| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

Klare standpunkt som nynorskbrukarar 

Dei journalistane som identifiserer seg som nynorskbrukarar i etermedia, har eit ganske tydeleg syn på både si eiga språklege rolle, og på korleis nynorsken er og bør vere. Dette kjem fram i ei undersøking der 186 journalistar i radio og fjernsyn har svart på spørsmål knytte til språk, kultur og identitet.  

Denne undersøkinga er ein del av forskingsprosjektet mitt, ”Når skrift er tale”, som skal prøve å finne ut av kva som skjer med nynorsken når han går over frå vere skriven til å bli snakka som normert tale. I dette treårige doktorgradsprosjektet skal eg vidare sjå på kva slags avvik som finst mellom nynorsk som skrift og tale, og korfor desse avvika finst. Her kjem sjølvsagt brukarane inn. Den undersøkinga eg no skal presentere foreløpige resultat frå, vart gjennomført i vår. Oppunder 300 redaksjonelle medarbeidarar i NRK, P4, TV2, produksjonsselskap og lokale stasjonar fekk eit spørjeskjema på seks sider. Om lag tre firedelar svarte. 

Nynorskjournalistane er jamt over stolte over å bruke nynorsk. 80 % seier seg heilt eller ganske einige i at identiteten deira som nynorskbrukarar er sterk. Til påstanden om at ”Eg er kry av å vere nynorskbrukar” svarer 76 % at dei er heilt eller ganske einige. Nesten ingen er ueinige i desse påstandane. Og 63 % ser på seg sjølve som svært språkbevisste, berre èin er lite språkbevisst!

Eg synest det er interessant å leggje merke til at det finst ei gruppe blant dei som ikkje har nynorsk hovudmålsbakgrunn, men som har valt å gå over til nynorsk, iallfall som arbeidsspråk. 88 % hadde nynorsk i grunnskulen, 11 % bokmål. Ca. 8 % har sjølv valt å skifte målform frå bokmål til nynorsk, og like mange andre vegen. Somme har skifta fleire gonger. 70 % bruker nynorsk privat, 5 % skriv bokmål, og ikkje mindre enn 23 % skriv både bokmål og nynorsk. Det siste talet verkar høgt, og må bli sett i samband med at eit fleirtal av dei bur i kommunar der bokmål er det vanlege. Men dette fortel oss at om ein er nynorskbrukar på jobben, kan ein vere bokmålsbrukar privat. Elles er vi vel meir vande med det omvendte – at somme bruker bokmål på jobb og nynorsk privat.

Haldninga til korleis nynorsken skal vere, er ganske liberal. 60 % ønskjer at den skrivne nynorsken skal følgje ei liberal linje, med tilnærming til bokmålet. 33 % ønskjer at nynorsken skal halde seg på ei tradisjonell linje, med avstand til bokmål. Til ein påstand om at valfridommen i nynorsken er for stor, svarer 64 % at dei er heilt eller ganske ueinige. Dei som står for eit konservativt målsyn, har ikkje mange støttespelarar i etermedia, sjølv om dei altså finst. Berre 10 % sa seg heilt einige i ein påstand om at bokmålet påverkar nynorsken for mye, Men dette må ikkje på nokon måte tolkast som om nynorskjournalistane har eit lunkent forhold til målet sitt. Dei aller fleste har både ein klar identitet som nynorskbrukarar og er krye av å bruke nynorsk. Og heile 88 % svarer at det er viktig for dei å bruke nynorsk. Som grunn finn vi oftast nemnt at nynorsken er mest personleg og ein del av identiteten, nær talemålet og mest naturleg, og at nynorsken er språket deira og best for dei. Svært få fører opp kulturelle eller motkulturelle grunnar for å bruke nynorsk. Dvs. at nynorskbrukarane i media i fyrste rekkje knyter nynorskbruken til seg sjølve og talemålet sitt, ikkje til samfunnsomsyn, kulturarv osv. Dette finn vi att i haldninga til det gamle slagordet frå delar av målrørsla: ”Nynorsk einaste skriftspråk i Noreg”: 82 % er heilt eller ganske ueinige i dette; berre 5 % er heilt eller ganske einige. 

Det viser seg at eit fleirtal, 60 %, meiner at det er svært eller ganske viktig at språket dei bruker på lufta syner kor dei kjem frå. Eg spurde også om kven og kva det var som var viktig for det språket dei bruker på lufta. Det viktigaste er journalisten sjølv, så arbeidsstaden; og minst viktig er nærmiljøet utafor arbeidsstaden. Men haldningane heimelsfolka har til språk, kan også komme av vanskar dei møter. På spørsmål om kva som kan skape vanskar i utforminga av språket, viste det seg at over halvparten hadde problem med restriksjonar i nynorsk ordforråd: 8 % ofte, 48 %  av og til. Nynorsk bøyingsverk og grammatikk hadde 6,5 %  ofte vanskar med, 41 %  av og til. Valfridommen i nynorsken vart berre nemnt som hyppig problematisk av 3 %, 23 % av og til. 

Journalistane har god tru på eiga språkkjensle, og valfridommen blir ikkje opplevd som noko problem, medan eit fleirtal ser på ”ordforboda” i nynorsken som problematiske. I same lei går resultatet frå ein påstand om at ”Rare” ord gjer nynorsken til latter: Over halvparten meiner dette stemmer - 16 % er heilt einige, 42 % ganske einige; 27 % er heilt/ganske ueinige. Eg trur nok fleirtalet i undersøkinga unngår glatt og elegant ord som 'kverrsetje' og 'åtgaum', og held seg til ein nynorsk som ikkje stikk seg så kolossalt ut. Og når eg bad dei karakterisere nynorsken vart han rekna for lett å forstå og personleg. Journalistane er ikkje like overbeviste om at nynorsken er fleksibel og praktisk, men fleirtalet synest det. Moderne er det likevel under halvparten som finn målet, og det kan vere ein tankevekkjar.

Haldningane til nynorsken blir også påverka av tilbakemeldingar frå kjende og ukjende. Heile 92 % har fått ros frå ukjende  for språkbruken sin, - 66 % ein del gonger. I alt 55 % har fått negativ kritikk for språket sitt – 35 % har aldri fått slik kritikk. Når ein tenkjer på all negativ omtale mediespråket generelt får, er ikkje dette dårlege tal for nynorsken. Og det viser seg at eit stort fleirtal arbeider i eit redaksjonsmiljø som er positive til nynorsk. 76 % fortel at haldninga til nynorsk er ganske eller svært positiv i redaksjonsmiljøet deira, berre 4 % fortel at haldninga er negativ. 

Nesten alle meiner at det er viktig for framtida til nynorsken at han blir brukt i media. Skuleverket er der dei meiner det er aller viktigast å ha nynorsk – 95 % meiner det. Jamt over meiner eit fleirtal at det er svært viktig at nynorsk blir brukt i offentlegheita, som i offentleg administrasjon og i kyrkje- og kulturliv. Det nære forholdet det store fleirtalet har til nynorsken, viser seg delvis att utafor arbeidsstaden. 85 % får sjølvmelding på nynorsk, 65 % bed ofte eller av og til om blankettar, frimerke osv. på nynorsk. 

Og journalistane les nynorsk. 23 % har lese ei skjønnlitterær bok på nynorsk den siste månaden, medan over 40 % kan ikkje hugse når det skjedde, eller så var det  minst eit halvt år sia. Dag og Tid og Norsk Barneblad er dei viktigaste nynorsktidsskrifta for nynorskjournalistane. 

Den geografiske bakgrunnen deira er interessant. Heile 31 % kjem frå Møre og Romsdal, 19 % kjem frå Sogn og Fjordane og Hordaland. Nokre kommunar og regionar ser ut til å vere hyppig nemnde som oppvekststad for desse journalistane. Av kommunar er det fyrst og fremst Voss (10), Volda og Karmøy; og av regionar Sunnmøre, Nordfjord og Romsdal. 

62,5 % av dei som er med i undersøkinga er menn, 37,5 % er kvinner. Tyngdepunktet er fødd i tidsrommet frå 1960 til 1975 og er mellom 25 og 40 år gamle. Nynorskjournalistane er relativt høgt utdanna. Berre 4 % er utan høgare utdanning, av dei som har svart. I alt 53 % har 4, 5 eller 6 års utdanning. Av dei spurde har 49 % minst to års journalistutdanning – mange av dei frå Volda, skulle eg tru.

Av Jon Peder Vestad

Innlegg halde på Ivar Aasen-tunet i samband med Forskingsdagane 2000. Lagt ut på nettet 7. desember 2000.
 
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |