Vestads vevstad   Ymseposten  Mål og middel   Bokinnsynet  Privaten  Lesarbrev


Midt i elgjakta

Ordet jakt fører tankane til skog og hei, og til død. Forfattarparet Liv Marit Idsø og Anne Marie Seem tek oss med til ein utkantkommune i Trøndelag, heilt på grensa til Sverige. Her blir ein rik skogeigar drepen i eit gravøl, og frilansfotografen Regine Skogen og journalist Gry Dale er snart involvert i noko som også jagar hovudstadspressa nordover. Her er det snakk om tjuvjakt, muleg smugling og underslag, altså alt frå kriminalitet av det meir daglegdagse slaget  til noko som er skumlare og «større» enn det som skjer til vanleg på desse traktene.
 
Innimellom oppnystinga av drapssaka, får forfattarparet gjennom dei to heltinnene sine sagt noko om kåra både for kjærleik og det daglege brød i dagens utkant-Noreg. Den alvorlegaste innvendinga mi mot Midt i elgjakta er at noko av «piffen» går ut av romanen mot slutten, men da har forfattarane likevel servert god, intelligent underhaldning. Og slutten er kanskje ikkje heilt klar...

Dette er ei krimbok med ein tydeleg politisk snert, samstundes som romanen også fortel om kvardagsliv i kommunar og bygder vi har mange av i Noreg  - om vi orkar flytte oss frå stader med meir neonlys og fleire trafikklys enn menneskeleg varme. Dette er ein enkel og underhaldande roman som fleire gjerne må kose seg med, og eg håper at tospannet Dale/Skogen får fleire saker å bryne seg på i dei trønderske grensetraktene.

Liv Marit Idsø/Anne Marie Seem:
Midt i elgjakta
Det Norske Samlaget 1997
186 sider                                                                                                                                      JPV 6/98


Vestads vevstad   Ymseposten  Mål og middel   Bokinnsynet  Privaten  Lesarbrev