Intervjutips
Intervju
er ein journalistisk formidlingsmåte som kan brukast i ulike sjangrar og
format. Det er også ein journalistisk arbeidsteknikk. Her er nokre tips om
intervjuteknikk:
1)
Unngå ja/nei-spørsmål, og bruk dei først og fremst når det er klare ja/nei-svar
du vil ha.
2)
Spør om ein ting om gongen. Ikkje still lange, innvikla spørsmål, og spørsmål
der det er underforstått at intervjuar og intervjuobjekt veit noko som
publikum ikkje nødvendigvis kjenner til.
3)
Ikkje legg svara i munnen på intervjuobjektet. Det er den du intervjuar som
står i sentrum, og dei svara han eller ho kjem med. Dine resonnement og
moglege svar hører heime på kommentarplass.
4)
Ver klar med oppfølgingsspørsmål. Dei skal passe til det som blir svart, og
det er lurt å ha slike spørsmål klare - eller i allfall moment til dei.
5)
Avbryt når det er nødvendig. Det er ikkje uhøfleg å avbryte nokon, men da
skal det finnast ein god grunn til det. Unngå avbrott midt inne i
resonnement.
6)
Skap ein god atmosfære kring intervjusituasjonen. Det er ikkje forbode å
godprate med intervjuobjektet viss den du skal intervjue er nervøs. Ei god
stemning kan gje eit godt intervju.
7)
Orienter om samanhengen intervjuet skal brukast i, ramma kring intervjuet. Det
vil ikkje seie at du skal røpe akkurat korleis spørsmåla er, men her finst
det unnatak.
8)
Instruer intervjuobjektet varsamt om mikrofonbruk, blikkretning osv.
9)
Bruk lytting aktivt som arbeidsmetode. Ver interessert, oppmerksam, og
nysgjerrig, og ikkje leik verdsmeister eller betrevitar.
10)
Ver godt førebudd. Ha klart for deg kva du er ute etter.
11)
Tenk gjennom rekkjefølgja på spørsmåla. Det er ofte uheldig å begynne med
spesielt viktige og vanskelege spørsmål.
12)
Ver sakleg. Ikkje la dine eigne synspunkt skine gjennom i måten du møter
intervjuobjektet og stiller spørsmål på.
13)
Ver klar over kven du intervjuar -
somme toler mindre enn andre.
14)
Utfør alltid intervjuet slik at du kan intervjue same person på nytt.
15)
Still det neste spørsmålet - det som byggjer på påstandar eller
fakta intervjuobjektet kjem med: Korfor, kva meiner du med det, kva slags
følgjer meiner du dette har, korleis kan du dokumentere dette?
Av
Jon Peder Vestad
Lagt ut på
nettet 27. mars 2002
|