Vestads vevstad   Ymseposten  Mål og middel   Bokinnsynet  Privaten  Lesarbrev


Små omtaler av store og små lyriske verk

Merima Maja Brkic: Stans denne natta! Dikt frå Bosnia
Tenåringen Merima har skrive ei sterk diktsamling om krig og sorg. Dikta er inderlege, klare og inntrengjande. Dette er brukslyrikk som alle kan forstå og ta inn over seg, men i lengda kan det bli slitsamt å lesa så  mye trist... - for oss som er vane med fred og overflod. Ei slik "luksusinnvending" kan ikkje gjera  denne diktsamlinga noko mindre verdt - på grunn av ektheit, «nerve» og ærend.

Ingvild Røstbø Kausland: Armholemørker
Dikta i denne boka handlar om morskap og kjærleik. Somme av dikta er  fine bilde, og gjev både attkjenning, aha-opplevingar og noko til ettertanke. Det skjer likevel berre unnataksvis for meg. I alt blir dikta anten for spede (uklare) eller konsentrerte for meg, og heile samlinga kan verke nærast som  ein parodi på moderne lyrikk. Det heng mye saman med oppsettet, der tekstmengda per side er temmeleg sparsam.

Ann Kavli: Akvatinter
Diktsamling med «skulpturelle» og «synlege» dikt. Somme av dei  fengjer og har eit idé eller eit motiv som gjev meg noko, men ein del av dikta verkar berre rare på meg. Nokre dikt er nydelege, og til saman: mye originalt og ujamt, vil eg seia.

Helge Torvund: Umerkeleg, merkeleg
Denne diktsamlinga fall eg for. Diktaren følgjer året, seg sjølv og livet  med ord som får tankane til å tenkje både på musikk og måleri. Og lyrikk! Dette er dikt som har noko å formidle, om nærheit og avstand, om livet og døden - altså om typiske emne for diktekunst. Likevel er ikkje dette noka likegyldig diktsamling. Dikta er vakre, velutforma og gjevande. Denne diktsamlinga passar til tonesetjing!

Jan Inge Sørbø: Den sjette timen. Bibeldikt
Dette er dikt med motiv og handlingar henta frå Bibelen. Dikta er  innhaldsrike, tek ofte overraskande vendingar til vår tid, og er  inderlege, Guds-søkjande. Somme av dei ber slamar eller songar i seg. Dei fleste tekstane kan lesast med utbytte utan særleg kjennskap til Bibel-tekstane forfattaren skriv over. Det er ei fin samling dikt, rett og slett.
                                                                                                                                 JPV 6/98


Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev