Mannleg og kvinneleg språkbruk
I vanleg
samhandling mellom menn og kvinner viser det seg at dei to kjønna har vanskar
med å kommunisere. I blad og bøker blir særleg kvinner fortalde
korleis dei skal forstå det andre kjønnet.
Vanskar i
kommunikasjonen finst ikkje berre på ordplanet, men også i bruk av kroppsspråk,
i ansiktsuttrykk, handrørsler osv. - uttrykk som kan vere meinte som ein ting
og tolka som noko anna.
All
samhandling opnar for misforståing. Forskjellar i måtane kjønna bruker språket
på, merkar vi i til dømes avbryting, overlapping, sjølvforsvar og
moderasjon, unnskyldningar og liknande. Det finst også kjønnstilknytte
forskjellar som kan føre til miskommunikasjon. Det gjeld for eksempel kva
menn og kvinner legg i ord som dei bruker til å vurdere noko med, eller ulik
innstilling til kjønnsmarkerte ord som blir nytta om båe kjønn, som formann
og stortingsmann. Ikkje all miskommunikasjon treng øydeleggje
kommunikasjonen. Somme gonger blir vanskane først oppdaga seinare, når ein
skjønner at "vi meinte jo ikkje det same"!
Kva kjem
miskommunikasjonen av, eller på ein annan måte: Kva har det seg at kvinner
og menn bruker språket ulikt? Somme meiner det er ei sideeffekt av
sosialiseringsprosessen, at jenter og gutar er gjennom ulike sosialiseringsmønster
og veks opp i ulike kjønnskulturar. Andre legg vekt på at kvinner og menn
har ulik status i samfunnet, og at det speglar seg i språket. Det vil seie at
miskommunikasjonen ikkje går føre seg mellom likeverdige partar, men mellom
medlemmer av to ulike kjønn som har forskjellige posisjonar ut frå nettopp
kjønnet dei tilhører.
Når
utgangspunktet er at kjønna har ulik posisjon, ser ein polarisering mellom kjønna
istadenfor likestilling. Kjønnspolariseringa fører til ulike tolkingar og
vurderingar av språkbruken til kvinner og menn, og indikerer at menn og
kvinner har tydeleg ulike språk som krev tolking kvar for seg. Med ein slik
samanheng oppdagar ein kanskje lettare at ulikskapane mellom kjønna kan føre
til ulike formar for språkbruk, og at det er feil å sjå på det som er
ulikt i språkbruken berre som ein uheldig sideeffekt av at kvinner
tradisjonelt har vore underordna menn. Motsetninga mellom kjønna er i så
fall av same slag som forskjellar mellom ulike folkegrupper, religionar,
aldersgrupper osv. - når det finst sosial ulikskap som kjem av slike
forskjellar. Makthierarkiet bestemmer kva for ein versjon av språket eller
verkelegheitstolkinga det er som er den "rette", eller som ein skal
byggje på. Makta avgjer kven sin språkbruk det er som blir sett på som
normal, og kven det er som må eller bør lære seg ein annan språkbruk.
Dette er èin
posisjon. Det som blir kalla mangelteorien går ut på at språket til kvinner
ofte blir vurdert som mangelfullt. Her blir språkbruken sett i lys av menns
språk, og forskjellane ein kan finne blir da tolka som at språket til
kvinner er underlegent. Den danske språkforskaren Otto Jespersen har til dømes
sagt at kvinner har eit mindre utbygd ordforråd, dei har dårlegare utbygd
setningskonstruksjonar og bruker meir ufullstendige, avbrotne setningar. Robin
Lakoff skriv på si side at kvinnespråket er mindre kraftfullt, og ber meir
preg av usikkerheit. Ho ser på kvinnespråket som underordna i forhold til
eit nøytralt, les: maskulint språk. Somme forskarar har sett på
forskjellane som eit resultat av biologiske forhold, at kvinner bruker eit
underordna språk for å finne seg ein overlegen partner - ein slags biologisk
utvalsmekanisme, altså. Andre bruker kulturen, sosialiseringa som forklaringsårsak.
Dette er den minst kontroversielle ståstaden. Det som har noko for seg i
denne samanhengen, er at språkbruken til kvinner og menn blir vurdert ulikt.
Uansett kva
ein måtte meine om årsakene til skilnadene mellom språkbruken til menn og
kvinner, er det helst "dei kvinnelege avvika" som har vore i fokus.
Korleis menn nyttar språket har i liten grad vore underlagt gransking. Ei følgje
av at ein konsentrerer seg om kvinnespråket, er at det kan skape eller
forsterke eit press mot kvinner for å få dei til å bruke "mannssspråk".
Dessutan kan det føre til at det er kvinner som må anstrengje seg for å
forstå menn, og ikkje omvendt. Lakoff seier til dømes at kvinner på ein måte
må vere tospråklege, og vere i stand til å bruke både kvinneleg og mannleg
språk. Det omvendte er ikkje tilfelle.
Forskarane
Daniel Maltz og Ruth Borker ser på tokjønnsleg og fleirkulturell
kommunikasjon som eksempel på kulturelle forskjellar og på miskommunikasjon.
Dette blir kalla tokultursteorien. Dei framhevar at amerikanske kvinner og
menn kjem frå ulike sosiolingvistiske underkulturar, med ulike reglar for
samtaler og tolking. Vanskar i kommunikasjonen kjem av at folk tolkar ut frå
sine eigne reglar. Forskjellane i språkbruken kan finnast i oppveksten, der
gutar og jenter held seg mest til sine eigne; jenter samarbeider på likt nivå,
men vennskap betyr såpass mye kjenslemessig at dei blir ekstra vare og flinke
til å tolke relasjonar. Guteverda er hierarkisk, nokon dominerer, det er kamp
om å få og halde på ordet. I vaksenverda ser vi at desse forskjellane
mellom gruppene fører til samhandling hos kvinner, der ein prøver å
involvere tilhørarane medan samtalene blir ført vidare. Menn på si side
fortel historier, dei argumenterer og markerer posisjonar.
Maltz og
Borker set opp seks punkt i miskommunikasjonen:
1.
Minimal respons: ikkje ignorering, men små signal frå ein tilhørar. Mhm
betyr "hald fram, eg lyttar" for kvinner, og "eg er einig"
for menn.
Vanskar:
Menn trur kvinner er einige, men dei er det ikkje; kvinner føler at menn
ikkje hører etter pga. lite mhm-ing; kvinner bruker mhm meir enn menn.
2.
Kva funksjon spørsmål har: Kvinner bruker spørsmål for å halde i
gang ei samtale; menn for å be om opplysningar.
3.
Tekstbinding, samanhengen mellom ytringar: Kvinner knyter ytringar
tydeleg til kvarandre, medan dei kan vere underforståtte for menn.
4.
Tolkinga av verbal aggressivitet: Kvinner tek tøff språkbruk
personleg, medan det kan vere ein måte å prate på for menn.
5.
Emneflyt og emneskifte: Kvinner utviklar og utvidar eit emne, og
temaskifte skjer gradvis. Menn kan skifte emne brått.
6.
Problemdeling og rådgjeving: Kvinner drøfter og deler vanskar, og der
er det å lytte viktig. Menn tolkar lanseringa av eit problem som ein invitt
til å komme med eit råd eller ei løysing. Dei har ein tendens til å te seg
som ekspertar og rådgjevarar istadenfor å vise medkjensle eller komme med
eigne problem.
