|
Moldedialekt
før og no
Molde har vorte godt kjent gjennom Kjell
Magne Bondevik og Kjell-Inge Røkke, men ikkje moldedialekten. Ingen
av dei snakkar eigentleg moldedialekt. Det dei snakkar, er eit slags bokmål
med romsdalsk tonelag, ispedd eit og anna romsdalsuttrykket, sjølvsagt.
Karita Bekkemellem Orheim er derimot ein god ambassadør for talemålet
i Rosenes by.
Da eg voks opp, kjende eg til berre èin
Molde-gut som snakka noko som kunne likne språkføringa til
Bondevik og Røkke. Han sa ’ikke’ og prata det vi kalla finmoldensar.
Denne guten var nokre få år yngre enn meg, og kom frå
ein etablert Molde-familie. Sjølv om han budde på austkanten,
eigentleg utafor austre bydel, snakka han ”fint”. No, eit par tiår
etter, er det ikkje uvanleg at unge moldensarar seier ’ikke’, lenge etter
at dei har slutta å snakke barnespråk. Omtrent ved det leitet
at ein skulle tru at den gamle ”finmoldensardialekten” ikkje fekk nye brukarar
lenger, breier han seg att, altså. Men sia eg voks opp austafor sentrum,
kan det hende at eg ikkje fekk med meg at ein del ”fine” dialekttrekk stod
sterkare enn eg visste hos enkelte unge i Molde. Det gjorde dei ikkje på
Kviltorp, Øverland og Bergmo, altså på vår kant
av byen.
Årøelva skilde bymål
og bygdemål
Familien vår kom til Molde hausten
1971, og da begynte eg på Kviltorp barneskole. Vi budde først
nokre år på Kviltorp, før vi flytta vel ein kilometer
opp i lia til Øvre Berg. Bydelen Kviltorp var bygd opp etter andre
verdskrigen, og det budde mange innflyttarar frå kommunane rundt
Molde der. Bergmo ungdomsskole, som vi begynte på i sjuande klasse,
samla elevar frå Lønset i aust til Fuglset i vest og Eikrem
i nord. I Nordbyen var det berre skog og blåbærlyng på
den tida. Det store dialektskiljet på både Kviltorp- og Bergmo-skolen
den tida vil eg seie gjekk mellom dei som kom austafor og vestafor Årøelva,
ved flyplassen. Vestafor elva snakka folk stort sett moldedialekt, austafor
snakka dei vanlegvis ”breitt”. Dette var noko vi var merksame på
alt i barneskolen. At klassene på barneskolen i hovudsak blei skilde
mellom dei som kom frå Kviltorp, Øvre Berg og Bergmo, og dei
som kom frå området frå Lergrovik vest for Årøelva
og vidare innover stranda til Lønset ("innafor"), var med på
å halde oppe dialektskiljet. På vestsida av byen fanst ei tilsvarande
grense mellom by- og bygdemål.
På ungdomsskolen blei vi som kom frå
Kviltorp-skolen samla i ei storklasse med 48 elevar. Både der og
på Kviltorp lærte vi eit bokmål som var noko meir prega
av folkelege språkformer enn VG og mange lærebøker.
Det var heilt greitt med a-endingar, for eksempel. Eg hugsar at ein elev
frå Lønset i ein norsktime blei spurd om kva han ville ha
sagt dersom han sat under bordet: ”Onde bora”, sa han, og brukte den gamle
preposisjonsforma 'onde' og dativforma av 'bord'. Elles hadde dei som kom
austafor Årøelva frå gjerne palatalisering (mannj, kveill),
medan vi som kom frå andre sida av elva, mangla det. Og dei som kom
innafrå stranda, altså Årø, Røbekk, Strande
og Lønset, sa ofte 'me' i staden for 'vi', 'nåkkå' og
hadde andre former som skilde dei frå bydialekten. Eldre folk på
Kviltorp sa også 'me', hadde palatalisering og dativ ('på
fjernsyna'), og så vidt eg veit er det enno eldre, innfødde
kviltorpingar i live som snakkar slik. Mange har dei aldri vore,
sia Kviltorp var ein ung bydel. På Eikrem, som var og kanskje er
for ei bygd å rekne, skal 'me' ha vorte brukt i staden for 'vi' også
blant enkelte som var fødde så seint som rundt 1960.
I heile dette området var det innflytting,
slik at ein også inne frå bygdene austafor Årøelva
kunne finne ungar som snakka bymål. I ein og same syskenflokk kunne
også dialektbruken sprike. Da eg seinare begynte på Molde vidaregåande
skole, blei eg kjend med elevar frå dei indre bygdene i Molde kommune,
og frå Bolsøya og Skåla-halvøya. I tillegg var
det elevar frå resten av Romsdal, med unnatak av Rauma. Moldensarane
frå bygdene innover Fannefjorden og Skåla-halvøya snakka
enda ”breiare” enn det klassekameratane mine frå området mellom
Årø og Lønset gjorde. I dag har eg inntrykk av at dei
fleste som veks opp der snakkar ein slags moldedialekt, og ikkje like tydeleg
kleiving eller hovdenakkdialekt som i "mi" tid. Det same kan nok gjelde
Elnesvågen og Eidskrem utafor kommunegrensene. Og iallfall i bydelane
nærast Molde sentrum, er mange av dei romsdalske språkdraga
som var vanlege da eg voks opp, mindre hyppige blant dei unge i dag. Dialekten
har komme nærare bokmålet og den gamle finmoldensardialekten.
I grunna ei fole kaule, ta
Dei som snakka finmoldensar, budde helst
i sentrum, eller kom frå sentrum. Men eg har arbeidd for ein kar
på Årø som snakka finmoldensar, og det hadde nok med
familietradisjon å gjere. Finmoldensarane kunne nok snakke som andre
moldensarar, men dei prøvde helst å gjere noko anna. Ganske
ofte kunne ein høre ei veksling mellom 'jei' og 'i', og 'ikke' og
'ikkje'. Det kunne verke litt komisk, og blei ofte fleipa med, også
av vaksne som snakka vanleg molde- eller romsdalsdialekt. Og i ordforrådet
kunne finmoldensarane ty til mange av dei innarbeidde orda som var vanlege
blant dei som snakka ein meir folkeleg moldedialekt, som adjektiva 'fole'
og 'kjøle' (med tjukk l). Desse to uttrykka trur eg kanskje er noko
mindre brukte i Molde no enn dei var før. Av og til har eg forresten
inntrykk av at 'fole' og 'kjøle' blir henta fram av enkelte moldensarar
for å vise at dei kan desse romsdalsuttrykka som dei synest er litt
spesielle og småpussige, ikkje fordi orda er ein del av daglegtalen.
Men det gjeld berre enkelte. 'Kjøle' har forresten vore mindre brukt
i Molde enn 'fole'.
Vi kan sjå meir på ord og former
som var utbreidde hos vanlege moldensarar da eg gjekk på Kviltorp
og Bergmo, og desse uttrykka og seiemåtane kan sjølvsagt vere
i full bruk hos mange moldensarar enno. Da eg gjekk på barneskolen,
var 'påppelåppe' eit vanleg ord for løvetann hos moldeungar
med romsdalsk bakgrunn, medan vi innflyttarungar snakka om nettopp løvetann.
Namnet Poppeloppeteateret kjenner mange moldensarar. Slåsskamp var
'kaule' (ordet kan au bety blekksprut), sniglehus heitte 'kokkelur', og
'gåple' var blant anna det vanlege ordet for manet. Ein som var forelska
'for ætter' ein eller ei, og da var ein som oftast over den alderen
da ein spelte 'klinkis' (klinkekuler). Enkelte brukte ordet 'kebbe' om
å knabbe eller naske. Båtar 'kålva', fotballar blei 'pola',
og ein kunne 'smeise', 'druse' eller 'drule' både ballar og folk.
Eg er slett ikkje sikker på om desse uttrykka er like utbreidde i
moldemålet no.
I moldedialekten kunne - og kan - ein elles
høre stivna dativuttrykk som 'i veia', 'i midta' og 'i grunna',
og kanskje nokre til, blant folk som var fødde på i 1960-åra.
Først på 1970-talet hugsar eg at det blei sagt 'toff'
om ein som var tøff'. Mange 'åt', og få 'spiste', folk
ville 'sjå' og dei 'såg' - formene 'så' og 'se' var uvanlege
i oppveksten min. Det var au uvanleg at nokon spurde 'kåmmer du?'
- det heitte 'kjæm du?', som sjølvsagt mange i byen seier
enno. Og å seie heitte 'sei', ikkje 'si'. Det blei rekna for fint
å seie 'åsså' (også); det vanlege var 'au'. Mange
drakk 'mjølk' (med tjukk l), andre 'mælk', og nesten alle
på vår kant av byen åt 'graut'. Vidare heitte det 'ænn
tæu', eit tau, og det seier nok mange enno. Folk sa alltid 'sjøl'
og 'trur', og uttaleforma 'én' av pronomenet 'ein' var ikkje vanleg
anna enn hos dei som snakka finmoldensar. Å seie 'nå' blei
rekna for finprat og knot, og var mykje meir uvanleg enn 'no', som folk
flest sa. Det var elles aldri snakk om noko anna enn 'korsn' (korleis),
'koffår' eller 'koffer' (korfor), 'kæm' (kven) og 'ka' (kva).
Kvar dag blei til 'kvar' eller 'kvær' dag. Bokmålsformene hørte
berre finmoldensarane til, og knapt nok heilt gjennomført hos dei.
Ein "kårni brif"
Eg begynte på ungdomsskulen i 1976,
og tok da til å lære ungdomsslang. På den tida var det
somme uttrykk som var særleg populære. Det var å 'brife',
imponere, blære og svære seg med, yppe med; og ein person kunne
vere ein 'brif', ein som yppa og var blærete og brysam. I dag blir
'kødd' brukt om omtrent same typen, men dette ordet manglar det
blærete som låg i brif.. Ordet 'kødd' var ukjent hos
oss på 1970-talet, - verbet 'kødde' var visst brukt - og ingen
blei kalla 'pinglete'. Elles snakka vi om at noko eller nokon var 'kårni',
altså 'corny', sprø, dum, eller at noko var 'sjåvv',
artig. Det var ikkje så mykje brukt som 'brife' og 'kårni'.
Var noko heilt gale, kunne ordet 'kårni-pip' vere det rette å
bruke. Det er nok danna etter mønster for 'kålpip', som blant
anna var eit ord på Fuglset for ein idiot. Og i denne tida dukka
også det merkelege talordet 'ørten' opp i Molde også,
om størrelsar som det ikkje er råd å telje opp.
Eg vil nemne at grensa mellom banning og ikkje-banning
gjekk ved 'steike'. Det var og er banning i Romsdal, rettnok ikkje grov
banning. Eg blei overraska da eg begynte på kristeleg folkehøgskule
i 1982 og hørte tensingarar frå Stavanger seie 'steike'. Det
var ikkje banning på den kanten. 'Steine' var og er merkeleg nok
ikkje banning i Romsdal, sjølv om dette uttrykket akkurat som 'steike'
i opphavet er eit ønske noko vondt. Liknande kraftuttrykk, utan
stempel som bannskap, var 'steise' og 'styre'. I staden for å seie
at nokon var ein 'helvetes tulling', var det vanleg å bruke den gamle
genitivforma 'helveta'. Det same finn vi i 'helsika'. Det var berre snakk
om 'rasshål' (med tjukk l), aldri 'rasshøl'.
Da eg voks opp, var det enno ganske mange
som sa 'på Molde' i byen, rett nok ikkje i min generasjon og ikkje
folk frå sjølve byen. Sjølv var eg van med heimefrå
at det heitte 'på Molde', og blant dei andre vaksne innflyttarane
frå Romsdal og Nordmøre som budde i nabolaget, var det det
same. Eg flytta frå byen i 1982, og da hadde eg enno ikkje tatt ordet
'kul' i munnen. Det var nok ingen som sa 'kul' i Molde den tida, - eller
om dei gjorde det, så var det som ein fleip. Sikkert dei første
hundre gongane eg sa 'kul', var det som eit ironisk lån frå
oslodialekten; - vi som ikkje kom frå Oslo-området, var jo
eigentleg ikkje ”kule” nok til å seie 'kul'… No er det heilt innarbeidd
hos meg, som det er i moldedialekten, og i Oslo er det 'hipt' og
freesjt' no. I staden for 'kult', blei heller 'sløyt' sagt om noko
ein likte, noko artig. Trivelege, morosame menneske var 'sløye'.
Dette ordet har visst vore brukt i jazzmiljø, så kanskje det
er noko jazzpionerane i Rosenes by har gitt oss?
Utflyttarmål og bokmål
Eg var atten år da eg flytta frå
Molde. Ganske snart la eg merke til at folk eg kjende frå heimbyen,
la av seg enkelte drag frå moldedialekten. Det varierte sjølvsagt
i kva grad folk la om talemålet sitt - somme tviheldt på det.
Det kunne for eksempel vere lett å merke at enkelte blei ganske mykje
"meir" moldensar i målet sitt når dei møtte byfrendar
enn dei var til vanleg. Slik tilpassing er heilt naturleg, så det
er sagt. Somme fekk ein slags e-lyd som pronomen i staden for den meir
markerte i-en (”i e fra Målde, i”), akkurat som om dei var litt flaue
over det markerte i-pronomenet. Det nesten alle la av seg, var former som
'hærno' og 'dærno', som blei erstatta av 'hær' og 'dær'.
'Na', 'ta' og 'sa' blei til 'dénna', 'détta' og 'dissa',
med lyse vokalar i rotstavinga. Pronomenet 'dæm' blei ofte erstatta
av 'di', og 'nåkka' og 'nåkken', som var heilt einerådande
i det folkelege moldemålet, blei avløyste av 'noe' og 'noen'.
I fleirtal begynte enkelte å snakke om 'ganger' og 'aviser' i staden
for 'ganga' og 'avisa'. Den tjukke l-en kunne forsvinne frå enkelte
ord, og 'nåkka gale' kunne bli til 'noe galt' (med tynn l). Det utflyttarane
derimot ikkje kvitta seg med, var 'é' for 'er', a-endingar i verb
(sykla) og tonefallet, som eg må nemne at eg synest er utruleg vakkert.
No har eg inntrykk av at slike språkdrag,
som utflytta, unge moldensarar kvitta seg med på 1980-talet, er på
veg ut av moldemålet også hos mange av dei yngre i Molde. Det
dei blir erstatta med, er det eg litt frekt kan kalle ”knoteformene” eller
finmoldensar. Det betyr ikkje at dei tradisjonelle draga eg har nemnt frå
moldedialekten har forsvunne hos alle unge, men eg meiner at dei alt i
alt kan vere noko mindre vanlege no enn før. Eit muleg samanfall
mellom dei språkdraga utflyttarane tok til å bruke for ti-tjue
år sia og det ein del moldeungdom har begynt å seie no, er
interessant. Det syner kva i moldedialekten det er som er "minst hardført",
og det kan fortelje noko om utviklinga av dialekten i framtida. Vi ser
iallfall at talemålet endrar seg, og at det stort sett er ord og
former som samsvarer med nynorsken som forsvinn, og ditto frå bokmålet
som kjem inn. Sia nynorsk berre er sidemål i moldeskolane, gir det
lita støtte til bruken av dei tradisjonelle språktrekka som
vi finn att nettopp i nynorsken.
Dialektskilje i byen?
Det er først etter at eg har fått
Molde på avstand at eg for alvor har sett forskjellen mellom aust
og vest i byen. Dei åra eg budde på Kviltorp og Øvre
Berg la eg fyrst og fremst merke til skiljet mellom oss som kom frå
bustadfelta frå Fuglset til Kviltorp på den eine sida, og dei
som kom frå Årø og innover på den andre sida,
"innafor" som det blei sagt. Vi som budde på Kviltorp, Øvre
Berg, Bergmo, Øverland og Fuglset, kom frå bydelar som i stor
grad var bygde opp frå 1950-og 60-talet og seinare. Her fanst det
mange innflyttarar frå bygde-Romsdal, og hadde romsdalsnamn som Stavik,
Tornes, Farstad, Gjerde, Hostad og Beinset. Sjølvsagt fanst det
au folk frå andre landsdelar. I foreldregenerasjonen var det nok
til ein stor grad slik at dialektane til innflyttarane frå Romsdal
likna meir på målet til dei som budde på dei gamle gardane
enn på bydialekten. Derfor blei dei ikkje nokon stor avstand mellom
talemålet til dei nyinnflytta og dei som hadde budd i området
tidlegare. Iallfall blei alle vande med temmeleg ”breitt”, romsdalsk mål.
Dei andre innflyttarane tok med seg sine nordmørs-
og sunnmørsdialektar, av og til var dei frå andre stader au,
men likevel var desse meir fremmende dialektinnslaga ikkje så sterke
og prestisjetunge at dei prega det språket ungane deira voks opp
med. Ungar som flytta inn med nordmørs- eller sunnmørsdialekt,
begynte å snakke moldensar med tydelege innslag frå den opphavlege
dialekten, men likevel: Dei snakka moldedialekt. Dei som ikkje gjorde det,
blei i mindre grad "språkmisjonærar" enn dei som veks opp med
ein annan dialekt i dag, sia det var færre av dei. No har eg inntrykk
av at ungar som veks opp, oftare enn for nokre år sia arvar talemålet
til mor eller far eller vesentlege drag frå det, særleg viss
det er snakk om ein bokmålsnær dialekt. Og i slike tilfelle
er det au meir akseptert at innflyttarbarn held på den dialekten
ein hadde før ein kom til byen, eller ein får eit blandingsmål,
ein idiolekt. Det er eg eit eksempel på. Sunnmørsdialekt var
elles sett svært ned på, i tråd med den avskyen moldensarar
iallfall på den tida hadde overfor folk frå sørsida
av Romsdalsalpane. Det var vanskeleg å vere sunnmøring og
snakke sunnmørsdialekt i Molde da eg voks opp. Det var ein av dei
klaraste mobbegrunnane som fanst.
I sjølve byen var situasjonen ein annan
- sikkert med unnatak for mobbinga av sunnmøringane. Der fann vi
for det første dei gamle moldefamiliane, som hadde budd i byen minst
to-tre generasjonar. Mange av dei snakka "fint". Der budde det au fleire
legar og advokatar, velutdanna offentlege tenestemenn og forretningsfolk,
og dei kom gjerne frå andre landsdelar. Ein del av dei hadde nok
talemål med meir status enn for eksempel frening og gossing, dialektane
i to av nabokommunane. Her var nok innslaget av innflyttarar med prestisjetunge
talemål frå andre landsdelar såpass sterkt at det saman
med den gamle finmoldensardialekta sytte for at talemålet i sjølve
byen blei meir bokmålsnært enn det eg voks opp med. Sjølvsagt
fanst det unnatak, og i sentrumsområda vest for dei bydelane eg kjenner
best, fanst og finst det mange frå bygde-Romsdal, med dialekt etter
det. Når eg ser på moldedialekten i dag, trur eg nettopp
dette samanfallet mellom finmoldensardialekt og prestisjefylte innflyttarmål
har klargjort grunnen for framveksten av ein tydeleg ”finare”, meir bokmålsnær
moldedialekt enn den eg hørte rundt meg da eg voks opp. Bokmålet
i skolen og media verkar i same retning. Med meir og betre kommunikasjon
på ulike plan i samfunnet attåt dette, er det ikkje unaturleg
at moldedialekten har endra seg ein del dei siste tiåra. Selfens,
såklart.
Av Jon Peder Vestad
Lagt ut på nettet 30. mai 2001.
|
|