Vestads vevstad        Ymseposten        Mål og middel


Det var denne lykka, da...
 
Eg veit kva lykke er, men eg vil vente med å fortelje kva det er. Fyrst kan eg slå fast at lykke ikkje kan kjøpast, men nokon prøver seg..., og ikkje kan ho visst vinnast, heller, men her er eg meir i tvil.

Alle vil vi vera lykkelege, og eg har sjølv vore det nokre gonger dei siste åra, heldiggrisen! Dette har noko med mann møter kvinne, søt musikk osv, og da kan de tenkje dykk resten. Men ein gong eg var lykkeleg, så kunne eg ikkje knyte lykkekjensla til romantikk. Det var ein sommarmorgon, og sjølv om eg ikkje har så sansen for dei to årstidene da alle skal vera så kolossalt fornøgde (les: lykkelege), så vakna eg likevel denne morgonen med ei merkeleg, god kjensle i meg: Livet er herleg! Klisjéen var sann! Eg tok fram sykkelen og farta lykkeleg rundt og smilte til verda og nokon smilte også til meg. Yo! Denne kjensla varte nokre dagar, og så seig ho av meg att utan at eg dermed var ulykkeleg - eg var berre ikkje spesielt lykkeleg lenger. Av dette lærte eg to ting. Det fyrste er at lykka plutseleg kan vera der, utan førevarsel, og det andre er at lykkekjensla ikkje nødvendigvis varar så lenge.

Det går an å bli gjennomlykkeleg. For å bli det, må ein vera passe rik, passe pen, ganske flink og ikkje så lite sjølvsentrert. Med dette utgangspunktet kan dei fleste av oss vakne kvar morgon og veta at den eine suksessen etter den andre ventar oss. Vi i Noreg er ekstra privilegerte, sia det er typisk norsk å vera det de veit...

Somme prøver å kjøpe seg lykke. Da har ein nok pengar, og går inn i lykke-butikk-en, skaffar seg Levis 501, tøffe støvlettar (les: kule boots), brunfarge, fullt slalåmutstyr og alle dei platene ein ønskjer seg. Nå ja, det er ein gong slik at bukser må vaskast, og at ein ikkje kan drive med slalåm heile tida. Skal ein kjøpe seg lykke må ein altså drive å skifte lykketing heile tida, og det er både dyrt og slitsamt. Dropp prosjektet.

Nei da. Lykka er ikkje av dette slaget, eg trur dei fleste lykkeopplevingane våre knapt er merkbare. Eg er for eksempel glad i å lesa dagens avis medan eg et frukost, og til frukost har eg nesten alltid den avanserte retten havregryn med syltetøy og mjølk. Når eg sit med havregryn og avis, har eg det godt, og da er eg lykkeleg. Ju si?

Andre lykkeopplevingar er meir konkrete, for eksempel når ein har det artig saman med venner, får ros eller ein karakter som er hakket over det ein hadde venta seg... Og med det vil eg au seia at det må vera lov å knyte lykke til egoistiske gleder. Lykke har både med det å vera normalt tilfreds og med glede å gjera. Lykka dukkar også ofte opp når ein ikkje drømmer om eller ventar seg Det Store, men så skjer det noko Stort (eller små-Stort) likevel. FARE! - Det er stutt veg frå det å gle seg kjempemye til det å bli skuffa, nedfor og i stand til å skrive triste dikt. FARE OVER!

Av og til heng lykka saman med pengar. Heilt sant! Bestemor og eg vann 102 kroner saman i Lotto for ei tid sia, og vi var ganske fornøgde med det. For det fyrste gjorde vi noko saman - valde tal etter den kjende fødselsdagsdato-metoden, og dessutan hadde vi flaks. Eg ser ikkje bort frå at det var eit snev av lykke i gleda vår. Ein kan visst ikkje lykkast både i spel og kjærleik, heiter det, og Lotto-gevinsten fortel vel kor eg står svakast. Men bestemor da? Ho levde da godt saman med bestefar, og kunne likevel vinne. Ergo er påstanden feil.

Moralen i alt dette er at lykke kan vera så mangt. Eg vil ikkje avvise at ting kan gje ei lykke-kjensle, eg veit at eit godt eksamensresultat ikkje gjer meg ulykkeleg, og eg har ganske god peil på samanhengen mellom kjærleik og lykke. Det ein sit att med er eit ord som kan brukast om så mye at det nesten ikkje har innhald, men likevel er det av stor betydning for oss. For stor, - vi ser ikkje at lykka finst i alt det vi trivst med. Nokon er sikkert ueinig, men eg veit eg har rett. Skal eg så avsløre kva lykke eigentleg er? Greitt: eit substantiv.

Jon Peder Vestad, våren 1994. Lagt ut 18.11. 1998



Vestads vevstad        Ymseposten        Mål og middel