|
Språket
i krig og kamp
Ordbruken i samband med
terroråtaka i USA og krigshandlingane i Afghanistan er vanskeleg og viktig.
Eg skriv ’krigshandlingane i Afghanistan’ fordi Afghanistan ikkje
er i krig mot USA og Storbritannia (enno). Det er lett å bli teken til
inntekt for bestemte syn, og lett å verke som ein viljelaus diltar.
Gjennom språket er vi med på
å forme dei oppfatningane folk får av det som skjer. Når vi bruker sterke
ord som ’krig’ om ein konflikt i verdssamfunnet, får folk inntrykk av at
konflikten er brutal og blodig. Iallfall gjer dei det om dei med krig tenkjer
på ein våpenkamp mellom to eller fleire partar. Dersom det ikkje
er snakk om denne typen konflikt, vil eg rå til at ein vel andre ord.
Kamp mot terror, krig i
Afghanistan
Formuleringar som ’krig
mellom selskapa’, ’sportsleg katastrofe/ tragedie’, ’politisk
blodbad’ og ’ verbal massakre’ kan vere med på å vatne ut
kjerneinnhaldet og styrken i orda. Vi treng dei til heilt andre føremål enn
å skildre konkurranse i næringslivet, politisk kjekling eller eit vanleg tap
på ei forballbane. Hendingane den siste tida er nok ei påminning om at vi må
tenkje oss om før vi tyr til dei sterkaste orda. Samstundes blir vi au minte
om at språk er makt.
Etter terroråtaka i USA har
vi møtt vi ein ordbruk frå USA si side som det ikkje har vore heilt lett å
vete kva ein skal gjere med. ”War against terrorism” er eitt døme. I USA
kan krigsretorikken ha vore følt naturleg, på same tid som han har hatt ein
”indremedisinsk” verknad og har samla folket. Frå norsk side er det ikkje
like naturleg å kalle ettersøking og arrestasjonar av moglege terroristar
for ’krig’, til dømes. Derfor er det rett å snakke om ’kamp mot
terror’, og ’krig/krigshandlingar i Afghanistan’. Vi må au passe
oss så vi ikkje bruker ord som glattar over det som skjer. Eit slikt snedig
ord er ’antipersonellmine’ – om ei mine som drep folk. Såkalla
”smarte bomber” gjer det same. Missilar er rakettvåpen/styrbare
rakettprosjektil; dei drep også.
Alt etter samanhengen kan
det verdssamfunnet har opplevd i det siste bli karakterisert med ord som desse:
kamp,
kampanje, kappestrid, krigshandling, militær handling, motaksjon, motåtak,
samanstøyt (m.), strid, åtak
Vi
veit nok når det er rett å bruke ordet krig.
Heilag krig og heilage
krigarar
Jihad,
heilag krig og heilage krigarar har vi hørt mye om i det siste. Ein kan nok
seie 'såkalla heilag krig/heilage krigarar', men å bruke desse uttrykka utan
det atterhaldet ’såkalla’ gjev, opnar for fleire problem: a) kva ordet 'heilag'
tyder for oss no, b) kva ordet 'heilag' signaliserer, c) og kva som ligg i
jihad/heilag krig. ’Jihad’ kan ha ei mildare tyding enn det vi legg
i ’krig’. Trass i at ’jihad’ kan vere eit rommeleg omgrep, kan det
hende at nettopp ’jihad’ vil vere det beste å bruke, jamfør ord som
fatwa, glasnost og perestroika. Dette er ord som har vore temmeleg allment
brukte i periodar, da folk har visst kva som ligg i omgrepa. Seinare har dei måtta
bli forklart. I fyrste omgang ville eg ha prøvd å lansere 'heilag strid',
for å unngå 'krig' og for å spegle det innholdsspennet som kan finnast i 'jihad'.
No er kanskje det for seint.
Kva så med dei gruppene som erklærer ’heilag krig’? I ein del
samanhengar meiner eg vi like gjerne kan bruke ord som erkekonservative,
fundamentalistiske, ekstremistiske/ekstreme, ytterleggåande osv., sjølvsagt
med visse om at ein også gjennom slike ord tek stilling:
Ekstremistisk/ekstrem samanlikna med kva...? Poenget er at slike ord kan gjere
det lettare for oss å skilje mellom vanlege, fredelege muslimar, og grupper
som står for et heilt spesielt syn både på religion og krig.
I bakhovudet må vi også ha at det som er ein terrororganisasjon for
nokon, kan vere ei frigjeringsrørsle for andre. Her er det om å gjere å
vere varsam, utan å dekkje over det ein meiner er realitetane. Når enkelte
snakkar om 'korstog/krosstog', treng vi ikkje ta over slike omgrep. I
den grad vi bruker eit slikt uttrykk, 'krig' eller liknande, bør vi knyte det
til den som bruker ordet: ”Det
NN kallar…, det som blir kalla…, den såkalla…., det som i fråsegna
blir omtalt som…” Da står
ein ikkje inne for ordbruken, og syner at det er andre som har ordlagt seg
slik eller slik.
Av Jon Peder Vestad.
Lagt ut på nettet 18. oktober 2001
|