Eg har vore internettbrukar sia 1995, og `krøllalfa` var det fyrste namnet eg hørte for @. `Alfakrøll` hørte eg fyrst seinare, og fyrst i 1998 hørte eg nokon seia `ætt`. Eg vankar ikkje i noko datamiljø... At `ætt` skulle ha noko med engelsk `at` å gjera, skjønte eg ikkje.
Når den kunnskapen er på plass, synst eg `at` er meir logisk enn alfakrøll - og likevel mindre praktisk. Krøllalfa/alfakrøll har a-teiknet i seg, og for mange e-postbrukarar er det likegyldig kva som kjem før og etter @-teiknet, berre posten kjem fram. `Hos` eller `på` kunne au gått an, men har ikkje støtte i teiknet. Da står eg att med krøllalfa/alfakrøll inntil vidare, vil anbefale alfakrøll pga. at det begynner med a, og veit at det er krøllalfa eg kjem til å seia.
I størst muleg grad synst eg vi skal gjera e-post- og internett-adresser så forståelege som muleg. Somme som har "vore med" ei stund, synst kanskje det er leitt at faguttrykka deira blir bytta ut med meir vanlege, norske ord. Men i og med at det er så mye ny kunnskap å tileigne seg likevel for nykommarar på nettet, håper eg at dei erfarne au forstår slikt som at skråstrek er meir pedagogisk enn `slash`. Og kva skal vi med `dot`? Punktum er meir enn bra nok, - vi treng ikkje bruke engelske datauttrykk der vi har norske ord.
Eg trur vi må finne oss i at ei internett-adresse eller e-postadresse
blir uttalt på fleire måtar, iallfall så lenge
kunnskapen om fenomenet er så ulikt fordelt. Skal til dømes
eg seia e-post-adressa mi til far min, må eg seia je-pe-ve-krøllalfa-hå-i-volda-punktum-enn-o,
slik at han får med seg alt. Han greier nemleg ikkje å tolke
seg fram til kor "dette rare teiknet" skal vera i ei e-postadresse, og
hugsar ikkje nødvendigvis kor det skal vera punktum. Til ein nettvand
kjenning er det berre å seia "je-pe-ve hivolda no", altså utan
`krøllalfa` og `punktum` om han er erfaren. Omtrent det same gjeld
nettadresser. Somme må ha med http osv., medan andre
greier seg med det som kjem etterpå. Til dei uerfarne lyt eg seia
dobbelve-dobbelve-dobbelve, for elles får dei med seg
feil adresse. Trippelve (`trippel-v`) synst eg er eit flott uttrykk, og
dei som kjenner såpass til nettet at dei veit at bokstavkombinasjonen
www finst der, vil neppe ha store problem med ordet.
Det er naturleg at det veks fram gruppespråk, og om nokon i ei gruppe vil seia/skrive slash, dot, tilde osv., så får dei berre gjera det seg i mellom. Men når dei skal kommunisere til folk utafor gruppa, så er det nødvendig å fjerne flest muleg forståingshinder. Da er eksempelvis skråstrek, punktum og bølgje enklare omgrep for desse tre uttrykka, og eg kan heller ikkje skjønne at dei er mindre presise.
Jon Peder Vestad
Lett redigert frå innlegg på diskusjonsgruppa no.fag.spraak.diverse,
mai 1999