| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Karin Fossum blir ikkje redigert nok

Karin Fossum har etter kvart fått eit godt ry som kriminalforfattar. Både debutromanen Evas øye og Den som frykter ulven kjem i mål som kriminalromanar, men båe skulle ha vore stuttare. Det kunne ha fått Karin Fossum til å stå fram som ein spenstigare krimforfattar.

Ja, eg meiner det er for mye langhalm i båe desse romanane. Båe to begynte eg fyrst på, og la dei vekk. Ved andre gongs forsøk, etter å ha lese meg gjennom seige anslag, vart eg møtt av ei frodig forteljestemme, som har meir enn krimplott på hjertet.

Lik og prostitusjon
I båe romanane møter vi politimannen Konrad Sejer som hovudetterforskar, og båe romanane har handlinga lagt til Drammen og områda rundt. I Evas øye krinsar handlinga kring kunstnaren og åleinemora Eva Magnus, som får auge på eit lik ein dag ho er ute og går tur saman med dottera si, Emma. Dei melder ikkje frå om likfunnet, som viser seg å ha tilknyting til noko Eva Magnus såvidt har vorte dregen borti, prostitusjon. Karin Fossum skildrar godt korleis det er å leva med dårleg økonomi, og så plutseleg ha flust med pengar mellom hendene - pengar som tilhørte den luksusprostituerte venninna Marie Durban. Ho blir drepen, og Eva Magnus blir dregen inn i etterforskinga, som skjer i eit absolutt lågstatusmiljø med motor og øl som viktige innslag. Også her syner Karin Fossum god observasjons- og formidlingsevne, og ho speler på eit vidt kjensleregister. 

For mye å fortelja
Ganske sentralt i romanen står forholdet Eva har til den gamle faren sin, slik at også alderdommen får sin plass i boka. Og kanskje er dette noko av problemet: Det er for mye som ligg forfattaren på hjertet, og som blir fortalt saman med brotsverka som Konrad Sejer etterforskar. Sejer syner seg som ein tenksam og einsam etterforskar, men er kanskje noko blast skildra. Sjølv om drivet i romanen er borte iblant, og dei 296 sidene blir vel mange, er dette ein kriminalroman som det absolutt går an å bruke nokre kveldar på.

Drap og sinnssjukdom
Det same vil eg seia om Den som frykter ulven. Det er den tredje kriminalromanen til Karin Fossum, mellom desse to som er omtala her, kom Se deg ikke tilbake. I Den som frykter ulven rømmer den sinnsjuke Errki Johrma, det skjer eit drap og ein bank blir rana. Det heile skjer på same dagen, og Konrad Sejer får etter kvart sakene. 

Strammare forteljing
Det er ei eldre kvinne på eit småbruk i Finnemarka som blir drepen, og ikkje langt unna finst det to institusjonar. Den eine rømmer Errki frå, og den andre institusjonen er barneheimen Guttebakken. Der hører den overfyldige guten Kannick til, og det er han som melder frå om drapet. Kannick såg Errki på drapsstaden, og seinare blir Errki sett ein heilt annan stad enn der ein skulle ha venta det. Errki hører stemmer inni seg, og blir sett på som ein ulykkesfugl. Indre monologar fortel oss om det spesielle tankelivet hans, og forfattaren greier etter kvart å få oss til å skjønne meir av kva slags verd han - og andre psykiatriske pasientar - kan leva i. Noko meir overflatisk blir vi introdusert til barneheimslivet, og det er i grunnen berre bra. For i denne romanen har Karin Fossum greidd å stramme inn noko, slik at vi stort sett held oss på hovudsporet. Men - eg synest nok at plotett hennes blir vel uttværa ute i siste halvdel av romanen, og det går an å gjette seg til det som skjer. Også løysinga på drapsgåta kan ein finne ut av, men ikkje nødvendigvis. Og Karin Fossum har også i denne romanen, som i Evas øye, plassert små overraskingar utover i handlinga. 

Les gjerne meir 
Skulle eg ha valt mellom desse to romanane, ville eg ha valt den fyrste om det var æksjen eg var ute etter. Den som frykter ulven er hakket meir velskriven, og dessutan stuttare... Båe får ståkarakter, men det gjer ikkje forlaget. Det skulle ha fått Karin Fossum til å stramme meir inn, og sytt for å fjerne skjemmande skrivefeil. Eitt døme er shizofren for schizofren, og eg lurer au på om ikkje Errki Johrma hadde skrivi namnet sitt annleis om Karin Fossum var finskspråkleg. Nok om det, Karin Fossum les eg gjerne igjen.

Karin Fossum:
Evas øye
Cappelen
Oslo 1995
296 sider

Den som frykter ulven
Cappelen
Oslo 1997
255 sider

Av Jon Peder Vestad
     

| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |