte, osv. Ja, meiner ein noko, så greier ein ikkje å skjule meiningane sine, ifølgje ein slik tankegang. Så mye for tilliten til journaliststanden!
Ut hendinga i Ungdommens radioavis sit eg med to spørsmål. Det eine er: Skal eg ikkje ha lov til å laga saker om noko som opptek meg? Svaret mitt er ja, føresetnaden er sjølvsagt at engasjementet ikkje gjer meg blind. Det andre spørsmålet er: Er det eit etisk overtramp å laga ei kritisk sak om noko som eg i utgangspunkt er kritisk til? Her er svaret nei. Eg meiner at ein journalist med integritet er uavhengig uansett. Dersom eg finn noko kritikkverdig i ei sak som eg synst er verd omtale, kan det godt hende at også dei aller fleste andre journalistar ville ha kunna laga ei sak som liknar. Ein skal kunna stole på at ein journalist ikkje formidlar eigne fordommar eller overtydingar - dersom dette ikkje er ei uttalt oppgåve for journalisten i denne samanhengen.
Da eg skulle begynne å arbeide som journalist, melde eg meg ut av den politiske organisasjonen eg var med i. Eg var altså medlem den eine dagen, og tilsynelatande upolitisk den neste. Denne forandringa var meir enn symbolsk, sjølv om meiningane mine ikkje endra seg over natta. Når ein ikkje er medlem i ein organisasjon står ein friare til å kritisere organisasjonen enn når ein er med, og kanskje har verv eller andre interesser i å ta vare på der. Dessutan kan heller ikkje organisasjonsmedlemskapet bli brukt mot ein, med skuldingar om at ein er partisk, osv. Eg ser altså at organisasjonsmedlemskap kan rokke ved truverdet og sjølvstendigheita til journalisten.
Ein journalist bør ikkje vera medlem i ein organisasjon knytt til eit område som han eller ho skal dekkje. Men når eg møter journalistar som ikkje vil vera med i nokon organisasjon i det heile, og heller ikkje for eksempel vil skrive under på opprop om ting som fell utafor det journalistiske arbeidsfeltet, da meiner eg det er tale om å vera over-etisk. Det å vera samfunnsengasjert er ein god grunn til å bli journalist, truleg den beste, og journalistar skal ikkje sky verv eller det å støtte ei sak. Somme gjer det, med integritetsfana høgt heva, og dei om det - mi støtte får dei ikkje.
Da eg søkte på journalistjobb i ein annan redaksjon i NRK, vart eg spurd om kva eg ville gjera viss det viste seg at Norsk Ordbok eller eit anna kulturtiltak som eg meinte var viktig, gjekk dårleg. Ville eg da vera i stand til å laga ei kritisk sak? Sjølvsagt var eg det, som journalist står lojaliteten til det journalistiske oppdraget, og fyk ikkje hit og dit etter sympatiar eller antipatiar. Det som nok kan bli påverka av personlege haldningar og interesser, er kor ein rettar blikket, kva ein finn interessant, og dette meiner eg gjeld noko anna enn integritet.
Mange er ute etter journalistane - på ulike måtar. Gratis plater, bøker, t-skjorter, konsertar, drikke, mat - kan det påverke integriteten? Er integritet noko som gjeld mest "harde saker", medan det ikkje er så aktuelt for musikk-, kultur- og kosejournalistikken? Eg synst det finst ein inkonsekvens i haldningane hos enkelte journalistar her, og nå tenkjer eg på opplevingar frå tida mi i NRK.
Attende til Radioavisa. Kollegaen min og eg fekk ikkje laga ei sak som kanskje kunne ha sett EU i eit kritisk lys, kanskje ikkje. Eg lurer på om ein EU-tilhengjar ville ha fått same forbodet.
Av Jon Peder Vestad. Brukt som innlegg på årsmøtet
i Møre og Romsdal Journalistlag 6. mars 1999