Medieutdanninga i Volda har aldri greidd heilt å bestemme seg for kva slags folk ein skal utdanne på bildesida. Mange studentar har komme hit med ein filmskapar i magen, og vorte skuffa over all journalistikken. På same vis har mange vorte overraska over kor mye vekt det har vorte lagt på film i undervisninga, og har meint at det journalistiske har vorte nedtona. Lett forenkla kan ein seia at dette botnar i eitt spørsmål: skal ein utdanne journalistar eller kunstnarar?
Dette spørsmålet gjeld all praktisk retta medieutdanning, og det rører ved kva journalistikk kan og ikkje kan vera. Utgangspunktet for denne artikkelen er ein lokal debatt om kunst og journalistikk og undervisninga i bildemedia ved Avdeling for mediefag (AMF) i Volda. Likevel meiner eg at diskusjonen vel så gjerne kan gjelde radio- og avis-journalistikk i "den verkelege verda".
Bakgrunnen
Sia 1988 har Høgskulen i Volda (HVO) gitt tilbod om eit tredje
påbyggingsår i dokumentarfilm og fjernsynsreportasje, og i
1993 kom den toårige animasjonsutdanninga i gang. Sjølv om
medieutdanninga også tidlegare har uteksaminert folk som har rekna
seg som filmarbeidarar eller animatørar, har dei to nemnde utdanningstilboda
gjort konflikten mellom journalistikk og "kunst" tydelegare. Ikkje alle
vil vera einige i at det er nokon konflikt her, men all den tid det kjennest
slik for somme, eksisterer det iallfall ein interessekonflikt. Ei anna,
muleg konflikt finst mellom informasjon og journalistikk, men den skal
eg ikkje ta opp her.
Våren 1996 var "kunstkonflikten"
emne for mye debatt via internposten til dei tilsette ved Avdeling for
mediefag. Konflikten var emne for mange samtaler og eit par møte,
og ho fekk følgjer. Det som starta debatten var av alle ting eit
radioprogram.
Dokumentaren og verkelegheita
Frilansaren Richard Viker laga eit montasjeprogram om norsk identitet
som vart sendt i NRK P2 i mai 1996. I dette programmet uttalte Varg Vikernes
(kyrkjebrannstiftaren og drapsmannen "Greven") seg. I seg sjølv
var nok det tungt å svelgja for somme. Det norrønt-nasjonal(sosialist)iske
livssynet hans vart også presentert utan motseiingar, og Vikernes
fann støtte og slektskap hos mellom andre Fritjof Nansen og Bjørnstjerne
Bjørnson... Kulturredaktør Per Egil Hegge i Aftenposten meinte
mellom anna at programmet streid mot injurielovgjevinga, lova om oppmoding
til kriminell handling og lova om rasistiske utsegner (Aftenposten 7.5.
1996). Programmet vart debattert i Kringkastingsrådet - og blant
lærarane på "medielageret" ved Høgskulen i Volda.
Fyrsteamanuensis David Wingate
som var ansvarleg for utdanninga i dokumentarfilm og fjernsynsreportasje
på den tida, og han tok for seg kritikken av programmet i eit brev
til kollegene. Wingate definerte programmet som eit dokumentarprogram,
og meinte at programmet vart kritisert som om det var eit faktaprogram.
Han trudde også at det å stille same krav til dokumentarprogram
som faktaprogram var typisk norsk, og kom av mangelen på dokumentarprogram
i norske medium. Men Wingate hadde meir på hjertet enn å vekkje
kollegene mine og meg: Han pirka borti den plassen det journalistiske faktaprogram-formatet
har hatt i Volda
"som eneste pålitelige
sannhetskilde. --- Den overser hvor historisk relative herskende
"sannheter"
- journalistiske,
vitenskapelige, politiske - viser seg å være i ettertid.
Og viser denne tro på
faktaprogramformen
en farlig ukritisk tiltro til kringkastingsformer som autoritet?"
(brev 7.5. 1996)
I dette brevet skriv Wingate vidare at ei av grunnsetningane til dokumentaren er at verkelegheita er subjektiv. Kven ein er og kor ein hører heime i kulturen avgjer korleis verkelegheita blir opplevd og dermed korleis ho "er": "I dette kan dokumentarens uttrykk nærme seg det kunstneriske og fjerne seg fra det journalistiske".
Ei aha-oppleving
Med dette var ein lang debatt i gang, og han fekk namnet "kunstdebatten".
David Wingate tok avstand frå at ein i journalistiske miljø
(som i Volda og TV 2) ville bruke kriterium tilpassa faktafilmen også
på dokumentaren, som han presiserte skil seg tydeleg frå faktabasert
journalistikk: "Dokumentar, som en kreativ tolkning av virkelighet, er,
og skal være, mye nærmere personlige opplevelser og meninger
enn det som kan, og skal tillates i journalistikk.".
For min eigen del laut eg
nå for fyrste gong tenkje gjennom sjangeromgrepa fakta og dokumentar.
Mi eiga vankunne hadde gjort at eg hadde drege det dokumenterte, det beviste
- altså fakta - inn i tydinga til dokumentar. Eg var ikkje åleine
om det, og i Nynorskordboka finn vi også dokumentarfilm forklart
som "film som hentar stoffet frå verkelege hendingar, til skilnad
frå spelefilm (NNO:98). David Wingate gav oss ei meir fagleg tyding
av ordet, og avdekte nok ein gong behovet for å gjera faguttrykk
tydelege - og kjende. I Nynorskordboka står det "hentar stoffet frå
verkelege hendingar" om dokumentarfilmen, og det opnar for kunstnarleg
omarbeiding av verkelegheita. Mange av oss hadde nok ikkje tenkt på
akkurat den mulegheita. Og om så var, skulle vi utdanne folk som
i eit medieprodukt plasserte Varg Vikernes og Fritjof Nansen i same bås,
utan motførestellingar?
Spørsmålet
vart korkje stilt eller svart på. I kunstdebatten prøvde mange
å dra dokumentarsjangeren nærmare journalistikken, slik at
den kunstnarlege fridommen skulle ha ein basis som likna meir på
tradisjonell journalistikk. Ein debattant peikte på at basisen for
dokumentarutdanninga i Volda er journalistisk fagkunnskap, og at mellom
anna kjeldekritikk og etikk derfor burde vera viktig i dokumentarfilmutdanninga.
Ein annan meinte at noka motsetning mellom fakta- og dokumentarprogram
ikkje finst, og at vi lyt sjå på dokumentaren som ein undertype
i faktasjangeren. Det vart også peika på at sjangerforventningane
til publikum er annleis for kunst og journalistikk, og forholdet mellom
verkelegheit, sanning, journalistikk og kunst vart problematisert, for
å nemne noko. Og: alt i alt vil eg seia at anten - eller vart gjort
til både - og for det forholdet dokumentaren har til journalistikk
og kunst, i tråd med god sosialdemokratisk tone. Animasjonsutdanninga
vart ikkje dregen direkte inn i debatten
Kunstdebatten og medieutdanningane i Volda
Berre i liten grad vart kunstdebatten knytt til vår eigen utdanningsinstitusjon,
sjølv om alle skjønte at han handla om studietilbodet vårt.
Kanskje det vart for nært? Dette er noko mange organisasjonar opplever,
- det blir snakka lettast om den verkelegheita som ligg eit stykke unna
ein sjølv.
Lat oss ta ein tur innom
verkelegheita ved Avdeling for mediefag i 1996. Utdanningstilbodet til
AMF er breitt. Knappe tjue tilsette pluss gjestlærarar underviser
om lag 200 studentar i avis-, radio- og fjernsynsjournalistikk, dokumentarfilm
og fjernsynsreportasje, animasjon og informasjon. Blandingsmediet internett
er frå 1996 ein del av undervisningstilbodet, og grunnfag i massekommunikasjon
er planlagt. Somme har også orda frampå om ei multimedieutdanning.
Det ser vidare ut til å bli nødvendig å satse meir på
fleirmedialitet. Ein kan godt seia at vi både strevar og skrevar.
Dok.film-utdanninga har
dei siste åra vore ein "satellitt" med liten kontakt med studietilbodet
vårt elles, og produksjonen av fjernsynsreportasjar i kortformat
er tona ned til fordel for arbeid i lengre format. Produksjonane til dok.film-studentane
har sjeldan vorte vist i øvingskanalen Nærsynet, og gjestelærarane
på dok.film har i liten grad vorte nytta til å undervise fjernsynsstudentane.
Animasjonsutdanninga er
ein annan "satellitt", og samarbeidet mellom animasjons- og fjernsynsutdanninga
har heller ikkje vore nært. Kunstpreget er tydeleg på animasjonsfilmutdanninga.
Det toårige studietilbodet i Volda er den fyrste av sitt slag i Noreg,
og har ingen nære konkurrentar her til lands. I målsetjinga
for utdanninga heiter det at ho skal kvalifisere studentane til profesjonelt
arbeid med animasjonsfilm som sjølvstendig uttrykk og bruk
av animerte teknikkar i nyheits-, informasjons- og opplysningsprogram
(Studiehandbok 1996/1997:429)
Det journalistiske preget
på utdanninga er altså til stades i det vi kan kalle føremålsparagrafen
til utdanninga, men for animasjonsstudentane er nok "animasjonsfilm som
sjølvstendig uttrykk" meir dekkjande for det dei lærer - og
vil lære. I denne setninga ser vi at ein lett kunne sett inn ordet
"kunstnarisk" føre "uttrykk", men det er ikkje gjort. Setninga bed
nesten om det.
Film eller journalistikk?
Fjernsynsutdanninga i Volda er gammal, og fordjupinga har tidlegare
vorte kalla film/fjernsyn, og video har også vore ein del av namnet.
Studentane hadde i mange år høve til å lære å
bruke 16 mm-utstyr, og også i lærekreftene viste ei viss satsing
på film seg att. I dag er film-nemninga borte frå utdanningsnamnet,
og 16 mm-utstyret er lagt vekk. Journalistikken gjennomsyrer studieplanen,
men neppe innstillinga til ein del av studentane. Ennå er det mange
som er meir opptekne av dramaturgi, kameravinklar og regi enn av å
stille dei "riktige" spørsmåla og å finne dei
"gode" sakene. Årsaka til dette skal eg ikkje komma inn på
her, men mangelen på ei filmutdanning i Noreg må iallfall ha
ein del å seia. Derfor er det slik at Avdeling for mediefag gjerne
vil utdanne fjernsynsjournalistar, og uteksaminerer nå som før
- men truleg i mindre grad - det somme vil kalle kunstnarar.
Høgskolen i Lillehammer
har nå starta ei eiga film- og fjernsynsutdanning, utan journalistikk
som emne - men med mulegheit for journalistiske stillingar for studentane
etter endt utdanning. Også andre utdanningsinstituasjonar utdannar
folk innan bildemedium, men i Volda har vi likt å meine at vi er
best til dette i Noreg. Ein god del (eks-)studentar vil nok ikkje
utan vidare skrive under på ein slik påstand.
Debatt med fleire botnar
Skilnaden mellom "kunst" og det vi kan kalle "ikkje-kunst" kan forklare
noko av den avstanden eg har skissert mellom utdanningane AMF tilbyr, avstandar
som ikkje fag- og timeplaner er årsak til. Like viktig kan det vera
at vi som fagfolk og privatpersonar har ulike meiningar om kva AMF skal
drive med.
Slik eg ser det, finst synspunkta
på tre nivå. Det fyrste gjeld det reint praktiske: kva har
vi ressursar til å tilby? Her finn vi meir kvardagslege omsyn, som
tilgang til lokale, lærekrefter, pengar og utstyr. Det andre nivået
er ideologisk: skal mediutdanninga vera ein del av "det demokratiske
prosjektet", det vil seia eit verkemiddel i bygginga av demokratiet? -
eller ei utprøving av personleg, kanskje kunstnariske uttrykksmiddel?
Det siste nivået byggjer på dei to fyrste, og er styrt av kjensler:
kva meiner eg vi skal prioritere?
Det forbausar meg ikkje
at vår debatt dreidde seg om bildemedium, sia dok.film-utdanninga
i Volda er det einaste påbyggingsstudiet vi har, det einaste tilbodet
vi gjev der folk får gå i djupna og verkeleg dyrke form og
stil. Vegen til kunsten er ikkje lang her, og animasjonsteknikkane er av
natur "kunstnariske". Fokus er eit litt anna for fjernsyn, - det
er det mediet som lettast set studentane på val: kva vil eg lære
og kva vil eg bli? Årsaka meiner eg er all den tekniske kunnskapen
fjernsyn krev, og det tek tid og ressursar som kunne ha vorte brukt til
journalistisk handverk. I tillegg kjem det sterke underhaldningspreget
fjernsynet har. Det same gjeld jo avis og radio, men det ser av ein eller
annan grunn ut til å vera mindre problematisk både for studentar
og mediekritikarar.
Skjerpa profil
I den interne kunstdebatten var ikkje dei kvardagslege omsyna framme,
og for studentane førte debatten på lærarsida neppe
til endringar som har vore lette å merke. Men debatten har fått
følgjer på det prinsipielle planet: I årsplanen til
Avdeling for mediefag for 1996/1997 heiter det nå om avdelingsprofilen
at ein skal
Arbeide vidare med
ein overordna profil for avdelinga, med `media og demokrati` som
ein mogleg
fellesnemnar for
alle studietilboda og den faglege aktiviteten. Det gjeld media som
forsvarar av viktige
demokratiske
rettar, som kritisk overvakar, informasjonsspreiar, og som deltakar
i og arena for
offentleg debatt.
(Årsplan 1996/97)
For dok.film sin del presiserer årsplanen at ein skal leggje meir
vekt på reportasje- og fjernsynsjournalistikk, og "vurdere namneendring
på studiet med sterkare vektlegging av fjernsynsmediet (heller "dokrep"
enn "dokfilm")". Kunstdebatten førte også til ein gjennomgang
av studieplanen for animasjonsutdanninga. I årsplanen blir er eit
tettare samarbeid med informasjonsutdanninga nemnt attåt kurs i skjermbasert
grafisk uttrykk, som betyr nærare tilknyting til fjernsynsutdanninga.
Nå går det an
å innvende at dette berre er ord, ikkje handling, og det er riktig
nok. Men kunstdebatten har skjerpa profilen til medieutdanningane i Volda
i samfunns- og verkelegheitsnær lei. Om dette stengjer kunsten ute,
skal eg komma til. Uansett: Dok.film-studentane driv framleis med sitt
omtrent som før, animasjonsstudentane det same, og studentane sin
frustrasjon over den uklare profilen til fjernsynsutdanninga eksisterer
framleis, meir eller mindre uttrykt.
Kva er kunst?
Eg har med vilje unngått å forklare kva eg sjølv
meiner med journalistikk eller med kunst. "Kunst ser ut til å vere
det som ein kunstnar sier er kunst", skreiv amanuensis Eivind Rønnestad
ved fjernsynsutdanninga i eit innlegg i kunstdebatten ved AMF, og det får
halde ei stund til. Ein god petitjournalist kan rekne seg som ein ordkunstnar,
iallfall om han ikkje er for smålåten på eigne vegner.
Ein radiomedarbeidar som lagar ein montasje, eit hørebilde eller
ein godt samansett reportasje kan vera det vi kan kalle ein lydkunstnar.
Ein kåsør kan vera journalist, men ikkje nødvendigvis.
Og kven er forresten journalist? Det er ikkje sagt at nokon er journalistar
berre dei får eit stykke på trykk eller inn- og utannonserer
musikk.
I dokumentarfilmen er verkelegheita
tydelegare subjektiv og tolka enn i til dømes nyheitsformidling,
i animasjon er det ofte snakk om ei tenkt verkelgheit. Det vil seia at
fokus er eit anna enn i det som så enkelt blir kalla journalistikk.
Vi veit også at mye av det til dømes radio- og fjernsynsjournalistar
driv med, slett ikkje er faktaformidling eller demokratibygging, men tidtrøyte,
underhaldning - og kan likevel nemnast journalistikk utan at så alt
for mange seier i mot akkurat det.
Alt er overgangar...
Ordet handverk er ordet som etter mitt syn knyter journalistikk og
kunst saman, anten det gjeld bildemedia eller andre medium. Eg meiner at
det ikkje finst noka absolutt motsetning mellom kunst og journalistikk
- med mindre ein ønskjer å sjå ei slik motsetning. Tvert
om er kunsten uunngåeleg i journalistikken som han er i andre handverk.
Somme journalistiske sjangrar kan vera meir kunstprega enn andre - det
finst umerkelege overgangar frå handverk til kunst. I animasjonsproduksjonar
som i dokumentarprogram kan tyngdepunktet liggje på ei journalistisk
omarbeiding av verkelegheita, ha eit journalistisk preg, men med kunstnarleg
fridom og form. Andre gonger er det journalistiske like langt unna her
som det er i ønskeprogram på radioen.
Som oftast finst det ikkje
noko bevisst kunstnarleg ved dei journalistiske uttrykka, berre bevisst
bruk av handverket. Men eg har støytt på journalistiske medieprodukt
laga ved AMF som eg trygt vil seia er kunst, utan at "kunstnaren" bak verket
har brukt ordet. Om det er tilsikta eller ikkje, er uinteressant. Produktet
kan vera både god journalistikk og god kunst, samstundes.
Journalistutdanningane i
Noreg har ikkje som mål å utdanne kunstnarar, heller ikkje
dei to mest kunstnariske utdanningstilboda i Volda. Ei eiga utdanning i
mediekunst kunne vera artig å fable kring, men noko slikt dukkar
knappast opp her kring 62. breiddegrad. I kunstdebatten ved AMF skreiv
kollega Torill Mortensen (28.5. 1996) i sin kvasse stil:
Vi har ikke kapasitet
til å utdanne kunstnere her i Volda. Vi kan bare gi dem håndverket,
grunnlaget
for å lære mer
om sitt fag. De få som har mulighet til å bli noe mer enn kunnskapsvaktmestre,
bladfyker,
opplesere eller mikrofonstativer,
må selv utnytte det grunnlaget vi kan gi dem til å se en annen
og
videre verden. Men hvis
vi lærer dem å forakte kunsten, har vi vært med på
å kastrere dem.
Eg er langt på veg einig, og attåt det eg har skrivi tidlegare i artikkelen om journalistikk og kunst vil eg seia dette: Kunsten er ikkje til å unngå i journalistikken når resultatet av handverket er formfullendt, originalt, vakkert, (opp)rørande - forseggjort på eit vis som ikkje kan bli forklart som noko anna enn eit stykke kunst.
Av Jon Peder Vestad.
Artikkelen vart skriven i samband med jubileet til Avdeling for mediefag
ved Høgskulen i Volda i 1996.