|
Kva er ein radiotekst?
Ved ein språkleg
analyse av radiotekstar vil funn på detaljnivå kunne seie noko
om påverkingsvegar og -mønster på eit samfunnsnivå..
Når ein så behandlar språkbruk i radio i ein samfunnssamanheng,
må ein samstundes ha klart for seg kva slags forskingsobjekt ein
tek for seg. Eit reinare tekstleg eller - om ein vil - eit meir grunnleggjande
filologisk spørsmål må stillast: Kva er ein radiotekst?
Innleiing
Eitt av forskingsobjekta
i prosjektet mitt, "Når skrift er tale", er tekstar journalistar
framfører i nyheitssendingar. Dette plasserer tekstane i eit programformat
og i ein sjanger med fleire undersjangrar, utan å seie noko om kva
slag tekstar dei er. Her vil eg i fyrste rekkje freiste å svare på
spørsmålet: Kva er ein radiotekst?
Utgangspunktet for denne
utgreiinga er to artiklar som behandlar tekst. Den eine er essayet "Hvad
er en tekst? Forklare og forstå" av Paul Ricoeur (1970). Den andre
artikkelen er av Håkan Hanson og heiter "Är radionyheter skriftliga
eller muntliga?" (1996). Det er 26 år mellom desse to artiklane,
ikkje noko stort tidsspenn i vitskapsteoretisk lys, men eit langt tidsrom
i kringkastingshistoria. Når eg meiner at det kan vere fruktbart
å sjå desse to artiklane i samanheng, er det fordi båe
handlar om tekst, essayet med eit strengt teoretisk utgangspunkt, artikkelen
til Hanson med eit praktisk forhold til tekst. Føremålet er
å sjå på om forståinga Paul Ricoeur har av tekst,
kan nyttast om språk brukt i radiomediet.
Bakgrunn
I "Når skrift er tale"
analyserer eg talte nyheitstekstar på nynorsk i radio for å
finne moglege avvik frå norma for skriven nynorsk. Målet er
å sjå av desse avvika kva det er som kan påverke den
talte nynorsken, til dømes bokmålet eller målføret
til språkbrukaren. Det gjev meg eit sosiolingvistisk utgangspunkt
i arbeidet - eg ser og forsøkjer å forklare funna mine ut
frå utaomspråklege forhold. Likevel kan sider ved språket
sjølv, i dette tilfellet t.d. nynorsknorma, bli dregne inn i slike
analysar. Eitt døme er overkorrektheit, som får ein nynorskbrukar
til å følgje eit bøyingsmønster som er vanleg,
men ukorrekt etter læreboknormalen i dette tilfellet (eksempel: merknadar*
- merknader, jf. gutar). Eg meiner at å søkje forklaringar
i språksystemet åleine, snevrar inn moglegheita til å
få kunnskap om korleis nynorsk språk er i praksis.
Spørsmålet om
kva ein radiotekst er, blir altså i dette tilfellet stilt med utsyn
frå sosiolingvistikken, som vil seie "lære om språk
og språkbruk i den sosiale og kulturelle samanhengen" (NOB:583).
Dette er ei språkleg vitskapsgrein som femnar om mange tradisjonar
og tilnærmingsmåtar (sjå t.d. Nikolas Coupland: "What
is sociolinguistic theory?"), og i god sosiolingvistisk ånd kan eg
hente tilfang frå pragmatikk, språkpsykologi, retorikk, kultursosiologi
og andre vitskaplege retningar. Å ha eit ope blikk ut over tekstsjangeren,
trass i at sjangeren i bruk er objekt for undersøkinga, er også
nødvendig av ein annan grunn: Radiotekstar er eksempel på
språkbruk som er knytt til teknologi og dermed ei visst utviklingsnivå,
ulikt tala har ikkje denne teksttypen støtt vore til.
I prosjektet behandlar eg
i hovudsak radiotekstar frå nyheitsprogram. Korfor eg konsentrerer
meg om normavvik i desse tekstane, blir behandla for seg. Her vil eg stutt
nemne at nyheitsspråket er valt fordi det a) er det mest normerte
- og dermed ein stad der avvik frå norma lett kan sporast, b) det
er ein språkbruk med status - fordi nyheitssendingar har status og
stor oppslutning, og c) fordi dette er ein tekstsjanger som kan ha vore
etter måten stabil i den tida radiomediet har vore kjent og nytta.
Her vil da endringar over tid lett kunne oppdagast, sia dei bryt inn i
ein språkleg tradisjon med ganske faste rammer.
Kva er ein tekst?
I 1970 skreiv Paul Ricoeur
essayet Hvad er en tekst?, med undertittelen Forklare og forstå.
Essayet til Ricoeur er interessant fordi han drøftar tilhøvet
mellom tekst og tale, eit forhold vi finn att i radiomediet. I si utgreiing
av kva ein tekst er, forklarer han tekst som "enhver diskurs, der er fæstnet
ed skriften" (s. 230 i kompendium). Omgrepet 'diskurs' har Ricoeur ei brei
forståing av, ein stad samla i definisjonen "sproget som begivenhet
eller brugen af sproget" (fotnote 2, s. 244 i komp.). Før eg går
vidare inn på omgrepet 'tekst' hos Ricoeur, må eg freiste å
gje ei forklaring på omgrepet 'radiotekst'. Ein foreløpig
definisjon av radiotekst kan vere "eit samanhengande verbalspråkleg
uttrykk framført som tale i radio". Av forklaringa til Ricoeur
såg vi at han har eit skrive tekstomgrep i tankane, ikkje eit talt,
som i radiomediet. Men som vi skal sjå, finst det vanlegvis eit skrive
førelegg for radiotekstar, i nyheitstekstar i radio er det det vanlege.
Tekst er knytt til skrift,
skrift til ein forfattar. Ricoeur meiner at den som har skrive ein tekst,
ikkje svarer på noko lesaren har spurt om, og at det finst eit skilje
mellom det å skrive og det å lese. Det er det lett å
vere einig i. Ricoeur skriv vidare at lesaren er borte ved skrivinga og
forfattaren borte ved lesinga. Her er det noko som i hovudsak - før
radiotekstar har vorte allment tilgjengelege elektronisk - ikkje
stemmer for radiotekstar sin del, om vi skal godta dei som 'tekstar' i
ricoeursk forstand. Vel finst det ein avstand, men denne avstanden er fyrst
og fremst i rom, og kan vere der i tid. Elles er det grunn til å
tru at radiomedarbeidarar har mottakarane i tankane når tekstar blir
utforma.
Ricoeur nyttar fenomenet
'tekst' til å kaste lys over eit mogleg skilje mellom å forstå
og det å forklare frå ein filosofisk og vitskapsteoretisk ståstad.
Han bruker skiljet han finn mellom skriving og lesing til å argumentere
for ein grunnleggjande skilnad mellom å lese og å samtale.
Det er ulike operasjonar knytt til to medium; skrift og tale, og lesaren
kan ikkje samtale med teksten. Dette skiljet stadfester for Ricoeur at
ein bør sjå på forholdet mellom skrift og tale på
denne måten: Skrift er ei virkeleggjering som kan samanliknast med
det å tale - som eit parallellt fenomen. Skrifta kjem i staden for
tala, og det som blir skrive, er noko ein ville (kunne) ha sagt, og som
skrivekunsten gjer mogleg å skrive. Og han skriv: "Denne løsrivelse
af skriften, som sætter den i talens sted, er netop tekstens fødsel"
(s. 231). Teksten får ein uavhengig (autonom) status andsynes tala.
I tolkinga av tekstar blir lesinga som ei tale, utan likevel å bli
tale. Ricoeur vil ikkje samanlikne lesing med "udvækslingen af ord,
med en dialog. Men læsningen slutter konkret i en handling, som forholder
sig til teksten som talen til sprogsystemet, dvs. som begivenhed og et
tilfælde af diskurs" (s. 240). I klartekst set Ricoeur eit likheitsteikn
mellom tekst og noko som er forfatta ved hjelp av skrivekunsten.
Kan det la seg gjere å
tolke tekstomgrepet til Ricoeur slik at det femnar om det eg har definert
som radiotekst? ("eit samanhengande verbalspråkleg uttrykk framført
som tale i radio") Vi kan prøve å byte ut lese med lytte i
drøftinga til Ricoeur av forholdet mellom lesing og skriving. Ser
ein vekk frå liksom-samtaler med lyttarane frå radiostudio
(jf. Vagle 1990a:110), finn vi att skiljet skriving/lesing i radiotekstar
som eit skilje mellom å snakke og å lytte. Nokon skriv/snakkar,
andre les/lyttar.
Det kan vere råd å
sjå ein dobbel parallell frå den prinsipielle drøftinga
Ricoeur har om tekst og tale til dei aktuelle radiotekstane som blir analyserte
i "Når skrift er tale". For det fyrste er radiotekstar (i nyheiter)
vanlegvis skrivne; nyheitsforteljingar blir kledde i ord og fortalde som
tale. Dernest blir radiotekstar oppfatta av lyttarane som tale, idet lyttarane
tek imot, avkodar, tolkar, forstår den bodskapen som blir fortald.
Vi kan også seie det slik at radiomediet set i gang ei dobbel tolking:
Tekstformidlaren tolkar ein skriven tekst idet teksten blir uttalt, og
dette skjer samstundes som lyttarane mottek og tolkar same tekst - som
tale. Denne moglege samtidigheita er eit særkjenne ved radiomediet,
og kan få følgjer for språkutforming og -framføring.
Ricoeur skriv mot slutten av essayet at tolking sett som tileigning er
noko som skjer til sist i kommunikasjonsprosessen (berre 'processen' hos
Ricoeur, s. 244). Han meiner at den som tolkar ein tekst gjenoppliver tekstinnhaldet,
og dette skjer i lesinga. Det same skjer når ein lyttar til ein radiotekst.
Slike parallellar kan takast til inntekt for å la tekstomgrepet til
Ricoeur femne om radiotekstar, og dette blir drøfta seinare.
Over til… Hanson
Artikkelen Är radionyheter
skriftliga eller muntliga? av Håkan Hanson (Hanson 1996) er ingen
milepåle i faglitteraturen om etermediespråk. Det er lell ein
viktig og nyttig artikkel, som tek opp emne forfattaren har arbeidd vidare
med (jf. Hanson 2000). Hanson har bakgrunn som journalist, og er særleg
oppteken av nyheitstekstar i etermedia. Han har lansert omgrepet mikrofonparadokset:
"Alla kan tala i radio och TV utom de som är anställda för
att göra det; de måste först skriva ner vad de skall säga
och sedan läsa upp det" (Hansson 1996:7).
Hanson graderer nyheitstekstar
i ti nivå (i Hanson 2000 er det 11), alt etter i kva grad dei er
spontane i framføringa. Med spontanitet ser Hanson ut til å
meine noko slikt som munnlegheit og liten grad av planlegging av tala ved
hjelp av skrift. Hanson problematiserer ikkje tekstomgrepet, men i Att
tala som en tidning knyter han tekst til skrift. Her skil han mellom skrift
og tale, som han finn att som lese og talt språk i etermedia; "det
som inte er uppläst text är tal" (Hanson 2000:12). Medan Ricoeur
ser på tekst som noko som er "framført" som skrift, meiner
Hanson at ein tekst kan vere framført munnleg.
Hanson skildrar i kva for
språkvariantar "som trots allt finns i radionyheternas hårt
styrda formspråk" og graden av munnlegheit i desse tekstvariantane.
Han finn desse typane:
1. Skrivne tekstar som blir
lesne opp ord for ord.
2. Skrivne tekstar som blir
framførte med munnlege uttaleformer (dom, säja for de, säga).
3. Skrivne tekstar som kan
lesast, men blir endra undervegs ved at tekstane får endra ordrekkjefølgje,
ordval osv. (overgangsord som så, och/og blir t.d. lagde til)
4. Uleselege tekstar som
blir framførde med autoritet; dvs. at tekstane følgjer eit
forkortings- og teiknsystem som tekstforfattaren kjenner, forstår
og/eller bruker som hugselapp. (Døme: Är rtegegringhenmkå+
vgâ atrt ändra sig om Estonias övertäckning" ? Âr
regeringen på väg att ändra sig om Estonias övertäckning?)
5. Skrivne tekstar som er
lærde utaåt; jf. standup-stikk/fjesingar (tekstblokker) av
ein reporter som rapporterer frå ein åstad.
6. Tekstar "skrivne" i minnet
til medarbeidaren og framført utaåt - utan bruk av tekniske
hjelpemiddel som blyant/papir eller tastatur/skjerm.
7. Planlagde studiosamtalar
der enkelte formuleringar og kjerneord er skrivne ned på førehand,
samstundes som framføringa skjer spontant (planlagd spontanitet).
8. Munnlege forteljingar
ut frå eit manus som medarbeidaren viser til og eventuelt siterer
frå.
9. Spontane studiosamtaler
og direkterapportar der medarbeidaren har knaggar og "mind maps" å
støtte seg til.
Det tiande eksemplet er "leiketekstar"
som blir nytta av radiojournalistar som utdannar seg.
Hanson skildrar eit stoffområde
- nyheiter - med ein språkbruk som rører seg mellom det reint
skriftlege og det ganske munnlege, og dette syner ei variasjonsbreidd i
nyheitsspråket som er verd å stoppe ved. Medan Ricoeur ikkje
tek opp stilistiske skilnader i aksen skriftleg - munnleg i skrivne
tekstar, meiner Hanson at det finst slike skilje i etermediespråket,
og dei kan vere tydelege. Dette er ei nyansering av den oppfatninga til
dømes Sylfest Lomheim har av nyheitsspråket i etermedia. Lomheim
deler etermediespråket i hovudsak i to kategoriar, fjernspråk
og nærspråk. Fjernspråket er fjernare frå daglegtala,
er meir skriftprega og inneheld færre munnlege trekk enn nærspråket.
Vermelding og nyheiter er døme på fjernspråk, og t.d.
underhaldningsprogram er meir prega av nærspråk (Lomheim 1987:297).
Hanson syner at det finst også nyheitstekstar som er så prega
av munnlege drag at dei nok kan seiast å vere "nærspråklege".
Som Ricoeur baserer Hanson
seg på observasjon, og ser at graden av spontanitet og dermed munnlegheit
får mange og ulike slags følgjer for utforminga av nyheitstekstane.
Her vil eg dra fram to av trekka Hanson meiner han finn. Det eine er at
til meir ein talar snakkar spontant, til meir lyttar han til seg sjølv,
rettar seg sjølv og gjer andre endringar undervegs i tekstformidlinga.
Det blir gjort endringar som forsterkar den fatiske (kontaktskapande) funksjonen
til språket: "Eftersom dessa korrigeringar och tillägg sker
spontant går de inte att formulera i skrift, och det upplästa
skriftspråket saknar alltså denna viktiga del av talkommunikationen"
(Hanson 1996:10). Skriftspråket er ufullstendig på dette området,
meiner Hanson. Sjølv om ikkje all spontan tale ber preg av sjølvretting
osv., er tendensen der.
Det andre draget eg vil nemne
frå artikkelen til Hanson, er at når spontaniteten blir tydelegare,
blir mennesket bak språket også tydelegare. Han meiner at den
distansen skriftspråket ber i seg, forsvinn. Dette må vi dvele
ved, og her må vi da sjå noko på tilhøvet mellom
skrift og tale. Jan Lindhardt skriv noko vi kan sjå som ein parallell
til påstanden frå Hanson om at spontanitet og munnlegheit fjernar
avstand: Når "tankegangen er præget af skriften, så har
sandheden ikke nogen afsender" (Lindhardt:57). Dette knyter Lindhardt til
dei greske filosofane, men det samsvarer også med den saklegheita
og upersonlegheita som kjenneteiknar det mest reindyrka nyheitsspråket
- personen som formidlar teksten er underordna det som blir formidla, innhaldet
ville ha vore det same uansett kven som uttalte teksten. I nyheitsredaksjonar
i etermedia kan denne upersonlege stilen bli sett på som ideell,
som også Hanson peiker på (Hanson 1996:10). Men dette kan ha
meir med språkbrukssituasjon å gjere enn med moglege særdrag
ved skrift og tale. Også anna munnleg framføring enn nyheiter
kan vere prega av distanse og mangel på moglegheit til dialog og
tilbakemelding, jf. munnleg planlagde og framførte føredrag
og talar.
Når språket i
nyheitene blir meir spontant, når det får fleire klart talepråklege
drag og blir tydelegare prega av individet som snakkar, som Hanson nemner,
veit vi at språkbruken iallfall i ein norsk samanheng kan fjerne
seg frå ei skriftnær talenorm. Hos Hanson finn vi avstanden
til skriftnorma berre nemnd i punkt 2, og ein må rekne med at den
relativt sett svakare stillinga dialektar har i Sverige gjer at han ikkje
går nærare inn på dette.
Tale, tekst og skrift
Ricoeur har eit statisk
syn på tekst, og Hanson og Lindhardt syner eit idealisert skilje
mellom tale og skrift. Det som Hanson kallar spontanitet i radiotekstar,
kan vere planlagd; tilsynelatande mangel på munnlegheit og spontanitet
kan vere innstudert. Skilnadene mellom skrift og tale kan lett overdrivast
(jf. Vagle 1990b), men dei kan au vere nyttige for å oppdage likskap
og forskjell hos Ricoeur og Hanson.
Hanson ser ikkje ut til å
knyte tekst 100 % til skrift, og har heller ikkje noko heilt eintydig tekstomgrep
utover at det i radio er "uppläst tal". Ricoeur meiner at ein tekst
må vere skriven, og tek ikkje omsyn til at det - slik Hanson er inne
på - finst munnleg språkbruk som kan framstå som skriftleg,
utan å vere det. Slike tekstar er forma etter skriftlege førebilde
og skriftpåverka tekstkonvensjonar for nyheitstekstar, men kan vere
uttenkte, ikkje skrivne. Dersom vi no lell skal godta den forståinga
Ricoeur har av tekst, må vi føresetje at han ikkje avviser
at ein munnleg framført tekst kan vere utforma i eit typografisk
menneske (jf. Ong), ein som bevisst og ubevisst nyttar seg av skriftlege
førebilde for munnlege tekstar - og "skriv" inni seg utan tekniske
hjelpemiddel. Samstundes syner Hanson at for dei som utformar nyheiter,
er det skrivne ordet er det sentrale, trass i munnleg framføring.
Ein del av ærendet til Hanson er da også å kritisere
nyheitsspråket for å vere for skriftprega.
Med ei slik "romsleg" tolking
av omgrepet 'tekst' kan vi seie at Hanson skildrar tekstar som finst innafor
tekstomgrepet til Ricoeur, dei er skrivne og kan lesast av andre - til
dømes ein kollega som skal lese nyheitsmeldingane i neste sendingar.
Hanson listar au opp døme på tekstar som ytre sett er utafor
det Ricoeur reknar som tekstar, - dei er ikkje skrivne og kan dermed ikkje
lesast heller. Det kan au hende at dei mest spontane og munnlege døma
på nyheitsspråk Hanson nemner, kan reknast for å vere
tekstar i streng ricoeursk forstand. Det er på vilkår av at
vi godtek at menneske som bruker språk profesjonelt i media i dag,
har det Ong kallar ei såkalla sekundær talespråklegheit.
I 'sekundær talespråklegheit' legg han mellom anna at vi i
vår tid og kultur er gjennomsyra av skrivekunst i tankegang og forståing
av verkelegheita. Som Lindhardt kan Ong kritiserast for å tøye
forskjellane mellom skrift og tale vel mye, og dermed gå glipp av
andre faktorar som kan påverke språkbruk, talt eller skriven.
Uansett, ved hjelp av skrivekunsten prøver vi no å verke munnlege,
meiner Ong (Ong:156-159). Ricoeur er inne på noko av det same når
han skriv at "man kan dog stille det spørgsmål, om skriftens
sene fremkomst ikke har bevirket en radikal ændring af vort forhold
til udsagnene i vor diskurs" (komp. s. 230). I vårt tilfelle er dette
interessant fordi ein som nemnt kan forstå Ricoeur slik at tekst
er umogleg utan skrift, medan Hanson iallfall opnar for det motsette.
Ulike synsmåtar
Ricoeur er ikkje åleine.
Attåt Ong har han m.a. Jacques Derrida på laget, men det finst
andre som tenkjer heilt annleis. I ei lærebok i tekstanalyse blir
ei samtale forklart som "en muntlig tekst som skapes fortløpende
av to eller flere personer i samarbeid" (Svennevig m.fl.:56). Dette er
i tråd med moderne tekstlingvistikk, og i same bok les vi at i "medieforskningen
brukes nå begrepene tekst og diskurs til fortrengsel for tradisjonelle
termer som innhold og budskap" (s. 123). Dermed har vi synet på tekst
knytt til skrift som èin klar posisjon, og tekst knytt til innhald
(og dermed tale) som ein annan posisjon. Men ikkje alle plasserer seg like
tydeleg i dette "tekstlandskapet".
Det kan sjå ut som
at ein del som har forska i etermediespråk, ikkje har sett på
'tekst' som noko som treng forklaring. I The Language of News Media
skriv Allan Bell om "News as embedded talk", nyheiter som innemurt
tale. Han nyttar omgrep som 'news items', 'news stories' og 'news events',
og bruker au av og til omgrepet 'text'. Det blir ikkje forklart,
men dekkjer både skrive og lese nyheitsstoff (Bell:52). Håkan
Åbrink har undersøkt språkbruken til platepratarar i
lokalradio i Stockholm på 1990-talet. Han meiner at "en radiopratare
kan t.ex. använda sig av sekundärtexter (= tekstar som byggjer
på andre tekstar; min merknad) av följande slag: skrivna manus,
stödordsanteckningar, tävlingsformulär --- men också
sociokulturella minnestexter, dvs. för radioprataren och lyssnaren
gemensamma texter som ingår i socialisationen inom en viss kultur"
(Åbrink:76). Han skriv at "radioprat" er sett saman av fleire ulike
tekstar, og gjer seg dermed til talsmann for eit syn der ein ikkje fester
tekst til skrift. Jesper Herman og Frank Gregersen omtalar også etermedietekstar
som tekstar (Herman/Gregersen:127).
Ikkje alle finn det nødvendig
å skilje absolutt mellom skrift og tekst og tekst og tale. Lydforskaren
Lars Nyre skriv at semiotiske og strukturalistiske forståingsmodellar,
gjerne utvikla for bruk i litteraturvitskap, har vorte tilpassa audiovisuelle
medium. Det har gitt oss skriftbaserte omgrep som ikkje skildrar "talen
i mediene slik den vert erfart, 'lesing' er ein vitskapleg metafor for
sjåing og høyring." Nyre viser også til Ong, som lik
Ricoeur ikkje reknar ei samtale mellom menneske som tekst. "Ideelt sett
skulle ikkje talen ha vorte kalla teikn på språkleg meining,
men framføring av språkleg meining" (Nyre:6).
I denne samanhengen kjem
også forståinga av sjangeromgrepet inn. Wenche Vagle (1990b)
problematiserer ikkje tekstomgrepet spesielt i Talen og skriften, de vandrer
tilhobe…, men tek grundig for seg nyare forsking på tilhøvet
mellom skrift og tale. Vagle meiner at vi har fått utvida omfanget
av blandingssjangrar, der vi finn overgangsformer mellom det tydeleg planlagde,
skriftnære og det meir spontane og munnlege (1990b:118). Det finst
språk i bruk i etermedia som er sterkt og mindre sterkt prega av
skrift, og språkbruk som tilsynelatande ikkje er det. Ho kritiserer
mellom anna Wallace L. Chafe for å overforenkle skilnadene mellom
skrift og tale, og påpeiker at radiospråket "i stor grad (består)
av skriftspråk transformert til talespråk" (Vagle 1990b:131).
Vagle viser til ein modell av Douglas Biber om variasjon mellom skrift
og tale, som syner ein måte å plassere ulike kommunikasjonssjangrar
på ein skala frå skriftleg til munnleg. Her blir mellom anna
telefonsamtalar, intervju, faglitteratur og offisielle dokument plassert
langs den same skalaen (1990b:127). Wenche Vagle støttar seg til
Biber når ho avviser det absolutte skiljet mellom skrift og tale.
Han har synt at det i fleire sjangrar finst særdrag som tradisjonelt
har vorte rekna som anten munnlege eller skriftlege. Dette samsvarar med
den graderinga Hanson gjev av nyheitstekstar i radio.
Det finst fleire oppfatningar
av kva tekst er, og av kjenneteikn og eigenskapar ved tekstar. Skilnadene
kan førast attende til emne, føremål, fagtradisjon,
fagsyn og grad av bevisstheitsgrad. Det er ikkje berre oppfatninga av
språkbruk som varierer, men også omgrepsbruken.
'Tekst' og 'radiotekst'
Vi hentar fram att definisjonen
Ricoeur har av 'tekst': "enhver diskurs, der er fæstnet ved skriften".
Den foreløpige definisjonen min av 'radiotekst' er "eit samanhengande
verbalspråkleg uttrykk framført som tale i radio". Tidlegare
har eg skissert moglegheiter for at det eg har kalla radiotekstar i denne
utgreiinga, er døme på 'tekst' i ricoeursk forstand. Dette
vil eg no ta grundigare for meg.
Dersom tekstomgrepet hos
Ricoeur skal kunne brukast om radiotekstar, må vi godta nokre føresetnader.
Den eine er at vi likestiller radiomediet med skrift, den andre er at vi
seier at dei som bruker språket i radio er prega av skrivekunsten.
Eit tredje mogleg punkt er at vi godtek at det finst døme på
overgangstekstar - radiotekstar i ei gråsone mellom tekst og noko
vi her får nøye oss med å kalle ikkje-tekst. Ein mogleg
definisjon av 'radiotekst' med utgangspunkt i oppfatninga Ricoeur har av
tekst, kan da formulerast som "all språkbruk som er festa til radiomediet".
Denne definisjonen femner da om all tale i radio. Kan denne "radioversjonen"
av tekstomgrepet til Ricoeur nyttast?
Ricoeur meiner at skrifta
lausriv teksten frå tekstproduksjonen og forfattaren, og denne uavhengigheita
gjev opphav til teksten. Teksten er forfatta, men like fullt talar han
for seg sjølv. I radio er det annan teknologi enn skrivekunsten
som fyrst og fremst kan frigjere teksten frå produksjonen; sjølve
teksten er ikkje direkte avhengig av skrift, trass i at teknologien knytt
til produksjonen er det. Barn som ikkje kan lese og skrive snakkar på
lufta i norsk radio, og i utviklingsland blir radio brukt av menneske
med dårlege lese- og skrivekunnskapar. Alle kan slik sett vere tekstprodusentar
i radio, utan at dei personleg har kunnskap om skrivekunsten.
Ricoeur set au opp eit grunnleggjande
skilje mellom å lese og å samtale. Den eine handlinga er avhengig
av skrift, den andre ikkje. Skrifta blir knytt til produksjon og lesing
av ein tekst, og eg sette her opp lytte og samtale som ein mogleg parallell
i radio. I radio kan ein kan lytte til både tekstar som er skrivne
på førehand og tekstar som ikkje er det - og skiljet tekst/ikkje-tekst
forsvinn. Ei innvending mot dette att er at alle tekstar vi hører
i radio kunne ha vorte skrivne ned, dei ber i seg potensialet til å
bli tekstar slik Ricoeur nyttar omgrepet. I radio kan det vere fleire stemmer
som snakkar til og med kvarandre i ei sending. Her og no-kommunikasjonen
går berre ein veg der det skrivne ordet ber bodskapar - utaom nettprating
og kanskje tekstmeldingar - medan utvekslinga av tekst kan skje samstundes
i radio. Dermed forsvinn skiljet Ricoeur set opp mellom å skrive
og å lese, som eg har bytt ut med å lytte. Dei som vekslar
ord i radio vekslar jo på å lytte og snakke til kvarandre.
Og dei aktørane som snakkar med kvarandre - til lyttarane - treng
heller ikkje vere borte frå kvarandre, slik Ricoeur skildrar forholdet
mellom den som skriv og den som les.
'Tekst' brukt om all språkbruk
i radio viskar au ut skiljet mellom dei som er tilsette for å snakke
i radio og dei som blir intervjua. Eit slikt skilje kan likne det Ricoeur
har mellom den som skriv og den som les, og det går tapt når
definisjonen ikkje gjer forskjell på ulike roller. I radio kan rollegrenser
vere viktige, mellom anna med tanke på kva språk folk kan føre.
Desse rolleposisjonane er vesentlege i modellen til Ricoeur.
Til sist har vi moglege gråsonetekstar
rundt radioutgåva av tekstomgrepet. Ricoeur nemner ikkje noko om
gråsoner og ikkje-tekst, men skil derimot tydeleg mellom t.d. tekst
og skrift. Underforstått er da noko plassert utafor desse omgrepa,
som ikkje-tekst og ikkje-skrift. Håkan Hanson, Wenche Vagle og andre
som har arbeidd med etermediespråk nyttar seg ikkje av ei slik skarp
todeling.
Etter mitt syn er det berre
ei oppfatning av 'tekst' i ricoeursk forstand som kan forsvarast i den
foreløpige definisjonen eg har gitt av 'radiotekst'. Det er at all
tale i radio kan skrivast ned, kan setjast om til teikn og ord, og lesast
av andre enn forfattaren. Og det er nettopp det Hanson, Vagle og eg gjer
når vi analyserer språkbruk i radio for det "er lettare å
reflektera over og granska noko som varer ved framfor augo på meg
enn noko som heile tida forsvinn" (Nyre:5). Dermed gjer vi tale til tekst,
vi har bevega oss frå ein teknologi til ein annan. Men om dette let
seg forsvare utan å ta avskil med Ricoeur, er ei anna sak. På
ulike måtar meiner eg det er råd å påvise at tekstomgrepet
hos Ricoeur er ueigna for språkbruk i eit medium som ber i seg moglegheita
til samtale, samtidigheit og skriftuavhengigheit.
Omgrepet 'radiotekst'
- ei slags oppsummering
Paul Ricoeur er tett bunden
til det skriftlege uttrykket i si forståing av 'tekst'. Andre er
ikkje det på same måte. Eg avviser at ein tekst må vere
skriven og synleg for å vere ein tekst, i motsetning til Ricoeur.
Det er mogleg at den som har skapt teksten, har skrift eller ein skriftprega
mental mal for korleis teksten skal utformast. Etter Ong er det mogleg
å sjå på all språkbruk i vår tid og vår
kultur som så gjennomsyra av skrift og skriftkultur at det likevel
kan vere relevant å ha ei forståing av tekst som ligg ganske
nær den Ricoeur presenterer. Hanson kan t.d. tolkast slik.
Den forklaringa eg gav av
'radiotekst' over, vil det ikkje vere rett og lett å knyte til Ricoeur.
Men om synet Ricoeur har på tekst ikkje utan overveldande motstand
kan brukast på radiotekstar, kan møtet med oppfatninga og
argumentasjonen hans vere klargjerande og fruktbar. Trossa over til Ricoeur
er kasta, men likevel kan definisjonen i seg sjølv brukast: Som
radiotekst reknar vi all språkbruk som er festa til radiomediet.
Eg vel lell den fyrste forklaringa eg gav på kva ein radiotekst er:
"eit samanhengande verbalspråkleg uttrykk framført som tale
i radio". Denne definisjonen av 'radiotekst' let eg bli ståande,
men han må presiserast noko nærare. Definisjonen er t.d. ikkje
allmenngyldig - han gjeld i vår tid og vårt samfunn, og han
gjeld tekstar bevisst produsert for mediet.
Når eg no har teke
stilling til kva eg meiner ein radiotekst er, betyr ikkje det at eg avviser
Ricoeur sitt tekstomgrep i seg sjølv. Det er eit pragmatisk forhold
til omgrepet eg har landa på, i tråd med Svennevig m.fl. (1993)
som krev at ein tekst skal vere "en avsluttet innholdsmessig helhet" med
"en overordnet struktur og et samlende emne" (Svennevig m.fl. 1993:129).
Ei liknande forståing av omgrepet finn eg i Rhetorik für
Radio und Fernsehen. Forfattarane skriv at "Mit "Text" bezeichnen wir
also etwa den Wortlaut einer Reportage, aber auch eine einzelne Meldung
aus einer Nachrichtensendung" (Häusermann/Käppeli:69). Dei reknar
også intervju og samtale som tekstar.
Radiotekstar finst på
ei line frå det tydeleg skriftprega til det tydeleg munnlege. Dei
blir formidla i ein kultur og i eit medium som er utenkjeleg utan skrivekunst,
og blir brukt av menneske som (ideelt sett) kjenner både journalistiske
sjangerkonvensjonar og språklege normkonvensjonar. For både
tekstutformarar og publikum er ei verd utan skrivekunst og massekommunikasjon
ukjend - og truleg langt på veg uforståeleg.
Av Jon Peder Vestad
Artikkelen er ein del av
eit innlegg på eit avhandlingsseminar for doktorgradsstudentar hausten
2000. Lagt ut på nettet 22. november 2000.
Kjelder:
Bell, Allan: The Language
of News Media. Blackwell, Oxford UK & Cambridge MA 1991
Coupland, Nikolas: What
is sociolinguistic theory? I Journal of Sociolinguistics. Feb. 1998, vol.
2, no 1 (s. 110-117)
Hanson, Håkan: Är
radionyheter skriftliga eller muntliga? Språkvård 2/96 (s.
5-12)
Hanson, Håkan: Att
tala som en tidning. En undersökning av den redaktionella processen,
spontan tal och uppläst text i radionyheter. Personal- och Produktionsutveckling,
Sveriges Radio, Stockholm 2000
Hermann, Jesper og Gregersen,
Frans: Gennem sproget. Om undersøgelse af sprogbrug i samfundet.
Gyldendals sprogbibliotek 1978
Häusermann, Jürg
og Käppeli, Heiner: Rhetorik für Radio und Fernsehen. Verlag
Sauerländer, Aarau (Sveits) 1994 (1986)
NOB/Nynorskordboka, Det
Norske Samlaget, Oslo 1994
Lindhardt, Jan: Tale og
skrift. To kulturer. Munksgaard, København 1991
Lomheim, Sylfest: Språket
i radio og fjernsyn. Frå Egil Børre Johnsen (red.): Vårt
eget språk. Bind 1. Aschehoug, Oslo 1987 (s 295-305)
Lomheim, Sylfest: Målføra
og nynorsk uttalenorm. Men eigentleg: «Knus bokmålsveldet -
i målrørsla!». Mål og Makt 1-2/96 (s 109 - 119)
Nyre, Lars: Radioen og det
lydlege. Om nokre føresetnader for studiet av mediepersepsjon. Rapport
nr. 34. Institutt for medievitskap, Universitetet i Bergen, Bergen 1997.
Ong, Walter J.: Muntlig
och skriftlig kultur. Teknologiseringen av ordet. Anthropos, Göteborg
1991.
Ricoeur, Paul: Hvad er en
tekst? Forklare og forstå. I Otto M. Christensen: Kompendium i humanioras
vitenskapsteori for dr.art.-graden, (Universitetet i Bergen) Bergen 1999,
henta frå Filosofiens kilder. Vinten, København 1973.
Svennevig, Jan/Sandvik,
Margrethe/Vagle, Wenche: Tekst og kontekst. En innføring i tekstlingvistikk
og pragmatikk. Landslaget for norskundervisningen/Cappelen Akademiske Forlag
AS, Oslo 1993.
Svennevig, Jan/Sandvik,
Margrethe/Vagle, Wenche: Tilnærminger til tekst. Modeller for språklig
tekstanalyse. Landslaget for norskundervisningen/Cappelen Akademiske Forlag
AS, Oslo 1995.
Vagle, Wenche 1990a: "Velkomne
til P2s morgonsending…." Analyse av radiotekstar. I Pressens årbog
1989. I kommisjon hos Institutt for Journalistikk, Fredrikstad 1990 (s.
98-110)
Vagle, Wenche 1990b: Talen
og skriften, de vandre tilhobe… Noen synspunkter og linjer i seinere lingvistisk
tale/skrift-forsking. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, årgang 8, 1990
(s. 117- 137)
Vagle, Wenche: `Ways of
Speaking` on Norwegian Radio 1935-1980. A Study on Text Norm Evolution.
I Ulla Carlsson (ed.): Radio Research in Denmark, Finland, Norway and Sweden.
Nordicom Review No. 1/1997
Vestad, Jon Peder: Ord og
uttrykk i norsk radiojournalistikk, Arbeidsrapport nr. 59. Høgskulen
i Volda/Møreforsking Volda, Volda 1998.
Åbrink, Håkan:
"Gomorron, Stockholm". Radioprat som stil, genre och samtal med lyssnaren.
Acta Universitatis Tamperensis 632. Tammerfors universitet, Tampere 1998.
|
|