| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

Studio Sex og Sprängaren

Det er ikkje utan grunn at Liza Marklund er ein av dei krimforfattarane som verkeleg har slått gjennom hos oss. Ho har gode forteljingar å dele med oss, på den måten at dei er både spennande eller medrivande, og velskrivne.

Eg har lese to av bøkene til Marklund, Sprängaren og Studio Sex. I båe bøkene er journalisten Annika Bengtzon hovudperson, og ho får alvorlege kriminalsaker å jobbe med.

Studio Sex

I Studio Sex er Annika Bengtzon ung sommarvikar i tabloidavisa Kvällsposten, og i Sprängaren er ho ein erfaren krimreporter vorten. Studio Sex er ferskast, men har altså henta handlinga lenger attende i tid. I denne romanen blir ei ung kvinne funne myrda på ein kyrkjegard i Stockholm. Spora går etter kvart til ein strippeklubb, der fleire kjendisar har brukt å vanke. Ein statsråd blir mistenkt for drapet, og det ligg an til å bli ei skikkeleg snæksi sak. Annika er ikkje den som gjev seg med det ho greier å få ut av politiet. Ho set i gang si eiga etterforsking, går på dørene, og greier etter kvart å bli kjend med ei av dei den døde har arbeidd saman med. Samstundes slit ho på heimebane – kjærasten hennes er ikkje fornøgd med at Annika kan tenkje seg å flytte til hovudstaden. Ho flyktar inn i jobben, og ser og skjønner samanhenger som andre ikkje oppdagar. Såpass grundig og dristig går ho til verks at det blir farleg for både henne, og den nye venninna. Dessutan spissar det seg til på heimebane, og sår blir rivne opp.

Fleire har sagt at Sprängaren var betre enn denne romanen. Det er eg einig i. Men likevel er Studio Sex ein spennande roman. Liza Marklund greidde å overraske meg skikkeleg heilt mot slutten av romanen, og da får det heller stå til at eg synest han er ujamn skriven. Innimellom nåtidshandlinga har forfattaren plassert stutte dagboksnotatar, og dei verkar lausrivne frå handlinga. Men dei gjer oss betre kjende med Annika, og har ein ganske viktig funksjon i romanen.

Sprängaren

Sprängaren er ein av dei beste kriminalromanane eg har lese. I denne boka er Annika ei stressa tobarnsmor, og som nyutnemnd sjef for krimredaksjonen i avisa hamnar ho i ei kjempesak: Den kvinna som er leiar for dei olympiske leikane som skal haldast i Stockholm, blir sprengt sund på olympiastadion. Det er uråd å skjønne korfor ho blir myrda, til å begynne med. Annika Bengtzon har mye erfaring no, og tek til å nyste i trådane. Ho oppsøkjer OL-anlegget, oppdagar personstrid og skjulte opplysningar, og skjønner at den drepne levde eit dobbeltliv. Ho har arbeidd hardt for å komme seg til topps, og nokon kunne ha grunn til å ønskje henne av vegen. Samstundes som dette er ei alvorleg drapssak, er det også ei prestisjesak for svenske styresmakter. Dei må ikkje få øydelagt idrettsleikane, og det gjer det ikkje lettare å vere journalist. Men med god journalistisk sporsans greier Annika Bengtzon å komme dit ingen av dei mannlege kollegaene hennes når. Det kostar, og det set også hennes eige liv i fare.   

Om Sprängaren har eg hug til å bruke klisjeen ”forrykande”. Det er høgt tempo i boka, og språket og framstillinga flyt godt. Dessutan skin det så tydeleg gjennom at forfattaren veit kva ho skriv om. Skildringa av journalistmiljøet og journalistkvardagen verkar truverdig – sjølv om det ikkje akkurat er dagleg kost å arbeide med slike saker. Krimklisjear finst sjølvsagt, men det kler både stil og innhald. Eg tilrår Sprängaren på det varmaste!

Les- og prisverdig!

I båe desse romanane har Liza Marklund eit klart kvinneperspektiv. Utan at det verkar påklistra eller masete, får ho fram vanskar og fordommar som ein kvinneleg journalist kan møte. I tillegg kjem andre sider ved det å vere kvinne. Sjølv om Annika Bengtzon sett utafrå kan verke som ein tøff, kvinneleg journalist, er ho framstilt langt meir allsidig – og særleg i Studio Sex som sårbar. Kvinneperspektivet, samtidsskildringa, krimgåtene og sjølve forteljingane gjer det verdt å bruke tid på desse bøkene, og sikkert andre i forfattarskapet til Liza Marklund. Eg er ikkje overraska over at Marklund har fått prisar, og eg gler meg til filmane kjem.

 Av Jon Peder Vestad

Liza Marklund:

Studio Sex (1999, 414 sider)

Sprängaren (1998, 376 sider)

Ordupplaget, Stockholm (bøkene finst også på norsk)

Lagt ut på nettet 19. januar 2002   

     
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |