| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Kostbar moro

Eg veit ikkje kva Brev fra en gærning kostar, for eg fekk denne samlinga «tullebrev» som gåve. Men boka er nok ikkje verd prisen.

Pseudonymet Wiggo Meyer gav ut Brev fra en gærning før jul i 1999. Boka fekk ein del omtale, for det er støtt artig når nokon tullar med sjølvhøgtidelegheit og verkelegheit. I Brev fra en gærning skriv Wiggo Meyer til Oslo Sporveier og bed om rabattkort for siamesiske tvillingar, som overvektig mann spør han om å få to sitjeplassar på eit Widerøe-fly til Volda, han søkjer om patent på ei presse for hundelort og mye anna som er ganske fornøyeleg. 

Andre "tullebrevbøker" er betre
Eg humra mye da eg las boka, for dette er humor eg set stor pris på. Derfor har eg også lese andre bøker i same sjangeren, som Brevbomber og Til saken 1 og 2, bøker som kom på 1980- og 90-talet. Og dei meiner eg er betre, på den måten at dei er enda villare, er meir ironiske og får fram enda meir sjølvhøgtidelegheit. Eg meiner iallfall at det er betre humor å skrive til SV for å føreslå at partiet blir jazzpartiet, å ville lansere ei stor, oppblåsbar Wenche Myhre-dokke, å gjere framlegg om å bruke sel i forsvaret av Noreg (og få seriøst svar!), og nemne for Vinmonopolet at nokon påstår at det blir selt alkohol i vanlege butikkar i utlandet... Men det var i andre bøker.

Enkel humor
Brev fra en gærning er litt meir jordnær, og tapar etter mitt syn på det. Det er jo litt komisk å be om støvsugarposen frå hotellrom som det har budd kjendisar på, eller tinge rom for ein gjeng stripparar på misjonshotellet Norrøna. Men den store fliren får eg ikkje av ein førespurnad til Opel Norge om å få leige førti Opel Rekordar til eit opptog, eller arrangere skyss for kona i ei hestevogn. Det er originalt å skrive til «Father Christmas» og ønskje seg Pamela Anderson og potenstablettar, eller be ein kennel om å ta vare på to tenåringar og to hundar i ferien, men ikkje overvettes morosamt. 

Lån boka!
Likevel, mange synest nok det vil vera artig å høre om korleis det gjekk da Wiggo Meyer ville kjøpe brukte toalett etter oppussinga av slottet, eller da han som skodespelar av eit spesielt slag ønskte å forsikre dei edlare delane sine. Og humringa er absolutt til stades når den godaste Meyer som overvektig vil bli medlem i Fet Idrettslag, eller skriv på vegner av «tre gærne gutter» og tilbyr eit kostymehow med «55 deilige minutters tankeflukt» for norske soldatar, og kan tenkje seg å bu «på hybel sammen med soldatene». Og ja da, han får seriøst svar på mange rare og dumme førespurnader, som ofte ligg i same løype som såkalla underbuksehumor.

Eg humra, eg lo og mora meg. Likevel vil eg ikkje rå nokon til å bruke pengar på denne boka. Så bra var ho ikkje. I staden håper eg at de som har sansen for denne typen humor, kjenner nokon de kan låne boka av.

Wiggo Meyer (pseudonym):
Brev fra en gærning
Familevennen Forlag AS/Kagge Forlag DA
Oslo 1999
167 sider

Av Jon Peder Vestad
P.S. Eg kjøper gjerne Brevbomber, om noko kjem over eit eksemplar.
 
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |