Ja, eg blir frista til å bruke desse orda om minneskriftet Ivar Aasen i kvardagslaget av sambygdingen Anders Hovden. Ivar Aasen levde frå 1813 til 1896, og mange har nok meint at det var ein kar som stort sett berre arbeidde, ikkje levde. Men det gjorde han.
Ivar Aasen likte å gå ut for å more seg, han var ofte på kafé, og han hadde mange venner. Dette er av det vi får tydeleg for oss etter å ha lese Ivar Aasen i kvardagslaget. Presten, diktaren og levemannen Anders Hovden gav ut boka fyrste gongen i 1913, og for nokre få år sia kom ho i nytt opplag.
Forfattaren legg ikkje skjul på at han står i takknemlegheitsgjeld til Aasen, og ein bør absolutt leggje til: han skulda nok Aasen pengar au. Da Hovden kom til Kristiania for å gå på skule, lånte og gav han Hovden temmeleg mye pengar. Utgjevarane har lista opp alle stader i dagbøkene til Aasen der Hovden er nemnd, og der står det rett som det er slikt som ”A. Hovden 20 kr”. Det blir aldri fortalt kor mye Aasen gav Hovden opp gjennom åra, men det kan lett ha vore eit sekssifra beløp etter dagens pengeverdi.
Nåja, det utsvevande livet til Anders Hovden er ikkje hovudpoenget i boka. Hovden fortel om opplevingar han hadde med Aasen, og legg ikkje skjul på kor mye det kosta Ivar Aasen å ofre seg for innsamlinga av ord og utarbeidinga av det som har vorte nynorsken. Aasen drømte om kone og barn, han levde kummerleg, fraus og var einsam, han vart spotta og heidra. Målreisaren var ei sparsam og arbeidssam, men absolutt vennesæl sjel, ein mann som gjerne vart med ut for å ta eit glas eller fleire, ein som brydde seg om bondestudentane som ikkje støtt hadde det så lett i Tigerstaden.
På mange måtar har forfattaren ei nasegrus innstilling til velgjeraren sin, men noko anna ville nok vera vanskeleg for ein som kjende mannen, støtta prosjekta hans og levde i den nasjonale reisinga Aasen betydde så mye for. Å få eit slikt nærbilde av Ivar Aasen som Anders Hovden gjev, har verdi i seg sjølv. Men utgjevarane, Anders Hovden-fondet, har i tillegg teke med dei breva som er funne frå brevbyttet mellom Aasen og Hovden. Saman med dagboksoppteikningane får vi eit betre bilde av Aasen som levande menneske.
Boka er illustrert, og innimellom kjem utgjevarane med utfyllande merknader. Når ortografien samstundes er modernisert, gjer dette boka lesarvennleg – lesverdig er ho avgjort.
Anders Hovden:
Ivar Aasen i kvardagslaget
Ny utgåve med tillegg
Anders Hovden-fondet i kommisjon hos Det Norske Samlaget
Oslo 1996
123 sider
Av Jon Peder Vestad. Lagt ut i april 1999.