| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

Ymseposten er eit magasin med artiklar om alt frå Volda til verda. 
Bokinnsynet inneheld små og store bokomtalar og anna bokstoff.
Mål og middel er ei samling fagartiklar om språk og media.
Privaten er den minst  journalistiske og faglege delen av Vestads vevstad.
Stabburetinneheld stoff som absolutt er  forelda.

Kjørereglar i romantikken 
 
For alle dykk som ikkje skjønner det sjølv - her er reglane i romantikkverda, og det er berre ein regel som gjeld: Gjer kvinna lykkeleg! 

Gjer du noko ho liker, så får du poeng. Gjer du noko ho milsiker, får du får trekk i poengsummen. Dessverre, du får ingen poeng for å gjere det ho ventar du skal gjere. Det er berre slik! Her er poengsystemet:
 

Enkle plikter:
Du reier opp senga: +1

Du reier opp senga, men glømmer å leggje puta pent til: 0

Du legg på sengeteppet utan å strekkke lakenet: -1

Du let setet på toalettet stå oppe: -5

Du erstattar den tomme dopapirrullen med ein ny: 0

Når toalettpapirrullen er tom, går du over til tørkerull: -1

Når det er tomt for tørkepapir, begynner du å bruke det andre toalettet: -2

Du går til butikken for å kjøpe vårfriske, ekstra tynne Always med venger:
+5

Men kjem heim med øl: -5

Du sjekkar ein mistenkjeleg lyd om natta: 0

Du sjekkar ein mistenkjeleg lyd om natta, og det er ingenting: 0

Du sjekkar ein mistenkjeleg lyd om natta, og det er 'noko': +5

Du fektar med hendene, og kjem borti noko: +10

Det er far hennes: -10
 

Sosiale tilstellingar:
Du er ved sida hennes heile festen: 0

Du er ved sida hennes ei stund, seinare går du for å prate og drikke med ein kollega: -2

- som heiter Lise: -4

Lise er dansarinne: -6

Ho har innlagt silikon: -8

-  og kjenner ingen andre der som ho kan danse med: -10

Du blir så ør av dansinga at du ikkje finn att kona di når lysa blir slått på: -30
 

Fødselsdagen hennes:
Du tek henne ut på middag: 0

Du tek henne ut på middag, og det er IKKJE ein fotballpøbb: +1

OK, det er ein fotballpøbb: -2

Det er "Et så mykje du vil for 100 kr"- kveld: -3

Det er ein fotballpøbb, det er "Et så mykje du vil for 100 kr"- kveld og du har måla ansiktet i fargane til favorittlaget: -10
 

Ein tur på by'n med gutta:
Gå ut med ein kamerat: -5

Kameraten er lykkeleg gift: -4

Kameraten er reindyrka ungkar: -7

Han kjører Porsche: -10

Med eit skilt der det står: "Vil du sjå frimerkesamlinga mi?": -15
 

Ein kveld på by'n, de to:
Du tek henne med på kino: +2

Du tar henne med på kino, til ein film ho liker: +4

Du tek henne med på kino, til ein film du hatar: +6

Han blir kalla "Død politimann 3": -3

- som er om lesbiske kvinner som har samleie: -9

Du laug og sa det var ein film om foreldrelause barn: -15
 

Fysikken din:
Du legg deg til ein godt synleg hengjemage: -15

Du legg deg til ein godt synleg hengjemage, og trenar for å bli kvitt han: +10

Du lwegg deg til ein godt synleg hengemage, og går over til joggebukser og  hawaiiskjorter som heng laust: -30

Du seier "Eg gjev blaffen i det fordi du har hengjemage også": -800
 

Det store spørsmålet:
Ho spør "Ser eg tjukk ut?": -5

Du nøler med svaret: -10

Du svarer "Kor?": -35
 

Kommunikasjon:
Når ho ønskjer å snakke om eit problem, lyttar du og set opp eit ansiktsuttrykk med ei bekymra mine: 0

Når ho ønskjer å snakke, lyttar du i over 30 minutt: +5

Du lyttar i over 30 minutter utan å sjå på fjernsyn: +10

Ho oppdagar at det er fordi du har sovna: -20
 

Ukjent forfattar. 
Sett om til nynorsk og omarbeidd noko av Jon Peder Vestad, som fekk reglane av Cato Hoff Lambine.
Lagt ut på nettet 28.2. 2000.
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |