Eg trur at det finst eit tak for kor mye nordmenn flest føler at dei kan bruke på media. Eg skriv nordmenn, for eg trur at tidsbruk på ulike aktivitetar heng saman med skikk og bruk, kulturelle føringar, eventuelt kulturelle nødvendigheiter. Det vil seia at folk i ulike kulturar vil ha ulike grenser for kor mye tid det går an å tillate seg å bruke på media.
Godt muleg å vera utan avis
Det er svært sannsynleg at talet på folk som dagleg les
aviser og på folk som abonnerer på aviser går ned. I
Danmark reknar ein vel nå med at rundt halvparten av dei vaksne les
aviser dagleg, og at ein stadig større del av befolkninga les aviser
av og til - berre. Årsakene er fleire, og avisstrukturen er ulik
i dei to landa, men likevel: I periodar har husstanden vår ikkje
abonnert på noka avis. Det hender til og med at eg ikkje les aviser
ein og annan dagen. Dette ville vera utenkjeleg for nokre år sia,
men eg føler at det er sosialt akseptabelt å ikkje abonnere
på avis i dag.
Når ein som meg likevel klarer seg, så er det fordi
a) ein får mye informasjon likevel, gjennom internett og fjernsyn
b) stadig fleire har eit overflatisk forhold til lokalsamfunnet dei
bur i
c) regionaliseringstendensar i medieverda nærer ikkje røtene
til lokalsamfunnet (det meste i Sunnmørsposten er uineressant for
meg, det same i NRK Møre og Romsdal)
d) ein bruker så mye tid på meida likevel
Internett kjem attåt
Eg trur at vi vil sjå at internett blir eit komplementær-medium,
det kjem i tillegg til annan mediebruk. Folk kjem til å bruke det
for raske oppdateringar (jamfør tekst-tv + stabiliteten i radiolyttinga),
til å finne bakgrunnsinformasjon, og til å finne og dyrke virtuelle
lokalsamfunn/miljø, der ein finn spesiell informasjon og folk som
deler dei same, sære interessene som ein sjølv har.
Den kulturelle variasjonen i mediebruken kan jamnast ut over tid. Det viser seg jo at ungar leiker mindre ute enn før, og når dei veks til, kan det godt hende at det sosiale presset, skikken å vera ute, dyrke friluftsliv, vil vera langt svakare enn i dag. Da har folk flest tid som før vart brukt ute, som dei med godt samvit kan bruke til media - konvergensmedium (blandingsmedium), om det blir noko av, eller rein internettbruk omtrent som i dag.
Ei mellomløysing?
Dersom det blir utvikla folkeapparat som høver til internett,
fjernsyn, radio osv, og det blir ei storstilt satsing på det i heile
samfunnet, trur eg at internett-/konvergens-mediet vil spreie seg ganske
fort til noko slikt som nitti prosent av folket. Det kan vera tilfelle
om ti år. Om optimistane i bransjen og NRK tek feil, trur eg at mediebruken
vil forandre seg saktare, og at vi i lang tid vil sjå om lag det
same bruksmønsteret som i dag, berre at avisopplsutninga går
noko ned.
Det mest realistiske er vel noko midt i mellom: Alle medium vil eksistere som før, internett kjem til å bli ganske utbreidd, men nisjekanalane kjem ikkje til å slå så godt an som enkelte trur. Folk søkjer folk, folk søkjer fellesskap, og aksepterer for eksempel at somme internettstader inneheld berre tekst, andre lyd og bilde. Folk synst også det er greitt å ha eigne apparat til dei ulike media, og derfor trur eg ikkje radioapparata (spesielt) vil forsvinne. Og heller ikkje avismediet, som er lett å frakte med seg, forholdsvist verdilaust - det kan kastast og mistast, og dessutan har det ein lang tradisjon hos folk.
Viss eg skal vera pessimist på vegner av eit medium, er det tekst-tv. Det har framtida bak seg..., og liknar såpass mye på internett at det vil bli mindre attraktivt å bruke. Internett vil styrkje seg viss brukarvennlegheita blir betre - det talar mot ein del konvergensfunksjonar - , prisen går ned, og det blir eit sosialt press for å ha det. Dei siste to punkta heng i hop. Dessutan må det gjerast noko med stråling og sus frå apparata, for dei slit på hjerne og auge. Det var nokre tankar frå ein som bruker eit par timar kvar dag (minst?) bak skjerm og tastatur, ein time ved fjernsynet og kanskje opp til ein halvtime med ei avis i hendene. Radiolyttinga varierer, men P4 og nærradio tapar hos meg.
Jon Peder Vestad, april 1999