| Nynorskbruk
hos radiojournalistar i NRK 1960-1998
Det er mye som har
skjedd med nyheitsproduksjonen i alle medium sidan 1960. Det er blant anna
kortare tid mellom produksjon og formidling, det finst fleire stoffkjelder, og
det er meir konkurranse. Og det er vel også naturleg at språket i nyheitene
kan ha forandra seg.
Innleiing
Eg har analysert
bruken av nynorsk i nyheits- og aktualitetssendingar i tre periodar frå 1960
til 1998, og ser nokre tendensar som eg vil presentere og prøve å forklare.
Problemstillinga har vore denne: Kva gjer nynorskbrukande journalistar med
skriftspråket nynorsk når dei bruker det som tale, og korfor gjer dei dette?
I denne samanhengen vil eg leggje mest vekt på den siste delen av
problemstillinga, og særleg på kva journalistrolla kan ha å seie for språkbruken.
I nokre år har eg
arbeidd med doktorgradsprosjektet ”Når skrift er tale”, der nynorsk i
etermedia er det sentrale. På medieforskarkonferansen på Island i 2001 la eg
fram resultat frå ei stor spørjeundersøking blant journalistar i radio og
fjernsyn, der målet var å finne haldningar knytte til språk hos
journalistar som bruker nynorsk eller bokmål. Eg låner fritt det eg behøver
frå islandsinnlegget.
Bakgrunn og
teoretisk grunnlag
I samband med språkbruk
i etermedia blir det ofte snakka om normaltalemål, normalisert språk
og språknormal. For å unngå assosiasjonar til ’normalt’ og
’unormalt’, har eg valt å bruke omgrepa talenorm og normert språk
– i betydninga tale retta etter ei skriftleg norm. Det normale i
Noreg er å snakke dialekt (jf. også Lomheim 1996:109). Ja, vi snakkar
dialekt alle, og desse dialektane liknar i større eller mindre grad skriftspråka
og dei talenormene som rettar seg etter skriftspråka. I Noreg er bruk av
unormerte dialektar akseptert i offentlegheita – men ikkje nødvendigvis
likt av alle.
I nyheitssendingar i
NRK har det heile den tida eg har undersøkt funnest pålegg om at
medarbeidarane skal følgje ei talenorm som rettar seg etter reglane for
skriftspråka bokmål og nynorsk. I dei kommersielle allmennkringkastarane er
ikkje dei språklege rammene like klare, og også i NRK kan vi oppleve
nyheitsinnslag på dialekt. Men reglane er likevel klare: I nyheitsbulletengar
og i blokker (referat) skal journalistane halde seg til den grammatikken og
det ordtilfanget som hører til målforma deira. I skuleverket blir det ikkje
gitt noka opplæring i normert tale utover det kvar enkelt lærer seg når dei
må lese høgt.
Når dei språklege
rammene for journalistane er så tydelege, blir mulege avvik frå
reglane interessante. Eit blikk til teorigrunnlaget eg arbeider ut frå, kan
klargjere dette.
Dette er eit
sosiolingvistisk arbeid der eg blant anna byggjer på teorien om språk som
identitetshandling (Le Page/Tabouret-Keller 1985). Denne
forklaringsmodellen er utarbeidd legg vekt på at gjennom språkbruk viser ein
kven ein er, kva for posisjon ein har i forhold til samtalepartnarar, kven ein
identifiserer seg med og vil vere lik, osv. Dernest støttar eg meg til sosial
identitetsteori (Hogg/Abrams 1989), ein sosialpsykologisk teori om
identifikasjon i, gjennom og mellom grupper ved hjelp av språk. Språket er
eit identitetsmedium og eit middel til å syne tilhørigheit til visse
fellesskap og avstand til andre. Språkdrag som bryt med forventa eller
obligatorisk språkbruk, kan dermed vere symptom på at andre lojalitetar
eller identitetsuttrykk har gjennomslagskraft.
Språksituasjonen
i Noreg
Det kan vere
vanskeleg å forklare språksituasjonen i Noreg for folk frå andre land, men
det er nødvendig å gjere det. Bokmål og nynorsk er dei to normerte
skriftspråksvariantane av norsk, og dei blir kalla målformer. Bokmål
og nynorsk er gjensidig forståelege, og nynorsk er i bruk av ca. 14 prosent
av folket, dvs. mellom ein halv million og 6-700 000 av eit folketal på 4, 5
millionar (www.riksmalsforbundet.no/gallup.html). Språkformene er offisielt
likestilte og kan i teorien brukast over heile landet og til alt.
Språklege
parallellar til forholdet mellom bokmål og nynorsk har vi mellom serbisk,
kroatisk og bosnisk (Price: 34, 423 mm; Trudgill 1997:157), valencisk og
katalansk (Price:53), kanskje også bulgarsk og makedonsk (Price:315; Trudgill
1992:17). Dette er alle eksempel på at kva som blir rekna som eit språk, er
styrt av politikk og kultur, meir enn av reint språklege forhold.
Konstitusjonelt kan forholdet mellom dei to norske målformene kanskje
samanliknast med irsk og engelsk i Irland, og svensk og finsk i Finland.
Bortsett frå elevar med andre morsmål enn norsk, må alle lære både bokmål
og nynorsk i skulen, med ei avgrensa undervisning i den andre målforma -
sidemålet.
Nynorsk har eit
kjerneområde i dal- og kystområda i Sør-Noreg der språkforma er relativt
mye brukt. Utanfor kjerneområdet er innslaget av nynorsk varierande – ofte
fråverande utanom skuleverket og i riksmedia. I etermedia blir både bokmål,
nynorsk og dialekt brukt på lufta. NRK har krav på seg om å sørgje for at
minst 25 prosent av ordsendingane er på kvar av målformene, og dette
kravet skal først og fremst sikre at nynorsken blir brukt. Dei andre
riksdekkjande etermedia har ikkje noko slikt krav, men har likevel
medarbeidarar som bruker nynorsk på lufta. NRK greier ikkje fylle
25-prosentskravet, og i 2001 var det 21,4 prosent nynorsk i radio og 12,0
prosent i fjernsynet – vel å merke etter at dialektbruk blei delt likt
mellom målformene (www.ssb.no:
Kulturstatistikk). Det er i nyheiter i riks- og distriktsprogram at nynorsken
blir brukt mest.
Nynorsken
– representert ved det vi kallar målrørsla - har blitt sett på som
ein del av ein motkultur. I denne motkulturen har ein funne
”konservative”, pietistiske organisasjonar, kamp mot alkohol og for
tradisjonelle verdiar; seinare også for ein aktiv distriktspolitikk og
motstand mot sentralisering, kommersialisering, EU osv. Bokmålstradisjonen
har på si side vore oppfatta som meir urban og moderne. Denne motkulturen i
nynorsktradisjonen kan ha styrkt banda mellom brukarar og språk. I ein
nordisk samanheng kan vi finne parallellar i omgrep som ’Svenskfinland’ og
’Sapmi’, som ber i seg riksdekkjande sosiokulturelle dimensjonar ved sida
av det geografiske.
For
ordens skuld må eg nemne at eg har vore språkkonsulent for nynorskbrukarane
i NRK sidan januar 2000. Dette oppdraget fekk eg etter at eg begynte med
forskingsprosjektet.
Journalistane og
språket
Den norske språksituasjonen
har gjort at dei som bruker nynorsk, er klare over og stadig blir minte om at
dei bruker ei anna målform enn den dominerande. Det er naturleg å tenkje seg
at dei som arbeider med nynorsk som reiskap og resultat, nynorskjournalistane,
er ekstra språkbevisste. Tal eg la fram på Island, bekreftar dette. Det vil
også seie at dei som bruker nynorsk kan rekne seg som ein del av eit
språkleg, førestelt fellesskap (jf. Benedict Anderson). Det å snakke
normert bokmål eller bokmålsnært er vanlegare og dermed mindre markert, og
det har dominert i norske etermedium sidan 1925. Bokmålsnært talemål har
dessutan eit sosialt og geografisk sentrum i Oslo og enkelte sosiale miljø på
Austlandet. Nynorsk har ingen slik base.
I
det materialet eg la fram på Island, såg eg at det var færre frå høgare
sosiale lag og fleire med bonde- og arbeidarbakgrunn blant nynorskjournalistar
enn blant dei som soknar til nynorsken. Materialet var frå 2000, og fortel
ikkje nødvendigvis om den sosiale bakgrunnen til dei journalistane som var på
lufta på 1960-talet. Sidan nynorsk har eit kjerneområde, kan vi også seie
at nynorskbrukarane i stor grad kjem frå bygder og industristader i innlandet
sørpå og langs kysten i Noreg sør for Trøndelag. Eg nemner dette fordi
sosial og geografisk bakgrunn kan tenkjast å påverke språkbruk. Det
geografiske råderommet for nynorsk har vore relativt stabilt i det tidsrommet
eg har tatt for meg.
I 1960-åra var det
ennå uvanleg å ha journalistutdanning, og mange blei rekrutterte frå
Universitetet i Oslo. Det meste blei sendt frå hovudstaden, og det var og er
berre eit par hundre meter frå universitetsområdet Blindern til NRK-senteret
på Marienlyst. Det fanst ei journalistutdanning i Noreg på
1960-talet, og i 1998 fanst det fem høgare toårige journalistutdanningar.
Det har skjedd ei profesjonalisering av journalistyrket desse fire tiåra.
Materialet
Eg har undersøkt
nynorsken som er brukt i nyheits- og aktualitetssendingar i NRK på
1960-talet, i 1982 til 1984 og 1998. I materialet finst det 4 ½ time med
tekst, og 56 journalistar med nynorsk arbeidsspråk er med. Grunnen til at
lengda på periodane varierer, er at NRK ikkje lagra nyheitssendingar
systematisk før på 1990-talet. Eg måtte derfor ta omtrent det eg kunne
finne på 1960-talet, samtidig som eg passa på å få eit representativt
utval journalistar med.
Eg har gått gjennom
alle tekstar på nynorsk i materialet og notert språkbruk som ikkje
samsvarer med det som har vore kalla læreboknormalen i nynorsk
(ordforråd, formverk) og med nynorsk språktone og stil. Læreboknormalen har
vore den språknorma som ein har skulla bruke i lærebøker og i offentleg
administrasjon. Utanfor læreboknormalen finn vi såkalla sideformer,
altså ord- og bøyingsformer som er tillatne, men ikkje i offentlege
samanhengar. Somme av desse sideformene er konservative og har røter i ein
eldre nynorsktradisjon, andre sideformer er identiske med bokmålsformer.
Både
bokmål og nynorsk har vore gjennom revisjonar frå 1960 til i dag, men i
hovudsak har språknorma vore stabil fram til tusenårsskiftet. I tillegg har
NRK hatt språkreglar som har endra seg noko frå 1960 til 1998, men ikkje
slik at det har påverka rammene for nyheitsspråket i nemneverdig grad.
Om
metoden
Lydmaterialet er
dels behandla under eitt, periode for periode, dels har eg dykka ned i delar
av materialet. Eg
har undersøkt om det kan finnast tendensar til forskjellar i språkbruk som
er knytte til eigenskapar ved dei journalistane vi hører på opptaka. Her har
eg skilt mellom NRK-folk med språkleg bakgrunn i og utafor dei nynorske
kjerneområda, dei med arbeidsplass på NRK-senteret på Marienlyst i Oslo og
dei som arbeider i distrikta, og mellom kvinner og menn. Eg har ikkje sett opp
eigne hypotesar om dette. Fordi det her er snakk om å sjå på språkbruk i
eit avgrensa tal innslag, kan ikkje desse resultata syne anna enn tendensar
i materialet.
Avvikande funn er
systematiserte etter om dei kan samsvare med bokmål, med dialekt eller
med nynorsk. Dette har vore eit omstendeleg arbeid, og eg skal ikkje plage
folk med alle vanskane eg har hatt. Eg vil berre presisere at det ikkje ligg
noko nedvurderande i det at eg bruker ordet ’avvik’, - det er eit ord som
viser at noko ikkje samsvarer med den språklege malen som ein skulle
vente av språkbruken i den gitte situasjonen. Avvika frå den nynorske læreboknormalen
er delte i tre kategoriar: Avvik i ordforråd (”forbodne” ord), avvik i
formverk og avvik i språkstil. Eg har vidare sett etter om avvika kan
”peike i retning av” bokmål, nynorsk eller dialekt. Med det meiner eg at
det aktuelle språkfunnet, som altså er eksempel på regelstridig språkbruk
målt ut frå nynorsken, kan innehalde element som viser likskap eller
samanfall med bokmål og dialekt, eller har preg av nynorsk.
Dette vil eg
problematisere. Det er ikkje utan vidare gitt at ein formuleringsmåte som
bryt med læreboknormalen for nynorsk kan peike i retning anten nynorsk, bokmål
eller dialekt. Sidan skriftspråknormene i kvar periode har vore ganske
stabile, kan ein likevel dele funna inn etter om dei mest sannsynleg
kan vise eit visst samsvar med bokmål eller nynorsk, eller ikkje. Eit
formsamanfall med bokmål er heller ikkje noko bevis for at bokmålet ligg
bak. For eksempel inneheld materialet normstridige verb- og substantivbøyingar
av typen snakker, verner; fanfarer, statsråder, møter – former som
også samsvarer med talemål i nynorskområde. Eg har ikkje kunna kontrollere
kva bøying dei ulike orda kan ha i talemåla til dei medarbeidarane som er å
høre på opptaka, men veit at mange av normavvika samsvarer med både bokmål
og dialektar. I alle tilfelle fortel denne typen avvik at nynorsknorma
som system ikkje har hatt gjennomslagskraft.
Når sideformer er
identiske i nynorsk og bokmål (’bygge’), reknar eg dei som bokmålsprega,
medan sideformer som vi ikkje finn igjen i bokmålet (’umoglig’),
peikar mot nynorsk. Ordlån og andre funn som er tilpassa nynorsken i bøying
og form, er jo i utgangspunktet avvik frå nynorsken, og dei kan ofte peike i
retning av bokmålet. Men fordi desse funna er tilpassa nynorsken,
representerer dei ikkje noko prinsipielt brott med nynorsken som målform.
Fordi
dette gjeld den mest regelstyrte av all munnleg norsk språkbruk, blir avvika
så interessante. Kva kan dei fortelje oss om språkbrukarane, og om språknorma?
Analysebakgrunn
og hypotesar
Utgangspunktet mitt
er at det nynorske nyheitsspråket i NRK har vore prega av utviklingstrekk i
språk og samfunn utafor institusjonen.
På 1960-talet var
dialektbruk lite akseptert i NRK, som i offentlegheita elles. På 1970-talet
slo ei dialektbølgje inn over landet, samtidig som NRK bygde ut eit nettverk
av distriktskontor. Fram til 1981 gjekk den offisielle språkpolitikken i
Noreg, med NRK som ein reiskap, ut på å føre bokmål og nynorsk nærmare
kvarandre. Mange ord som tidlegare berre var lov å bruke i bokmål, blei
godtatte i nynorsken. Dette har halde fram til tusenårsskiftet, og ein del
har meint at nynorsken har blitt ”bokmålisert”, andre at nynorsk har for
strenge rammer for ordforrådet. Da kampen for dialektbruk stilna på
1980-talet, var eitt resultat meir liberale reglar for bruk av dialekt i NRK.
Dei siste åra har dialektbruk blitt meir nedvurdert igjen. Dette kan ha
styrkt bokmålet både som talenorm og som underbevisst språkleg mønster.
I NRK har det
funnest ei oppfatning heilt frå 1934 om at ein ikkje skal bruke språket til
å provosere, og både nynorsk- og bokmålsbrukarar har blitt bedne om å unngå
dei mest konservative eller minst brukte orda og formene i målformene sine
(Dahl/Bastansen:258). Eg har ønskt å undersøkje om dette har blitt følgt
opp. Og fordi nynorsken har eit tyngdepunkt på Vestlandet, grovt sagt mellom
Stavanger og Molde, har det vore muleg å tenkje seg ein slags
sentrum-periferi-dimensjon i nynorsken. Hypotesane har blant anna vore:
- Det
er færre norm- og stilbrott i materialet frå den første perioden enn frå
dei to andre.
- Det
er fleire dialektdrag i materialet frå dei to siste periodane enn frå
den første.
- Det
er meir bokmålspreg i språkbruken frå den siste perioden enn frå dei
to andre.
4.
Det finst eit sett uskrivne reglar for kva slags nynorsk ein ikkje må
bruke på lufta.
5.
Nynorsken til journalistane frå Vestlandet er mindre prega av bokmål
enn snittet.
Resultata
Gjennomgangen
min av språkbruk som bryt med nynorsknorma (normbrott, språkavvik) i
nyheits- og aktualitetssendingar frå 1960-talet, 1982-84 og 1998 viser dette:
Drag
som kan peike mot bokmål:
1. per. 2.
per. 3. per.
SUM
119 129
133
Prosent
av funna
73,0 54,0
61,3
Drag
som kan peike mot nynorsk:
SUM
24
41 54
Prosent av funna
14,7 17,2
24,9
Drag som kan
peike mot dialekt:
SUM 20
69
30
Prosent av funna
12,3 28,9
13,8
Den største delen
av dei språkavvika eg har registrert, er identiske med bokmålet eller kan
peike i retning av bokmålet. Trass i at det finst klare variasjonar også
her, ser bokmålet ut til å vere den sterkaste kjelda til normavvik i nynorsk
normert tale. Analysen av opptaka frå 1982-84 fortel at dialektpreget var
sterkare da enn i dei to andre periodane. I den siste perioden kan ein klart
større del av avvika enn i dei to første peike i retning av nynorsken, trass
i at det altså er tale om språkbruk som bryt med norma. Det kan for eksempel
vere at ein har lånt inn ord frå bokmålet, men bøygd dei etter mønster frå
nynorsken.
Dykka ned i materialet på
enkeltpunkt viser dette:
*
Dei NRK-journalistane som ikkje kjem frå det nynorske kjerneområdet på
Vestlandet, har eit større innslag av nynorskprega språkavvik i dei
normbrotta som er registrert. Omvendt ser vi at journalistane frå Vestlandet
har eit noko tydelegare innslag av dialektformer i språkføringa si. Dette er
eit resultat som overraskar. Bokmålsinnslaget er stabilt.
* Det kan sjå ut
som om journalistar som arbeider i miljøet på Marienlyst, har fleire
språklege avvik som ber preg av nynorsk enn dei som er ved distriktskontora.
Det kan også verke som om distriktsmedarbeidarane har eit større innslag av
normbrott som samsvarer med talemål.
*
Det ser ut til at kvinnene i materialet har litt færre avvik som kan peike
mot bokmål og litt fleire som kan samsvare med talemål enn mennene. Tala er
små, og funna ikkje signifikante.
Funn frå spørjeundersøkinga
Her finn eg det
naturleg å hente fram resultat frå dei to spørjeundersøkingane eg gjennomførte
i 2000. Redaksjonelle medarbeidarar i radio og fjernsyn med nynorsk som
arbeidsspråk var med i hovudundersøkinga, og eit tilsvarande tal bokmålsjournalistar
svarte på eit mindre omfattande spørjeskjema med mange av dei same emna.
Mange av svara viser samsvarande resultat, der bruk av målform er uvesentleg.
Langt på veg kan vi gå ut frå at svara frå 2000 kan samsvare med dei
haldningane journalistane eg har lytta til frå 1998 hadde.
Vel åtte av ti
meiner at språkreglar er svært eller ganske viktig for språkbruken
deira. Om lag sju av ti meiner at eiga språkkjensle (språkfølelse)
og eigen dialekt er svært viktig for det språket dei bruker på
lufta. Det ser ut til at journalistane ikkje ønskjer ei for stram språknorm,
dei har tvert om eit liberalt språksyn. Åtti prosent ønskjer at norma for
talt bokmål og nynorsk skal vere vid og rettleiande, seksti prosent er
tilhengjarar av tilnærming mellom bokmål og nynorsk, og like mange synest ikkje
at valfridommen i målformene er for stor. Kanskje journalistane tenkjer at jo
strengare norma er, jo lettare er det å gjere feil. Ein annan grunn til dette
liberale synet kan vere at meir reindyrka språknormer kan gjere avstanden
mellom arbeidsspråk og dialekt større, slik at det også kjenslemessig
kan bli vanskelegare for ein del å snakke normert.
På ganske mange
punkt er det likevel skilje mellom synspunkta til nynorsk- og bokmålsjournalistane.
Medan kvar fjerde spurde bokmålsbrukar svarer nei på eit spørsmål om det
er viktig å bruke bokmål for dei, er det berre knappe seks prosent av
nynorskbrukarane som meiner dei same. 88 prosent av nynorskbrukarane svarer ja
på spørsmålet, mot knapt 63 prosent av bokmålskollegaene. Det same skiljet
går igjen i fleire svar. Eg bad informantane ta stilling til to påstandar.
Den eine var ”Eg er kry av å vere nynorsk-/bokmålsbrukar”, og dette var
over 75 prosent av nynorskbrukarane heilt eller ganske einige i, mot 21,6
prosent av bokmålsbrukarane. På ein påstand om at identiteten ein har som
nynorsk- eller bokmålsbrukar var sterk, svarte nesten 80 prosent av at dei
var heilt eller ganske einige. Nøyaktig 50 prosent av bokmålsbrukarane er
heilt eller ganske einige i påstanden.
Det er langt
viktigare for dei som bruker nynorsk å vise kor dei kjem frå i landet
enn for dei som bruker bokmål. For om lag seksti prosent av nynorskbrukarane
er dette viktig, medan under førti prosent av bokmålsbrukarane fortel det
same. Spørjeundersøkinga viser også at eit klart fleirtal av norske
journalistar meiner at det normerte språket dei bruker blir prega av dialekt.
For dei
journalistane som var med i spørjeundersøkinga framstår nynorsken som noko meir
enn eit kommunikasjonsmiddel, og eg ser spor av eit førestelt fellesskap
basert på bruk av nynorsk. Over 54 prosent av nynorskbrukarane har ei svært
sterk eller ganske sterk samkjensle (samhørigheit) med andre nynorskbrukarar
i etermedia (spm: I kva grad føler du ei slags samkjensle med andre
journalistar som bruker nynorsk?), medan resultatet på bokmålssida er
knapt 13 prosent. Men like haldningar på ei rekkje punkt fortel også at
journalistyrket gir dei eit anna fellesskap.
Går vi til den sosiale identitetsteorien, kan vi seie at informantane
viser ein sosial identitet som journalistar. Omgrepet ’sosial
identitet’ kan vi forklare som at eit enkeltmenneske har kunnskap om at det
tilhører visse sosiale grupper eller fellesskap, samtidig som at
medlemsskapen i dette fellesskapet har ei viss kjenslemessig vekt og ein viss
verdi for dei (Hogg/Abrams 1989:7, etter Tajfel 1972) – dei ønskjer å tilhøre
fellesskapet.
Hypotesane målte
mot resultata
Tilbake til analysen
av opptaka. Den første hypotesen, ”det er færre norm- og stilbrott i
materialet frå den første perioden enn frå dei to andre”, blei delvis
bekrefta, fordi det også viser seg at det prosentvise innslaget av
stilavvik var større i materialet frå 1960-talet enn i dei to neste
periodane. Bokmålspreget gjorde meir av seg i denne perioden samanlikna med
normbrott i ordforråd og formverk.
Hypotese nummer to
stemte også delvis: Det er fleire dialektdrag i materialet frå dei to
siste periodane enn frå den første. Det gjeld i tal, sidan
dialektinnslaga prosentvis var på omtrent same nivået både i materialet frå
1960-talet og 1998. Den tredje hypotesen, ”det er meir bokmålspreg i språkbruken
frå den siste perioden enn i dei to første”, speglar også at materialet
viser ulike tendensar. I talet på avvik var det flest tilfelle av
avvik i materialet frå 1998, men prosentvis var bokmålspreget størst
i opptaka frå 1960 til 1970. Sidan talet på avvik aukar, medan nynorskpreget
i avvika også blir sterkare i siste delen av det undersøkte tidsrommet, kan
ein også tolke det som om brukarane er meir lojale til nynorsken enn før,
sjølv om altså normavvika er fleire i tal.
Påstanden i
hypotese 4 om at det finst eit sett uskrivne reglar for kva slags nynorsk ein
ikkje må bruke på lufta, er bekrefta. Dette ser ut til å ha ekskludert
konservativ nynorsk frå etermediespråket, og er i tråd med den språklege
linja NRK tidleg la seg på. Den femte hypotesen om at nynorsken til
journalistane frå Vestlandet skulle vere mindre prega av bokmål enn snittet
blei avkrefta. Dei
NRK-journalistane som ikkje kjem frå det nynorske kjerneområdet på
Vestlandet, viser seg å ha eit større innslag av nynorskprega språkdrag i
dei normbrotta som er registrerte. Omvendt viser materialet at journalistane
frå Vestlandet har eit noko tydelegare innslag av dialektformer i språkføringa
si.
Språkbruken
vurdert etter arbeidsstad
Nynorskjournalistane
i Oslo kan vi etter den sosiale identitetsteorien plassere i to inngrupper.
Den eine inngruppa rommar dei som nynorskbrukarar, den andre som journalistar.
I forhold til bokmålsmajoriteten i Oslo har dei kunna sjå seg sjølve som
eit eige, lite språkfellesskap tydelegare enn ute i distrikta, der nynorsken
kan ha stått sterkare og normert bokmål har vore mindre brukt. I forholdet
til bokmålsbrukarane i Oslo kan dei ha følt målforma som truga, og dermed
som noko ein har måtta verne om (jf. Le Page/Tabouret-Keller:236). Tilknyting
til eit nynorskspråkleg fellesskap på Marienlyst har lagt visse språklege
band på dei, og dei kan også ha opplevd at ein viss type normrett nynorsk
har gitt meir prestisje og vore meir attraktiv enn meir dialektprega nynorsk.
Dette har auka avstanden både til ei utgruppe av bokmålsbrukarar på
Marienlyst, og til medarbeidarar i distrikta. Konsekvensen er at nynorsken til
Oslo-medarbeidarane har vore noko meir fokusert, altså samla om norma,
enn hos dei som har halde til ved distriktskontor.
Det forklarer ikkje
bokmålspreget i språkavvika til nynorskbrukarane i NRK sentralt
på 1960-talet. Eg trur at vestlendingane som eg har hørt i materialet
frå 1960-talet har eit såpass sterkt bokmålspreg i nynorsken sin fordi dei
arbeidde i Oslo, ikkje fordi dei var vestlendingar. Her kjem den andre
inngruppa til – den journalistiske. I journalistmiljøet på Marienlyst har
bokmålet har dominert, og også sannsynlegvis hatt høgare prestisje.
Nynorskbrukarane har dermed vist at dei er nynorskfolk, men samtidig har dei
også vore klare over at nynorsk kan bli sett på som noko sært og avvikande.
Det har gjort det vanskeleg og truleg heller ikkje ønskeleg å bruke ein del
av det repertoaret nynorsken byr på. Dette har dei valt bort til fordel for
språkdrag som kan førast attende til bokmålet, og vist eksempel på ei viss
språkleg tilpassing (Hogg/Abrams:198). Underforstått syner dette ein annan
identifikasjon som journalistar i det bokmålsprega Oslo-miljøet. Vi
kan seie det slik: Nynorsken på Marienlyst (Oslo) er eit resultat av
spenninga mellom inngruppe-identitetane som nynorskjournalist på Marienlyst
og Oslo-journalist.
Språkbruken
vurdert etter geografisk bakgrunn
Det kan vere
vanskelegare å forklare korfor dialektpreget ser ut til å vere sterkare hos
dei nynorskjournalistane som ikkje kom frå Vestlandet i materialet frå
1960-åra. Dei har faktisk også tydelegare dialektpreg enn kollegaene frå
same område på 1980-talet. Her er det nødvendig å sjå nærare på
samspelet mellom geografi og identitet.
På 1960-talet kan
nynorskbrukarane frå andre landsdelar enn Vestlandet bli oppfatta som ei
inngruppe, og dei ønskte å markere språkleg avstand til det nynorske
tyngdepunktet på Vestlandet. Avstanden til ”vestlandsnynorsken” blei vist
ved at dei (ikkje-vestlendingane) brukte fleire dialektformer på 1960-talet.
Men dette kan også vere eit utslag av ulike syn på kor dialektprega
eit normert talespråk kunne vere.
I opptaka frå
1982-84 er det derimot vestlendingane som har mest dialektpreg i nynorsken
sin. Regionale eller lokale identitetar kan ha vore så sterke på 1980-talet
at journalistane da lettare kunne tillate seg å bryte med den skriftnære og
normrette nynorsken som fanst på 1960-talet. Vestlendingane blant nynorskfolka kan ha blitt meir prega av
"snakk dialekt, skriv nynorsk"-slagordet som følgde dialektkampen,
og at dei identifiserte seg tydelegare med oppvekstregionen. Vestlandske språkdrag
hadde fått høgare prestisje for vestlendingane som inngruppe, og blei dermed
nytta som identitetsmerke i det normerte talespråket. Ikkje-vestlendingane
har derimot i større grad valt å identifisere seg med nynorsknorma. Det å
bruke nynorsk med eksempelvis eit austlandspreg kan ha blitt opplevd som
vanskelegare, både fordi nynorsken nå kan ha blitt oppfatta meir som eit
vestlandsmål, og at austlandsprega språkavvik ville verke meir avvikande enn
tilsvarande avvik med vestlandsstempel. For dei som ikkje kom frå Vestlandet
og brukte nynorsk, har det dermed vore enklast å samle seg om nynorsknorma. I
valet mellom å syne regional identitet og ein nynorsk identitet har dei valt
det siste.
Rolla til
distriktskontora
Oppbygginga av
distriktskontor i NRK-systemet ser også ut til å ha hatt konsekvensar for
utviklinga av den talte nynorsknorma. På 1980-talet hadde NRK fått mange
distriktskontor, og det skapte arbeidsplassar i NRK for fleire journalistar
med nynorsk arbeidsspråk. I materialet frå 1982-84 ser eg at journalistane
frå kjerneområda på Vestlandet og dei som arbeidde ved distriktskontor har
same tendens til å snakke nynorsk med eit visst dialektpreg og med mindre
nynorskpreg. I nokon grad er det også dei same journalistane vi finn i desse
to gruppene. Funna
frå 1982-84 og 1998 syner ein heilt klar tendens: Det er dialektpreget
og ikkje nynorskpreget som blir styrkt hos medarbeidarane ute på
distriktskontora, særleg i materialet frå 1982-84.
Nynorskjournalistane ved
distriktskontora identifiserer seg med distrikta gjennom språkbruken sin.
Inngruppe-kjensla som nynorskbrukar og tilknytinga til eit muleg førestelt
overregionalt nynorsk fellesskap blir svekt. Omvendt ser det ut til at base på
Marienlyst dempar dialektbruken og kan styrkje tendensen til at når ein først
bryt med nynorsknorma, blir avvika likevel tilpassa nynorsken.
Dei
interne språkreglane til NRK både frå 1982 og 1996 oppfordra journalistane
til å velje talemålsnære former innanfor målformene når dei snakka
normert. Talemålsinnslaget ser ut til å minske både bokmåls- og
nynorskpreget i språkbruken til distriktsmedarbeidarane i båe dei to siste
periodane, 1982-84 og 1998. Samtidig har dei som arbeider i Oslo fleire
normavvik som kan peike i retning av bokmål og nynorsk. Dette syner at
distriktsmedarbeidarane har mangla det normsenteret som Marienlyst-miljøet
ser ut til å vere for nynorsken i etermedia. Banda til inngruppa som
nynorskbrukarar og til det nynorske fellesskapet har blitt svakare. Samtidig
arbeider dei heller ikkje i eit så bokmålsdominert miljø som Marienlyst er
og har vore, og kan ha følt mindre behov for å markere språkleg avstand til
bokmålet. Det er også muleg at den formelle og uformelle språkpleia ikkje
har vore like streng i distrikta som i NRK sentralt.
Språkbruken i
lys av produksjonsrammene
Det er mye som tyder
på at dialektbølgja på 1970-talet aldri fekk den effekten i nynorskmiljøet
på Marienlyst som i distrikta. Når normbrotta likevel aukar i mengd frå
1960-talet til periodane etter, må vi også komme i hug at medarbeidarane nok
har hatt mindre tid til det stoffet dei har skulla presentere i nyare tid.
Talet på nyheitssendingar har gått opp, og kravet til effektivitet har blitt
skjerpa. Mindre tid til kvar enkelt sak fører også til mindre tid til å
arbeide med språket, og meir direktesending aukar sjansen for at både ordval
og bøyingsformer ikkje samsvarer med reglane i nynorsk. Dette kan vere ei årsak
til at bokmålspreget blir sterkare igjen i materialet frå 1998, da NRK radio
hadde sterk konkurranse og høgt press, ikkje minst på folk i
nyheitsredaksjonane. Det gjer det ikkje mindre interessant at også
nynorskpreget på avvika frå nynorsknorma auka frå 1982-84 til 1998.
Vi må heller ikkje
glømme at det er vanleg å ta over tekstar som andre kollegaer har skrive.
Det er fleire tilsette i redaksjonane nå enn på 1960-talet, og stoffet går
gjennom fleire ledd. Det vil seie at tekstar som er skrivne på bokmål, kan
bli ”skrivne om” til nynorsk på direkten, eller får ei mangelfull
nynorsk språkdrakt: Språkfeil blir arva frå ein medarbeidar til ein annan,
og hamnar på lufta på grunn av ei blanding av arbeidssituasjonen og
mangelfull kjennskap til nynorsknorma. Dette kan vere ei årsak til ein del av
tilfella av normstridig språkbruk vi ser i materialet, særleg frå dei to
siste periodane.
Språkbrukarane
og dei språklege rammene
Frå ein normrett
nynorsk, rett nok med tydelege innslag av det vi kan rekne som bokmålsstil,
ser vi i periodane 1982-84 og 1998 eit nynorsk nyheitsspråk med større
variasjon både i ordval og formverk. I tida etter 1970 kan det ha blitt
tydelegare formidla korleis ein ”bør” ordleggje seg på nynorsk, og at
norma dermed har blitt meir fokusert. Dette har svekt bokmålspreget i
stilvalet, samtidig som dialektbølgja har vore med på å føre tonen nærare
ein munnleg og muleg ideell nynorsk stil. Nyheitsspråket har slik sett
blitt meir folkeleg.
Det er særleg
interessant å sjå at normbrotta i større grad kan peike i retning av
nynorsk i 1998 enn i perioden før. Sjølv om dialektbølgja var borte på
1990-talet, har ho nok fått varige konsekvensar. Dialektbølgja opna for ei
sterkare individualisering av utforminga av normert tale, anten det var
dialektpreg, personleg smak eller båe delar som blei resultatet. Det kan ha blitt vanskelegare å vite kva som låg innanfor
den aksepterte nynorsknorma, og kva som låg utafor – trass i at dialektbruk
ikkje har vore godtatt i nyheitssamanheng anna enn i intervju i sendingar
etter 1996. Det var faktisk etter at det på nytt hadde blitt vanlig å
harsellere med dialektar igjen. Tendensen til at ”språkfeila” trass alt følgjer
eit nynorsk form- eller bøyingsmønster, kan dermed komme av a) mangelfull
språkkunnskap, b) ønskje om å forme sitt eige språk etter eigen dialekt
eller eigen smak, eller c) ein ”kritisk solidaritet” med nynorsken, der
ein vel bort det ein ikkje liker.
Da dialektbølgja
hadde stilna, styrkte det skriftspråka som normmønster for normert tale,
samtidig som eit dialektpreg var blitt vanlegare i normert tale. Det ser ikkje
ut til å vere like viktig på slutten av 1990-åra å markere noka regional,
språkleg tilhørigheit, men den individuelle retten til å prege normert tale
sit igjen. Og - det kan ha blitt lettare å sjå seg sjølv som medlem
av ei nynorsk inngruppe, eit nynorsk fellesskap, enn det var på 1980-talet,
og det har dermed styrkt nynorskpreget i normbruken.
Språkbruken som
identitetshandling og sosial markør
Dei analysane eg har
gjort, kan ikkje fortelje noko om identifikasjon eller ikkje-identifikasjon
med nynorsken og kampen for nynorsk - målreisinga - på individplan. Eg vil
likevel prøve å dra opp nokre linjer.
Nynorsken i NRK har
gått frå å vere etter måten fokusert på 1960-talet, til å bli meir
variert og dermed diffus i materialet frå 1982 til 1984. På 1980-talet var
talemåla vurderte meir positivt enn 15-20 år før, og dermed var det lettare
for nynorskbrukarane å syne identifikasjon med talemåla også når dei
brukte eit normert talemål. I 1998 ser vi at tendensen til fokusering er
sterkare, - ein god del av dialektinnslaga er forsvunne. Da var dialektbølgja
borte og terskelen til å syne ein dialektprega språkleg identitet høgare..
Etter teorien om språk
som identitetshandling syner dei journalistane i opptaka frå 1960-talet under
eitt i stor grad lojalitet med nynorsknorma. Dei var representantar for
nynorsken, medlemmer av ei nynorsk inngruppe og prega av språkmiljøet på
Marienlyst meir enn dei var enkeltmenneske som forma sitt eige språk. Det
betyr likevel ikkje at dei unnlet å farge språket sitt etter sin eigen språklege
bakgrunn, men dette preget er svakare enn i dei to neste periodane. Mellom
anna er lojaliteten mot norma tydeleg i pronomenbruken, der berre èin bruker
det personlege pronomenet 'me' (’vi’), som var sideform på 1960-talet.
Vi
ser ei endring på dette punktet i materialet frå 1980-talet. Her er
lojaliteten overfor nynorsknorma langt på veg dytta til sides av ein lokal
eller regional identitet. Dialektdraga er mange, og språkbruken meir tilpassa
kvar enkelt medarbeidar. Den regel- og konvensjonsbundne nynorskbruken i NRK
er møtt av ønske om individuelle, språklege markeringar. Dialektbølgja og
bruk av nynorsk var ein del av ei motrørsle som voks fram som konsekvens av
det som blei opplevd som sentralisering og Oslo-dominans. I materialet frå
1998 snur dette noko igjen, utan at NRK-journalistane viser same type
lojalitet overfor nynorsken som kollegaene deira gjorde på 1960-talet. Den
individuelle fridommen kan vi sjå i val av ord som bryt med nynorsknorma,
medan lojaliteten til nynorsken blir vist gjennom at brukarane oftare
tilpassar låna nynorsken. Nynorsken har blitt noko meir fokusert att. Det at
nynorsken trass i prosentvis tilbakegang i samfunnet har fått ein meir sjølvsagt
plass og lengre tradisjonar i media, kan ha vore med på å gje nynorsken i
etermedia ei fastare norm, han har blitt meir institusjonalisert (Le Page/Tabouret-Keller:187).
Målforma kan også ha blitt sosialt meir oppvurdert av eigne brukarar på
1980- og 1990-talet enn eit par tiår tidlegare, som har blitt omtalt som ein
tung periode for nynorsken.
Det
lokale eller regionale preget i språket ser dessutan ikkje ut til å vere så
viktig i 1998 som det var på 1980-talet. Dette er etter alt å dømme
resultat av eit tilbakeslag for distriktsromantikken som fanst i Noreg på
1970- og 80-talet, og av at det er meir akseptert at kvar enkelt kan velje kva
kulturfellesskap ho eller han vil høre til.
Først
på 1960-talet var det mye uro kring språkbruk i samfunnet, og både språkpolitikken
generelt og bruken av nynorsk spesielt var omstridd. Landet var noko meir
splitta språkleg da enn det har
vore seinare – prosentdelen nynorskbrukarar var fleire, men nynorsken hadde
nok dårlegare kår i det offentlege rommet. Grunnen var ei sterkare uttrykt
negativ innstilling til målforma hos leiande samfunnsaktørar som forfattarar
og akademikarar da enn vi har blitt vane med seinare. Nynorsken hadde eit større
geografisk råderom som bruksmål, men samtidig var det truleg også større
sosiale og kulturelle skilje mellom dei sentrale bokmålsområda og
nynorskdistrikta den gongen. Det kosta meir å bruke nynorsk da enn seinare.
Viss vi nå ser på
tida mellom 1960 og 1998 i lys av den sosiale identitetsteorien, kan vi sjå
det slik at nynorskbrukarane har synt sosial mobilitet ved å ta i bruk
fleire språkdrag som har hørt til den dominerande gruppa (Hogg/Abrams:198),
altså bokmålsbrukarane. Enkelte normrette nynorskord og -former har blitt
bytta ut med mindre markerte språkdrag. Dette er ein framgangsmåte som kan
oppfattast som tilslørande av dei som avviser at sosial mobilitet i det heile
er muleg. Men i ein norsk samanheng ser det ut til å stemme. Samtidig kan
nynorskbrukarane også syne til sosial endring som strategi, kanskje
meir bevisst. Ved å byggje ut og forsterke posisjonar der nynorsk kan
brukast, har både nynorsken og brukarane fått høgare prestisje og dermed er
dialekt blitt lettare å bruke i det offentlege rommet. Andre utviklingsdrag
har ført til at det kan ha blitt vanskelegare å bruke nynorsk rett.
Språkbrukarane
som journalistar
Den språkbruken eg
har analysert, er underlagt klare reglar, blir formidla til offentlegheita og
er upersonleg, men likevel ikkje utan personleg preg. Gjennom avvika frå språknorma
fortel nynorskjournalistane noko om seg sjølve.
Frå 1960-talet til
slutten på 1990-talet har det skjedd ei profesjonalisering av
journalistikken. Det finst framleis NRK-medarbeidarar som har livets skule, lærarutdanning
eller universitetsfag som fagleg ballast, men stadig fleire har også fått
journalistutdanning. Det kan ha styrkt identiteten som journalist, og svekt
andre, mulege identitetar, som for eksempel ein identitet som nynorskbrukar. I
journalistutdanningane har det blitt lagt vekt på at journalistspråket skal
vere korrekt osv., men formell språkkunnskap er ikkje det sentrale i
utdanninga. Med åra har rekrutteringsgrunnlaget til yrket blitt breiare, og
programmedarbeidarane har også i større grad fått ein journalistisk og
ikkje språkleg spisskompetanse. Dette kan ha gjort mange av dei nynorske
stemmene i NRK mindre merksame på det språklege ved virket sitt, og
evna til å oppdage språklege blunderar har blitt svekt. Samtidig legg dei
journalistiske språkideala stor vekt på at ein skal vere forståeleg og
klar, og det kan ha ført til at enkelte språktrekk som nynorsken ikkje deler
med bokmålet, har blitt valde vekk. Det må leggjast til at journalistane har
følgje av andre grupper språkbrukarar i det å bryte språkreglar meir enn før.
Det er også muleg
å sjå det slik at journalistane frå 1960-talet og 1998 syner lojalitet med
nynorsknorma meir enn dei vi finn i opptaka frå 1982-84, men at dialektbølgja
likevel har rive ned det skiljet som etter reglane har skulla finnast mellom
ordforrådet i bokmål og nynorsk. Ein muleg sterkare identifikasjon som
journalist med eigne, yrkesbestemte språkideal kan styrkje dette. Derfor kan
journalistane i materialet frå 1998 bruke dei orda dei synest dei vil bruke,
medan kollegaene på 1960-talet valde ord innafor nynorsknorma fordi dei følte
dei måtte.
Eg trur det kan vere
relevant å sjå på profesjonaliseringa av journalistikken som ein sentral
forklaringsfaktor for den utviklinga funna frå 1998 vitnar om. Formelt
korrekt språkbruk kan ha vore tydelegare formidla som ideal tidlegare, men
har med tida har blitt underordna meir journalistiske språkideal. Samtidig er
dialektbølgja borte, og det er ikkje så viktig å framstå med
bestemte geografiske røter. Det er lettare å ”gjømme” seg i språket
igjen, rett nok med avvik, mange avvik, men dei bryt ikkje med nynorsken som målform.
Det særprega nynorske blir samtidig valt bort. I så fall kan vi seie at ein
muleg, men ikkje påviseleg ideologisk identifikasjon med målreisinga, kampen
for nynorsken, er erstatta med ein journalistisk språkleg identitet hos
nynorskjournalistane.
Avrunding
Den nynorsken som eg
har lytta til, syner utvikling og endring på fleire plan. Det tydelegaste er
nok at det finst færrast normbrott i den første perioden, og flest på
1980-talet. Sjølv synest eg det er like viktig at normavvika som på ein
eller fleire måtar kan seiast å syne lojalitet overfor nynorsken, har blitt
fleire.
Problemstillinga mi
var ”Kva gjer nynorskbrukande
journalistar med skriftspråket nynorsk når dei bruker det som tale, og
korfor gjer dei dette?” Svaret
på siste delen av problemstillinga må forenklast i ei slik samanfatting. Det
ser ut til å vere ein tendens til at journalistane hadde ein norm- og miljøstyrt
språkleg lojalitet utan stort individuelt spelerom på 1960-talet. På
1980-talet fann dei rom for ein meir individuell og dialektprega språkidentitet,
som nok også var miljøprega. I 1998 hadde dei ein språkbruk der den
individuelle fridommen levde side om side med ein styrkt lojalitet til
nynorsken, men ikkje nødvendigvis til nynorsknorma. Her er det lojaliteten
til journalisthandverket kjem inn, og kan fortelje noko om det forholdet
journalistar har til språk rundt tusenårsskiftet.
Av Jon Peder
Vestad
Utkast
til innlegg på den 16. nordiske medieforskingskonferansen i Kristiansand
15.-17. august 2003.
Språk og presentasjon er varsamt tilpassa eit ikkje-norsk publikum. Lagt ut
på nettet 30. juni 2003.
Litteratur:
Anderson,
Benedict: Imagined Communities. Reflections on the Origin and Spread of
Nationalism. Verso, London/New York 1991 (1983)
Dahl,
Hans Fredrik og Bastiansen, Henrik Grue: Over til Oslo. NRK som monopol
1945-1981. NRKs historie 3. J.W. Cappelens forlag, Oslo 1999
Hogg,
Michael A. og Dominic Abrams: Social identifications. A social psychology
of intergroup relations and group processes. Routledge, London/New York
1999 (1989)
Le
Page, R.B. og Tabouret-Keller, Andrée: Acts of identity. Creole-based
approaches to language and ethnicity. Cambridge University Press,
Cambridge 1985
Lomheim, Sylfest: Målføra
og nynorsk uttalenorm. Men eigentleg: ”Knus bokmålsveldet – målrørsla!”.
Mål og Makt 1-2/96 (s. 109-119)
Price,
Glanville (red.): Encyclopedia of the Languages of Europe. Blackwell,
Oxford 2000 (1998)
Trudgill,
Peter: The Ausbau – Sociolinguistics of Minority Languages in Western and
Central Europe. I Blom/Graves/Kruse/Thorup Thomsen (red.): Minority
Languages – The Scandinavian Experience. Report 17, Nordic Language
Secretariat, Oslo 1992 (s. 11-20)
Trudgill,
Peter: Norwegian as a Normal Language. I Røyneland (red.): Language
Contact and Language Conflict. Publications from the Ivar Aasen Institute No.
4, Volda College, Volda 1997 (s. 181-158)
Frå Internett:
Språkbruksstatistikk:
www.riksmalsforbundet.no/gallup.html
Norsk
rikskringkasting. Sendetid i radio og fjernsyn, etter målform.
Kulturstatistikk frå Statistisk sentralbyrå: www.ssb.no
Vestad, Jon Peder: Når
skrift er tale. Haldningar til språk hos journalistar i etermedia. Bidrag
til Den 15. nordiske konferansen for medie- og kommunikasjonsforsking,
Reykjavik 2001. http://www.nordmediakonferens.hi.is/papers/seventeen/JPVestad.doc
|