|
Maskerade
utan ball
Denne romanen er bygd
opp kring drapet på ei einsleg dame i førtiåra. Ho blir
funnen i snøen utafor eit festlokale etter ei maskerade, med fyll,
slagsmål og slikt som hører ein bygdefest i 1970 til.
Med Maskerade har Magnhild
Bruheim skrivi sin andre roman. Den fyrste heitte Varselet, og var eit
spennande møte med det eg kallar dølakrim. I Maskerade er
vi attende i same ottadalsbygda som i Varselet.
Den drepne Oddny Vangen levde
eit roleg liv, heldt seg mye heime og skulle ikkje vera den ein mistenkte
mest for å ha hemmelegheiter. Men fiendar hadde ho visst, det finn
politietterforskar Mons Strand ut da han kjem for å finne den som
drap Vangen. Det viste seg at offeret ikkje hadde vore like forsiktig bestandig,
iallfall ikkje med kjeften, og kanskje heller ikkje med mannfolk. Og det
er mange interessante personar Strand må prate med. Det er ein utru
og ekkel ektemann, den mistrudde kona hans, åleinemora Sonja Aasen,
ein forsmådd lærar, ein ung narkoman, ei overvektig telefondame
med lange øyre… Og i tillegg dukkar det opp brev, anonyme telefonoppringingar,
nokon som luskar rundt eit hus og mistenkjeleg bilkjøring.
Persongalleriet i boka er
stort, og personteikningane er truverdige. Mons Strand er ein einsam politimann
som som blir meir enn politifagleg interessert i ei av dei han avhører.
Vi forstå kor vanskeleg den mistrudde forretningskvinna med ein utru
ektemann har det, og at det heller ikkje er så lett å vera
tenåringsdotter i dette huset. Og Bruheim får oss til å
skjønne at det kan vera anna enn pur kjærleikslengt som gjer
ei ung kvinne velviljug innstilt overfor fremmende menn. Jada, det er snev
av erotikk i boka, og det er gode miljøskildringar både frå
bygdelivet og ein småby med eit lite hippiemiljø. Magnhild
Bruheim har etter min forstand greidd å skildre tida rundt 1970 på
ein god måte, med detaljar som styrkjer hovudhistoria hennes.
Det ballar seg ikkje absolutt
for Magnhild Bruheim i denne romanen. Historie er stort sett godt fortald,
sjølv om det finst nokre dryge passasjar innimellom, og det kan
vera vanskeleg å skilja alle personane i romanen frå kvarandre.
Men eg likte denne dølakrimmen godt, faktisk såpass godt at
eg gledde meg til kvar ei stund eg fekk med boka. Det er langt frå
ofte eg opplever noko slikt, og eg gler meg til nye bøker av Magnhild
Bruheim - med eller utan politmannen Mons Strand som hovudperson.
Magnhild Bruheim:
Maskerade
Det Norske Samlaget 1999
284 sider
Av Jon Peder Vestad
|
|