Mot
tokulturteorien blir det framheva at teorien overser at menn har større
sosial makt og kan tolke ein situasjon annleis enn den han er frå eit
kvinnesynspunkt. Den autoriteten menn har hatt i samfunnet, den dominansen
menn har stått for, botnar etter dette ikkje berre i kulturelle forskjellar,
men også i den ujamne maktbalansen. Når eksempelvis menn let det vere ei
pause før dei kjem med mhm-ing når kvinner snakkar, kan det bli sett på som
eit signal på mangel på interesse, no vil eg ha ordet osv. Mennene vil ha
makta over samtalesituasjonen. Det same gjeld tendensen til brått å skifte
emne - menn vil markere at "eg har makta over samtala". Eit slikt
maktsyn kan verke noko overdrive, men også i dagens norske samfunn kan det
vere grunn til å tenkje over om det finst noko i det.
Forskarane
Nancy M. Henley og Cheris Kramarae, som har presentert ulike måtar å sjå på
manns- og kvinnespråk på (Henley/Kramarae) held makt og dominanse som det
sentrale i den språklege maktkampen og i miskommunikasjonen mellom kjønna. I
teorien om sosial samanheng legg dei mellom anna vekt på at makthierarki i
samfunnet ikkje må bli oversett. Rundt kvinner finst det strukturelle
hierarki som pregar verkelegheita deira, som lover, lønner, og kulturell
praksis. Men det er ikkje berre kjønnsforskjellar det er tale om, men også
skilje etter alder, seksuell legning, klasse og folkegruppe. Å berre snakke
om kjønnsforskjellar når ein ser på korleis forskjellige menneske bruker
språket på, er å forenkle emnet. Det å oversjå kommunikasjonsvanskar
meiner dei kan vere ein måte å unngå konfrontasjon og sinne på.
Henley og
Kramarae tek utgangspunkt i situasjonen i USA, der afroamerikanske kvinner
kan oppleve miskommunikasjon med både kvite kvinner og kvite menn. Det vil
seie at etnisk bakgrunn, klasse og kjønn kan verke saman eller sjølvstendig
inn på språkbruken. Det er lett å knyte vanskar svarte kvinner har til
forskjellar i kultur og etnisitet, medan det eigentleg er snakk om dårleg
kommunikasjon mellom svarte kvinner og den kvite kulturen, den kvite, mannlege
kulturen. Svarte kvinner er ikkje berre svarte, dei er også kvinner - og har
dermed vanskar med å bli hørt og tatt alvorleg.
Dei dreg
vidare fram skilnader mellom heterofile og homofile. I heterofil kommunikasjon
er det menn som dominerer, og homofobi kan vere ei årsak til at menn ikkje
liker at andre menn tek på dei, medan kvinner ikkje er like negative.
Skilnadene mellom feminine og maskuline kulturar eksisterer, men er ikkje det
einaste ein lyt ta omsyn til. Folkegruppe, klasse, alder, legning osv.
samverkar med kjønnsforskjellane. Og dei kulturelle forskjellane eksisterer
ikkje i eit kulturelt vakuum, men i ein samanheng der menn er overlegne og
kvinner underlegne.
Både i
makt på eit overordna nivå (strukturell makt hos menn) og eit underordna nivå
(ulik individuell sosialisering) finn vi påverking av språkbruken og dermed
opphav til miskommunikasjon. Mannsdominansen legg forholda til rette for
mangelfulle språklege system, som først og fremst uttrykkjer mannlege
erfaringar (gjennom metaforar osv.). Dessutan går vi lett rundt med eit
inntrykk av at menn og kvinner uttrykkjer det same, og får
pseudokommunikasjon som resultat, ei feilaktig tru på at vi har forstått
kvarandre, utan at det er tilfelle.
Etter
Henley og Kramarae må ein likestille menn og kvinner når ein skal undersøkje
maktforhold i språket. Språkbruken til den eine gruppa må ikkje bli sett på
som den normale og den andre som unnataket. Også menns språk er resultat av
sosiale mønster, oppseding osv. Språkbruken til grupper med makt må ikkje føre
til ei oppfatning av at andre har "unntaks-eller avviks-språk, dei er
rett og slett berre ulike.
Av
Jon Peder Vestad
Kjelde:
Gender, Power and Miscommunication av Nancy M. Henley og Cheris Kramarae
Lagt ut på nettet 10. september 2001.
|