Vestads vevstad   Ymseposten  Mål og middel   Bokinnsynet  Privaten  Lesarbrev


Mannen som var redd for å såre

En forbigående sorg er tittelen på ein roman om Matthieu på førti år som får beskjed om at han har att eit halvt år å leva. Det er kreft. Dette ser ut til å vera den fyrste store sorga i livet hans, bortsett frå brottt med Mathilde, som han var saman med for lang tid sia. Og korleis taklar ein som har levd sorglaust å få livet sitt så presist datostempla?

Hos bestekameraten får han mislykka oppmuntring, og ikkje den oppmerksamheita som han ønskjer. Elskarinna Sonia er medfølande nok,iallfall på overflata, men kva med kona Helene, og ikkje minst gamlekjærasten Mathilde? Matthieu har – sjølvsagt – vanskar med å førestelle seg sjølv død, og omtrent like vanskeleg synst han det er at han skal påføre andre sorg, om han nå kjem til å gjera det.

Francoise Sagan (fødd 1935) greier å la skildringa av det overflatiske, ubekymra livet til Matthieu, møtet med sorga og dei store spørsmåla i livet – og mange tankesprang, rømmest innafor eit drygt halvdøgn. Det skjer på ein episodisk, men likevel ikkje oppstykka måte, med høg puls, slik ein kan vente det hos ein som har fått veta att han snart skal døy frå alt.

Denne romanen er ikkje heilt ny. I Frankrike kom han i 1994, og året etter vart han gitt ut hos oss. Nokon i forlaget må ha gjort ein slett jobb med baksideteksten, der det står at Matthieu har "voksne barn, venninner og elskerinner". Offisielt har ikkje Matthieu barn i det heile, og slik eg forsto det, var den hemmelege dottera hans berre barnet. Venninner og elskarinner… Vel, gong på gong blir det presisert at den offisielle elskarinna hans er Sonia, og eventuelle andre damevennskap er ikkje vesentlege for forteljinga.

Denne innvendinga fører over til det eg vil seia er ein (annan) svært aktverdig grunn til å lesa En forbigående sorg. Eg er utan kjennskap til moderne fransk kultur og livsstil, og eg følte at denne romanen gav meg eit innblikk ikkje berre i det å møte "ei storvengja sorg". Minst like mye fekk eg eit inntrykk av det hektiske, parisiske mellomklasselivet, av levemåte og moral hos eit vellykka bymenneske der. Interessant. Og romanen må ha treft heimepublikum, for forlaget fortel at boka selde 2000 eksemplar kvar dag da ho kom ut. Kjem du over boka, så bruk gjerne eit par kveldar på henne, men sørg for å ha litt ekstra tolmod: I møte med sterk, fersk sorg trengst det.

Francoise Sagan:
En forbigående sorg
Omsett av Kjell Olaf Jensen
Aventura forlag 1995
138 sider

Av Jon Peder Vestad. Lagt ut på internett 30.6. 1999.



Vestads vevstad   Ymseposten  Mål og middel   Bokinnsynet  Privaten  Lesarbrev