|
Lærd bok
meir enn lærebok
”Reportasjen er en førstehåndsskildring
i personlig stil om et menneskelig anliggende av offentlig interesse”.
Stort nærmare kjernen enn denne glitrande definisjonen til Frode
Grytten, kjem vi vel ikkje på dei 350 sidene i boka ”Reportasjen”.
Jo Bech-Karlsen forklarer i dei innleiande
kapitla korleis han hadde tenkt seg å skrive ”den store reportasjeboka”,
meint som ”en heldekkende lærebok som tok for seg reportasjefeltet
i sin store bredde”. Men så finn han nokså fort ut at det (med
hans eigne ord) var ”et stormannsgalt prosjekt” som kan hende ikkje var
noko å satse på likevel: ”Var det i hele tatt noen god ide
å skrive en bok som forsøkte å fange reportasjen i teorier
og sjangersystemer?”(s. 23) Han spør seg om kva for kunnskapar som
finst, og korleis han best kunne nytte seg av dei, og ender med ei noko
annleis bok kring ”reportasjen som metode og sjanger”.
"Reportasjen" vart til ei bok som vel likevel
er ”den store reportasjeboka” her i landet, så langt. Forfattaren
konsentrerer seg om den skrivne reportasjen, ikkje radio- og fjernsynsreportasjar,
og reportasjeomgrepet hans er snevrare enn mange her til lands er van med.
Bech-Karlsen skil elles mellom dagsaktuell nyheitsreportasje, tidsaktuell
reportasje og tidlaus reportasje "som behandler emner av eksistensiell
og eviggyldig karakter" (s. 16). Dei to siste reportasjetypane blir omfatta
av nemninga den klassiske reportasjen, nær det forfattaren tidlegare
har omtalt som featurereportasjen, og som er "befridd for etterkrigstidens
krav om objektivitet og distanse" (s. 217). Om nyheitsreportasjen skriv
Bech-Karlsen at han er "sterkt preget av den moderne nyhetstenkningen i
vårt århundre" (s. 185). Dette er han skeptisk til, og ønskjer
i staden å sjå reportasjen som ein sjanger i slekt med både
vitskap og dikting.
I boka ber forfattaren med seg innsikter han
har formidla tidlegare, som i "Avisreportasjen" (1994) og "Feature-reportasjen"
(1988), og han inntek til dels nye standpunkt. Forfattaren argumenterer
på ulike måtar og med mange hjelpemenn og -kvinner for reportasjen
som ein sjanger med sterkt subjektivt, litterært og dermed kunstnarisk
preg. Og det har vorte ei bok som viser ei breidd innanfor temaet: Dei
mange som får komme til orde, er i stor grad ueinige, heldigvis.
Dette er ikkje staden for å få vite at ein reportasje skal
vere akkurat slik, og ikkje slik. Det beste ved boka er det inspirerande
i dei mange eksempla – frå fortid og samtid - som set den skrivne
reportasjen inn i ein så brei samanheng: Slik har det også
vore gjort!
Boka inneheld referansar til massevis av teoriar
og sjangersyn, representert ved dei mange - i tillegg til Grytten
– som er omtalte eller siterte. Bech-Karlsen sjølv har villa "la
teorien vokse ut av tekstene, i stedet for å presse tekstene inn
i ferdige teorier" (s. 24). Det gjer ikkje "Reportasjen" til noko teorifiendtleg
verk. Han syner interessante samband og skiljeliner andsynes disiplinar
som historie og antropologi, og går grundig inn på forholdet
til litterære sjangrar, og straumdrag som modernisme og realisme.
For mange vil dette gje både ny kunnskap, aha-opplevingar og stoff
til ettertanke.
Bech-Karlsen har eit bestemt syn på
reportasjar og metodane som kan brukast. M.a. blir det lagt vekt på
at sjangeren er erfaringslitteratur, med klare litterære kvalitetar.
Bech-Karlsen stiller også krav til at "mennesker, miljøer
og hendelser ikke kan være oppdiktet, men må eksistere i virkelighetens
verden (være ekte), og at framstillingen av dem må være
samvittighetsfull og bygge på grundige undersøkelser og kildekritikk
(være pålitelig)" (s. 155). Dette er det dokumentariske grunnlaget
Bech-Karlsen opererer med for reportasjen.
Det er mogleg at framhevinga av det subjektive
og nedtoninga av nyheitsreportasjen kan irritere somme lesarar. Og påstanden
hans om at det blant 7500 norske journalistar ikkje kan vere særleg
fleire enn 200 som er gode forteljarar, kan provosere. Men dei færraste
som har kjennskap til takt og tone i dagens journalist-Noreg (og til forfattaren),
blir nok sjokkerte over dei posisjonane Bech-Karlsen elles tek etter grundige
utgreiingar. Han formidlar fornuftig journalistkritikk, tenkjer nytt, ser
i uventa retningar og er dyktig til å sjå analogiar og samanhengar.
Bech-Karlsen er m.a. kritisk til den journalistiske læresetninga
"Don`t tell it, show it" - han fryktar at refleksjonen kan forsvinne: "Jeg
vil foreslå et mer konstruktivt slagord: Tell, show and reflect!"
(s. 147). Han tek avstand frå ein postmoderne posisjon som seier
at alt er tillate, og er kritisk til å bruke dramaturgisk fridom
i rekonstruksjon av verkelege hendingar (s. 158-159). Vi vil også
nemne at Bech-Karlsen - prisverdig - tydeleg held fram eit humanistisk
menneskesyn som ein grunnstein for reportasjen.
Boka er også eit bidrag til reportasjens
litteraturhistorie: I det fyldige kapitlet ”Reportasjens lange linjer”
er utgangspunktet heilt tilbake hos Thukydid i Hellas for 2500 år
sidan, og vi kan vere med på ei synfaring hos ei lang rekkje tekstforfattarar
opp til vår eiga tid. Her står denne reportasjeboka i gjeld
til ei anna bok som journalistar og skrivande folk bør kjenne til:
”The Faber Book of Reportage", redigert av John Carey og gitt ut i 1987.
Skulle boka ”Reportasjen” ha vorte gjort større
(vi meiner eigentleg det motsette), kunne ein ha teke med nokre fleire
av eksempla hos Carey: Ein kan t.d. hevde at Bech-Karlsen hoppar for lett
over dei omfattande krøniketekstane frå seinmellomalderen.
Carey har der teke med to utdrag frå den særs kjende og produktive
Jean Froissart (eller John F. som britane kallar han) som opererte i Frankrike
under hundreårskrigen. Han har som krønikeskribentar flest
fått dårleg ettermæle hos historikarane for ikkje å
ha vore påliteleg nok. Ei aktuell problemstilling kunne vore om kjeldekritikken
hos mange notidsjournalistar er så mykje betre.
Ei annan slags diskusjon kunne vore mysteriet
kring Samuel Pepys, som er gjengitt med brotstykke frå reportasjen
hans frå brannen i London 1666 (ikkje ein brann, men sjølvaste
Londonbrannen). Samuel Pepys var ”journalisten” som ikkje hadde tenkt å
ha lesarar: Han skreiv dagbøkene sine gjennom ein tiårsperiode
i kode, og gøymde papira. Dei hemmelege reportasjane frå 1660-åra
vart først avkoda og lesne på 1800-talet… Reportasjens verdshistorie,
som enno ikkje er skriven, er i det heile full av spørsmål
og overraskingar. Slik sett er "Reportasjen" også ein god start,
som ei hjelpebok mot historieløysa hos journalistar.
Boka inneheld mange døme på
og frå reportasjar. I kapittel 2 har Bech-Karlsen teke med to av
sine eigne reportasjar, og han går grundig og kritisk inn på
arbeidet sitt. At han kan bruke sine eigne erfaringar som reportasjejournalist
er ein styrke ved boka. Dei to siste kapitla i boka, i alt 70 sider, er
om reportasjar av eks-kollegaen Frode Grytten i Bergens Tidende. Bech-Karlsen
bruker reportasjane hans til å gå meir i djupna. Arbeidsmåtar
og sluttprodukt blir analyserte, og Grytten kjem også sjølv
til orde med sine meiningar om reportasjesjangeren og erfaringar frå
reportasjeskriving. Det er dristig å la så mykje av ei slik
bok vere knytt til èin journalist og hans skrivestil(ar), men det
fungerer godt. Om det er nokon del av boka som verkeleg kan skape lyst
til å skrive reportasjar, er det bolken med Frode Grytten!
Bech-Karlsen er innom fleire emne enn vi kan
komme inn på her, som problematisering av kjelde-omgrepet. Positivt
er det at han har funne plass til eit kapittel om reportasjefotografiet,
men det kunne med fordel ha vore meir enn eitt foto i kapitlet. Boka er
sparsamt illustrert, og hadde tent på å ha hatt fleire illustrasjonar.
Somme vil nok sakne ei meir utførleg behandling av språk i
reportasjar. Nokre småting fortel om for lite korrektur: Slik blir
Alexander Kielland på side 81 omtalt som redaktør av Stavanger
Aftenblad. Det var han aldri, men derimot i Stavanger Avis. Polfararen
Monica Kristensen (Solås) skriv ikkje etternamnet sitt med 'ch'.
Men dette er pirk. Verre er det at boka manglar eit stikkordregister, og
at forlaget ikkje har vore hard nok i korrekturen.
"Reportasjen" er eit innsiktsfullt verk, og
for sjangerhistorikarar og -teoretikarar må boka vere uunnverleg.
Ein styrke ved boka er kunnskapsrikdommen og dei ulike synspunkta forfattaren
formidlar. Men dette grundige og skikkelege ved boka svekkjer henne også,
etter kvart som ein les. Lesaren må følgje Bech-Karlsen på
refleksjonsreisene hans, og får da sett kva han har meint og sagt
tidlegare, og kva han "heller til" i dag. I tillegg kjem det andre har
skrive, og som blir referert og sitert. No er ikkje dette i seg sjølv
negativt. Problemet er heller ikkje at Bech-Karlsen har valt å vere
synleg i si eiga bok, men det blir så altfor mykje av det, for mykje
"tell, show and reflect!" Forfattaren refererer slitsamt hyppig til seg
sjølv, og ofte får ein inntrykk av at ein har lese (nesten)
det same før. Same emne kan vere behandla på vidt forskjellige
stader - boka er heller ikkje skriven slik at det er lett å hoppe
over delar utan å miste den tråden forfattaren vil vi skal
følgje. Den lause komposisjonen gjer det også tyngre for læreviljuge
lesarar som ikkje bryr seg om alt Bech-Karlsen tek opp. Dumt, for det krevst
stor motivasjon for å gje seg i kast med heile denne boka.
I forordet skriv Jo Bech-Karlsen at "Reportasjen"
"er en lærebok for journalister og journaliststudenter. Men boken
nøyer seg ikke med å lære ut (sic!) et håndverk.
Jeg undersøker, reflekterer og diskuterer. Jeg går i dialog
med leseren, og håper leseren vil delta i dialogen" (s. 7). Trass
i at forfattaren gjerne vil skape reaksjonar hos lesarane, få dei
i tale, er hans eigne monologar til tider irriterande dvelande, ikkje stimulerande.
Forfattaren veit sjølvsagt at ein reell dialog ikkje er mogleg,
men det er den søkjande tilnærminga til emnet Bech-Karlsen
gjerne vil syne oss. Det opnar også for svekkjing av "hovudmålet"
boka har, å lære lesarane eit handverk. I første kapittel
skriv Bech-Karlsen at "En troverdig lærebok trenger et kunnskapskritisk
(og dermed selvkritisk) perspektiv. Jeg forsøker derfor i denne
boken å spille med åpne kort og vise fram usikkerheten, i stedet
for å skape illusjonen av et trygt og sikkert terreng" (s. 27). Bech-Karlsen
vil ikkje gje lesarane reportasjeoppskrifter, og det er greitt nok, men
dessverre gjer han emnet for uoversiktleg og utflytande. På
siste omslagsside står det at "Reportasjen" "henvender seg også
til avislesere som vil diskutere og reflektere over journalistiske reportasjer."
Dersom dette er "sidemålet", er vårt inntrykk at forfattaren
lykkest betre med det enn med "hovudmålet".
"Reportasjen" har vorte meir ei lærd
bok enn ei lærebok. Også etter å ha forlate tanken om
å skrive den store reportasjeboka, meiner vi at Jo Bech-Karlsen siktar
for breitt (!). Årsaka er at handverket (eller reportasjekunsten)
blir overskygga av problematiseringane og utlegningane til Bech-Karlsen
og dei tallause tilvisingane til journalistar, forfattarar og teoretikarar.
Når forfattaren i tillegg ikkje er av dei som sparer på orda,
eignar boka seg best for lesarar som er meir enn vanleg interesserte i
reportasjesjangeren. Vi har fått ei bok som etter vår meining
er 100 sider for lang - og for lite lærebok. Hadde forfattaren sagt
at "Reportasjen" skulle vere ein synkron og diakron studie av reportasjesjangeren
i skrivne medium, punktum, ville kritikken vore noko annleis.
Av Bjarte Alme og Jon Peder Vestad
Jo Bech-Karlsen::
Reportasjen
Universitetsforlaget, Oslo 2000
355 sider
Bokmeldinga er trykt i Norsk medietidsskrift
1/2001
|
|