Vestads vevstad 


Avsløringar av det overnaturlege

For nokre år sia kom ei bok som mange av oss som er opptekne av det overnaturlege skulle ha teke seg tid til å lesa. Det er boka Juks og bedrag av den nordamerikanske tryllekunstnaren James Randi. I denne boka fortel han om sitt eige og andres arbeid for å avsløre lurendreieri av den sorten som blir kalla metafysisk.

Sjølv er eg ikkje i tvil om at "det finst meir mellom himmel og jord" osv, og nettopp derfor synst eg det er prisverdig når James Randi, foreininga Skepsis og andre viser juks og fanteri som blir framstilt som underverk, resultat av tankekraft og liknande. I denne boka tek James Randi mellom anna grundig for seg ein del av forsøka til den kjende israelske skeibøyaren Uri Geller, og såkalla psykisk kirurgi på Filippinane. For å ta det siste fyrst: Det er rart at så mange har late seg lure av fingerferdige lekfolk som fjernar svolstar frå magar og andre stader - det dei gjer er å dra dyretarmar ut frå kunstige tomlar! Mange har biti på, med god hjelp av vekeblad... Uri Geller har vore flink til å få folk til å tru at han kan lesa tankar og sjå gjenstandar, men han har alltid hatt mulegheit til å ja, jukse, meiner Randi.

Dei som har meint at det kan vera noko sant i teoriane til Erich von Däniken om besøk frå rommet i forhistorisk tid, vil neppe tru på det etter å ha lese boka til Randi. Däniken kan ikkje kallast vitskapsmann, men heller ein eventyrforteljar med god evne til å tene pengar på bøkene sine. Dei som tviler på astrologien vil heller ikkje få styrka trua si på det stjerneteikna kunne ha å fortelja. Han peiker på at somme av dei stjernene vi ser ikkje finst lenger, dei er døde, vi ser lys dei sende ut for nokre år eller fleire tusen år sia. Randi skriv mellom anna:
"Astrologene vil ha oss til å tro at hvis Solen i vårt fødselsøyeblikk står i en viss posisjon til en rekke stjerner som ikke en gang er "der", slik vi ser dem, så vil vår fremtid eller karakter bli preget på en annen måte enn om solen sto i forhold til en annen grupep stjerner som ikke er der."

I boka tek Randi elles opp det han kallar biorytme-bløffen, UFO-syn, bruk av ønskekvist (her er eg skeptisk til skeptikaren, eg har sett utslag ved vassleiting med kvist sjølv!), det oppkonstuerte, "farlege" Bermuda-triangelet, synskheit (som eg au trur har noko for seg) og transcendental meditasjon. Han viser til forsøk på å bevise det overnaturlege, og syner at det også i serøse forsøk har vore mulegheit til juks, materiale som ikkje passar med den ønskte konklusjonen har vorte halde attende, og så vidare. Det er ei mengd informasjon i boka som vil gle den skeptiske og irritere den overbeviste.

Meg irriterte Randi med den overlegne, spydige måten å skildre motstandarane sine på, og eg saknar ei litteraturliste som ville gitt kritiske lesarar mulegheit til å gå Randi sjølv etter i saumane. Omsetjinga frå engelsk verkar slurvete somme stader, og språkføringa er ikkje den beste. Det er mye naturvitskap og fagtermar i boka, men ho er likevel ganske grei og lesa. Trass i innvendingane vil eg anbefale denne underhaldande og avslørande boka. Ho syner tydeleg kor viktig det er å la nøytrale vitskapsfolk stå for kontrollen av forsøk som har som mål å bevise det overnaturlege, og særleg vera kritisk til dei som vil tene pengar på "evnene" sine. Eg har vorte meir skeptisk, og dermed har vel Randi oppnådd noko.

James Randi:
Juks og bedrag. Avsløringer av det overnaturlige.
Omsett frå engelsk av Rolf Løvstrøm

Grøndahl Dreyer
1994
169 sider

P.S. På Vestads vevstad har eg sjølv forsøkt å leike synsk. Det skal godt gjerast at alle gjetningar slår feil, særleg når ein tolkar spådommane med ein viss velvilje, som Randi syner. Les "Slik blir 1999 - kanskje".

Av Jon Peder Vestad. Lagt ut 21.1. 1999



Vestads vevstad  * Ymseposten *  Mål og middel * Bokoversynet.
* Privaten * Radioordlista *  Medielenkjer * Språklenkjer